torsdag 12. juni 2008

Naturens eige lysspel



Flotte lyskombinasjonar i vest frå Driveknolten i kveld

Eg var tvil kva det vart til i dag. I utgangspunktet hadde eg bestemt meg for Kvamsnipa. Men der låg det godt med skodde då eg kom ut igjen frå arbeid. Var egentleg ikkje så gira opp igjen på Skålefjellet i dag òg. Så eg køyrde nedover. Eg kunne alltid ta Fristadfjellet. Og eg hadde faktisk innstilt meg på det inntil eg tok av mot Askvoll i Ringstad-krysset og såg at Heileberget var nesten skoddefritt. Så eg snudde bilen og tok til høgre i krysset retning Rivedal og Driveknolten i staden. Raske beslutningar...:-)

Det vart ein tur oppover og innover prega av alt slags vèr. Det regna litt til å begynne med. Vart sol oppe på Hundeheia eit stykke. Før dette igjen vart avløyst av regn. På sjølve toppen var det ganske bra då eg kom, sjølv om det bles ganske kaldt. På eit par blunk var det tjukk skodde og silregn og det var faktisk antydning til sludd i nedbøren. Eg tok difor ut igjen ganske fort.

På Hundeheia igjen var det sol og regnboge med flotte lyskombinasjonar i vest. Opplett og fint nedatt til Rivedal. Fin tur, sjølv om det til tider vart både vått og kaldt!


Driveknolten 120608

Ingen kommentarer: