lørdag 12. april 2008

Skiftande april-dagar




Eg hadde meg ein kjapp tur på trimposten i dag tidleg. Opplett vèr og ein blygrå himmel! Sveitten losna fort. Intens synging (revirhevding) av raudvengjetrast følgde meg oppover lia. Ved Magnevatna møtte det meg ein kald austavind. Eg var glad eg hadde med meg vindtett jakke, hue og hanskar. Småvatna hadde frose på i løpet av natta, og der snøen låg, var denne knallhard. Snøen har minka lite på fjella i sør i det siste... Kaldt og surt i fjellet med andre ord. Men for morgontrimmen sin del, var turen svære greier...:-)

Del 2


Peter, Markus og eg var heime og kosa oss med nylaga kanelbollar med eggekrem og pepsi, medan Olaug var i Askvoll og fjonga seg på håret. Nydeleg! (Kva gjer ikkje fruen medan far er på fjellet). Eg putla på med diverse anna og såg litt etter katane. Men etter at Olaug og Marie kom igjen, tok eg like godt turen ned til Askoll sjølv, og tok med meg Fristadfjellet i god vèret! Det er fjelltrimpost der nede òg. Utsikta der i frå er veldig bra i alle retningar. Flott syn ned til bygda mot havet!

Sjølve Askdalen er litt langdryg, ganske svak stigning innover, før ein kan ta til med klivinga opp til toppen. Det er ein halvtimes ganske god stigning opp til sjølve toppen og sendaren. Eg rekna med det var ganske tørt der nede. Og det stemde. Eg tok difor sjansen på å gå i berre joggeskoa. Det gjekk difor veldig lett oppover. Og frå toppen og til bilen igjen, la eg like godt inn jogge-giret. Askdalen gjekk ganske kjapt ned igjen.

Ekstra kjekt var det at første kolonien med heipiplerke var komen. Dette er vanlegaste fuglen i fjellet. Den flyg ofte opp vinglande framfor deg med eit par pip, grågrøn i lèten med lyse band på vengjene. Lett å kjenne. Det er ganske tidleg endå, men den er hardfør, og er ofte siste trekkfuglen som fær frå fjellet seinhaustes. Eit sikkert vårteikn òg, var at første svartsnegelen var på plass oppe i dalen. Meiner det er den første eg har sett i år. Fin ettermiddagsturtur!

Fristadfjellet 120408_video

Fristadfjellet 120408

Ingen kommentarer: