lørdag 15. mars 2008

Knallstart på påska


Utsikt frå altanen i kveld


Sveitt og med lite klede på Toreheia i dag tidleg (MMS)

Eg tok opp Selda i dag tidleg i 9-tida. Sola varma den sørvende fjellsida og anorakken vart pakka i sekken i første bakken. Det var vår. Bygda dorma. Stilt og fint. Fjorden låg spegelblank i den tidlege morgonsola.

På toppen av Yndestadfjellet tok eg den vanlege kanten over Stongfjorden innover. Det låg ein del skare på dei nordvende hellingane. Denne heldt berre delvis. Det er som du veit litt slitsomt å gå gjennom skaren annakvart steg... Eg gjekk difor utanom snøen så godt det let seg gjere, ved å følgje rabbar og høgder der snøen var avblesen. Frå toppen av sørskaret og innover heldt skaren. Det låg òg eit tynt snølag oppatt på. Så her var det flott skiføre. Men snøen ligg berre frå 6-700 meter... og det er jo litt langt å bere skia. På sørtoppane, på hi sida av fjorden derimot, er det rikeleg med snø. Det ser du tydeleg på bilda.
(Alle bilde er tekne med mobilen)!

Vel framme på toppen av Toreheia, 717 moh, var det litt kald trekk, så her måtte fjellanorakken fram att. Det låg dessutan eit lite skylag i sør som delvis skugga for sola. I nord var det heilt klårt. Det er nydeleg utsikt i alle himmelretniningar frå Toreheia.

Etter å teke nokre bilete og litt drikke, gjekk eg nordsida nedatt, nord for Krækavatnet. Snøen forsvann fort og den brune fjorårs-lyngen prega landskapet utatt mot Skylefjellet. Det er flott utsikt mot Førdefjorden, Svanøya og Florø på denne strekka. Nydeleg å "gå mot havet"... Det hadde ikkje vore nokon på Skylefjellet sidan Olaug og eg var oppe i går ettermiddag. Eg leita ei stund etter votten eg miste for ei stund sidan nede ved hamrane mot Førdefjorden utan resultat.

På heimveg traff eg først Dag Tore og Anita med tvillingane. Sporty å få dei med seg opp hit på denne tid. Nedom Mangevatna traff eg òg Wilken og Torgunn. Vi vart pratande litt der i fineveiret. Lovprisa dagen!

Eg var heime att før klokka 1 etter ein flott og solrik tur. Måtte berre påska halde fram slik. Eg skal på jobb mandag, men sidan har eg fri. Men Olaug skal diverre jobbe tirsdag og onsdag. Så då blir det ikkje så lange turane desse dagane. Dessutan lokkar fjordfiske etter gytetorsken.... vi får sjå... Det var iallefall ein super start på påska i dag.


Selda_Yndestadfjellet_Toreheia_Skylefjellet_150308

(Alle foto MMS)

Ingen kommentarer: