lørdag 14. juni 2008

Trippel suksess



Motiv frå Driveknolten og nordsida mot Kvamsnipa i dag

Lørdagsmorgonen var temmeleg grå og kald då eg stod opp i 6-tida. Men heldigvis var all skodde vekke. Ute i havet var det blå himmel. Sidan Olaug, Peter, Miriam og Tora skulle til Førde, var jo saken klar! Tid for tur.

Vigdis vart med på Driveknolten i dag tidleg frå Rivedal. Kjekt med dameselskap. Alltid greitt med to når skodda trugar! Vi gjekk kl 08. Det er ikkje til å kome vekk frå at turane går lett i godt selskap.

Eg var i stuss kva eg skulle gå med i dag. Det var jo sludd i regnet på toppen hin dagen. I ein tjukk ull-Devold vart det varmt, så varmt at eg var våt av sveitte alt oppe på Hundeheia. Men bytte hadde eg ikkje teke med. Skjønte eg skulle tatt med den små sekken med reserve klede. Det vart difor litt klissete å gå med ull i dag. Lenger inne mot toppen måtte likevel jakka fram. Sjølv om det nesten var vindstilt, tok trekken litt likevel. Vi fekk ikkje servert mange varmegradene i fjellet i dag.

Vi sat nokre minuttar inne på toppen og nytte den tidlege morgonstunda. Godt å få servert ein sjokoladebit til slik flott utsikt. Lett skodde i aust i blåleg morgondis. Kjekt å sjå alle dei kjende fjella og alternative turrutar. I alle retningar...:-)

Tid til å drøyme seg vekk har ein alltid for lite av. Vi måtte difor vestover igjen. Pliktene kalla for det female innslaget av duoen. Så det bar utatt same vegen vi kom. Det var nok ei fin oppleving å gå turen til Rivedal igjen. Med havet i sikte går turen lett. Bra temperatur, opplett og fint.

Etter å ha sagt ha det til Vigdis i Rivedal, køyrde eg ned til Askvoll for å ta med meg Fristadfjellet. Eg gjekk opp på framsida ovanfor Prestemarka som vanleg. Men trur du ikkje hærskaren med fluger hadde vakna til live igjen. Eg vart nesten oppeten oppover. Det klødde i den sveitte hovudbotnen av krafsande, sveittesøkjande hordar av ilske småfluger. Det var såpass stilt på toppen at dei ikkje forsvann her heller. Så eg la til palings ned den normale vegen til Askdalen.

Av og til gler eg meg til hausten og vinteren. Då slepp ein iallefall desse irriterande, ekle vesena...

Vel framme ved bilen igjen følte eg meg i veldig godt slag. Eg bestemte meg difor kjapt for å køyre opp i Skjerlia og ta med meg Kvamsnipa og. Som tenkt så gjort. Her var iallefall flugene fråverande.

På veg opp på toppen slo idèen meg om å ta alle 5 toppane på ein dag. Eg var endå i fin form og føtene føltes lette og gode. Då eg kom ned igjen i Skjerlia og høyrde voldsomme tordelslag i sør ombestemte eg meg. Det begynte å småregne. Eg hadde heller ikkje med meg byteklede. Kor lenge eg kunne strekke tolmodet på heimebane var òg eit usikkert moment. Det vart difor at eg tok til vit (endeleg?) og køyrde heim. Eg hadde jo vore på farten i 7 timar.

No er det ei veke igjen til ferien. 4 herlege veker. Då skal eg nok fullføre det eg tenkte på i dag...


Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 140608

Ingen kommentarer: