fredag 7. mars 2008

Vått i vått


Veret til helga kjem opp frå Eidsfjorden i sør. MMS bildet lyg egentleg ikkje - himmel og hav var mørkeblått av det ventande uveret!

Eg gjorde meg klar for å teste vinden på Skylefjellet då eg kom heim frå jobb i stad. Vinden dundra inn i Yndestadfjellet, så då veit ein jo kva ein går til.

Snøen hadde minka ein del opp til Rinda frå i går. Den som var igjen var gjennom blaut. Det heldt seg nokolunde opplett til eg var nesten oppkomen på posten. Då slo kulingen og horisontalt snødrev til. Eg fekk heile stasen i fjeset frå sør på heimvegen. Heldigvis hadde eg med meg brillene... Men eg vart kliss blaut frå trusa og ned. Godt å kome seg i dusjen etterpå...


posten_klipp 080308

Ingen kommentarer: