torsdag 22. mai 2008

Sommarkjensla


Motiv mot Mannsskaret ved første elva på veg til Skålefjellet

Etter at vi måtte ha ein gjennomgang av ein del nytt på jobb etter arbeidstid i går, vart det ikkje nokon tur. Eg var ikkje heime igjen før 20.30. Då var det i seinaste laget å gå. Dessutan var ikkje hovudet heilt med lenger etter dagen...

Men i ettermiddag tok eg turen opp på Skålefjellet igjen frå fotballbana og opp Gjerdedalen. Veldig godt å kjenne at eg kan gje på opp gjennom bakkane utan å bli segneferdig. Her er ganske krevjande terreng!

Det var ein nydeleg kveld. Med nordadrag i lufta. Og faktisk gjekk eg i bar overkropp både opp og ned. Det var fantastisk på toppen som du kan sjå på videoen. Eg vart difor ei god stund oppe i dag. Fekk ned pulsen med frisk fjelluft og naut freden på "Dronninga av Stongfjorden".

Eg brukte mykje lenger tid ned enn opp i dag. Det blir ofte slik no at eg likar å gje på oppover, og heller fotografere og sjå meg bedre rundt ned igjen. Når det er veir og høve til det.

Ein ting eg la merke til i kveldssola som varma bakkane, var all markmusa. Ikkje mindre enn 4 stk såg eg. Litt uvanleg. Kanskje det var varmen som lokka dei fram? Eller kanskje det blir museår? Det er i tilfelle bra for rovfuglen.

Det var ein supertur på ein superkveld. Er det no vi har finveret i sommar? Nokre seier vi held på å bruke opp det opp. Men i svarten. Vi kan jo ikkje gjere noko med det. Vi må berre nyte dagen så fin som den er no. Så får heller mykje anna vente til synnakulingen og regnet piskar rutene....


Skålefjellet 220508

Skålefjellet 220508_video

Ingen kommentarer: