onsdag 30. april 2008

Tut og kjør




Grunna møte for 100 års jubileumet for aluminiumsproduksjonen i Norge som skal haldast i Stongfjorden i sommar, hadde eg slått frå meg nokon fjelltur. Men møtet var såpass stramt helde at eg såg eg rakk oppom posten likevel.

Etter litt regn i ettermiddag var det opplett og delvis sol ute i havet no i kveld. Litt vind var det på toppen, men ganske mildt. Godt å få sveitte ut litt etter to dagar i ro.

Blømande tre



Sidan eg har vore innom tre dei siste dagane, set eg like godt inn eit mobilbilde teke av det japanske kirsebærtreet utanfor banken i dag. Det blomstrar i all si prakt. Eit syn og glede for auga. Det kjem att like vakkert kvart år på denne tid. Diverre er det ikkje så lenge det står på... Nokre dagar med dårleg vèr og den har gjort sitt! Meldingane ser flotte ut framover, så kanskje den framleis blomstrar neste helg? Det er ei sann glede å sjå alt som spirer og gror om dagen...

tirsdag 29. april 2008

St. Pauli og eldgamle furutre


Eg fekk eit veldig flott kort med motiv frå Olden av ein tidlegare kollega av meg, Ragnar S. i høve dagen i går. Då må eg nesten fortelje om St.Pauli blomane mine som du ser.

Eg var på avdeling med Ragnar og Heidi H. då Olaug og eg fekk Peter 12/3-2000. Tre manns avdeling for elektronisk betalingsformidling. I det høve fekk eg tre St.Pauli i ei keramikkskål. For nokre år sidan måtte eg dele dei tre då dei heldt på å vekse ut av skåla. Med ny mold i tre potter. (Omlag då eg slutta på avd. hvis du ser symbolikken!) I alle dei åtte år vi har hatt desse plantene, har dei med jamne mellomrom blomstra. Eg er ingen ekspert på potteplanter. Så kor sjeldan dette er, veit eg ikkje. Men eg tykkjer det er både kjekt og artig! Til mi store undring ser eg at folk hiv slike blomar etter at dei er avblomstra. Det er for mykje arbeid å få dei att, og folk har ikkje tid til å ta seg av dei. Dei kostar ikkje så mykje i vårt overflodssamfunn! Det er meiningslaust...

Symbolikken med dei tre blomane som trivst likar eg. Eg tenkjer tilbake både på Heidi, Ragnar og meg. Men og på Olaug, Peter og meg. Og 3 talet har alltid vore lukketalet mitt. Vel, ikkje noko spesielt i dette kanskje, men eg synest det har sin sjarm.

I høve eg selde huset i Dale og flytta til Stongfjorden for ein del år sidan, tok eg sjølvsagt med meg nokre av plantane. Den eine har eg fått av mor mi. Fleire av desse plantane står òg veldig fint i dag. Og julekaktusane blomstrar alltid (dvs. den eine har funne ut å blomstre på litt andre tider, og står på denne tid i blomst)... den føl sin eigen veg...! Desse fine minna har lært meg kor mykje meir betydning det kan ligge i blomar som veks og kjem igjen år etter år, i forhold til dei som er avkappa. Dei er flotte så altfor kort.

I denne samanhang tykte eg det var deprimerande å lese i avisa om dei 400 hundre år gamle furutrea på Kjelstad i Gaular som vart saga ned. 400 år gamle! Rett nok for å finne alen til tak på stavkyrkjer...men,... Trea var visst modne for saging i 1814 stod det i avisa! Furuene var dei einaste i sitt slag i Sogn og Fjordane, saman med nokre få i Hornindal.

Det har jo vore skrive side opp og side ned om vern av kystfuru på Krakksfjellet. Rettsaker og greier... Furuer som no er verna, trur eg... Spørsmålet eg stiller meg då: Har ein rett til å sage ned 400 år gamle furutre? Kanskje med eldgamle, eigne økosystem? Har Miljøvernavdelinga vore inne i bildet? Var dei undersøkte? Er det lov? Etisk sett....

For meg er iallefall svara heilt klare, eg blir forbanna og lei meg når eg tenkjer på desse trea....

selje 290408

Denne flotte, gamle selja står ved fotballbana i Askvoll. MMS er tekne under fotballtreninga til Peter i kveld.


