lørdag 17. mai 2008

Tradisjonell 17.mai feiring



Vi hadde ei skikkeleg flott 17.mai feiring i Stongfjorden i dag. Vèrgudane var på vår side i år. Sjølv om nordavinden beit friskt i frå seg i vinddraga, spesielt når sola var vekke, kunne vi vel knapt håpa på betre vèr. Spesielt når ein såg korleis det elles var rundt omkring i landet.

Tradisjonen tru opna vi dagen med springing bak skulen. Dette set ungane sjølvsagt pris på. Sidan vart det ymse tippekonkurransar, natursti, hesteskokasting, pilkast og, i går kveld, luftgeværskyting.

Så var det tid for rømmegraut, spekemat og betasuppe. Med kaffi og kaker som dessert. Takk til kjøkkenpersonalet for god mat.

Programmet for dagen vart leia av Magnar V. og Even, sonen, heldt ein frisk, ungdommeleg og humørfylt tale for dagen, basert på eit historisk tilbakeblikk for nasjonen generelt og Stongfjorden spesielt. Veldig bra!

Premieutdeling er ein post som alle ungane ser fram til. Det er mykje premiar som skal delast ut ein slik dag. I år tyktest premiane finare enn nokon gong. Folk som ikkje hadde vore i Stongfjorden 17.mai før, var overraska over kor bra dei var.

Kormusikk fekk vi av mannskoret, som for dagen var blanda med ein pen bukett damer under første delen. Tradisjonelle 17.mai songar song vi sjølvsagt i lag, så nasjonal-kjensla brusa i årane.

Takk til alle for ei flott og vel gjennomført 17.mai feiring!

17 mai 2008

Ingen kommentarer: