mandag 26. mai 2008

Meg og einerkavane



Utsikt mot Atløy og Askvoll frå Fristadfjellet i kveld (MMS)

Eg var ned på Fristadfjellet i kveld. Eg forsøkte meg igjen på "den nye" ruta på sørvestkanten rett opp. Og fann rette avstikkaren frå stien inn Askdalen. Det gjekk ganske greitt oppover på kryss og tvers i bratte bakken. Men noko særleg trakk kan det ikkje vere her, for det var stort sett gamle, avkappa einer og nokre raude band som heldt meg nokolunde ajour med "løypa" oppover. Men du verden, eg kom meg fort til topps!

Det var ganske frisk nordavind på toppen. Eg gjekk kun i ei tynn Devold trøye som var ganske sveitt. Eg knipsa difor berre eit par bilder med mobilen og gjekk ned att same vegen eg kom.

Og eg gjekk for langt til høgre no som sist. Eg visste eg skulle halde meg på kanten. Men ein kombinasjon av mangelfulle merke og/eller at eg er blitt meir høgrevridd (trudde det var motsett) med åra, gjorde at eg kom for langt nord. Så då var det på hovudet ned i einerkavane i bratte unnabakken - igjen. Eine gongen lurte eg på om eg greidde å kare meg opp frå virrvarret. Dei rakk meg nesten til hovudet der eg sto/låg, og eg stod bom fast. Det var jo rein komikk! Støvskyene (sporane) stod som ein røyk nedetter bakkane av "kollisjonane"... Så no har eg vel att på alt hjelpt til med å formeire develskapen. Kan ikkje nokon sette fyr på svineriet....?

Eg kom meg fram på ein bergknatt og fekk eit raudt band i syne litt lenger sør. Eg greidde å kare meg bort til bandet, og fann stien ned gjennom einerkavane. Då var det enkelt siste delen ned i dalen. God joggetur nedatt prestebømarka til bilen.

Neste gong tek eg same vegen opp. Så kan eg heller jogge nedatt den "gamle" løypa. No drøymer eg snart om einer...

Ingen kommentarer: