fredag 21. mars 2008

Med fruen bak


Eg må vel innrømme at eg som regel likar å gå bak damene på tur. Både fordi eg er galant nok til å late dei avpasse farten, men òg for at utsikta er best då... eg meiner, eg får tid til å nyte utsikta betre...når farten er litt rolegare enn elles. På Skylefjellet var dette ikkje mogeleg i dag. Det er vel karane sitt lodd her i livet og ta dei tyngste taka når det ber til noko fysisk. For det vart det i rikt monn i dag, då alle spora mine frå i går var blesne igjen. Eit slit. I all laussnøen. Og naturleg nok la Olaug seg på hjul...

No er det vel slik at utsikta er vel kjend i alle retningar på Skylefjellet. Og med fruen bak eller framme blir vel òg det same. Så forsåvidt var det ikkje så veldig mykje å gå glipp av i dag..:-)

På toppen var det veldig sur og kald austavind. Den effektive temperaturen var nok sikkert ned mot minus 10-12 grader, så vi kom oss naturleg nok ganske fort derifrå. Heimturen gjekk lettare med spora frå turen opp å gå i.

Fin tur... og sveitte vart vi begge to! Det er godt å kome heim til lukta av lammelår i ovnen og god fyr på peisen. Eg får ei god kjensle innvendig og finn lett roen når eg har fått brukt seg litt.

No får vi satse på at det klåre veret vi såg ute i havet sig inn over land og gjer morgondagen solrik! Og vonleg minkar vinden. Det ser lovande ut no...!


posten_210308_video

posten 210308

Ingen kommentarer: