fredag 9. mai 2008

Det glade vanvidd


Ja, tenkte eg det ikkje. Det var jo berre eit spørsmål om tid før dei ville bore etter olje inne i fjæresteinane våre òg. Mammon kjenner ingen grenser. Her har ein gong etter gong sett at ojevernberedskapen knapt fungerer i det heile tatt. Bles det kuling, som det gjer tre kvart av året, med tre-fire meter høge bølgjer, står ein utan vern i det heile teke. Ein har ikkje sjanse i havet til å unngå ei katastrofe ved boring og oljesøl så nær som under 20km frå land. Oljen er ved øyane på eit blunk.

Heldigvis ser det ut til at oljeindustrien vil møte motbør i denne saka. Jmfr. Direktoratet for Naturforvaltning sin skepsis. Kva fylkespolitikarane våre gjer er jo ei anna sak. Her er ein så sveltefòra på oljekake at ein sikkert går over (fugle)lik for å få ein liten skjerv. Og oljeselskapa er vel litande til å bruke argumentasjonen om at Sogn og Fjordane ikkje har fått sin del av olje-eventyret som pressmiddel for ei utbyggjing. Men dette er iallefall ei sak eg vil gå til sivil ulydigheit på. Vi får tru naturvernorganisasjonane kjem på bana fortare enn svint hvis det blir nødvendig!

Eg tykkjer eg ser det for meg. Vindturbinar over heile Stavenesodden og oljeinstallasjonar utanfor. Det er jo til å misse nattesøvnen av.

ps. elles var det jo kjekt at eitt av bilda mine vart brukt i eit spørsmål om naturverdiar jmfr. link.

Fruen er smørblid. Eg ofra fjellturen til fordel for å male begge ramane og tilhøyrande vegger på huset i dag. Ho likar seg dårleg i høgda rundt huset.. Goodwill:-) No kan eg ta ein lenger tur i morgon... Eg lurer på Blegja frå Rørvika. Det ser berre SÅ freistande ut frå pendleruta mi om dagane. Men eg er litt skeptisk til skavlen ved toppen. Han ser stor ut på bilda... Får fundere litt til...

Ingen kommentarer: