søndag 13. april 2008

Leik og spel song og moro


Det var ikkje over. Epilogen min var for kjapp! Blåmeisa er her igjen. På plass framfor spegelen - no på min kvite Toyota.

De slo meg brått etter å ha kome inn på kjøkkenet nettopp og ser ut glaset at blåmeisa er leiken og yr - som før. At det verken er rivalar eller kjærleik som står han i hovudet. (At det er ein han ser du her.) Det er ikkje det hormonane spelar opp til. Det er rett og slett song og moro han er ute etter. Ein livslysten kar med vengjer! Han ser så tindrande lyst og optimistisk på dagen. I fyr og flamme over alt som våren bringer! Ja, han er berre hoppande glad for å vere her på Yndestad. Skal vedde på at han allereie har funne seg ein kasse her omkring, og berre besøker spegelen for litt moro! Heimen skal nok matfar finne...:-) Blåmeisa har nemleg ein veldig avslørande, langtrukken trille-låt for å vise at her høyrer han og familien til ...!

Ingen kommentarer: