søndag 11. mai 2008

Kveldstur på Kvamsnipa


Bildet er teke frå vest i kveld på veg ned frå Kvamsnipa. Markavatnet er berre delvis nedtappa.

Olaug og eg hadde oss ein flott kveldstur på Kvamsnipa 651 moh i kveld. Vi køyrde opp i Skjerlia, heldt oss på nordsida av høgdedraget oppover og gjekk direkte på toppen. Det var første turen min på denne fjelltrimposten. (Ein må ha teke alle 5 minst ein gong for å få teljande resultat).

Bakkane oppover var veldig greie og ta seg fram på. Det var for det meste stein, sva og mark og lite hamrar. Mange greie skårar å velje. Elles sparer ein jo ganske mange høgdemeter ved å køyre opp på snuplassen i Skjerlia. Den ligg på nesten 300 meter, så posten på Kvamsnipa er egentleg piece of cake. Aberet er sjølvsagt køyringa. Det likar eg minst av alt. Sånn sett er Skylefjellet og Skålefjellet mykje greiare. Mindre bal og styr liksom når ein kan gå heime i frå.

Frå toppen var det ikkje utsikt i kveld på grunn av skodda. Den letta litt lenger nede på heimturen og då vart det skikkeleg fint. Grei og kjekk kveldstur med fruen.

Kvamsnipa 110508

Kvamsnipa 110508 video

Ingen kommentarer: