lørdag 24. mai 2008

Gode val






Ein ting ein skal passe seg for her i livet, er når det går inflasjon i bruk av superlativ. Eg ser jo det på bloggen min at det snart haglar med slike orda. Men kva skal ein gjere når ein er så heldig å få oppleve slike dagar som på Blegja i dag? Eg har ikkje superlativ nok egentleg... Og det fine er at turen vart akkurat slik eg hadde tenkt den...

Eg vakna akkurat på same tid som eg pleier, litt før 06.00. Blegja var det første som slo meg. Låg 5 minutt og tenkte. Fann fort ut at det var ingen grunn til å bli liggjande. Det var berre å komme i gang. Eg såg føre meg skare oppover som fort ville bli blaut ettersom sola steig.

Eg åt frukost. Pakka det mest nødvendige. Og køyrde frå tunet litt før 07.00. Rørvika here I come....

Eg gjorde ein vri i dag. Ein fornuftig ein. Eg pakka fjellstøvlane og gamasjane i sekken og tak anmarsj-skorna på meg i staden. Dei er mykje lettare enn fjellskorna og noko av det beste eg har kjent på stein. Sit som støpt på underlaget. Stiv såle. Det viste seg fort å vere mykje lettare å gå opp dei knallharde bakkane til Nipebua (ikkje Nipebu!) med desse på føtene. Det var her snøen låg for 14 dagar sidan. Det stemde heilt. Så her vart det skobyte i dag. Suksess!

Eg vart reint yr i kroppen. Sola keik fram i nordaust for Rørviknipa. Stilt og fint. Ei magisk stund.

Eg var gjennomsveitt i ei tynn Devold trøye. Eg la igjen denne ilag med La Sportiva skorna, og tok i veg på skaren oppover mot Rørviknipa. For eit føre. Skaren heldt som ingenting. Hard. Kanon. Eg kom meg fort og uanstrengt opp bakkane til under Nipa. Her var sola ikkje komen endå, så nordadraget reiv godt i den bare overkroppen! Herleg! For eit liv - det bobla i kroppen....

Oppe under Nipa skar eg sørover ranane og over den skrå, snøfyllte traversen. Knall skare. Eg vart glad for at eg hadde teke med meg isbroddane i sekken. Borte ved vatnet mellom Rørviknipa og Likkjeblegja fekk eg sola igjen. Det var endå tidleg på dag, så den hadde ikkje fått skikkeleg tak oppover. Heldigvis!

Eg tok til på urane. Det vil seie, her låg berre hard skaresnø oppover. Det gjekk som ein røyk opp brattene. Eg trur aldri eg har kome meg så fort opp. Nesten opp i salen mellom Nipa og vest-toppen av Blegja, var det fornuftig å ta på broddane. Her var det beinande harde skare. Sola hadde ikkje fått tak. Og siste bratte bakken opp mot topp-partiet låg i skugge. Klokka var jo ikkje meir enn 09.på morgonen. Hadde eg sklidd her, hadde eg måtte ta eit par hundre meter, minst, på ræva i knallhard skare. Og stein... Er ikkje sikker på om den ræva hadde vore mykje å satsa på etterpå... Heller ikkje fingrar eller ansikt hadde det vel vore så mange kjøtslintrene igjen på....

Men eg kom meg over siste, bratte kanten med litt fuglar i magen, utan å sigle heile dalen ned igjen. For eit syn! For eit lys! Topp-platået låg der i drivande kvit snø bada i morgonsola. Stilt og utan vind - utan ein lyd! Fantastisk. Ei åpenbaring....

Varden var nesten like lite å sjå av i dag som for 14 dagar sidan. Det ligg minst 3 meter snø på toppen endå. Eg var sittande ei stund der på det som var synbart av varden og nyte utsikta. Formidabelt! Det blå havet. Bygdene. Dei grøne bøane ved fjorden. Og den knallblå himmelen med den velsigna sola. Ja, det VAR ei åpenbaring.

Eg bestemte meg etterkvart at eg ville ta sørvest sida meir i syne. Kanskje gå ned den bratte ura her. Då fekk eg teke nokre bilder frå den sida òg. Var litt spent på om det var snøfritt ned. Elles kunne eg ikkje ta sjansen på å gå. Her er det nemleg stupande bratt og med skare opp på steinen.... Men akkurat som tenkt, var snøen smelta ned her på solsida. Bra! Så eg fekk meg nokre fine bilder m.a av den flotte varen som står her, før eg stod nede i skaret mellom Blegja og Likkjeblegja. Det er her vi dalingane kjem opp når vi går frå Dalsfjord-sida.

Eg var inn på tanken om å gå opp og vest over Likkjeblegja òg. Men no var snøen allereie begynt å blotne opp. Så eg valde heller å gå ned dalen nordvestover igjen til vatnet.

Lutfta dirra av varmen frå sola og snøen. Det var berre å kvitte seg med dei klede eg kunne. Nede ved nordkanten av vatnet tok eg meg ein skikkeleg lang pause. Var jo ingen grunn til å stresse ned igjen. Så her vart det skiver og saft. Eg låg strekk ut i shortsen på berget. Sola svei ein naken, vinterbleik skrott. Farleg! Det var bokstaveleg tala lett for å brenne seg.... Så etter ein god rast, utan å bli solbrent, sette eg kursen vidare nord og nedover til hytta igjen, same vegen eg kom opp i stad.

Nede ved hytta tok eg ein ny pause i solveggen. Pakka ned skorna, trøya og sokkane som låg att etter i stad, og gjekk mot fjords att.

Er bakkane i Rørvika opp til hytta tunge, er dei heller ikkje lette ned att. Det svir godt i lårmusklane og halde att tyngda i brattene. Tek på knærna òg. Det er heller ikkje godt å springe. Det kjenner eg i albogen endå som eg slo ut av ledd for 3 år sidan ned her. Sjølvsagt er ein òg prega av turen opp.... Det er difor alltid godt å kome seg ned til vegen og få av fjellskorna. Herleg å strekke sveitte og ømme tær...

Eg har hatt mange turar på Blegja opp gjennom åra. Både frå Solheimsdalen, Bygstad, Hjelmeland, Berge, Laukeland, Fossedalen og Rørvika. (Har eg gløymt noko...?) På ski og til fots. Eg hugsar sjølvsagt ikkje alle desse turane. Difor er det godt å ha bilete å sjå tilbake på. Men turen i dag går rett inn i minneboka som ein av dei flottaste. Spesielt fordi det var så lett å ta seg opp skaren. Eg er glad for eg starta så tidleg. Elles hadde det blitt ein manndomsprøve.... I dag var det nesten for lett... (Men tanken i bilen heim om å gå på Skålefjellet òg - DEN var for dryg...:-) Sjølv om ein er aldri så forelska i fjella...)

Blegja 240508

Blegja 240508_video

Blegja 240508_video

Blegja 240508_video

Ingen kommentarer: