Facebook

søndag 6. april 2008

Min venn Toreheia


Varden og toppen på Toreheia 717 moh, er bak om midterste toppen. (Sjå kart forrige blogg!) Eg brukar å gå opp det snøfylte skaret rett t.h. for denne, når eg som oftast kjem opp over Yndestadfjellet, som her. Sørvendt som dette er, tinar som regel skaren litt. Men det kan vere godt å ha broddar i sekken.. Går eg frå Krækavatnet og opp, er kortaste vegen opp skjeringa t.v. i bildet, og opp nordaust om venstre toppen. Du kan òg gå opp skaret midt i bildet, og ta skaret t.h. cirka halvveges. Ruta til Skylefjellet føl rett bak kammen mot venstre. Dersom Toreheia blir fjelltrimpost neste år, vil eg plassare refleksstengene opp skjeringa. Reknar det som greiaste vegen vinterstid og i mørket.. Men det er sjølvsagt både vilt og vèrhardt opp her, og det kan by på utfordringar....! No har eg fått testa litt i vinter på Skylefjellet. Men Toreheia er godt 200 m høgare og ein god del lenger... Kriblar litt i magen av å kunne tøye slike grenser...

Vi gjekk heldigvis ganske tidleg og la oss etter 20 års feiringa av banken på Alexandra i helga. Herleg frukost kl 08 og avreise 09. Vi var difor heime igjen ca 11.30. Eg gjekk til fjells med det same i det flotte vèret.

Eg bestemte meg for å gå opp Selda og innover Yndestadfjellet til Toreheia, og nedatt på Skylefjellet for namnsetting. Dette er ein flott rundtur. Det var nydeleg og stilt vèr oppover på sørsida. På fjellet var det litt meir austatrekk, men ikkje verre enn at det var nok å ta på seg ei hue for å halde varmen. (Det er gjennom hovudet mesteparten av varmetapet er). Eg gjekk berre i Brynje Skipulleyen. Ei suveren trøye, kombinert med netting innst og fleece utatt på. Landskapet var kontrastrikt med drivande kvit nysnø oppe, grøne bøar nede ved den blå fjorden, innramma av ein knall blå himmel. Som eit eventyr.

På toppen av Toreheia tok eg nokre bilder og ein videosnutt. (Eg går alltid frå nullpunktet ved fjorden heime, så litt stigning blir det jo...) Turen gjekk deretter vestover ranane og nedatt på Skylefjellet. Fantastisk å gå i den kvite nysnøen mot det mørkeblå havet og øyane der ute i vest. Det er så ein blir reint varm om hjarterota...:-)

Eg skreiv meg inn i boka som vanleg på fjelltrimposten. Det viste seg at det hadde vore mange opp i godvèret i dag. Eg tok deretter beint ned mot Mangevatna. Eg såg ovanifrå at vatna var delvis frie for is, og låg der knallbå og stille i ettermiddagssola. Diverre gjekk mobilen min tom for batteri, så eg "manglar" nokre bilder. Olaug, Peter og Marie kom nemleg nede i bakkane på veg oppover. Synd eg ikkje fekk eit turbilete av familien. Eg avtalte å venta ved dei idylliske vatna. Medan eg venta, sette eg opp ein ganske stor varde på toppen av fjellet i søraustre delen av vatna. Peter var visst ganske så imponert då han kom springande ned til meg etter å ha vore på toppen.

Vi gjekk heim igjen ilag under intens masing og spørsmål av ein overivrig Peter. Guten flomma visst reint over av energi. Trur det var mest for at han var glad foreldra var komne heim igjen etter to dagars fantastisk fin tilstelling for banken... Så no må eg berre få ut overskotet...:-) For i dag bobla endorfinane i blodet!

video_Toreheia_060408

Toreheia-Skylefjellet_060408
Legg inn en kommentar