Facebook

torsdag 3. april 2008

Vegstikker i sommaropplag


Svartevatnet, eitt av yndlingsmotiva mine som eg aldri blir lei av, på ruta til fjelltrimposten på Skylefjellet (alle bilder og video m/mobil)

Då var refleksstengene tekne ned for sommaren. Dei har gjort si tèn for denne gong. Det var ein god idè med desse stengene. Dei var veldig greie å gå etter med hovudlykta. Vi får satse på ei ny passande rute på fjelltrimmen neste haust, der dei kan komme til nytte igjen. Då skal eg smørje på litt silikon på refleksen for å unngå at is og snø frys fast. Til så lenge blir det kjellartilvère. Det er noko enormt som dei har fått gjennomgått av vinden der oppe i vinter. At eit par av dei har knekt tvert av, ikkje berre ein gong, men to, er berre heilt utruleg. Er jo ikkje rare vindfanget på desse tynne vegstikkene av bambus. Desse som vegvesenet har skifta ut...

Elles satsar eg no på å gå frå Mangevatna og rett opp, og ikkje der stengene har stått. Fint å ta seg opp her no når snøen er vekke. Det er kortare og litt fysisk hardare. Med berre ca 100 m stigning frå vatna og til topps. Det gjer godt for pulsen i forhold til den slakare omvegen over ranane. Ruta går mellom dei idylliske vatna (sjå kart). Eit eldorado av flotte små og store vatn med grunnar, vikar og rundstein, omkrinsa av låge, fargerike lyngnakkar. Og heldigvis uregulerte!!


No blir det to dagar pause frå fjellgåing, då banken skal på Hotel Alexandra (Alex) å feire 20-års jubileum. Skylefjellet ligg vel der til eg kjem heim igjen får vi tru...:-) Det er jo egentleg greitt for min litt såre hals òg...Vi får heller ta nokre gode runder i det flotte bassenget.


posten 030408_video

posten 030408
Legg inn en kommentar