søndag 22. juni 2008

Blå glede


Motiv frå Størdal i 7-tida i dag tidleg

Det skin av blått etter syndefloda i den stille morgonstunda

Det "ryk" endå av Markahengenipa og under Fossedalshengenipa

Det gode liv. Kunne stå tidleg opp når eg har fri. Nyte den stille morgonstunda i huset når andre søv. Samla tankane. Gå gjennom dagen. Dette tykkje eg er den finaste tida på døgnet.

Slik vart det òg i dag. Opp 6 som vanleg. Stille i alle krokar og krær. Min daglege porsjon med havregryn, banan og skumma melk. Rett i fletta! Ready for action. Rivedal og Driveknolten neste. Ein SMS til Vigdis F.K. utløyste turselskap. Friskusen stillte jammen opp denne tidlege morgonen, trass i stort og seint lag på hotellet om natta. Sporty type! Så etter å ha knipsa eit par bilder undervegs, var eg på plass i Rivedal kl 7.30. Vigdis kunne ein stille klokka etter.

Vèret var nydeleg, akkurat som meldt, stilt og fint. Men eg visste at det ikkje heldt dagen. Perfekt å vere tidleg ute. Vi gjekk opp til demninga i dag, og over brua der, då elva til Rivedal var større enn på lenge. (Det viste seg likevel på returen at vi kunne spart oss dette. Vi kom heilt fint over.) Vi gjekk deretter bort att i den vanlege løypa og opp på Hundeheia. Det var litt glatt på steinane og berga etter mykje nedbør. I skaret opp ved Høgholten var det greitt å vere litt obs då det her er eit par sva og litt bratt utfor.

Innover Heileberget er det nydeleg utsikt mot dei flotte fjella i aust. I dag låg dei bada i tidleg morgonsol, berga og steinen glinsa av væte i solstrålane, blått i blått, med litt skodde liggjande endå etter syndefloda siste døgnet. God kjensle å kunne gå morgonsola i møte. Optimismens teikn. Ei kjær morgonstund. Klar for dagen. Sunshine!

Og Vigdis stod ikkje noko tilbake for kulissane. Snakketyet fungerte visst fint etter natta. Ingen spor etter fest der i garden... Som man reder ligger man. For skal du ha med deg finaste tida på døgnet, er det greitt å ha hovudet med seg. Og ikkje minst kunne prioritere her i livet.

Eg føler meg alltid litt som kongen på haugen når eg kan sitte ved varden på eit av fjella i nærområdet når andre søv. Enda kjekkare er det når folk glytter søvndrukne ut mellom gardinene, langt på dag for å sjekke veiret, og ser at eg kjem igjen frå fjelltur! Då er livet ekstra herleg....:-)

Eg hadde berre med meg eit lett trøyebyte i dag. Det heldt akkurat med varmen inne på toppen. Her var det nemleg litt trekk og noko kjøleg då sola glimtvis forsvann i det gradvis aukande skydekket. Vigdis hadde med seg hue og hanskar. Dei måtte fram. Men ut igjen forsvann dette av seg sjølv, då sola varma folk og landskap på ny.

Når eg begynte å gå på Driveknolten frå Rivedal, tykte eg det var ganske langdrygt innover frå Høgholten og Heileberget. No går det egentleg veldig fort. Spesielt når Vigdis er med. Då går oppstigninga, og nemnde stykke av seg sjølv. Kjempeflott tur. Takk for følgje Vigdis...

Men eg gav meg ikkje med dette. Eg var jo nedafor som vi seie i Stongfjorden, så eg køyrde ut til Askvoll og tok med meg Fristadfjellet i same slengen. Grei tur for blodpumpa opp framsida. Diverre var dei hersens småflugene vakna til live igjen etter regnet. Ein sverm følgde det sveitte hovudet mitt oppover, småbitande i hovudbotnen etter den salte sveitten. Det går egentleg vekk mykje energi på å vifte etter udyra, nett som det er hjelp i...

I dag var det heldigvis meir å sjå enn i skodda i går. Nydelege fjordar og fjell. Og jammen går her ikkje også nokre sauer. Det er alltid kjekt å sjå.

På den vanlege vegen ned igjen, traff eg på den eine etter den andre på søndagstur. Det var jo fin temperatur å gå i, sjølv om sola no var i ferd med å forsvinne. Bra at folk nyttar den flotte naturen vår. Og ikkje minst kjem i betre form.

Nok ein fin tur. Men det fekk halde i dag. Elles var eg vel ungkar igjen snart... (Sjølv om det i si tid hadde sine klare fordeler....:-))




Driveknolten og Fristadfjellet 220608

Ingen kommentarer: