tirsdag 27. mai 2008

Kveldsstemning på Skålefjellet




Etter å ha følgt Peter og nabojentene på fotballtrening i Askvoll, var kvelden endå så ung at eg nådde oppom Skålefjellet. Formen er såpass bra at eg ikkje treng så lang tid lenger...:-)

Eg set i grunn stadig meir pris på å gå opp Gjerdedalen no. Det flate sollyset som strålar inn i dalen om kvelden er spesielt. Og grønfargen av omgjevnadane er nydeleg. Og ikkje minst er sola som badar vestsida av fjellet om kvelden herleg. Medan skuggen er komen nede ved fjorden, er det lyst og varmt oppe i fjellet. Ja, Gjerdedalen og vestsida opp, er kortaste og beste ruta på kveldstid. Iallefall hvis du òg har lyst å få blodpumpa skikkeleg i gang...

Nydeleg kveldssol på toppen i kveld. Artig å sjå kor langt mot nord sola er komen før ho går ned. Spesielt er det òg å sjå at ho speglar seg i havet og Stongfjorden over Stavenesodden på same tid. Sjekk MMS-bilde som berre gjev eit halvdårleg inntrykk av synet.

Det var stilt og fint på toppen. Eg sat der eit lite bel i berre shortsen. Ei fredeleg kveldsstund.

Ingen kommentarer: