onsdag 9. april 2008

Pendlarknips



Mobilknips frå Løvika inn Førdefjorden og frå Solheimsdalen mot Heilevangstaurane (Blegja) i dag kl 07.12 og 07.21.

Fantastisk vårmorgon. Både raudvengjetrast og måltrast var komne i løpet av kvelden og natta. Dei sang friskt og optimistisk frå tretoppane rundt huset heime i 07 tida, ilag med kjøttmeisa. Eg reknar med at eit par par av kjøttmeisene flytter inn i fuglekassane mine i nærområdet. (Blåmeisa er òg fast inventar.) Men eg får halde igjen ein kasse i håp om at svart kvit flugesnapparen flytter inn òg. Dei kjem litt seinare (byrjinga av mai). Problemet er at desse to artane går veldig dårleg i hop. Ofte hiv flugesnapparen ut kjøttmeisa, sjølv om ho har egg, hvis han finn huset godt nok. Eit saligt spetakkel!

Det er ei svært givande tid hvis du berre er LITT interessert i fugl. Er du som meg, er det tid for nesten å gå av hengslene...:-) Ein skulle jo hatt redusert arbeidstid på denne tid av året!

Ingen kommentarer: