lørdag 3. mai 2008

Rydda stiar og nye vardar


Eg køyrde heime i frå i 9-tida til Osland. Eg stogga ved tunnellen og tok eit par bilder av eit delvis nedtappa Oslandsvatn og Skålefjellet. Når eg skulle gå inn att i bilen greidde eg å tryne i autovernet som eg hadde gått over. Eg landa med full tyngde på eine underarmen og fotoappararet i det andre small i asfalten. Eg banna høgt av toskeskapen. Det medførte riper i det nye kameraet, ein solid blå kul som ploppa ut på armen og nokre fingrar som bløddde. Ja, ha tenkte eg, det her starta jo bra! Men som kjent er spilt melk veldig lite hjelp i å gråte over.. Eg kunne jo slått hovudet i asfalten....! Det ville jo ha vore for gale og krepert på asfalten med fjellsko, gamasjar og anna fjellutstyr på seg! Litt kjedeleg å fått inngravert i steinen....:-)

Vel, eg kom meg vidare. For å komme seg inn i Oslandsbotnen er det no 4 grinder som må opnast og latast att. Ja, du las rett. 4 grinder! Det er jo litt bal når ein ikkje har med seg grindagutar.

I dag hadde eg teke med meg ryddesaksa. Rundt tredje hammaren var det grodd til med mykje einer siste åra. For å komme opp på Keipane må ein først opp til hammaren, svinge sør om, nord om og sør om igjen. Reine Gaularfjellsvegen for å komme opp. Men no er denne gamle stien, som ein tok ned sauene på før, fint rydda. Det tok meg nokre kaloriar og ein liten time.

Diverre er alt sauehald i desse traktene ein saga blott.. og her er mykje stiar som skulle vore rydda. Det er iallefall ein stor fordel med fjelltrimmen at mange av toppane vert haldne oppe av trakket. Dei gå igjen kvarrt sjuande år. Elles er det berre hjorten som held ein del trakk oppe. Men den kan ein ikkje alltid følgje....

Den vidare turen opp gjekk heilt fint. På nordsida av Skålefjellet låg det skodde i dag. Mot Stongfjorden såg eg difor ingenting (det kom seg seinare på dagen såg eg heime i frå). Men på sørsida av toppen var det bra sikt. Nesten stilt i dag. Rart å tenke på dei gongene på førevinteren eg aldeles heldt på å fryse forderva her oppe. No kunne eg sitte med bar overkropp..

Eg bestemte meg for å ta returen same vegen og varde nedatt. Det er litt greitt å gå same skårane opp igjen neste gong. Så eg sette opp nokre strategiske varder for å treffe same trasèane neste gong. (Her er jo ikkje problem med å finne opp, men ein varde er alltid god å ha i skodda eller slik at ein kan nytte same trakket).

Eg kjende meg tung i føtene i dag. Det gjekk med ein del energi i ryddinga òg. Det fekk difor halde med dette i dag... Det var vel heimearbeid å gjere. Så kunne ein kanskje få goodwill i heimen til ein tur i morgon òg....:-)

Skålefjellet_video_030508

Skålefjellet 030508

Ingen kommentarer: