søndag 13. april 2008

Med kontorrekvisita på fjelltur




Vårsnø i luften og kald søraust vind i fjellet i dag

Eg var egentleg meint på Skålefjellet i dag. Sidan snøen bar så godt i går. Men diverre, det strålande vèret frå i går kveld var avløyst av gråvèr, tiltakande skodde og snøbyger oppe i Skålefjellet. Det hadde eg ikkje så veldig lyst på i dag. Så det vart det vanlege. For å få litt frisk luft og litt mosjon.

Og som i går, synginga frå fuglane var intens opp lia. Det er grunn meir enn god nok for folk til å gå mann av huse. I dag var raudvengjetrasta, bokfinken, raudstrupa og gjerdesmetten svært aktive.

No syng det til alle døgnets tider. For vi har ei kattugle som er veldig hormonell om kveldane og nettene rundt huset. Frå gamalt av var det sagt at kattugla varsla vèromslag og dødsfall hvis den song rundt huset nattestid. Eg vel å tru på det første.:-) I tillegg har vi som vanleg ringdue i granene nedom huset (mot soveromsglaset!). Eg brukar som regel å vakne til konserten til ringdua i 04.30 tida (med ope glas!). Det er den som opnar dagkonsertane, og kattugla som avsluttar nattkonserten...:-) Veldig kjekt. Men eg kan jo sjølvsagt ikkje få med meg alt dei oppfører...:-) Det er jo berre variasjonar over eit kjent tema...:-)

Sidan innskrivings-boka på toppen av Skylefjellet har opplevd fleire harde tak i vinter, tok eg med meg tape og stiftemaskin for å hanke den i hop igjen. Eg har tapa boka før i vinter òg. Men i går eg var oppe, måtte eg nemleg springe som tykjen sjølv etter omslaget, og fleire sider som hang fast i det, då det fauk nedetter hamrane i vinden. Var ikkje pulsen høg frå før, vart den oppjaga då, kan du skjøne. Det skulle teke seg ut å mist fleire sider med namn i vinden. Gone with the wind! Då hadde eg vel vorte kjeppjaga frå heile fjellet. Men eg fann att heile stasen, og boka er no tapa og stifta etter alle kunstens reglar...:-)

Som i går var det surt ved Mangevatna. Kald søraust vind. Men eg hadde med meg akkurat såpass med ekstrautstyr at det heldt værste kulden ute. Så det vart i grunn berre fort opp og til palings ned igjen etter kontorarbeidet...:-) Eg gav meg likevel litt tida i den lange lyngbakken nede mot Svartevatnet og la opp nokre nye trinn av heller, og rydda noko lyng, slik at stien vart endå betre å gå opp. Gløymer ikkje korleis det såg ut opp denne bakken når eg begynte å gå den i haust. Eit virrvarr av lyng som rakk til knea! Tungt! No er det fin sti rett opp til varden på toppen.

Etter å jobba litt her, sprang eg like godt heilt heim igjen så sveitten sila. Rett i dusjen...:-) Herleg...:-)

Og blåmeisa? Ho held det stadig gåande... Må stad å dekke til speglane igjen no...:-)

posten 130408_video


Del 2


Sveitt og blid på Fristadfjellet i kveld med snø i luften.

Etter at Miriam, Håvard og Tora (babyen) hadde vore her til middag i dag, og oldeforeldra til ungen, Einar og Elsa, stakk innom til kaffi, tok eg turen til Askvoll og Fristadfjellet. Å sitte rundt eit bord i timesvis og drøse, er ikkje mi sterke side!

Det var lett regn i lufta som faktisk gjekk over til snøfiller på toppen. Turen opp og ned gjekk greitt i joggesko i dag òg. Frå toppen og til bilen igjen, tok eg like greitt og jogga. Herleg med lette gore-tex joggesko på føtene igjen. Askdalen går umåteleg mykje fortare ved å springe...:-)

Eg slo av ein liten prat med Gunnar T. som var på treningstur med sekk. Han er visst tenkt seg på langtur. Elles var det ikkje så mykje folk som hadde vore opp på Fristadfjellet i dag. Litt rart. Vèret har jo vore brukbart.

Vel, då er helga over. Iallefall når det gjeld fjellturar. Kunne ikkje fått så mykje meir ut av det. Litt irriterande at eg kutta ut Skålefjellet. Vèret vart jo bra litt lenger ut på dagen i dag. Men då hadde det ikkje vorte ein dobbel. Vel shit, Skålefjellet ligg jo der neste helg òg...:-) Vi får håpe på litt høgare temperatur og snøsmelting i veka.

Ingen kommentarer: