fredag 6. juni 2008

Gufs frå fortida



Motiv frå Fristadfjellet og prestemarka i Askvoll i kveld (MMS)

Etter å ha knalla venstre kneet i ein stein oppe i Gjerdedalen i går kveld, har eg hatt skikkelege smerter når eg har bevega meg. Og i dag har kneet lèt av regnbogen. Eg tok meg likevel ein testtur på Fristadfjellet. Det gjekk med smerter både opp og spesielt ned. Og eg som var tenkt på Blegja igjen i morgon. For ein nedtur. Her er det berre å roe seg ned og sjå det an. Det er heldigvis det andre kneet enn i fjor. Vi får tru det berre er eit slag som går fort over...

Ingen kommentarer: