tirsdag 15. april 2008

Pendlarknips 3


Ved Langebrua 07.40


Ved Solheimsdalen 07.20


Ved Flokeneset 07.00

På ein slik strålande morgon flagra dei flotte naturmotiva forbi vindauget som ein einaste 40 minuttar lang naturfilm. Eg måtte stogge og knipse litt med mobilen. Med sola i augene og eineståande natur i siderutene, vart det nesten eit lotteri å kome fram til Førde med bilen like heil. Godt ikkje Olaug var med, då hadde eg fått høyrt det...:-)

Eg var godt dau i kroppen i går etter turane i helga. Det gjorde difor godt med ein dags pause frå alle fysiske utskeiingar. Skal ha ein test på pusteeeigenskapane gjennom nasa på sjukehuset i dag. Får ikkje håpe det set nokon stoppar på ein fjelltur i kveld. Når ein ikkje har fri slike dagar, må iallefall kveldane nyttast!



Lunsj i steikande vårsol med Clutch på spelaren kl 11.45

Ingen kommentarer: