mandag 30. juni 2008

På kanten lettkledd




Bilder frå Driveknolten før syndefloda kom i dag. Storehesten bak t.v. på siste bildet

Etter å ha fått Peter avgarde på fotballskule og gjort litt indreteneste, reiste eg til Rivedal for å gå på Driveknolten igjen. Vèret var brukbart med litt sol, ein del skyer og bra temperatur. Eg fann difor ut å gå berre i shortsen. Eg knytte ei tynn Devold trøye rundt livet. Tok i tillegg med ei lita rumpetaske med litt drikke og ei ekstra trøye for å byte den sveitte på toppen.

Det gjekk greitt og fort innover. Eg heldt akkurat varmen i berre shortsen ved å gje på litt. Men innom Høgholten forsvann sola og i tillegg kom det litt synnatrekk. Då var trøya kjapp å få på. Eg såg regnet komme både frå sogn og frå fjella i Holmedal før eg kom meg heilt inn. Vel, vel det var berre å bite det i seg.

Og regnet kom det... I bøtter og spann rett etter at eg var begynt på returen. Eg har nesten alltid med meg ein liten plastpose med peanøtter og nokre rosiner i den små sekken min. Men kor tid dei var hamna i rumpetaske veit eg ikkje. Det var nemleg eit lukketreff. Eg tømde ut alt innhaldet til ramnen, snudde posen og fekk pakka inn mobilen og kameraet, og plassert stasen i rumpetaska. Truleg hadde det vorte kritisk for begge deler, for nokon annan måte var det ikkje mogeleg å halde det tørt på! Reine amatøren...

Eg sprang for det meste utatt heile vegen. Då eg såg nedetter føtene mine på Hundeheia, fekk eg assosiasjonar til Nasse Nøff, han i Ole Brum veit du. Ikkje berre var eg skiten som grisen, men fargen på låra og leggene likna til forveksling fargen på Nasse. Rosa.... Ei blanding av frost og sveitte, iblanda rennande vatn frå oven, hadde skapt føtene mine om til rosa, skitne stylter... Fy flate. Det var ikkje heilt nådig der oppe i dag i så lite klede. I vind, regn og skodde, med ein temperatur ned på det einsiffra talet. Bra eg var i form til å springe vest att. Det kan straffe seg å spare på vekta ein ber på i fjellet... Reine amatøren...

Vel, var eg skiten og våt, var det bagatellar mot Peter då eg henta han på returen på fotballbana i Holmedal etterpå. Katen var som dradd gjennom gjørma frå topp til tå! Og kliss... lukkeleg! Eg køyrde i tillegg Andreas og Tora på Grimelia opp igjen òg. Eit sprudlande, gjennomvått, sveitt og frose trekløver. Ja, fire var vi jammen av same slaget...

Men no kjem det fine sommarveret seiest det... Skal bli godt med litt varme igjen...

søndag 29. juni 2008

Sommarregn på naken hud


MMS rett før regnet fossar ned over Skålefjellet i dag

Såg ikkje ut som verken Peter eller fruen var noko prega av turen på Storehesten i går. (Peter hadde visst lagt seg på hjul med ein kar i konkurranseklassen eit langt stykke). Var visst kjempegreier for dei begge. Olaug tok difor avgarde på Kvamsnipa i dag tidleg, og Peter sykla inn til Markus. Far måtte pent halde seg i beredskap i heimen.. Forsåvidt rett og rimeleg etter gårsdagens ego-trippar.

No er jo ikkje tidsbruken opp på Kvamsnipa allverda. Så når fruen kom igjen rundt lunsjtider etter eit par, tre timar, var eg ikkje sein om å hoppe i fjellskoa og ta ein burn, baby burn med Toyotaen ute på tunet - retning Skålefjellet....

Eg traff Magnar tilfeldig ved fotballbana. Han skulle sjå etter sauene. Pål og Bente var inne i gapahuken, så vi slo av nokre ord. Eg sa farvel til Magnar i enden av skogsvegen. Han skulle mot Langevatnet, der sauene har brukt å gå før, og gjekk opp Brekka. Eg forserte standardstien.

Ein armada av fluger stod klar og venta på dagens måltid, varm, salt sveitte. Ein sverm av dimmensjonar følgde meg heilt til topps. Småetande på hovudet og kroppen min... Eit par individ gjekk ned halsen min òg... Men elles gjekk turen opp både greitt og fort.

Frå toppen såg eg regnet komme borte i Sogn. Eg gjekk kun i shortsen, men det bekymra meg lite. Temperaturen var ganske bra.

Regnet fekk eg på meg i strie straumar nede ved elva, halvveges heim. Friskt sommarregn. Moro. Var til å bli oppglødd av. Dusjen heime var jo berre ein god halvtime unna hvis eg heldt god fart. Det vanskelegaste var å halde mobilen tørr. Den putta eg difor ned i underbuksa, på sida, og heldt eit godt tok i den ut att på... Eg kom meg heldigvis til bilen og alt fungerte!

Herlege sommar!

lørdag 28. juni 2008

Trippel dose


Utsikt frå Stongfjorden i dag tidleg

Morgonskodde mot Storehesten. Fløien t.h.

Skyer over Jarstadheia i Dale

Eg møtte turpartner Vigdis i Rivedal i dag tidleg kl 8.15. Frisk og opplagd som vanleg. Saman gjekk vi standardruta på Driveknolten.

Egentleg er eg litt sånn einsam ulv å rekne i fjellet. Likar helst å gå mine eigne vegar, ta eigne avgjerder, gå i mitt eige tempo, ha den gode dialogen med meg sjølv, og i det heile kunne styre som eg vil. Men Vigdis er fin og kjekk å gå i lag med. Ikkje berre er ho veldig sosial, men har guts og kondisjon. Og jenta er ikkje lett å skubbe seg på. Men så er ho sjølvsagt svolten på poeng og runder på fjelltrimmen... Såleis ser teamet ut til å fungere optimalt.

Etter litt morgonskodde og skyer tidleg på dagen, tok sola skikkeleg tak omlag då vi begynte å gå. Klesplagga forsvann rimeleg fort, og oppe på Hundeheia droppa eg alt og gjekk inn i bar overkropp. Vigdis gjorde (nesten) det same... Dessverre låg shortsen min igjen i bilen, men heldigvis hadde eg ikkje teke på meir enn joggebukse som beinkle. For sveitten sila, igjen. Opp skaret på Høgholten stod morgonsola rett på utan eit vindpust. Vidare innover var det litt meir luft, og nokre spreidde tåkeskyer sperra av og til for sola. Turen inn gjekk fort.

Vi var tidleg på toppen, omlag 9.30. Morgonskodda låg framleis på fjella i aust. Mellom anna på Storehesten. Her skulle jo motbakkeløpet gå i dag. Peter og Olaug var reist med Sissel og Gunnar O. for å gå opp der. Desse kollektive massemønstringane i fjellet er ikkje heilt min stil. Gå i kø og treffe "halve byn" på fjellet styrer eg unna hvis eg kan. Dette fjellivet kan dei ha for meg (men eg er ingen gammal grinebitar for det - ikkje sant Vigdis..:-))

Eg tykte det gjekk litt tungt ein periode i dag, men eg fekk ei betre kjensle heim igjen. Vigdis brukar alltid å ha med seg sjokolade. Og deler med meg. Eg trur faktisk det var denne som fekk fart på blodsukker og oksygen. Eg sjølv har prøvd å styre unna sjokoladen i det siste. Det har gått greitt når eg ikkje har gått med Agnaren no... For han er rysen på sjokoladen han...!

Elles gjekk turen som vanleg heilt greitt ut igjen til Rivedal. Vigdis køyrde heim for vidare poengsanking, medan eg tok fatt på Fristadfjellet òg. Her gjekk eg opp den vanlege framsida. Eg valde framleis joggebuksa, klok av skade frå ein gong tidlegare med shorts og einerkavane der oppe. Det vart nok ei sveitt ykt i godt tempo opp bratta, ilag med dei hersens småflugene som gjekk til angrep i enorme hordar.. Til å bli gal av!

På toppen traff eg to damer som tok over nokre av flugene eg kom med (det hadde visst ikkje vore nokon der før eg kom...). Eg gav meg 5 minutt der oppe ilag med dei, før eg tok nedatt standardruta.

Det er veldig fint i Prestemarka tykkjer eg. Flott rydda skog (jmfr. bilde). Elva gjer det svært idyllisk å gå her. Eit praktområde for folk i alle aldrar som vil ha litt mosjon.

Eg var ikkje innstilt på nokre vidare utskeielsar i dag. Så etter å ha dusja og fått i meg litt mat, sovna eg som ein dupp på sofaen i det stille huset. Herleg.

Men etter å ha vore i kontakt med fruen, viste det seg at dei vart ein god del seinare heim frå seansen rundt Storehesten enn eg trudde. Eg tok difor av igjen i berre shortsen for ein rask ein på Kvamsnipa. Så ligg alt til rette for ein ny runde snart...
Kjempetur opp. Lett og greitt. Eg følte meg mykje betre enn i dag tidleg. Det var visst eit lite under som hadde skjedd på sofaen heime...! Men eg kunne berre ikkje ta til på Skålefjellet òg, sjølv om den ville tanken slo meg. Eg var jo ikkje ungkar heller, berre nesten.:-)

Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 280608

fredag 27. juni 2008

Tung pust i klam luft



MMS frå Skålefjellet i kveld i skodde og høg luftfuktighet. Skodda vart verre enn dette.

Tykkjer det er lenge sidan det har gått så tungt opp på Skålefjellet som i kveld. Beina var ikkje spesielt tunge, men pusten gjekk som ein blåsebelg. Trur absolutt det hadde noko med den klame lufta å gjere. Den stod heilt stille. Truleg var det veldig høg luftfuktighet. Sjeldan har eg sveitta slik. Det rann.. I straumar.. Høgt væsketap med andre ord. Trøya var kliss med ein gong. Eg kunne like godt gått naken. Men då hadde flugene ete meg opp. I flokkar gjekk dei laus på alt som lukta av salt sveitte.

På toppen var skodda skikkeleg tjukk. Her er det greitt med vardane no. God hjelp. Sjølv om eg er så godt kjend at det skulle gått fint utan. Men uansett er det tryggare, spesielt for andre som ikkje er så vane i Skålefjellet.

Ein glad gut



Peter i storform på Kvamsnipa i føremiddag

Eg kom på reklamen om "Har du fått for mye Møller`s tran" då Peter sette i veg opp bakkane på Kvamsnipa i føremiddag. Guten var i fyr og flamme. Og eg hadde nesten nok med å halde følgje enkelte parti. Med sine 8-års gamle steg gjekk det unna som ei geit oppover. Og eg vart heilt gjennomvåt av sveitte.

På toppen venta sjokolade. Ei fin stund. Samtaleemnet no om dagen går mykje på dette med familie, pappa og mamma. Dette får mange rare og morosame vendingar som når han påstår at mamma har laga han meir enn eg, fordi han låg inne i magen så lenge. Og at hvis mamma og eg skil oss får han ny pappa.. Og at han hadde ikkje levd utan puppane til mamma... Eg måtte le høgt fleire gonger. Han fann det visst morosamt han òg, for han skjønte vel at han var på tynn is...:-)

Turen opp og ned i føremiddag gjekk difor som ein røyk. Ein kjem nær både ungar og vaksne på fjelltur. Peter er egentleg ein veldig snill og god gut!

Kvamsnipa 270608

torsdag 26. juni 2008

Liten kar på nye stiar


MMS frå toppen - father and son...

Peter slik fotballspelararane sit seier han

Flotte lyskombinasjonar mot Lihesten i Sogn

Etter at Peter og Olaug vakna, bestemte vi oss for å gå på Driveknolten i lag. Kjekt når Peter tenner på slike idear. Han var eit prakteksemplar på turen i dag. Inga klaging og i godt humør. Men det var ei kjøla masing og spørjing om alt mellom himmel og jord innover Heileberget. Livet er vel ein læreprosess...

Det stemde heilt ved vèrmeldingane for dagen. Vi kom oss tidleg av garde, og det heldt seg opplett til vi kom ned igjen til Rivedal.

Undervegs traff vi på Dag Tore og Anita. Dei kom meir rett opp frå Vagstaddalen mot Høgholten. Dei gjekk føre inn. På returen deira, rett ved toppen, måtte eg love og sjå etter postane medan dei var på sydlege breiddegrader. Noko Olaug òg fekk med seg, trur eg...

Eg hadde sett min bil på Ringstad, så etter at vi kom ned igjen, tok eg nedom Askvoll og gjekk på Fristadfjellet i same rennet. Eg gjekk opp i bar overkropp på framsida. Regnet kom etterkvart i bøtter og spann oppe ved toppen. Etter å ha tryne skikkeleg på berget ned standard-ruta, og fått ei lang flenge på undersida av venstre armen som blødde ganske stygt, sprang eg difor utan klede på overkroppen heilt ned til bilen. Herleg, våt, blid....

Kanskje er det nok for i dag....:-)


Driveknolten 260608

Stille morgonstund



Frå Kvamsnipa i dag kl. 06.15

Det er enkelte som er litt sommaryre for tida. Anten ein fær på himmelferder eller nyt kvardagen. Men i alle fall stod eg opp rett over kl 05 i dag, og reiste inn på Kvamsnipa før frukost. Stiltra meg ut av huset. Nydeleg morgonstund. Kjempestart på dagen.

Eg skreiv meg inn i boka ved varden på Kvamsnipa 06.15. Til og med Agnar meinte det var tidleg. Når han som til vanleg har unnagjort ein fjelltur på Nipebu før dei andre har stått opp, meiner det er tidleg, må eg vel høyre etter. Men du skal ikkje sove burt sumarnatta, heiter det vel. I tillegg er det meldt regn frå i føremiddag, så då går det jo an å leggje seg ned på litt.

Far min har ei historie frå då eg var liten. Eg var visst ein morgonfugl då òg. Men det hadde seg slik at vi var nærmaste nabo til bakar Thommassen i Dale. Og han var jo tidleg oppe sjølvsagt. Så dei heime visste råd. Dei sende meg bort i bakeriet til Thommassen slik at dei sjølve fekk fred på morgonen. Det er om å gjere og sno seg her i verda. Kanskje det er det som gjer at eg er så glad i heimebaka brød òg...? Thommassen sine var jo heimebaka. Dei smaka iallefall slik. Bedre brød fannst ikkje!

Det var ei gylden morgonstund i dag. Når sola står i nordaust over huset til Gunnar O. i Skjerlia er det midtsommar. Fantastisk å kunne nyte denne stille og flotte morgonen i morgonsol på Kvamsnipa. Og ingen i huset var oppe då eg kom igjen... Magisk start på dagen...

Kvamsnipa 260608

onsdag 25. juni 2008

Etter himmelferda



Sett mot sørvest frå Skålefjellet ligg Dokka og Moldura (mms i kveld)

Back to basic heiter vel eit godt norsk uttrykk. Det føltes nesten slik i kveld på fleire måtar. Skålefjellet er "heime" for meg. Eg ser det både frå sofaen og senga mi. Eg er kjend med fjellet. Det er krydra med "mine" vardar. Difor var solotrippen i kveldssola i kveld litt som å komme tilbake til kvardagen. No har eg vel tidlegare gitt klart og tydeleg utrykk for at eg er eit kvardagsmenneske. Eg likar kvardagen. Kvardagen er livet. Fest og fjas er overdrive.

Det vart difor ein nydeleg tur opp dit i kveld. Den fantastiske solinnstrøyminga som er frå kveldssola i Gjerdedalen må berre opplevast. Nydelege fargar når sola står inn om kvelden og skuggane blir lengre. Samtidig varmt og godt i bakken. Stille. Bar overkropp heile turen i nordavèret. Å kunne sitte slik ved varden på toppen og nyte utsikta, er dagens høgdepunkt. Og ikkje minst ha den gode samtalen med seg sjølv...

Så om Skålefjellet på ein måte er både heim og kvardag, er jo dette sjølve essensen i livet. Kjær er du der du står, som ein bauta i all slags vèr og uvèr, sommar som vinter.

Midtsommarsfesten





Vi hadde tradisjonell bålbrenning i Stangsfjæra i går. Ein dag på etterskot pga. vèret. Det vart ganske fint trass i kald vind, spesielt når sola forsvann bak skyene. Vanleg svidde pølser, ungane leika og dei vaksne drøsa. Bålet var i år av det mektige slaget.

Etter dette forsvann eg på Driveknolten. Poengsankar i heim og fjell, Vigdis, vart sanneleg med igjen. Poenga på heimebane var i boks, no stod nye for tur på fjellet. Merkeleg kor energi denne fjellranglinga gjev for enkelte...på heimebane òg...

Eg har funne ut at bloggen er vel så viktig som støvet borte i krokane. Faktisk er det ein del folk som er einige med meg. Det gjeld å prioritere rett her i livet. Positivt fokus er eit uttrykk eg har teke til meg siste dagane - det surrar stadig i bakhovudet. Men the big question is om mitt fokus på fjellvandring er like positivt for omgjevnadene. Vel, no er det iallefall ferie...

Litt annleis å gå inn på fjellet i går kveld så seint. Og veldig spesielt at sola stod nesten i nord når vi gjekk innover Heileberget. Det gav terrenget ei heilt ny lyssetting. Rolegare. Skuggane lengre. Lakka og lei mot kveld. Fantastisk. Det er som alt blir dempa, stemmer blir kviskrande av seg sjølv, og du kjem tett på alt rundt deg. Til og med harepusen inne på fjellet stoppa opp og kikka nyfiken rundt seg. Det er noko religiøst over å gå høgt til fjells i solnedgongen midtsommars.

Vi sat ei stund inne på toppen og fekk med oss det fantastiske skue i alle himmelretningar. Vakkert. Så uendeleg vakkert. Takksam. Takksame for å kunne vere del av den praktfulle naturen rundt oss. Så tett på livet som vi ein gong er så heldige å få vere ein del av. Det var ei høgtid. Midtsommar!

Vi fekk ein nydeleg kveldshimmel heim igjen. Mot vest. Med litt skyer på himmelen skapte sola og strålane dramatiske vendingar i lyssamansetnaden. Frå mørke til lys, og alt midt i mellom. Ein lysorgie bada landskapen. Og tett på, tett på, varsame, gjekk vi ut att i dette livets høgdepunkt. Eg var salig. Eg var strålande. Og Vigdis skein. Som sola. Eg var del av eit overnaturleg rike, mitt, Vigdis`... Så tett på livet. Kjærleik til livet. Sannheten om livet...

Eg sa farvel og takk for turen til Vigdis på parkeringsplassen i Rivedal. Det var endå strålar over nordvest-himmelen når eg kom heim i Stongfjorden. Og den raude kveldshimmelen i nord bada Skålefjellet i raudt. Der låg eg, nydusja i senga og kunne drøyme meg vekk. Takk du liv - takk for midtsommarsdagen...


Driveknolten 240608

Jonsokfeiring 240608

tirsdag 24. juni 2008

Steinkald midtsommar


Endå liv i gammal krok... eller... ny vår for eldre kar

Viser veg når nauda er størst

Det var svinkaldt på Kvamsnipa i føremiddag. Lett regn oppover. Nesten ved toppen kom det tjukk skodde som eit skot inn frå havet. Og med endå meir regn. Vinden var sikkert av kuling styrke, så det var ganske så utriveleg. Med berre ei tynn kunststoff trøye under Arcteryx jakka, vart det fort iskaldt. Og hanskane låg igjen i bilen med neglesprett som resultat. Huff og huff... Var berre å leggje til palings ned att bakkane etter å ha toppa ut. Men obs, det var glatt òg....

Halvveges ned igjen vart det igjen ganske så fint. Utruleg skiftande. Og i Florø skein sola, såg eg. Kanskje det kunne bli ein fin tur i kveld? For himmelen i vest lova betre vèr... Sikkert nordavèr. Og framleis kaldt! Fram med hue og vottar i fjellet midtsommar....

mandag 23. juni 2008

Skoddevind


Vigdis rettar på kleda på toppen av Skålefjellet i dag (MMS)

Det var tid for å teste vardane på Skålefjellet. Har som tidlegare nemnt brukt litt tid på å sette opp vardar frå toppen og ned i den merka stien. Nettopp for å takle slike forhold som i dag.

Men det var egentleg Vigdis som var mest gira på å gå. Eg sat så godt og trygt i sofaen heime, og såg opp i skoddeheimen der oppe. Krydra i vassrett regn. Kanskje litt utfordrande på Skålefjellet i dag? Iallefall frå sofakroken. Ja, eg var faktisk inne på tanken om å fyre i omnen. Haustleg jonsok, hadde nær sagt som vanleg.

Det kvinnelege innslaget i tur-duoen kom ho. Presis! (Eg likar folk som eg slepp å vente på - har du sagt eit tidspunkt har du sagt eit. Dei som kjenner meg veit at eg helst likar å vere litt før avtalte tider...). Frisk og opplagd! (Eg blir opplagd av folk som er opplagde. Eg blir blid av folk som er blide. Det verste eg veit er å gå på tur med folk som er negative, sytande. Det er nedbrytande!) Vi gjekk opp den vanlege vegen frå den gamle fotballbana i Stongfjorden og opp Gjerdedalen. Vått, men for det meste opplett. Livleg prat. Gode ord.

Som tenkt traff vi på skodda over hammaren ved første elva. Her er det berre å følgje den ganske bratte bakken på sørsida opp, før ein kryssar elva oppe ved første toppen. Det er frå dette punktet eg har sett opp vardane ganske nær kvarandre og til topps. Ingen problem oppover. Men så er det lett å vite kvar dei står når ein sjølv har sett dei opp. Så turen opp gjekk som fot i hose. Utan problem i det heile, sjølv om sikta var dårleg i den ganske tjukke skodda. Noko potensiale for forbetringar er det sjølvsagt. Du ser det best under reelle forhold.

På toppen var det nesten inga sikt. Og med kald vind og lett nedbør i lufta, vart opphaldet kort. Turen nedatt gjekk sjølvsagt òg fint. Vardane gjorde si nytte. Og fleire plassar er det no sti i lyng og gras. Eit ræva-fall nede ved dei glatta berga i elva, og eit par småtryningar i ormegras, er vel ikkje stort å nemne. Men trur neppe det er dameselskapet som er den utløysande faktoren. Erfarne 50-åringar let seg vel ikkje påvirke av slikt? Nei, kanskje det er alderen? Vigdis har foreslått gåstol..

Ahhh - det er så godt å komme seg til fjells i sommarregnet. Litt kald væte i panneluggen, er som reine vitamin-innsprøytinga å rekne. Det er jo galskap og ikkje komme seg ut.

søndag 22. juni 2008

Blå glede


Motiv frå Størdal i 7-tida i dag tidleg

Det skin av blått etter syndefloda i den stille morgonstunda

Det "ryk" endå av Markahengenipa og under Fossedalshengenipa

Det gode liv. Kunne stå tidleg opp når eg har fri. Nyte den stille morgonstunda i huset når andre søv. Samla tankane. Gå gjennom dagen. Dette tykkje eg er den finaste tida på døgnet.

Slik vart det òg i dag. Opp 6 som vanleg. Stille i alle krokar og krær. Min daglege porsjon med havregryn, banan og skumma melk. Rett i fletta! Ready for action. Rivedal og Driveknolten neste. Ein SMS til Vigdis F.K. utløyste turselskap. Friskusen stillte jammen opp denne tidlege morgonen, trass i stort og seint lag på hotellet om natta. Sporty type! Så etter å ha knipsa eit par bilder undervegs, var eg på plass i Rivedal kl 7.30. Vigdis kunne ein stille klokka etter.

Vèret var nydeleg, akkurat som meldt, stilt og fint. Men eg visste at det ikkje heldt dagen. Perfekt å vere tidleg ute. Vi gjekk opp til demninga i dag, og over brua der, då elva til Rivedal var større enn på lenge. (Det viste seg likevel på returen at vi kunne spart oss dette. Vi kom heilt fint over.) Vi gjekk deretter bort att i den vanlege løypa og opp på Hundeheia. Det var litt glatt på steinane og berga etter mykje nedbør. I skaret opp ved Høgholten var det greitt å vere litt obs då det her er eit par sva og litt bratt utfor.

Innover Heileberget er det nydeleg utsikt mot dei flotte fjella i aust. I dag låg dei bada i tidleg morgonsol, berga og steinen glinsa av væte i solstrålane, blått i blått, med litt skodde liggjande endå etter syndefloda siste døgnet. God kjensle å kunne gå morgonsola i møte. Optimismens teikn. Ei kjær morgonstund. Klar for dagen. Sunshine!

Og Vigdis stod ikkje noko tilbake for kulissane. Snakketyet fungerte visst fint etter natta. Ingen spor etter fest der i garden... Som man reder ligger man. For skal du ha med deg finaste tida på døgnet, er det greitt å ha hovudet med seg. Og ikkje minst kunne prioritere her i livet.

Eg føler meg alltid litt som kongen på haugen når eg kan sitte ved varden på eit av fjella i nærområdet når andre søv. Enda kjekkare er det når folk glytter søvndrukne ut mellom gardinene, langt på dag for å sjekke veiret, og ser at eg kjem igjen frå fjelltur! Då er livet ekstra herleg....:-)

Eg hadde berre med meg eit lett trøyebyte i dag. Det heldt akkurat med varmen inne på toppen. Her var det nemleg litt trekk og noko kjøleg då sola glimtvis forsvann i det gradvis aukande skydekket. Vigdis hadde med seg hue og hanskar. Dei måtte fram. Men ut igjen forsvann dette av seg sjølv, då sola varma folk og landskap på ny.

Når eg begynte å gå på Driveknolten frå Rivedal, tykte eg det var ganske langdrygt innover frå Høgholten og Heileberget. No går det egentleg veldig fort. Spesielt når Vigdis er med. Då går oppstigninga, og nemnde stykke av seg sjølv. Kjempeflott tur. Takk for følgje Vigdis...

Men eg gav meg ikkje med dette. Eg var jo nedafor som vi seie i Stongfjorden, så eg køyrde ut til Askvoll og tok med meg Fristadfjellet i same slengen. Grei tur for blodpumpa opp framsida. Diverre var dei hersens småflugene vakna til live igjen etter regnet. Ein sverm følgde det sveitte hovudet mitt oppover, småbitande i hovudbotnen etter den salte sveitten. Det går egentleg vekk mykje energi på å vifte etter udyra, nett som det er hjelp i...

I dag var det heldigvis meir å sjå enn i skodda i går. Nydelege fjordar og fjell. Og jammen går her ikkje også nokre sauer. Det er alltid kjekt å sjå.

På den vanlege vegen ned igjen, traff eg på den eine etter den andre på søndagstur. Det var jo fin temperatur å gå i, sjølv om sola no var i ferd med å forsvinne. Bra at folk nyttar den flotte naturen vår. Og ikkje minst kjem i betre form.

Nok ein fin tur. Men det fekk halde i dag. Elles var eg vel ungkar igjen snart... (Sjølv om det i si tid hadde sine klare fordeler....:-))




Driveknolten og Fristadfjellet 220608

lørdag 21. juni 2008

Ragged Glory


Skodde mot Dokka og Moldura, Eidselva t.v (MMS Fristadfjellet i dag)

Elva gjennom Askdalen har fått mykje påfyll siste dagane

Det heldt seg nesten heilt opplett på turen opp på Fristadfjellet i føremiddag. Men det bles kald nordvestvind. Skoddefritt.

Eg prøvde nyebuksa mi for første gong. For ein nytelse. Tørt og luftig. Ikkje kleba den til låra som den forrige. Lett og ledig over knea. Fekk god bevegelse opp den bratte framsida. Kjempegreie. Eg fekk tak i siste Large buksa på Platou i Bergen. Prøvde å få ho frå USA, men Arcteryx har lagt ned forbod mot import derifrå då dei vil eit grått marked til livs.

Eg var tenkt inn på Driveknolten etterpå. Men etter ein telefon med mor mi i Dale, som fortalde at skodda låg tjukk inne, ombestemte eg meg. Eg har blitt fortalt av ein ven nyleg at det er viktig å samle poeng i heimen òg... Så med dei orda klingande i øyra køyrde eg heim igjen frå Askvoll, vel vitande om at vèrmeldigane var betre for i morgon...:-)

fredag 20. juni 2008

Vått og godt


Dramatisk lyssetting på toppen før skodda kom (MMS)

"Barwitzki kulpen" var livleg i dag (MMS)

Eg måtte nesten le på toppen av Skålefjellet i stad. For på nøyaktig same tidspunkt som på Kvamsnipa i går begynte det å striregne. Og opp var det fint akkurat som i går òg. Ikkje nok med at det regna, i værste bya spruta hagla rundt føtene. På veg mot toppen såg eg skodda, tjukk som graut, susa forbi Dokka, Moldura og Svarthamrane og midt i fleisen på meg. Eg fekk teke eit bilde med mobilen før alt vart kvitt og fossregnet kom.

Ned igjen var det i grunn greitt med alle vardane eg har sett opp. Sjølv om eg aldri var i tvil om vegen. Lenger nede forsvann skodda igjen, men regnet heldt fram å hamre bakkane. Litt sleipt var det vorte i Gjerdedalen etter alt regnet. Men stien er bra oppgådd i det midterste og brattaste partiet som er mest tilvokse.

Det er tydeleg at frosken trivst om dagen. Eg har aldri sett så mykje av den som no. Han hoppa stadig vekk rundt føtene oppe i bakkane i dalen. Han har vel lengta etter regnet den karen òg.

torsdag 19. juni 2008

Himmelens sluser...


MMS mot Blegja og Eitrenipa frå Skjerlia i ettermiddag

MMS mot N&S Kringla, Fossedalshengenipa, Markahengenipa, Heileberget, Langevatnet og Nipebu frå Kvamsnipa i ettermiddag

Ein kjapp tur oppom Kvamsnipa i Skjerlia etter jobb i dag. Mild vind og antydning til sol i starten oppover. På toppen bles det litt. Og det gjekk ikkje mange minuttane før regnet fossa ned, vassrett i vindkasta. Det vart ei våt affære ned igjen i silregnet.

Mildt sommarregn er egentleg herleg tykkje eg. Det er iallefall ingen grunn til ikkje å komme seg ut. Held ein litt fart er det aldri problem med varmen. Og regnet er faktisk ganske så forfriskande, der det kjølar sveitte fjes. Ja, godkjensla pulserer om kapp med blodet i årane. Livet er herleg....med sol eller regn....

onsdag 18. juni 2008

Våt som ei kråke


Utsikt frå Fristadfjellet under litt andre forhold enn i kveld

Det var ei våt affære på Fristadfjellet i kveld. Det slo om til skikkeleg silregn, vind og skodde midt oppe i brattaste delen på framsida. I dei stupbratte hamrane og berga, delvis kledde med mose, vart det dessutan rimeleg glatt. Litt tøffare i dag enn når det var knusktørt. Men med litt varsemd gjekk det fint, utan nemneverdige problem.

På toppen var det ein god del skodde og vind i tillegg til regnet. Men med god sti ned igjen andre vegen, gjekk det sjølvsagt heilt greitt. Eg var våt som ei kråke. Det hadde eg vore nesten heile vegen. Og heimturen i bilen gjekk difor berre i trusa. Med varme i setet..:-) Herleg!

tirsdag 17. juni 2008

Mobilen tok sommarbadet


Frå Driveknolten mot Langevatnet og Nipebu, Fossedalshengenipa og Eitrenipa

Driveknolten t.h. frå vest, Blegja og Storehesten i skodde

Eg tok meg ein trimtur på Driveknolten frå Rivedal i kveld. Peter var på trening, og det var naboen sin tur til å køyre. Olaug stakk på Skylefjellet.

Det var egentleg veldig fin temperatur å gå i. Med lett Devold på overkroppen og joggebukse gjekk det akkurat å halde varmen ved å gje på litt. Noko trekk var det inne på toppen, og der måtte ei lett vindjakke og buffen fram rundt øyra.

Dei som har vore ved varden på Driveknolten veit at der ligg ein liten pøl der. I kveld fann visst mobilen ut at det var tid for eit aldri så lite sommarbad. Eg tenkte allereie på kva slags gravstein som høvde, og ny modell med GPS surra i hovudet. Men utruleg nok er det kome liv i han igjen. Oppstått frå dei døde. Han har jo hatt eit innhaldsrikt liv trass i sin relativt unge alder...:-)

Turen elles gjekk heilt supert. Finn same vegen over Hundeheia og inn Fløien no. Turen går fortare og fortare. Egentleg fint å springe frå Høgholten og innover. Og som planlagt let regnet vente på seg. Men etter sørvesten på fjellet å dømme, kjem bløyta kor tid som helst.

søndag 15. juni 2008

Mi kjære


Mot Likkjehesten og Storehesten frå toppen av Blegja i dag

Det er idyllisk frå oppstigninga under Rørviknipa

Eg hadde forsåvidt slått frå meg tanken på nokon lengre tur i går kveld då eg gjekk til sengs. Var litt trøytt etter dei tre toppane i går, samtidig kjende eg litt for mykje til kneet... Men forholda heime i dag tidleg i 06.30 tida fekk meg på andre tankar. Fjorden låg spegelblank i det tidlege blå morgonlyset og det var ikkje ei sky på himmelen. Kne fekk vere kne. Her var det berre å pakke sekken sidan eg hadde fått søndagen fri frå heimlege sysler.

Eg var på plass i Rørvika litt etter klokka 08. Når sola står så høgt på himmelen som no kjem sollyset inn i Rørvika nesten frå nordaust. Det var difor sol nesten heile vegen oppover. Den tidlege morgonstunda opp hit i sol med blå fjord og himmel er alltid spesiell for meg. Det går aldri ein tur opp hit utan at den tragiske hendinga eg hamna midt opp i for nokre år sidan kjem meg i hug. Eg stoggar alltid opp ved plassen ungdommen frå Askvoll døydde.

Det er særs idyllisk med den nydelege Rørvikelva som fossar ned med smeltevatn i alt det grøne. Ei vandring opp hit no, er som å gå gjennom fleire årstider.

Det blir fort varmt mot Nipebua (ikkje Nipebu!). Sveitten silar i den stille morgonlufta. Eg gjorde som sist eg var opp, pakka fjellstøvlane i sekken og gjekk opp med anmarsjskoa til hytta. For dei som ikkje er særskild kjende, er det bratt og tungt opp frå fjorden. Ein kan seie at det er 1305 meter rett opp frå havet til toppen av Blegja. Det er vel ikkje så unaturleg at det går litt lettare utan tunge fjellstøvlar då.

Oppe ved hytta var det difor skobyte og skjortebyte, før eg tok til på den neste bratta opp under Rørviknipa. Snøen var frosen til skare i løpet av natta. Den var fin å ta seg fram på. Men mesteparten av snøen var vekke sidan eg sist var oppe 24.mai (og 10.mai). Det vart kaldt i berre shortsen då sola forsvann bak Rørviknipa. Ei kald avrivning! Men sola fekk eg igjen på sørsida ved Nipevatnet. Her duppa snøen i vatnet. Som isfjell. Idyllisk med blått vatn, blå himmel og den kvite Likkjeblegja 1113 moh i bakgrunnen.

Det låg lite snø igjen opp ura. Det brattaste partiet var snøfritt. Det er ganske tungt opp her frå. Både fordi sola står rett på, og fordi det som regel er vindstille. All steinen har eit lag til å dra til seg varmen frå sola òg. Ein skal alltid vere obs her oppe. Iallefall hvis ein er fleire som går i lag. Steinen "lever"! Det er veldig laust. Store blokker kan sigle for eit godt ord. I dag var det ganske ille. Det virka som mykje av steinen ikkje hadde sett seg, på ein måte, etter vinteren. Eg sklei fleire gonger på stein og blokker nedover.... Det er jo folk som har omkomme av slike siglande blokker, utløyst frå andre framfor. Sånn sett er det greitt å gå åleine utan nokon bak seg. Men å halde avstand er påkreve når ein går fleire i lag.

Sjølve kanten opp på platået gjekk ganske greitt. Eg drog meg opp og over med stavane... Det var lite snø igjen, men den som låg var nesten som is. Sola får ikkje tak på nord/nordvest sida før langt ut på dagen.

Eg vart ganske overraska oppe på platået. Snøfritt mange plassar. Og rundt varden var det heilt fritt for snø. Utruleg kor fort fleire meter med snø forsvinn når smeltinga først set i gang. Eg såg jo berre toppsteinen sist eg var oppe (sjekk høgda på varden på bildene).

Eg sat ei stund ved varden og nytte utsikta i himmelretnigane. Det var nesten heilt vindstilt i solsteiken. Tok nokre bilder, ein videosnutt og eit par slurkar med saft, før det bar ned igjen same vegen.

Eg valde mest mogeleg snøveg. Det gjekk som det susa på fjellskoa. Dette måtte jo vere mini-miniski! Utruleg artig. Eit par rundkast inkludert...

Nede ved hytta tok eg nokre minuttars pause og pakka ned diverse etterlatenskapar frå vegen opp. Småflugene var til dei grader plagsomme her at det berre var å komme seg til fjords igjen. I bakkane nedom hytta traff eg på åtte stykke frå Helselaget i Kvammen m.a. Sigrid G. Dei var på tur til Bjønnastien (det passar jo bra no om dagen...:-)) Laget er veldig aktive ser det ut for. Dei var på Skylefjellet hi helga.

Resten av turen til fjorden medførte eit stk. blodig kne og ein broten gåstav rett over trinsa (bra det ikkje er føtene då...). Vi får ta ein telefon i morgon og sjå om ikkje det går an å få tak i nederste delen. Stavane var både nye og dyre....

Det er ei fantastisk oppleving å gå på Blegja slike dagar. Turen har alt du kan forlange. Men som med mange andre kjære kan dei vere både utfordrande og harde å takle av og til. Likar du ikkje den steinharde vegen, må du difor velgje andre mål.

Blegja 150608

Blegja 150608 video

lørdag 14. juni 2008

Trippel suksess



Motiv frå Driveknolten og nordsida mot Kvamsnipa i dag

Lørdagsmorgonen var temmeleg grå og kald då eg stod opp i 6-tida. Men heldigvis var all skodde vekke. Ute i havet var det blå himmel. Sidan Olaug, Peter, Miriam og Tora skulle til Førde, var jo saken klar! Tid for tur.

Vigdis vart med på Driveknolten i dag tidleg frå Rivedal. Kjekt med dameselskap. Alltid greitt med to når skodda trugar! Vi gjekk kl 08. Det er ikkje til å kome vekk frå at turane går lett i godt selskap.

Eg var i stuss kva eg skulle gå med i dag. Det var jo sludd i regnet på toppen hin dagen. I ein tjukk ull-Devold vart det varmt, så varmt at eg var våt av sveitte alt oppe på Hundeheia. Men bytte hadde eg ikkje teke med. Skjønte eg skulle tatt med den små sekken med reserve klede. Det vart difor litt klissete å gå med ull i dag. Lenger inne mot toppen måtte likevel jakka fram. Sjølv om det nesten var vindstilt, tok trekken litt likevel. Vi fekk ikkje servert mange varmegradene i fjellet i dag.

Vi sat nokre minuttar inne på toppen og nytte den tidlege morgonstunda. Godt å få servert ein sjokoladebit til slik flott utsikt. Lett skodde i aust i blåleg morgondis. Kjekt å sjå alle dei kjende fjella og alternative turrutar. I alle retningar...:-)

Tid til å drøyme seg vekk har ein alltid for lite av. Vi måtte difor vestover igjen. Pliktene kalla for det female innslaget av duoen. Så det bar utatt same vegen vi kom. Det var nok ei fin oppleving å gå turen til Rivedal igjen. Med havet i sikte går turen lett. Bra temperatur, opplett og fint.

Etter å ha sagt ha det til Vigdis i Rivedal, køyrde eg ned til Askvoll for å ta med meg Fristadfjellet. Eg gjekk opp på framsida ovanfor Prestemarka som vanleg. Men trur du ikkje hærskaren med fluger hadde vakna til live igjen. Eg vart nesten oppeten oppover. Det klødde i den sveitte hovudbotnen av krafsande, sveittesøkjande hordar av ilske småfluger. Det var såpass stilt på toppen at dei ikkje forsvann her heller. Så eg la til palings ned den normale vegen til Askdalen.

Av og til gler eg meg til hausten og vinteren. Då slepp ein iallefall desse irriterande, ekle vesena...

Vel framme ved bilen igjen følte eg meg i veldig godt slag. Eg bestemte meg difor kjapt for å køyre opp i Skjerlia og ta med meg Kvamsnipa og. Som tenkt så gjort. Her var iallefall flugene fråverande.

På veg opp på toppen slo idèen meg om å ta alle 5 toppane på ein dag. Eg var endå i fin form og føtene føltes lette og gode. Då eg kom ned igjen i Skjerlia og høyrde voldsomme tordelslag i sør ombestemte eg meg. Det begynte å småregne. Eg hadde heller ikkje med meg byteklede. Kor lenge eg kunne strekke tolmodet på heimebane var òg eit usikkert moment. Det vart difor at eg tok til vit (endeleg?) og køyrde heim. Eg hadde jo vore på farten i 7 timar.

No er det ei veke igjen til ferien. 4 herlege veker. Då skal eg nok fullføre det eg tenkte på i dag...


Driveknolten_Fristadfjellet_Kvamsnipa 140608