HERLEG BESØK

Eg vart iallefall glad då Kristine og Rudi stakk innom med barnebarna mine i dag. Nydelege småjenter som får alle hjerter til å smelte! I bunn og grunn er det jo dette livet dreiar seg om.


Morgonstund i Stongfjorden


kl 07.15 opnar himmelen seg ved havet. Der synet mot vest får kvile. Der tankar lever frie tankar. Der ein time er ein dag og ein dag ei årstid. Takk du nye dag...

mandag 28. april 2008

Mandag er fridag


5. mai i fjor. Utsikt frå Smørkletten mot Fristadfjellet i midten. Lihesten bak. Askvoll t.h.

Ser ut som mandagar etterkvart har vorte the day off for fjelltrim. Greitt nok, etter utagerande vandringar i helgane i det siste. Lytte til kroppen som treng kvile. No var det ikkje så voldsomme greiene i helga, men har visst vore opp på posten 6 dagar på rad når eg ser etter. Forrige mandag var eg på Staveneset og tok litt bilder...;-) "Følg din egen vei og la folk snakke", seier Dante. Det mottoet har eg teke til mitt eige...

Som sagt er Olaug i Praha med Klubben. Lever livet. Det kan jo vere greitt å komme seg vekk frå ei kjedeleg fjellgeit ei stund...:-) Dei hadde visst fått med seg dei fire årstider med Vivaldi (kunne vel ha passt for meg òg. Men eg meiner jo det er hundre..:-)) Ei stor oppleving visst! Marie køyrde eg til ferja i går kveld og hybeltilvære i Dale. Då er det Peter og eg som held fortet til i morgon kveld.

Eg får som regel ikkje Peter med meg åleine på fjellet. Han må ha med seg heile familien. Ja. helst nokre andre ungar i tillegg for å bli frista. (Han fekk diplom for fjelltrimmen i fjor, så han var registrert på alle toppane!)Det nyttar ikkje å gå på han for voldsomt for å få han med meg (snop hjelper ikkje), då er eg redd han får avsmak på heile fjellivet seinare. Han er no berre 8 endå. Likar best å vere i lag med andre ungar. Det er jo sunt. Vi får ta det litt peu om peu.. Kan jo ikkje skremme vitet tå katen heller...:-)

Eg fekk forresten ei herleg kaloribombe av ei sjokolandekake av Marie og Miriam i går. Kjekt. Trygt plassert i kjøleskapet. Eg har sikkert eit lager som rekk heile veka...minst! Men noko feiring elles blir det ikkje i dag. Heldigvis. Den herlege, lange sommarhelga i Bergen i fjor sit endå friskt i minne...;-)



Kaloribomba frå Marie og Miriam

søndag 27. april 2008

Herlege lukter



Eg gjekk opp igjen i dag òg. På posten. Målet mitt er innan rekkevidde! 17.mai har eg nok fått avslutta "prosjektet" og kan konsentrere meg om dei 4 andre toppane i fjelltrimmen.

Eg traff Dag Tore på Rinda etter at han hadde vore opp. Då eg har skrive meg inn tre gonger etter ein annan siste dagane, var det greitt å få namnet mitt avløyst i boka. Eg er jo galen nok til å gå i alt slags vèr! Men å stå så åleine fleire gonger etter einannan likar eg ikkje. Det kan jo hende det er dei som lurer på om eg tuskar med namnsettinga - og det vil eg ikkje ha på meg! Bloggen og bilder kan jo vere til hjelp i ein slik samanhang...:-) (Bilda har jo dato!!)

No har det seg slik at både Dag Tore og eg har fruene i Praha (fekk nett melding om knallvèr, masse folk, fortausrestaurant og kaker - sikkert meir i tillegg ho ikkje skriv!)... Klubben med stor K er på tur! Så det vart litt tut og kjør på oss begge dette (Peter er hos Andreas på Grimelia og får med seg litt lembing. Dag Tore hadde jentene sine heime). Men eit fjell må jo vi karane få med oss for det!

Etter å ha nådd opp på posten, kom det tåke tjukk som graut drivande. Men sjølv om stengene mine er tekne ned, er det så bra varda, og god sti, at det ikkje er noko problem å finne vegen. Sjølv for den urøynde (Men eg høyrde av nabo Kjell når eg kom ned igjen at Janne hadde snudd oppe i dag....) I tillegg var det yr i lufta og kombinert med vind, var det ganske hustrig.

Nedom Rinda letta skodda. Det var herleg lukt av våt, nyutsprunga bjørk. I tillegg er bakkane pryda av masse primler og kvitveis. Veldig fint. Åhh, all denne lukta er SÅ intenst god. Det gjer seg med litt væte no om våren...både for lukta og bløminga sin del.

posten 270408

lørdag 26. april 2008

Alle klutar til


I verste synnakulingen med silande regnvèr på veg til posten i dag, begynte eg å nynne på Ole Ellefsæter sin song om å sette alle klutar til (var nok eit resultat av ståket om den olympiske elden som m.a er på veg opp på Mount Everest). Det passa forsåvidt, og utan samanlikning elles, på min eigen situasjon. Eg måtte sette alle klutar til, litt mentalt sett, i det plaskande regnet og vindkasta for å nå posten. Å snu er aldri eit tema opp hit. Det har ikkje skjedd endå, sjølv om eg var inne på tanken ein gong i vinter då nysnøen gjekk meg til over knea og eg formeleg spytta blod! Sånn sett var det jo peanuts i dag...

Det var artig og flott å sjå korleis fargane i terrenget har endra seg siste dagane. Lyngen som var tørka veldig ut, og som no var våt igjen, var meir raudlèten enn før. Samtidig var mosetypane blitt både raudare og kvitare etter regnet. No regna det slik i dag at eg var forsiktig med å ta fram mobilen å fotografere. Får sjå og ta med kameraet når det blir opplett igjen.

Elles var det blitt plaskvått mange stader. Og her sprang ein seinast fredag i lette joggesko. Men som sagt i går, det er dette som er normalen. Så får vi heller håpe det blir litt unormalt framover:-)

fredag 25. april 2008

Kvardagsliv




Så var det tilbake til normalen. Fjellsko, fjellbukse, vasstett jakke, hanskar og hue i lomma. Regn og vind. Back to basic! Overgangen frå i går til i kveld var betydeleg. Kaldt og ruskut var det blitt. Mangevatna låg der med småbølgjer på. Skodda fauk bortetter vatnet og kaldt regn piska yta. Vestland, vestland. Men slikt er vi vane med. Det er verre med dei som ikkje har vatn. Klage har ein berre ikkje lov til!

torsdag 24. april 2008

Vèrskifte


På ei mjuk seng av vindtørka gras og lyng ved Mangevatna i kveld. Her er det godt å nyte sist rest av sola i denne omgang

Eg småluffa mot kveldssola ut på Blåfjellet i kveld, etter først å ha vore på Skylefjellet. I joggesko. Snøfritt og god temperatur. Stavfjorden låg som eit nystroke laken ned for føtene mine. Bada i sol. Fantastisk. Måtte nyte siste solstrålane frå høgtrykket som forlet oss. Tydeleg at det var veirskifte på gang. Ute i havet seig det på mørkegrå skyer. Ja, ja det er berre å vinke farvel til godvèret i denne omgang. Naturen og bøndene skrik vel etter væte. Nygylla som det er rundt om kring. Det har iallefall vore nokre fantastiske aprildagar. Og no kjem mai du skjønne milde!? Vel, vel, vi får ta det som det kjem... Naturen her oppe er praktfull uansett årstid og vèr!
posten og Blåfjellet 2404

onsdag 23. april 2008

Ein ny vår





Eg hadde meg ein liten tur på sjukehuset igjen og besøkte tvillingane og dotter mi, Kristine, før dei blir utskrivne. Det står heilt fint til med dei alle. Det er berre heilt eineståande å sjå på dei to bitte små jentene, ferdig tillaga, i mikromålestokk. Og så to stykker! Det er godt jobba Kristine og Rudi...!

Etter eg kom heim vart Olaug med ein kveldstur opp på fjelltrimposten. Stilt, fint og varmt i vèret. I kveld var heiloen og steinskvetten komne. Heiloen har den mest karakteristiske, sørgmodige fløytelåten som er i fjellet. Umogeleg å ta feil av. Fuglen er også ganske tillitsfull. Steinskvetten kjenner du mest på at den er grå, og det kvite partiet under bak på stjerten som syner godt når han flyg frå stein til stein. Her sit han ofte og vippar roleg med stjerten. Den umiskjennelege tekk-tekk varslinga, kan du som med heiloen, høyre på lang lei.

Det er veldig kjekt at det no er komne litt trekkfuglar i fjellet. Fuglar gjev naturen liv!




(Alle foto MMS)

tirsdag 22. april 2008

Våryre dagar




MMS Skylefjellet i kveld. Legg merke til nye Black Diamond karbonstavar

Sveitt trimtur på fjelltrimposten på Skylefjellet i kveld. Tørt i terrenget. Varmt i lufta. Kjapt og lett med joggesko og lite klede. Våryr og spretten i kroppen. Ja, er ikkje livet herleg!

mandag 21. april 2008

Ein fredeleg flekk på jord




Mannen, fallos og den gravide

Tankane gjekk til Staveneset i kveld då eg valde å kvile meg litt etter turane i helga. Fjorden låg blank. Då er det fredeleg på Staveneset. Og ja, det vart ein praktfull solnedgong. Havblikk så langt auget rakk. Berre litt susing av vatnet i tanga. Ein time i fred og stille. Til å samle tankane.

I røynda er ein solnedgong litt trist. Ein dag som er brukt. Som aldri kjem att. Forbi. Melankoli.

Staveneset 2104

søndag 20. april 2008

Nøgd frue



God og sveitt på toppen. Olaug i eitt av mange stunt!

Eg gjekk opp igjen på Skålefjellet i dag òg - ilag med Olaug. Ho hadde ikkje vore opp på denne fjelltrimposten før (utlagt i oktober). Så det var med ei viss glede for henne at vi tok avgarde. Over Keipane som eg gjekk i går, og også i dag, hadde ho ikkje gått før. Greitt for damene å bestemme litt...:-)

Det gjekk heilt fint oppover med sola i ryggen. Det vart utruleg varmt. Lufta sto stille i morgonsola. Kleda forsvann fort. Oppe i snøen tok vi spora frå i går. (Sigmund H. sin bil sto i Oslandsbotnen når eg kom ned igjen i går. Det viste seg at han, kona og søstera hadde teke same vegen som meg opp). Etter natta var spora fastar enn snøen utanom.

Oppe i traversen på sørsida tok vi likevel meir beint og bratt opp. Olaug føler seg ganske utrygg i bratt terreng. Og stup får ho panikk av, men opp måtte ho...:-) Eg har tru på at det er trening som manglar...

Det var aldeles nydeleg på toppen i dag. Fantastisk utsikt. Og ikkje eit vindpust. Eg sat ei stund med bar overkropp, gjennomsveitt som eg var. Eg var mest innstilt på å gå ned igjen same vegen, sidan det heilt sikkert var blautt på sørsida ned att mot Botnastølsvatnet. Men Olaug hadde heller ikkje hadde prøvd denne ruta, så då gjekk vi likevel ned igjen her. Blautt var det, men eg tykte faktisk det var verre i går. Spora heldt delvis i somme parti. I dag tok vi likevel meir rett ned mot vatnet og unngjekk mest mogeleg av snøen. Det gjekk heilt fint og var mykje lettare. Frå vatnet til Oslandsbotnen er det jo piano.

Kjempeflott tur i praktfullt vèr. Litt greitt at Olaug var nøgd med dagen òg, etter alt eg fær å rasar åleine:-)


heime og Skålefjellet 200408

lørdag 19. april 2008

Grøne bøar og kvite fjell


Bilde teke aust ved Keipane i dag med Skålefjellet bak

Eg kjøpte meg eit nytt lite kompaktkamera til å putte i lomma på fjellturar o.a. Det veg nesten ingen ting, hendig og greitt. Eg tok rett og slett og gjekk inn til Fotograf Helle i Førde og kjøpte meg eit Samsung NV20. Etter å ha studert ein del testar, fann eg ut at det nesten var hipp som happ kva eg kjøpte. Slike kamera er gode uansett i dag. Det blir litt smak og behag, og kva som fell best i handa.

No er dette kompaktkameraet heilt annleis enn det eg hadde, så det er ein heil del detaljar å sette seg inn i som eg ikkje har fått tida til endå. Dagens bilder er difor "plain and easy" teke på rein auto - trykk og knips. Vi får sjå på krydderet etter kvart.

Eg tok opp på Skålefjellet i dag frå Osland. Super tur over Keipane i berre ei lett Devold. Oppover gjekk det veldig greitt på delvis snøfritt berg og gras, og ganske hard snø mot nordsida. Men på sørsida, der sola hadde fått tak nokre timar, var det ganske blautt. Eg fekk såleis ein stri tørn på traversen på sørsida av skaret og opp. Eg pusta som ein kval og måtte pause han opptil fleire gonger, då eg seig gjennom til knea heile vegen opp mot topp-platået!

I utgangspunktet var eg tenkt å gå over Svarthamrane og Fanafjellet og ut på Størdalsstauren. Ein av dei flotte rundene eg har av og til. Men på toppen gav eg meg på det. Om det sikkert var greitt å gå i skaren mange stadar, var det truleg fleire parti utover (det er eit stykke då visst du er litt kjend:-)) der eg ville gå gjennom. Det kunne lett bli ein lidelse. Så etter å ha tatt nokre bilder gjekk eg sørsida av Keipane ned igjen til Botnastølsvatnet.

Det var sjølvsagt same tabben som forrige gang. Eg trakka gjennom nesten heile vegen. Det er sabla tungt å måtte dra skoen opp for kvart eit steg i den vårblaute snøen! Men gjennomvåt av sveitte og med brennande kjakar, kom eg meg no ned igjen i solsteiken. Eg kunne jo ha sett meg ned der i solvarme bakken og nytt godsaker eg hadde i sekken, men eg hadde ein plan sidan turen egentleg vart amputert.

Eg køyrde nemleg heim igjen frå Oslandsbotnen og fekk meg ein bolle og litt å drikke. Så skifta eg til ei joggebukse og joggesko og tok opp på Skylefjellet i same snuren. Fruen i huset meinte jo eg var heilt crazy. Det får no stå sin prøve. Eg fekk meg ein flott tur opp, og sprang våryr heile vegen ned igjen. Herleg!

Så tørt og fint som det er i bakken opp no er det ein nytelse å få gje på i lette joggesko. Heilt utruleg kor forholda skiftar når eg samanliknar med turane i vinter. Gjennomblautt så ein aldri trudde det skulle tørke opp igjen. Rennefòk, white-out, vanvittig vind (eine gongen måtte eg tvihalde meg i varden for ikkje å bli blåst bortetter i mørke natta). Minner for livet. Sanne eventyr. Det er fantastisk med årstidene våre.

Eg høyrde ein fjelloppsynsmann i radioen som sa at vi hadde ikkje fire årstider, vi hadde hundre! Naturen skiftar frå dag til dag heile året. Eg tykte det var godt sagt. Desse orda har eg lagt meg på minne. Det var akkurat som eg skulle sagt det sjølv. For det er nemleg akkurat slik naturen er: Han skiftar lèt og ham heile tida! Og lyset skiftar på eit blunk og gjev nye inntrykk. Eg trur ein må lære seg å legge merke til detaljar i naturen før ein set skikkeleg pris på den. Alder og erfaring har mykje å seie i så måte.


Skålefjellet 190408

Skålefjellet og posten 190408 (mobilbilder)

fredag 18. april 2008

Heis flagget (for den som har)


22 kv og 66 kv linja frå Markavatnet gjennom Fossedalen. Bilde av linjene ved Grunnevatnet på veg til Nipebu (forstørr). Linjene blir etter vedtaket i dag etter alt å døme sanerte!

Om ikkje flagget er heist i Fjaler for dronningbesøket, kan ein jo gjere det i dag for statsråd Haga. (Eg har ikkje det norske flagget. Ikkje vil eg ha det heller. Det er noko nasjonalistisk over det i vårt overflodssamfunn. Men eg kan heise det tibetanske i staden... Det hadde gjort seg i Stongfjorden!) Ho går nemleg for straumforsyning frå Lutelandet til Gjøa! At ho sender ei melding tilbake til Stortinget, er ein rein formalitet så lenge regjeringa har fleirtal. Det er jo det same Stortinget som har bett om at straumforsyninga skal gå frå Lutelandet. Om det er teknisk og miljømessig forsvarleg! Det skal vel noko til at Stortinget no går mot seg sjølv!? NVE må vel og på bana igjen å gje konsesjon på endeleg trasè.

Men dei som har flagg, kan i dag heise det i trua på at vi får utvikling på Lutelandet. Hvis ein no òg får brua på plass, kan regionen sjå langt meir positivt på framtida!

torsdag 17. april 2008

Kjærkomne aprildagar





Nydeleg vårtur opp på posten ilag med fruen i kveld. Flott temperatur. Og dagtemperaturen skulle visst bli endå nokre grader høgare dei neste dagane. På eit blunk har grønfargen kome fram på bjørka opp mot Rinda. I løpet av helga er det sikkert heilt grønt. Dette blir ei kjempehelg!

posten 170408

To nye under





Kristine og Rudi sine tvillingdøtre 1 dag gamle. Fiks ferdig tillaga i eit utruleg miniatyr! Eit livets under nok ein gong!

Morgonstemning ved Løvika


Nokon som har lyst opp? Når morgonsola glitrar i den tindrande, drivkvite snøen, er det som om lengten etter å gå opp riv ein i sjela. Etter meldingane å dømme skal det bli strålande vèr i mange dagar framover. Ei nydeleg helg er i vente! Her er det berre å løfte blikket mot dei kvite toppane, komme seg opp og fram og nyte tilvèret.

onsdag 16. april 2008

Solskinnsbarn




Klår luft og lite vind på posten i kveld. Nydeleg!

Det store nyhende i dag var at Kristine, mellomste dotter mi, nedkom med tvillingar. To velskapte og nydelege jenter såg dagens lys på ein solrik april-dag! No har dei tre jentene mine alle ungar. Og eg brått bestefar for 5! Livets gang...

Eg fekk meg ein tur opp på posten i kveld òg - i joggesko. Det gjekk veldig lett opp bakkane. Og heim igjen sprang eg. Våryr i kveldssola. Herleg!

tirsdag 15. april 2008

Med friske "blodpølser" på Skylefjellet



Klårt og fint, men isande kald vind på posten i kveld

Eg gjennomgjekk eit såkalla conchotomi inngrep i nasa i dag. Slimhinnene rundt nasemuslingane blei redusert med lasar for å få betre luftgjennomstrøyming. Kirurgen braut òg i nasemuslingane så det knasa i brusk etterpå! Egentleg litt ekkel lyd. (Eg trur dette stemmer sånn nokolunde!?) Men nasen var visst like heil å sjå til etterpå iallefall...:-) Eg er til tider plaga med veldig tett nase, og passasjen har synt seg å vere trang. No har eg fått shina opp både første og andre etasjen i luftvegane, så dette må jo bli bra. Begge inngrepa vart utført i lokalbedøving. Eg må neste skryte litt over øyre-nase-hals avdelinga på sjukehuset. John A.K. med kompani virka veldig omgjengelege, informative og proffe! Det er greitt å få kjensla av å vere i trygge hender når du entrar sjukehusdørene.

Eg tenkte iallefall ikkje på fjelltur då eg køyrde heim i stad. Bedøva som eg var både i nase og munn, paradoksalt veldig tett i nasa og blodkaker strøymande ut med jamne mellomrom! Eg spurde legen før eg reiste om eg kunne gå på tur i dag. La oss seie det slik at han ikkje la ned noko forbod....

Så etter to paracet, litt mat og ein time på sofaen, gjekk eg likevel ei stund etter at Olaug kom heim. Eg måtte ha luft. Og det gjekk heilt fint.

Noko anna var det at sola og den blå himmelen var nesten for reint falskneri å rekne då eg kom opp på toppen i kveld. Det var iskaldt! Heldigvis hadde eg fjelljakka! Same kor fint det såg ut, var det berre å komme seg heim igjen i ein fei. Så får vi tru at nasen sit på i morgon òg....:-)