søndag 2. mars 2008

Ein lysorgie



Stakkars mobilen min hadde store problem med å få festa landskapet til minnebrikka i dag! Store kontrastar i lysforholda gjorde det vanskeleg å få gjengitt nokolunde omgjevnadane slik dei var... Og det er jo vanskeleg uansett! Som du ser er bilda både rosa og blå. Men så er vel ikkje mobilen konstruert som eit skikkeleg kamera heller. Skal vere glad det fungerer så pass...

Det var kome 10-15 cm nysnø sidan i går. Drivande kvit, men ganske våt. Og tung å gå i. Veiret skifta frå regnveir nede, til harde hagl undervegs, og piskande vind og opplett mot toppen. Kaldt nordadrag kan vi seie...:-) Ein kaskade av lys, snø, sol og skyer i mange fargar gjorde turen til ein flott opplevelse... og ei god trimøkt...:-)

Skylefjellet 020308

Ingen kommentarer: