mandag 5. mai 2008

Ein plan til 17.mai


Fekk tilbakemelding frå Einar A. som er geolog 6/5 at fjellet er: "kraftig folda Kvarts-skifer, såkalt ”Kinck-Folder”. Bergarten her tilhøyrer Høyvik-Gruppa (og som er ein del av det større Dalsfjord-Dekket), og har ein alder på 1100-900 millionar år". Huset vårt på Yndestad står visst på same berggrunnen!


Peter, Espen og Sander øver seg på fjellklatring i den fantastiske kvartsskiferen

Gjekk opp på posten i kveld i berre joggesko, joggebukse og ein tynn Devold. Det var i minste laget. På toppen var det nemleg ganske kald vind og litt yr i lufta. Opphaldet vart difor kort og eg sprang mesteparten av vegen heim igjen i dusjen.

I skrivande stund ser det betre ut igjen med vèret. Meldingane framover ser jo lovande ut, så eit par toppar til bør ein vel klare denne veka òg. Eg har lenge hatt ein plan til 17.mai...:-)



Kald vind og lite klede på Skylefjellet i kveld

Ingen kommentarer: