lørdag 19. april 2008

Grøne bøar og kvite fjell


Bilde teke aust ved Keipane i dag med Skålefjellet bak

Eg kjøpte meg eit nytt lite kompaktkamera til å putte i lomma på fjellturar o.a. Det veg nesten ingen ting, hendig og greitt. Eg tok rett og slett og gjekk inn til Fotograf Helle i Førde og kjøpte meg eit Samsung NV20. Etter å ha studert ein del testar, fann eg ut at det nesten var hipp som happ kva eg kjøpte. Slike kamera er gode uansett i dag. Det blir litt smak og behag, og kva som fell best i handa.

No er dette kompaktkameraet heilt annleis enn det eg hadde, så det er ein heil del detaljar å sette seg inn i som eg ikkje har fått tida til endå. Dagens bilder er difor "plain and easy" teke på rein auto - trykk og knips. Vi får sjå på krydderet etter kvart.

Eg tok opp på Skålefjellet i dag frå Osland. Super tur over Keipane i berre ei lett Devold. Oppover gjekk det veldig greitt på delvis snøfritt berg og gras, og ganske hard snø mot nordsida. Men på sørsida, der sola hadde fått tak nokre timar, var det ganske blautt. Eg fekk såleis ein stri tørn på traversen på sørsida av skaret og opp. Eg pusta som ein kval og måtte pause han opptil fleire gonger, då eg seig gjennom til knea heile vegen opp mot topp-platået!

I utgangspunktet var eg tenkt å gå over Svarthamrane og Fanafjellet og ut på Størdalsstauren. Ein av dei flotte rundene eg har av og til. Men på toppen gav eg meg på det. Om det sikkert var greitt å gå i skaren mange stadar, var det truleg fleire parti utover (det er eit stykke då visst du er litt kjend:-)) der eg ville gå gjennom. Det kunne lett bli ein lidelse. Så etter å ha tatt nokre bilder gjekk eg sørsida av Keipane ned igjen til Botnastølsvatnet.

Det var sjølvsagt same tabben som forrige gang. Eg trakka gjennom nesten heile vegen. Det er sabla tungt å måtte dra skoen opp for kvart eit steg i den vårblaute snøen! Men gjennomvåt av sveitte og med brennande kjakar, kom eg meg no ned igjen i solsteiken. Eg kunne jo ha sett meg ned der i solvarme bakken og nytt godsaker eg hadde i sekken, men eg hadde ein plan sidan turen egentleg vart amputert.

Eg køyrde nemleg heim igjen frå Oslandsbotnen og fekk meg ein bolle og litt å drikke. Så skifta eg til ei joggebukse og joggesko og tok opp på Skylefjellet i same snuren. Fruen i huset meinte jo eg var heilt crazy. Det får no stå sin prøve. Eg fekk meg ein flott tur opp, og sprang våryr heile vegen ned igjen. Herleg!

Så tørt og fint som det er i bakken opp no er det ein nytelse å få gje på i lette joggesko. Heilt utruleg kor forholda skiftar når eg samanliknar med turane i vinter. Gjennomblautt så ein aldri trudde det skulle tørke opp igjen. Rennefòk, white-out, vanvittig vind (eine gongen måtte eg tvihalde meg i varden for ikkje å bli blåst bortetter i mørke natta). Minner for livet. Sanne eventyr. Det er fantastisk med årstidene våre.

Eg høyrde ein fjelloppsynsmann i radioen som sa at vi hadde ikkje fire årstider, vi hadde hundre! Naturen skiftar frå dag til dag heile året. Eg tykte det var godt sagt. Desse orda har eg lagt meg på minne. Det var akkurat som eg skulle sagt det sjølv. For det er nemleg akkurat slik naturen er: Han skiftar lèt og ham heile tida! Og lyset skiftar på eit blunk og gjev nye inntrykk. Eg trur ein må lære seg å legge merke til detaljar i naturen før ein set skikkeleg pris på den. Alder og erfaring har mykje å seie i så måte.


Skålefjellet 190408

Skålefjellet og posten 190408 (mobilbilder)

Ingen kommentarer: