lørdag 28. juni 2008

Trippel dose


Utsikt frå Stongfjorden i dag tidleg

Morgonskodde mot Storehesten. Fløien t.h.

Skyer over Jarstadheia i Dale

Eg møtte turpartner Vigdis i Rivedal i dag tidleg kl 8.15. Frisk og opplagd som vanleg. Saman gjekk vi standardruta på Driveknolten.

Egentleg er eg litt sånn einsam ulv å rekne i fjellet. Likar helst å gå mine eigne vegar, ta eigne avgjerder, gå i mitt eige tempo, ha den gode dialogen med meg sjølv, og i det heile kunne styre som eg vil. Men Vigdis er fin og kjekk å gå i lag med. Ikkje berre er ho veldig sosial, men har guts og kondisjon. Og jenta er ikkje lett å skubbe seg på. Men så er ho sjølvsagt svolten på poeng og runder på fjelltrimmen... Såleis ser teamet ut til å fungere optimalt.

Etter litt morgonskodde og skyer tidleg på dagen, tok sola skikkeleg tak omlag då vi begynte å gå. Klesplagga forsvann rimeleg fort, og oppe på Hundeheia droppa eg alt og gjekk inn i bar overkropp. Vigdis gjorde (nesten) det same... Dessverre låg shortsen min igjen i bilen, men heldigvis hadde eg ikkje teke på meir enn joggebukse som beinkle. For sveitten sila, igjen. Opp skaret på Høgholten stod morgonsola rett på utan eit vindpust. Vidare innover var det litt meir luft, og nokre spreidde tåkeskyer sperra av og til for sola. Turen inn gjekk fort.

Vi var tidleg på toppen, omlag 9.30. Morgonskodda låg framleis på fjella i aust. Mellom anna på Storehesten. Her skulle jo motbakkeløpet gå i dag. Peter og Olaug var reist med Sissel og Gunnar O. for å gå opp der. Desse kollektive massemønstringane i fjellet er ikkje heilt min stil. Gå i kø og treffe "halve byn" på fjellet styrer eg unna hvis eg kan. Dette fjellivet kan dei ha for meg (men eg er ingen gammal grinebitar for det - ikkje sant Vigdis..:-))

Eg tykte det gjekk litt tungt ein periode i dag, men eg fekk ei betre kjensle heim igjen. Vigdis brukar alltid å ha med seg sjokolade. Og deler med meg. Eg trur faktisk det var denne som fekk fart på blodsukker og oksygen. Eg sjølv har prøvd å styre unna sjokoladen i det siste. Det har gått greitt når eg ikkje har gått med Agnaren no... For han er rysen på sjokoladen han...!

Elles gjekk turen som vanleg heilt greitt ut igjen til Rivedal. Vigdis køyrde heim for vidare poengsanking, medan eg tok fatt på Fristadfjellet òg. Her gjekk eg opp den vanlege framsida. Eg valde framleis joggebuksa, klok av skade frå ein gong tidlegare med shorts og einerkavane der oppe. Det vart nok ei sveitt ykt i godt tempo opp bratta, ilag med dei hersens småflugene som gjekk til angrep i enorme hordar.. Til å bli gal av!

På toppen traff eg to damer som tok over nokre av flugene eg kom med (det hadde visst ikkje vore nokon der før eg kom...). Eg gav meg 5 minutt der oppe ilag med dei, før eg tok nedatt standardruta.

Det er veldig fint i Prestemarka tykkjer eg. Flott rydda skog (jmfr. bilde). Elva gjer det svært idyllisk å gå her. Eit praktområde for folk i alle aldrar som vil ha litt mosjon.

Eg var ikkje innstilt på nokre vidare utskeielsar i dag. Så etter å ha dusja og fått i meg litt mat, sovna eg som ein dupp på sofaen i det stille huset. Herleg.

Men etter å ha vore i kontakt med fruen, viste det seg at dei vart ein god del seinare heim frå seansen rundt Storehesten enn eg trudde. Eg tok difor av igjen i berre shortsen for ein rask ein på Kvamsnipa. Så ligg alt til rette for ein ny runde snart...
Kjempetur opp. Lett og greitt. Eg følte meg mykje betre enn i dag tidleg. Det var visst eit lite under som hadde skjedd på sofaen heime...! Men eg kunne berre ikkje ta til på Skålefjellet òg, sjølv om den ville tanken slo meg. Eg var jo ikkje ungkar heller, berre nesten.:-)

Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 280608

Ingen kommentarer: