tirsdag 3. juni 2008

Kaldt fjellvatn


Kanskje var vatnet litt kaldt for Peter òg...?

Etter at eg hadde teke meg ein svipptur oppom Kvamsnipa på veg heim frå jobb, og Peter hadde vore på fotballtrening, reiste vi inn i Gjerdedalen for å bade i elva. De kan vel tenkje dykk temperaturen på elvavatnet av uttrykket til Peter. Så behageleg at det gjekk an å leggje seg ned og slappe av, var vel ikkje vatnet akkurat. Men det var no ein herleg tur ilag med katen likevel. Beste måten eg veit at han kosar seg på, er når han startar å syngje i bilen. Då har han godfølelsen i seg...!

Ingen kommentarer: