Facebook

tirsdag 4. mars 2008

Om å sose det til


Oppdatert 04.03.08
frå opprinneleg innlegg 29.02.08




Ved Grunnevatn ovanfor Markavatn. 66kv linja til Fossedalen i venstre kant. Denne håpar og trur vi kan bli riva som fylgje av den nye 132 kv linja!

OBS - ein ganske provosert Gustav...

Høyringsfristen for konsesjonssøknaden til SFE for kraftlinja Grov - Lutelandet går ut 29.02. Ikkje uventa har NVE motteke mange merknader til dei forskjellige trassèane for linja. Ingen vil ha linja over sine favorittområde - tankegangen synest som om det er betre at naboen får den.

Med eit einstemmig kommunestyrevedtak i Askvoll mandag for alternativet A4 & A6 frå Markavatn - Ringstad, skulle det ligge til rette for at linja ikkje vart trenert ut i tid pga. merknader, iallefall for dette partiet. Sidan NVE uttalar til NRK Sogn og Fjordane i dag at det kan kome på tale med nye utgreiingar og nye høyringar for nye trassèar, er dette ein svært alvorleg situasjon. Nye utgreiingar og høyringar vil kunne ta minst eitt år med klager... Og då har NVE fått det som dei vil?

NVE har som vi veit gått inn for elektrifisering av Gjøa frå Mongstad i pressemelding 21.12.07 Mrk. "NVE har lagt særlig vekt på at dette alternativet framfor Lutelandet-alternativet gir minst risiko for forsinkelser". Difor har dette islett av bukken og havresekken. A dirty game? Kan NVE vere interessert i å hale kraftlinja ut i tid for dermed å "ha ryggen fri" for sitt Mongstad val? Er det gått prestisje i linja? Spørsmåla lyt ein iallefall ha høve til å stille, når ein veit at det er utarbeidd fleire brukande alternativ i eksisterande konsesjonssøknad. Og her må ein prøve å sjå objektivt på det! Er det ikkje det vi har NVE for?

Dersom ein no klarar å sose til heile linja av merknader, med NVE på lasset, er det ein stor tragedie for det sveltefora distriktet vårt. Vi har bruk for utvikling på Lutelandet. Gjøa har som vi veit oppstart i 2010 og det hastar veldig med å få linja på plass. Tilleggsutgreiingar og nye høyringar for andre trassèar på strekninga Markavatn - Ringstad, er heilt unødvendig. Det veit vi som kjenner området.


Ved austre enden av Markavatn med utsikt mot Skjerli


Frå Markahengenipa med utsikt mot Markavatn og Skjerli

DEL 2 29/2

Ekstreme vindforhold på fjelltrimposten på Skylefjellet i kveld. Eg måtte halvveges krype fram siste meterane til varden og postboka. Det var vanvittig! Umogeleg å stå oppreist! Heldigvis heldt det seg opplett oppe ved toppen. Eg fekk namnet i boka, knipsa eit par bilder med mobilen og formeleg kraup bort og ned igjen fjellrabbane.

Sjølvsagt greidde eg å gje slepp på eine votten ved mobilknipsinga. Den fauk som ein rakett bortetter knausane og utfor fjellet til Førdefjorden. Resultat: 1 stk valen høgrehand på turen ned igjen...

Maken til vind det har vore i fjellet her i vinter. Du tror det ikke før du får se det....!
Legg inn en kommentar