lørdag 31. mai 2008

Driveknolten frå Rivedal



Utsikt vestover frå Driveknolten i dag mot Bakkefjellet, Dokka og Atløynipa (1). Langevatnet og Nipebu ligg i nord (2).

Etter at diverse småtteri var unnagjort heime, m.a. lapping av punktert sykkeldekk, køyrde Olaug og eg til Rivedal for å gå på Driveknolten. Peter vart heime med gutebesøk. Og Marie utnemnde vi til sjef i huset for nokre timar.

Det var fantastisk vèr med sol, lett disig og varmt. Vi gjekk i kun shortsen og hadde ikkje andre klede med oss. Det har vore nokre utruleg flotte maidagar.

Turen opp på Driveknolten frå kraftstasjonen i Rivedal er egentleg veldig grei og ganske lett å gå. Ein kjem seg fort opp under Hundeheia, og etter at skaret på sørsida er unnagjort, er det berre det småkuperte og lettgådde fjellterrenget austover å gå før ein er framme. (Sjekk bilder). Egentleg likar eg denne turen berre bedre og bedre.

Vi brukte omlag 1,5 timar inn på toppen etter å ha gått i bra tempo. Utsikta er nydeleg. Spesielt mot alle toppane i aust, og vestover mot Holmedal, Straumsnes og til havs. Ved Atlevatnet fekk vi auge på ein heil gjeng frå Barnas Turlag i Askvoll som hadde pause og fiska. Dei skulle overnatte på Nipebu denne flotte helga.

Etter litt drikke, ei appelsin og den obligatoriske filmtakinga, gjekk vi vestover igjen same vegen vi kom. Kjempeflott tur i lag med fruen i huset. Kjekt å ta turen i lag av og til òg....


Driveknolten 310508

Driveknolten 310508_video

fredag 30. mai 2008

Førmiddagstur



Nye geitekillingar og fjellsmelle av året

På veg heim frå jobb i dag tok eg meg ein avstikkar opp i Skjerlia og tok meg ein rask tur på Kvamsnipa. Veldig grei og lett topp. Fint terreng oppover. Det ligg nokre få snøfonner igjen oppe på nordsida. Elles var sauene og lamma allereie komne opp på høgaste toppen. Dei veit å følgje det frodigaste graset, sauene.

Vi får sjå kva vi finn på i morgon. Kjempevèret ser visst ut til å utebli no, men det blir flott temperatur. Vi får avstemme litt med familien. Eg sjølv har Driveknolten i bakhovudet...

Kvamsnipa 300508_video_mobilkamera

torsdag 29. mai 2008

Varm mai-kveld


Utsikt frå Fristadfjellet mot f.v. Moldura, Kalderasnipene og Dokka .


Vi ser ein flik av Stongfjorden og mot Mjåseth

26 grader viste termometeret då eg køyrde ned til Askvoll for å gå på Fristadfjellet. Iført kun shortsen gjekk eg opp på framsida som sist. Det gjekk heilt greitt opp. Fint og tørt i dei bratte bakkane og på berga. Men jammen var det varmt! Ein liten lun bris på toppen gjorde at eg endeleg vart kvitt dei sveitte-sugande småflugene som dei siste dagane har eksplodert i antal. Ein pest og ei plage. Spesielt når du svel dei, og du føler det kravlar i halsen lenge etterpå!

Eg sette opp eit par vardar på vegen opp for å prøve og treffe ned igjen. Bakkane er fulle av einer. Det gjekk greitt til å begynne med, og mot slutten. Banda som er hengde opp første delen, er greie og sjå. I midtpartiet rota eg igjen. Og på hovudet ned i einer-kavane bar det igjen som sist. Med kun shortsen som einaste klesplagg på seg er jo dette kjekt. Så i kveld ser eg ut som om eg har hatt ein lengre slåsskamp med ein villkatt. Spesielt lår og legger er blodige og opprispa. Shit - neste gong spring eg iallefall rundt nedatt. Men opp går det fort denne vegen...

onsdag 28. mai 2008

Andpusten fru



Motiv frå Gjerdedalen. Det er fantastisk med naturen på kysten der du i løpet av ein time kan gå i frå fjorden med grøne bøar ikring, gjennom det låge bjørkebeltet, til ville, nakne fjellet med snø.

Sidan Peter skulle på elevkveld på skulen eit par timar i kveld, fekk Olaug og eg anledning til ein kveldstur i lag. Eg var i grunn ikkje tenkt meg oppatt på Skålefjellet i kveld, sidan eg var der i går kveld. Men Olaug var visst gira på det. Og som den gentleman eg er, let eg fruen få bestemme....:-)

Forholda var vel omlag som i går, men litt meir skyer og nokre grader varmare. Og vi gjekk berre i shortsen. Fantastisk med sommar i mai. Tørt i bakken og lett å ta seg fram. No fekk sjølvsagt Olaug køyrt seg skikkeleg. Men av og til er det jo greitt at damene ber om nåde...:-) Fint å sette ting på plass og vise at ein er kar...:-)

Vel, nok av skrytet. Vi fekk oss iallefall ein fin tur og fruen var smørblid ned igjen. Avslutninga er vel det viktigaste...

Skålefjellet 280508

tirsdag 27. mai 2008

Kveldsstemning på Skålefjellet




Etter å ha følgt Peter og nabojentene på fotballtrening i Askvoll, var kvelden endå så ung at eg nådde oppom Skålefjellet. Formen er såpass bra at eg ikkje treng så lang tid lenger...:-)

Eg set i grunn stadig meir pris på å gå opp Gjerdedalen no. Det flate sollyset som strålar inn i dalen om kvelden er spesielt. Og grønfargen av omgjevnadane er nydeleg. Og ikkje minst er sola som badar vestsida av fjellet om kvelden herleg. Medan skuggen er komen nede ved fjorden, er det lyst og varmt oppe i fjellet. Ja, Gjerdedalen og vestsida opp, er kortaste og beste ruta på kveldstid. Iallefall hvis du òg har lyst å få blodpumpa skikkeleg i gang...

Nydeleg kveldssol på toppen i kveld. Artig å sjå kor langt mot nord sola er komen før ho går ned. Spesielt er det òg å sjå at ho speglar seg i havet og Stongfjorden over Stavenesodden på same tid. Sjekk MMS-bilde som berre gjev eit halvdårleg inntrykk av synet.

Det var stilt og fint på toppen. Eg sat der eit lite bel i berre shortsen. Ei fredeleg kveldsstund.

mandag 26. mai 2008

Meg og einerkavane



Utsikt mot Atløy og Askvoll frå Fristadfjellet i kveld (MMS)

Eg var ned på Fristadfjellet i kveld. Eg forsøkte meg igjen på "den nye" ruta på sørvestkanten rett opp. Og fann rette avstikkaren frå stien inn Askdalen. Det gjekk ganske greitt oppover på kryss og tvers i bratte bakken. Men noko særleg trakk kan det ikkje vere her, for det var stort sett gamle, avkappa einer og nokre raude band som heldt meg nokolunde ajour med "løypa" oppover. Men du verden, eg kom meg fort til topps!

Det var ganske frisk nordavind på toppen. Eg gjekk kun i ei tynn Devold trøye som var ganske sveitt. Eg knipsa difor berre eit par bilder med mobilen og gjekk ned att same vegen eg kom.

Og eg gjekk for langt til høgre no som sist. Eg visste eg skulle halde meg på kanten. Men ein kombinasjon av mangelfulle merke og/eller at eg er blitt meir høgrevridd (trudde det var motsett) med åra, gjorde at eg kom for langt nord. Så då var det på hovudet ned i einerkavane i bratte unnabakken - igjen. Eine gongen lurte eg på om eg greidde å kare meg opp frå virrvarret. Dei rakk meg nesten til hovudet der eg sto/låg, og eg stod bom fast. Det var jo rein komikk! Støvskyene (sporane) stod som ein røyk nedetter bakkane av "kollisjonane"... Så no har eg vel att på alt hjelpt til med å formeire develskapen. Kan ikkje nokon sette fyr på svineriet....?

Eg kom meg fram på ein bergknatt og fekk eit raudt band i syne litt lenger sør. Eg greidde å kare meg bort til bandet, og fann stien ned gjennom einerkavane. Då var det enkelt siste delen ned i dalen. God joggetur nedatt prestebømarka til bilen.

Neste gong tek eg same vegen opp. Så kan eg heller jogge nedatt den "gamle" løypa. No drøymer eg snart om einer...

søndag 25. mai 2008

Fotball og fjell


Frå Eikenes er det fin utsikt inn fjorden mot Dale

Vi reiste til Dale i dag med ferja 11.30 frå Eikenes med ein skokk med andre ungar og foreldre. Mål: Miniputturneringa i fotball på kunstgraset ved idrettshallen.

Det syda med liv i den varme sommarsola. Lukta av nysteikte vaflar hang over stadion. Vaksne og ungar kosa seg. Og kampane på bana og sidelinja gjekk fredeleg for seg. Ingen utagerande foreldre etter det eg fekk med meg.

Alltid kjekt å komme til Dale igjen. Rett nok er dei aller fleste i mi aldersgruppe ferdige med slike turneringar... men ein og annan kjenning er det alltid å slå av ein prat med etter gamalt. Foreldra mine sykla òg ein tur oppom bana i det flotte vèret. Vi fekk dessutan tid til ein liten tur heimom før vi tok ferja utatt 16.45.
Miniputturnering_Dale_250508

Heldigvis var kvelden ganske ung då vi kom heim. Etter å ha site meir eller mindre i ro der inne i timesvis, følte eg naturlegvis behov for å røre på meg. Eg tok difor avgarde på Skålefjellet med det same vi kom heim. Kun iført shorts i den behagelege kvelds-temperaturen. Herleg å få sveitte ut i den fine kvelden. Flott tur!




lørdag 24. mai 2008

Gode val






Ein ting ein skal passe seg for her i livet, er når det går inflasjon i bruk av superlativ. Eg ser jo det på bloggen min at det snart haglar med slike orda. Men kva skal ein gjere når ein er så heldig å få oppleve slike dagar som på Blegja i dag? Eg har ikkje superlativ nok egentleg... Og det fine er at turen vart akkurat slik eg hadde tenkt den...

Eg vakna akkurat på same tid som eg pleier, litt før 06.00. Blegja var det første som slo meg. Låg 5 minutt og tenkte. Fann fort ut at det var ingen grunn til å bli liggjande. Det var berre å komme i gang. Eg såg føre meg skare oppover som fort ville bli blaut ettersom sola steig.

Eg åt frukost. Pakka det mest nødvendige. Og køyrde frå tunet litt før 07.00. Rørvika here I come....

Eg gjorde ein vri i dag. Ein fornuftig ein. Eg pakka fjellstøvlane og gamasjane i sekken og tak anmarsj-skorna på meg i staden. Dei er mykje lettare enn fjellskorna og noko av det beste eg har kjent på stein. Sit som støpt på underlaget. Stiv såle. Det viste seg fort å vere mykje lettare å gå opp dei knallharde bakkane til Nipebua (ikkje Nipebu!) med desse på føtene. Det var her snøen låg for 14 dagar sidan. Det stemde heilt. Så her vart det skobyte i dag. Suksess!

Eg vart reint yr i kroppen. Sola keik fram i nordaust for Rørviknipa. Stilt og fint. Ei magisk stund.

Eg var gjennomsveitt i ei tynn Devold trøye. Eg la igjen denne ilag med La Sportiva skorna, og tok i veg på skaren oppover mot Rørviknipa. For eit føre. Skaren heldt som ingenting. Hard. Kanon. Eg kom meg fort og uanstrengt opp bakkane til under Nipa. Her var sola ikkje komen endå, så nordadraget reiv godt i den bare overkroppen! Herleg! For eit liv - det bobla i kroppen....

Oppe under Nipa skar eg sørover ranane og over den skrå, snøfyllte traversen. Knall skare. Eg vart glad for at eg hadde teke med meg isbroddane i sekken. Borte ved vatnet mellom Rørviknipa og Likkjeblegja fekk eg sola igjen. Det var endå tidleg på dag, så den hadde ikkje fått skikkeleg tak oppover. Heldigvis!

Eg tok til på urane. Det vil seie, her låg berre hard skaresnø oppover. Det gjekk som ein røyk opp brattene. Eg trur aldri eg har kome meg så fort opp. Nesten opp i salen mellom Nipa og vest-toppen av Blegja, var det fornuftig å ta på broddane. Her var det beinande harde skare. Sola hadde ikkje fått tak. Og siste bratte bakken opp mot topp-partiet låg i skugge. Klokka var jo ikkje meir enn 09.på morgonen. Hadde eg sklidd her, hadde eg måtte ta eit par hundre meter, minst, på ræva i knallhard skare. Og stein... Er ikkje sikker på om den ræva hadde vore mykje å satsa på etterpå... Heller ikkje fingrar eller ansikt hadde det vel vore så mange kjøtslintrene igjen på....

Men eg kom meg over siste, bratte kanten med litt fuglar i magen, utan å sigle heile dalen ned igjen. For eit syn! For eit lys! Topp-platået låg der i drivande kvit snø bada i morgonsola. Stilt og utan vind - utan ein lyd! Fantastisk. Ei åpenbaring....

Varden var nesten like lite å sjå av i dag som for 14 dagar sidan. Det ligg minst 3 meter snø på toppen endå. Eg var sittande ei stund der på det som var synbart av varden og nyte utsikta. Formidabelt! Det blå havet. Bygdene. Dei grøne bøane ved fjorden. Og den knallblå himmelen med den velsigna sola. Ja, det VAR ei åpenbaring.

Eg bestemte meg etterkvart at eg ville ta sørvest sida meir i syne. Kanskje gå ned den bratte ura her. Då fekk eg teke nokre bilder frå den sida òg. Var litt spent på om det var snøfritt ned. Elles kunne eg ikkje ta sjansen på å gå. Her er det nemleg stupande bratt og med skare opp på steinen.... Men akkurat som tenkt, var snøen smelta ned her på solsida. Bra! Så eg fekk meg nokre fine bilder m.a av den flotte varen som står her, før eg stod nede i skaret mellom Blegja og Likkjeblegja. Det er her vi dalingane kjem opp når vi går frå Dalsfjord-sida.

Eg var inn på tanken om å gå opp og vest over Likkjeblegja òg. Men no var snøen allereie begynt å blotne opp. Så eg valde heller å gå ned dalen nordvestover igjen til vatnet.

Lutfta dirra av varmen frå sola og snøen. Det var berre å kvitte seg med dei klede eg kunne. Nede ved nordkanten av vatnet tok eg meg ein skikkeleg lang pause. Var jo ingen grunn til å stresse ned igjen. Så her vart det skiver og saft. Eg låg strekk ut i shortsen på berget. Sola svei ein naken, vinterbleik skrott. Farleg! Det var bokstaveleg tala lett for å brenne seg.... Så etter ein god rast, utan å bli solbrent, sette eg kursen vidare nord og nedover til hytta igjen, same vegen eg kom opp i stad.

Nede ved hytta tok eg ein ny pause i solveggen. Pakka ned skorna, trøya og sokkane som låg att etter i stad, og gjekk mot fjords att.

Er bakkane i Rørvika opp til hytta tunge, er dei heller ikkje lette ned att. Det svir godt i lårmusklane og halde att tyngda i brattene. Tek på knærna òg. Det er heller ikkje godt å springe. Det kjenner eg i albogen endå som eg slo ut av ledd for 3 år sidan ned her. Sjølvsagt er ein òg prega av turen opp.... Det er difor alltid godt å kome seg ned til vegen og få av fjellskorna. Herleg å strekke sveitte og ømme tær...

Eg har hatt mange turar på Blegja opp gjennom åra. Både frå Solheimsdalen, Bygstad, Hjelmeland, Berge, Laukeland, Fossedalen og Rørvika. (Har eg gløymt noko...?) På ski og til fots. Eg hugsar sjølvsagt ikkje alle desse turane. Difor er det godt å ha bilete å sjå tilbake på. Men turen i dag går rett inn i minneboka som ein av dei flottaste. Spesielt fordi det var så lett å ta seg opp skaren. Eg er glad for eg starta så tidleg. Elles hadde det blitt ein manndomsprøve.... I dag var det nesten for lett... (Men tanken i bilen heim om å gå på Skålefjellet òg - DEN var for dryg...:-) Sjølv om ein er aldri så forelska i fjella...)

Blegja 240508

Blegja 240508_video

Blegja 240508_video

Blegja 240508_video

fredag 23. mai 2008

Svipptur



MMS frå Kvamsnipa i ettermiddag

Hadde ein rask tur opp på Kvamsnipa før eg køyrde heilt heim igjen i stad etter jobb. Greitt å ha med nødvendig utstyr i bilen når gutsen er der. Det kom faktisk nokre ettermiddagsdråpar på veg ned igjen.

I morgon er planen å gå på Blegja igjen. Vermeldingane er suverene. Det ser ut som snøen har minka mykje. Men den ligg framleis opp ura og til topps. Ved å gå tidleg håpar eg det ikkje er altfor blautt opp sørhellinga. Då blir det tungt å nå toppen.

torsdag 22. mai 2008

Sommarkjensla


Motiv mot Mannsskaret ved første elva på veg til Skålefjellet

Etter at vi måtte ha ein gjennomgang av ein del nytt på jobb etter arbeidstid i går, vart det ikkje nokon tur. Eg var ikkje heime igjen før 20.30. Då var det i seinaste laget å gå. Dessutan var ikkje hovudet heilt med lenger etter dagen...

Men i ettermiddag tok eg turen opp på Skålefjellet igjen frå fotballbana og opp Gjerdedalen. Veldig godt å kjenne at eg kan gje på opp gjennom bakkane utan å bli segneferdig. Her er ganske krevjande terreng!

Det var ein nydeleg kveld. Med nordadrag i lufta. Og faktisk gjekk eg i bar overkropp både opp og ned. Det var fantastisk på toppen som du kan sjå på videoen. Eg vart difor ei god stund oppe i dag. Fekk ned pulsen med frisk fjelluft og naut freden på "Dronninga av Stongfjorden".

Eg brukte mykje lenger tid ned enn opp i dag. Det blir ofte slik no at eg likar å gje på oppover, og heller fotografere og sjå meg bedre rundt ned igjen. Når det er veir og høve til det.

Ein ting eg la merke til i kveldssola som varma bakkane, var all markmusa. Ikkje mindre enn 4 stk såg eg. Litt uvanleg. Kanskje det var varmen som lokka dei fram? Eller kanskje det blir museår? Det er i tilfelle bra for rovfuglen.

Det var ein supertur på ein superkveld. Er det no vi har finveret i sommar? Nokre seier vi held på å bruke opp det opp. Men i svarten. Vi kan jo ikkje gjere noko med det. Vi må berre nyte dagen så fin som den er no. Så får heller mykje anna vente til synnakulingen og regnet piskar rutene....


Skålefjellet 220508

Skålefjellet 220508_video

tirsdag 20. mai 2008

Livets glade dagar



MMS frå Kvamsnipa og Fristadfjellet i kveld

Eg tok med meg litt trimklede i bilen i dag tidleg og stakk oppom fjelltrimposten på Kvamsnipa på veg heim frå jobb. Det er jo litt på kanten å skulle køyre forbi krysset opp til Skjerlia på veg heim, for så å køyre inn att same vegen etterpå når eg skal opp dit. Blir vel eit par mil ekstra køyring hvis eg skulle gjere det på den måten. Så for andre turar midt i veka opp her, er det ein grei måte å gå på posten før eg dreg heim.

Jammen var det heilt på grensa at eg ikkje trakka opp i eit lirype-reir på veg oppover. Fuglen flaug opp nesten mellom føtene på meg. 10 flotte egg i reiret som du kan sjå bilde av. Kjekt at her er liv!

Det gjekk veldig lett oppover. Som ein leik. Litt nordavind på toppen. Og ganske kaldt når sola var vekke. Grei tur.

Eg følte egentleg at dette var litt for lite. Kvelden var enno ung. Eg stakk difor såvidt heimom før eg køyrde vidare ned til Askvoll og tok med meg Fristadfjellet òg. Eg hadde eit par meldingar med Svein F. i dag. Det var rydda sti opp på sørvest-kanten. Eg prøvde meg difor opp framkanten av fjellet. Det vart no so som so. Eg toucha innom ein sti og eit par vardar oppe mot toppen. Men stort sett vart det ein kamp med einer og lyng i bratte bakkane. Opp kom eg meg. Ganske fort òg. Men behageleg var det vel ikkje. Og ned igjen vart det omlag det same. Gjekk greitt til å begynne med, men trur eg kom for langt nord etterkvart og hamna ut på nokre bratte sva. Vel, eg kom no meg ned igjen på stien i dalen om senn. Men neste gong må eg nok følgje heilt på sørvest-egga...

Tok ein lett joggetur nedatt resten av dalen til bilen. Ein nydeleg vårkveld som anga herleg av hegg. Sola bivra sine siste kveldsstrålar gjennom det grøne lauvet ved den stille elva. Idyll!
Fantastiske kveldar. Det er som livet brusar i årane... Fullkome!

Kvamsnipa og Fristadfjellet 200508_MMS

mandag 19. mai 2008

Just another manic Monday


Ein andpusten Peter etter at han var først på Driveknolten i går. Han SKULLE vere først og har teke tak i varden som ein pokal! Fossedalshengenipa med Langevatnet og Nipebu i midten bak.

Olaug gjekk på Driveknolten igjen i dag ho. Ilag med ein flokk Askvoll-jenter. Utan å kome heim etter arbeid. Sporty. Men det medførte sjølvsagt at eg måtte kle rolla som husfar etter arbeid og pendling. Henting av Peter på SFO, middag, klestyr og anna førefallande arbeid i heimen. Eg kan det òg hvis nokon etter kvart var begynt å lure.

Eg veit ikkje kva som gjer det. Men eg har liksom ei kjensle av at nabojentene og andre luktar at no er det eg som er husfar og sjef. Dei har iallefall eit lag til å samlast her då. Om det er fordi eg er meir rundhanda med godsaker som sjokolade, brus og pop-corn framfor Cartoon Network enn husmora er, veit eg heller ikkje. Men noko må det vere. Eg prøver likevel å rydde opp så godt eg kan etter slaga. Når eg tenkjer etter kommanderar eg vel kanskje ikkje nok. Eller godt nok. Eg burde jo kunne det. Har jo ei bra røyst. Og også ei fortid som befal... Sint blir eg vel berre to gonger i året..

Ein annan ting er at det alltid skaper litt oppstandelse kvar gong fruen kjem heim frå fjellet og krev rapport over tingenes tilstand. Eg er for snill. Eg skjemmer dei vekk. Eg set ikkje grenser. Dei blir heilt umulige å ha med å gjere... og you name it... Vi 50 åringar er vel kanskje ikkje så lettlærde lenger, så eg er ikkje sikker på at formaningane hjelper så mykje. Eg brukar å seie at eg vaks opp med sveivetelefon under den industrielle revolusjonen. Det var andre tider då! Det var med oss som med sauene... Ein sleppte dei ut om våren og sanka dei inn att om hausten. Så tok ein ei vareoppteljing over kor mange som var att. Vi måtte klare oss sjølve. Neimen om alt var tilrettelagt fra A til Å som i dag...

Eit uttrykk som stadig går igjen i heimen er: "du høyrer ikkje etter" og "det sa eg hin dagen"... No høyrer eg litt dårleg òg etter kvart, så det er nok det meste av forklaringa på at det er ting som går meg hus forbi... Klok av skade brukar Olaug no å skrive opp A4 sider som skal gjerast og hugsast på når ho er vekke. Dette klistrar ho opp på kjøleskapet med magnetar slik at eg skal bli minnte på det ofte nok. Når ho så kjem heim igjen etter kurs, hotell- og Praha-opphald, er det alltid likevel noko som ikkje er gjort eller stroke ut av listene. Eg ser jo litt dårleg òg med åra. Ja, ja mange gonger er det greitt å høyre litt dårleg. Det er dei gamle rockeplatene mine som går på repeat inne i øyra... Av og til er dei gode å konsentrere seg om.

No skal eg ikkje dra dette noko lenger. I denne omgang. Eg er jo redd ankeret i heimen skal slite seg i stormkasta som kan komme.

Men alt i alt var det godt å ta seg igjen ein dag heime etter all fjellranglinga i helga. Mandagen er grei i så måte. Då er vi klar for nye rundar både på fjellet og i heimen seinare i veka...

søndag 18. mai 2008

Driveknolten i kald nordavind



Dag Tore, Anita, Olaug, meg, Julie, Kristine og Peter er lukkeleg tilbake i Rivedal etter ein flott dag på fjellet...

Vi hadde ein flott familietur på Driveknolten i dag. Ymse omstende gjorde til at det vart ganske seint før vi kom oss avgarde. Men vel halv to var vi på plass på parkeringsplassen ved kraftverket i Rivedal.

Vi gjekk opp nyevegen mot demningen og kryssa steinane over det som ein gong var elva til Rivedal. Vi valde å gjere ruta litt annleis enn før, og gjekk inn Vagstaddalen. Midtveis inne i dalen traff vi på ein heil gjeng som rydda kjerr og einer for ei ny hytte. Vi slo av ein liten prat.

Vi heldt deretter fram inn dalen. Følgde stien mot Nipebu langs den idylliske elva og lonane og nesten fram til brua i vestre enden av Atlevatnet. Det er svært vakkert her. Elva fossar ned etter berga med nydelege kulpar under.

Vi skar så opp fjellet aust-søraustover og fann brukbare snaufjell-trassèar mot toppen. Litt kvild i bakkane og drikkepausar måtte til undervegs. Men vi toppa ut alle i isande kald nordavind. Vi kom oss i livd under hammaren mot sør av varden. Her tok vi oss ein velfortent pause med mat og klesbyte. Godt var det at vi hadde rikeleg med klede med oss. Det måtte fram det vi hadde. Både huer og vottar var kjærkomne plagg i sekkane!

Det vart sjølvsagt ikkje lenge vi sat der. Vi gjekk difor etter kvarteret vestover fjellet mot Rivedal igjen. Her er det lett og ta seg fram. Varda litt undervegs òg. Framme på sørsida av Hundeheia, med nydeleg utsikt mot Rivedal og ut fjorden, går stien litt luftig fram og ned med berget. For enkelte. Vi tok oss difor ein liten rast før vi skar ned denne steinete delen. Det gjekk sjølvsagt heilt greitt med alle. Vi fann oss deretter ein god sti nedatt mot demningen og til bilane igjen.

Alt i alt tok turen vel 5 timar. Godt gjort med små ungar. Dei er fantastisk flinke til å gå! Imponerande....

Driveknolten_familietur 180508

lørdag 17. mai 2008

Skål for Skålefjellet


Dag Tore, Anita og Gisle på kviletreet i Gjerdedalen (MMS)

Vi reiste opp og helste på "Dronninga av Stongfjorden" igjen i kveld. Flagget stod like friskt i vinden i kveld som i går kveld, trygt planta i varden. Så godt som det blas i kasta nede i bygda i dag, var eg sikker på at det var det siste eg såg til flagget på toppen i kveld. Men jammen stod det der og helste Stongfjorden.

Ein liten skål for Skålefjellet vart utbrakt og litt spekemat fortært. Men nordavinden beit frist i frå seg, så det vart ikkje lange visitten. Fin tur heim igjen i solskinet frå vest.

Noko særleg meir fysisk aktivitet blir det vel ikkje rom for i dag..:)

Skålefjellet 170508

Skålefjellet 170508_video

Tradisjonell 17.mai feiring



Vi hadde ei skikkeleg flott 17.mai feiring i Stongfjorden i dag. Vèrgudane var på vår side i år. Sjølv om nordavinden beit friskt i frå seg i vinddraga, spesielt når sola var vekke, kunne vi vel knapt håpa på betre vèr. Spesielt når ein såg korleis det elles var rundt omkring i landet.

Tradisjonen tru opna vi dagen med springing bak skulen. Dette set ungane sjølvsagt pris på. Sidan vart det ymse tippekonkurransar, natursti, hesteskokasting, pilkast og, i går kveld, luftgeværskyting.

Så var det tid for rømmegraut, spekemat og betasuppe. Med kaffi og kaker som dessert. Takk til kjøkkenpersonalet for god mat.

Programmet for dagen vart leia av Magnar V. og Even, sonen, heldt ein frisk, ungdommeleg og humørfylt tale for dagen, basert på eit historisk tilbakeblikk for nasjonen generelt og Stongfjorden spesielt. Veldig bra!

Premieutdeling er ein post som alle ungane ser fram til. Det er mykje premiar som skal delast ut ein slik dag. I år tyktest premiane finare enn nokon gong. Folk som ikkje hadde vore i Stongfjorden 17.mai før, var overraska over kor bra dei var.

Kormusikk fekk vi av mannskoret, som for dagen var blanda med ein pen bukett damer under første delen. Tradisjonelle 17.mai songar song vi sjølvsagt i lag, så nasjonal-kjensla brusa i årane.

Takk til alle for ei flott og vel gjennomført 17.mai feiring!

17 mai 2008

Gratulerer med dagen


Nydeleg 17.mai morgon frå Kvamsnipa. Lett nordadrag i lufta og ganske kaldt. Faktisk var det god skare på snøen, og vasspyttane var islagde mot toppen. Men kjempeflott vèr. Dette må jo bli ein flott 17.mai. Perfekt bunadsvèr for dei som likar det...
Kvamsnipa 170508_bilder

Kvamsnipa 170508

fredag 16. mai 2008

Flagget på plass



Så har eg fått utrusta "Dronninga av Stongfjorden" med årets 17.mai flagg. Tykte det var for gale at ho skulle stå der oppe med åsyn over heile bygda og feiringa utan å ha flagget på plass. Ei dronning skal jo ha flagg 17.mai!

Kjapp og grei tur opp gjennom Gjerdedalen frå fotballbana. Eg trur det må vere første gongen eg har gått på Skålefjellet i joggesko. Ganske mykje lettare å ta bakkane då enn med tunge fjellsko på føtene. Vart jo litt våt etterkvart, spesielt då eg sigla på snøen ned igjen nokre snøparti. Gjer jo ikkje noko det når vegen til dusjen er få minuttar unna. Berre moro egentleg:-) Herleg tur!

Dronninga 160508

Dronninga 160508_video