torsdag 8. mai 2008

Vårblomar til fjells


Motiv av villmark frå Gjerdedalen

Eg traff på ein pen bukett jenter på posten i dag. Eller det vil seie, vi starta på likt, eg gjekk i frå dei, og sprang dei i møte på returen, og traff dei igjen på toppen av lyngbakken. Etter å ha vore på toppen. Sidan det var 7-8 av nemnde sorten, tok eg meg ikkje tid til å stogge. Det var litt for mange på ein gong for min smak. For i joggesko og med ein bar, vårbleik overkropp med antydning til bilringar, var eg litt for sårbar. Ikkje nokon gresk gud akkurat...:-)

Nydeleg kveld - igjen. Stilt og fint. Og tørt i bakken. Det er berre å nyte dei fantastiske vårkveldane vi har no. Ein blir jo skikkeleg yr. Eller som Adonis - årleg og ungdommeleg fornya. Gjenfødd. Ikkje minst av så flotte vårblomar til fjells...

Ingen kommentarer: