søndag 9. mars 2008

Vårbløyte



Så vart det til at eg gjekk opp igjen på fjelltrimposten i dag tidleg òg. Måtte berre komme meg ut. Det var tina enormt med snø sidan i går. Opplett til eg snudde ned igjen frå toppen. Då fekk eg den byga i fleisen, sludd, hagl og regn som svei i kjakane...og buksa våt. Så letta det og vinden tørka meg bra tørr igjen. Var veldig skiftande i dag.

Traff Gisle på veg oppover nedom Mangevatna og Olaug gjekk når eg nesten var heime. Måtte forsikre forsikringsmannen at eg ikkje heldt på å flytte inn oppe på Skylefjellet...:-)


posten 090308

Ingen kommentarer: