Facebook

søndag 30. mars 2008

Horisontalt sludd



Ved Mangevatna i dag føremiddag (mobilbilda er brukande, men får ofte eit lett rosa skjer)

Medan eg held på med å laste opp bilder til dagens blogg, kretsar det ei gamal havørn over huset. Eg såg ho hin dagen òg. At ho er av eldre årgang, ser eg av den kvite stjerten. Den går det nokre år før dei får.

Det er eit eldre, staseleg par oppe i traktene her. Truleg er det same dama eg hadde føre meg på Hollevikflua i fjor sommar. Det ligg jo rett nord om Skylefjellet. Tru om det er katten til naboen ho har sett seg ut? Nei, havørna et stort sett ådsel. Truleg er det noko nede på fjorden som har falle hennar skarpe blikk i auge. Dei er litt utsveltne på denne tid av året, og kjem nærare husa enn vanleg. Er ikkje verst å sitte i sofaen heime og studère ørn!

Eit nytt utrykk slo meg oppe ved vatna mot posten i dag. Horisontalt sludd. Har ikkje høyrt det før. Men det var ganske passande for vèret. Då regnet gjekk over til sludd i den sterke kulingen, kom heile stasen parallellt med landskapen. Dette kan jo kvar og enkelt tenke seg korleis er. Ikkje akkurat gjestmildt! Gode klær og briller fiksa likevel det meste. I verste kasta på toppen var det vanskeleg og halde seg oppreist. Men opp, og i dusjen, kom eg meg i dag òg... Herleg...:-)


posten 300308_video

lørdag 29. mars 2008

Ei bløyte


Mot Toreheia i skodde og Krækavatnet i dag føremiddag

Kan vel skryte på meg sopass at det ikkje skortar på motivasjonen til å gå på Skylefjellet. Eg står vel snart i fare for å bli kalla ein raring, eller reint manisk i dette løpet opp der. Men det bryr eg meg i grunn katten om. Eg føler både form og humør er betre av å bruke nokre timar på dette.

Eg tok iallefall opp igjen i føremiddag i regnvèr og vind. Snøen hadde minka mykje i løpet av natta. Men den som låg igjen, var dessto mykje blautare enn i går kveld. Spesielt frå Rinda til hytta var det slitsomt å vasse i den blaute, tunge snøen.

Spora frå i går låg der. Litt av utfordringa ved å trakke i dei, var at eg seig minst 10 cm lenger ned i snøen. Det er jo ganske så tungt å måtte slite skorna opp igjen frå den tunge snøen for kvart steg. Men, heldigvis, frå bakkane nedom Mangevatna og opp, var det ikkje så mykje snø som låg att. Der snøen stort sett var blesen av i går, låg det ingen ting igjen i dag. Så siste delen av turen opp gjekk lett.

Det regna og bles heile vegen. Eg høyrde det frå tunet heime før eg starta. Kan vel seie at eg kan Skylefjellet no. Å tolke vèret iallefall. Så eg vart både blaut og kald i buksa på heimvegen, då eg fekk heile stasen av kuling og regn i fjeset. (Det viktigaste er å halde seg varm på overkroppen og hovudet, og tørr på beina). Godt den varme dusjen er berre ein liten time unna då. Turen opp og ned går greitt på to timar i forholdsvis rask gange utan pausar....

Avslutningsvis gjentek eg meg sjølv frå i går. La den varme synnavinden komme. Og ta med trekkfuglane. Det er vår no!

video

fredag 28. mars 2008

Fillerista snøryddar



Med rennefokket midt i ryggen mot toppen i kveld (eg tok sjansen på å ta fram mobilen framfor meg)

Det var nesten eit einaste gòv oppe på fjelltrimposten i kveld. Fjellhamrane var polerte av vinden. Snøen frå i går kveld var bokstaveleg tala som blåst frå toppartiet. Medan fonnene låg som dei pleier nedanfor Mangevatna, var snøen nesten borte lenger oppe. Den vanlege store og lange fonna, før du svingar vestover igjen, låg der. Snøen rakk til skrevs over denne. Det same gjorde det med eit par av dei andre lenger nede òg. Gjennom den eine måtte eg nærast krype på alle fire, då snøen rakk meg til magen.... Morsomt, men slitsomt...:-)

Det er travelt å skulle halde vegen open...:-) Og endå verre er det at det fyk igjen etter 5 minutt. Lite motiverande... Eg trur det må tilsetjast fleire på denne ruta no...eller aller helst ynskjer eg ein god fønvind frå sør!

Heldigvis heldt det seg opplett medan eg var oppe. Vinden var sterk, som vanleg. Rennefokket mitt i fjeset ned igjen likeeins. Kan ikkje prise slalåmbrillene nok. Heilt uvurderlege i slikt ver.

Den fiolettfarga himmelen ute i vest bar bod om det eine og det andre. Men eg kom meg heim igjen før det bar laust. Heldig denne gongen.

posten 280308

torsdag 27. mars 2008

Tilbake til kvardagen


Mot Skylefjellet (det mørke fremst i midten) frå Yndestadfjellet 9/2-08. Vår i luften....(det var den gong det...)

Det her er rock`n roll sa eg til Dag Tore og Anita då eg traff dei i rennefokket og kulingkasta oppe ved toppen av Skylefjellet i kveld. Dag Tore meinte at vart det verre no måtte vi innføre kolonnekøyring. Det var i grunn både morsomt og godt sagt. Faktum var vel likevel at forholda var tilbake til normalen... Eg får seie med Leif Juster at siste dagane har jo egentleg vore "mot normalt"...:-)

Det blir aldri noko særleg anledning til prat når vi treffest under slike forhold i fjellet. Vi kler akkurat nok på oss til at vi held nokolunde varmen når vi er i god aktivitet. Ein blir difor fort gjennomfrosne av å stå i ro og prate på motgåande kurs. Det er i grunn berre å halde seg godt i rørsle, nå målet og ta strak peiling på døra heime.

Snødrevet var nettopp begynt då eg gjekk oppover. No var det kome eit par centimeter nysnø. Den gjorde det faktisk noko glatt der spora var hardtrakka frå før. Det overraska meg at fjellskoa sat så dårleg på dette underlaget. (Mønsteret er godt på desse skoa...) Det vart nesten litt kulelagereffekt av nysnøen. Vi får håpe at det ikkje kjem meir no. April er vår og varmegrader... Eg vil svært gjerne på andre toppar no...

onsdag 26. mars 2008

Valgets kvaler


Frå nordsida av Markahengenipa i fjor vår

I dag er det årsmøte i Fossedalens Vener i Dale kl 19.00. Eg var med å starta venelaget i 2004. Sjå elles her. Nokon kveldstur er difor utelukka. Litt trasigt i det fine vèret. But that`s life... Vi får sjå fram til morgondagen og håpe det nydelege vintervèret held fram. Kryss fingrane...

Eg melde meg ut av styret for eit par år sidan. Mest for å stå fritt til å meine og skrive det eg vil. Som ganske frittalande vil eg ikkje "binde opp andre" med kontroversielle meiningar. Dette er ofte ein balansegang i naturvernspørsmål... Men eg vil sjølvsagt ha ein finger med i spelet...8:)

Del 2.
Så var årsmøtet vel i hamn og nytt styre valt. Linda held fram som formann. I tillegg er Bente L.T. med som ny jente. Kjetil F. er òg ny - veldig bra! Positiv økonomi og god plan vidare gjer framtida til Fossedalens Vener lys. Kjempeflott!


Ode til Fossedalen

tirsdag 25. mars 2008

Ei stille stund


Eg sat på ein snøfri rabbe med lyng ved Skylefjellet i kveld i solnedgongen, og spurde meg sjølv: Har eg sett det finare her nokon gong? Slike universelle spørsmål finn ein sjølvsagt aldri svar på. Og kvar årstid har sin sjarm. Dei stille, varme sommarkveldane ved Mangevatna når den gullgylte sola går ned i havet, og kjøa vaker, er minst like fine som bilda frå skrytesidene i reiseselskapa sine katalogar. Men i kveld var det kjølig seinvinter. Ekte vare. Tørr og kald nysnø, stilt - både frå lyd og vind, låge skuggar av ei sol som spegla siste strålane i det stille havet i vest, flotte, farga skyformasjonar der ute, kvite fjell i skinande gullglans og glødande lyngrabbar i fargar frå i fjor. Det var spor etter hare, rev, mår og snømus i nysnøen som blinka i kalde, klåre snøkrystallar. Fantastisk! Nesten overjordisk. For meg rein religion...

Slike stunder, eg vel å kalle dei heilage, dukkar opp av og til i fjellet. Ikkje kvar gong. For då er dei ikkje så spesielle. Kva som gjer at denne kjensla dukkar opp? Nokon der oppe? Kven veit.. Ein må vel vere spesielt mottakeleg for inntrykka der og då, og at desse sjølvsagt er sterke. Kjensla av at nokon har helde si hand over måten ting heng i hop på i naturen ligg der. Det er slike stunder ein kjenner livet pulsere og at ein er til. Trur eg snart må skrive ein "takkesalme" til fjellet generelt og Skylefjellet spesielt... For jomfruleg natur gjer meg både audmjuk og glad...

posten 250308_video

posten 250308

mandag 24. mars 2008

Ein sikker vinnar


Frå utmarka på Yndestad i dag føremiddag

Eg labba i veg oppover i nysnøen i dag tidleg igjen. Fantastisk flott vèr og heilt stille. Som alltid er 2.påskedag ein av dei finaste dagane i påska. Slær aldri fei! Det var kome nye 15 cm snø i løpet av dagen i går. Og spora var sjølvsagt borte. Ovanfor Rinda var det blese heilt til. Det vart difor ein ny og ganske tung tur opp på trimposten.

Eg hadde planar om å ta opp på Toreheia etter å ha vore ut på Skylefjellet. Litt klede og mat var pakka i sekken. Men dei greiene gav eg meg på. Eg kjende eg var litt sliten etter dei siste dagane, og turen opp i dag. Det låg dessutan endå meir jomfrueleg snø oppover dit. Nokre trugande, særs tunge og fiolette skyer prega òg himmelen rett ute i havet. Snøbygene gjekk allereie ute ved Alden. (Det viste seg seinare å ikkje vere noko å bry seg med - dei kom aldri inn hit i dag!) Så eg tok til vit og rusla ned igjen.

Eg traff Vincent Y nede ved Mangevatna. Vi slo av ein liten prat. Nedom hytta traff eg Olaug og Sissel. Olaug hadde vore med Peter på Grimelia for gutebesøk. Vi fann ut det var greitt eg pløgde oppover først..

Ja, så no er påska over. Den har vore på det jamne. Heller kald og litt for tidleg i år. Men det er no framover finaste tida er. Vi får krysse fingrane for skyfri himmel og nye flotte turar. (Og helst andre mål enn Skylefjellet snart...:-))


(Alle bilda og video er igjen teke med mobilen. For dei som lurer litt på dette, så rauk kameraet mitt rett før påske, og er f.t. ute av drift! Det var ein veldig koseleg opplevelse...)
posten 240308_video

posten 240308

søndag 23. mars 2008

Min måne




Eg har ofte lurt på korleis det er å stå på månen. Den har vore eit praktfullt skue dei siste dagane. I går var den full òg. Med eit fantastisk lys stod den der på himmelen, rett over kanten på Skålefjellet, og spegla både fjorden og dei kvite fjella i sølvskimrande glans. Som teke ut av ei eventyrbok.

No er det ikkje berre fullmånen i det siste som har fått meg til å tenke på korleis det er der oppe. Av og til får eg nemleg assosiasjonar til månen oppe på Skylefjellet. Akkurat som i dag. Med sitt nakne, steinete og forblåste landskap minner området ved Skylefjellet nettopp om bilder eg har sett av månar og planeter oppe i det store intet. Eller kven veit? Kanskje finst det liv der ute...?

Eg kom meg iallefall fort ned att frå "månen" min i dag tidleg. Det bles godt opp med kuling, snø og rennefokk siste delen mot toppen. Kaldt og ugjestmildt for vanlege dødlege. Sikta var dessutan dårleg heim igjen. Godt med briller i det tette snødrevet...

Ovanfor Rinda traff eg Vigdis F.K, Anne S og Audun F på veg oppover. Vi slo av ein liten passiar om stoda lenger oppe. Det gjekk fint å finne fram meinte eg, og litt svie av snø i fjeset er det jo ingen som stryk med av...:-) Det viktigaste er å halde varmen!

Så medan snøen lavar ned igjen her no, er det berre å lade opp til nye tak... Eg må vel avstad å pløye igjen snart. Hardt å halde vegen open...:-)


posten 230308_video

lørdag 22. mars 2008

Fin morgontrim og familietur


Spora mine frå hin dagen har fått merkeleg fasong

Sidan dagen i dag var sett av til ein familietur på Fristadfjellet, fann eg ut at eg nådde oppom fjelltrimposten på Skylefjellet først. Det var avgang klokka 12.00 nede i Askdalen, så det skulle gå fint! Eg fekk meg såleis ein flott morgontur opp på trimposten. Nydeleg solskinn og heilt blikkstilt. I følge vermeldinga kl 08.00 skulle det skye til ut over dagen, med snøbyger frå nord. Det stemde heilt. Bygene gjekk allereie ute i havet når eg nådde toppen på Skylefjellet i 09.30 tida. Det var foke til enkelte plassar i spora frå i går, men turen opp gjekk lett og fint i den tidlege morgonsola.

Då eg var heime igjen før 11.00 hadde Olaug og Peter pakka ferdig og stod klar til å reise ned til Askvoll. Eg skifta klede og pakke litt godsaker i sekken, og var klar til ny avgang. Turen opp Askdalen til Fristadfjellet gjekk heilt fint. Peter var litt småsur på slutten fordi vi aldri nådde toppen som han sa, men med litt småbestikkelsar gjekk det greitt. Vi var 19 stykker ilag ved varden.

Vi hadde teke med pølser for grilling, men då det var noko trekk på toppen, gjekk vi litt lenger ned i lendet før bålet vart tent. Pølsene gjekk ned på høgkant, likeeins godt og varmt drikke som fruen i huset hadde ordna med. Ungane storkosa seg med godsaker og aking i bakkane. Peter fann seg som vanleg ein tre, fire nye gutevener. Då vi så kom ned igjen, seig dei varsla snøbygene på. Kjempeflott dag. Som bestilt...:-)


(Alle bilder og video er med mobilen)

Fristadfjellet 220308_video

posten og Fristadfjellet 220308

fredag 21. mars 2008

Med fruen bak


Eg må vel innrømme at eg som regel likar å gå bak damene på tur. Både fordi eg er galant nok til å late dei avpasse farten, men òg for at utsikta er best då... eg meiner, eg får tid til å nyte utsikta betre...når farten er litt rolegare enn elles. På Skylefjellet var dette ikkje mogeleg i dag. Det er vel karane sitt lodd her i livet og ta dei tyngste taka når det ber til noko fysisk. For det vart det i rikt monn i dag, då alle spora mine frå i går var blesne igjen. Eit slit. I all laussnøen. Og naturleg nok la Olaug seg på hjul...

No er det vel slik at utsikta er vel kjend i alle retningar på Skylefjellet. Og med fruen bak eller framme blir vel òg det same. Så forsåvidt var det ikkje så veldig mykje å gå glipp av i dag..:-)

På toppen var det veldig sur og kald austavind. Den effektive temperaturen var nok sikkert ned mot minus 10-12 grader, så vi kom oss naturleg nok ganske fort derifrå. Heimturen gjekk lettare med spora frå turen opp å gå i.

Fin tur... og sveitte vart vi begge to! Det er godt å kome heim til lukta av lammelår i ovnen og god fyr på peisen. Eg får ei god kjensle innvendig og finn lett roen når eg har fått brukt seg litt.

No får vi satse på at det klåre veret vi såg ute i havet sig inn over land og gjer morgondagen solrik! Og vonleg minkar vinden. Det ser lovande ut no...!


posten_210308_video

posten 210308

torsdag 20. mars 2008

Galskapens Moro

...eller om å finne guten i seg sjølv...
Etter kaffi med familien til Miriam, og Marie sin type for første gong i huset, var rastløysa etter å kome seg ut plagsom. Klokka 15.00 tok eg difor oppover på fjelltrimposten i ganske tett snøvèr.

Etter det forrykande uvèret som var i dag tidleg med sterk vind og snøfall, stilna det ganske bra av i ettermiddag. Vinden var difor ikkje verre enn det brukar å vere på Skylefjellet. Sikta kom og gjekk, likeins rennefokket. På toppen var drevet likevel ganske konstant, men ikkje så hakkande gale då det nesten var slutta å snøe. Derimot var det særs tungt å vabbe i all nysnøen som var komen. Spesielt frå Rinda mot hytta låg snøen djup. Fleire plassar til opp mot knea og enkelte parti godt over... Diverre fyk det fort igjen slik det er no...Det hjelper lite at berre ein pløyer veg:-) Men eg hadde vel knapt rekna med at andre utfordra moroa oppe i dag då...:-)

Så no har eg fått sveitta meg opp på posten i dag òg...ganske bra gjort er eg så fri å seie..! Tøft slit. Rein bonus. Det trudde eg neimen ikkje i dag tidleg då eg såg ut...!


Bilder inkl. eit par videosnuttar
posten 200308

onsdag 19. mars 2008

Isande kald nordavind på fjellet





Full vinter på fjelltrimposten i dag. Kuling og snøfokk. Isande kulde. Ingen plass for varmblodige vesen! Spora frå i går var blåst igjen, så det var same old story med å vabbe gjennom fokksnøen fleire plassar. Eg stod til og med til brystet i snø i ei fonn ved sørskråninga nedom Mangevatna...:-) Men der nordavinden har fått tak er snøen som blåst.. (Det er veldig fristande å gå oppover desse partia, men samtidig er det jo akkurat der vinden tek mest...!)

Sola kom fram på heimveg ved Rinda. Temperaturen vart då som natt og dag! I sørskråninga mot fjorden og heime på Yndestad, er det vår...

tirsdag 18. mars 2008

Skiftande nordavèr


Hytta ved Svartevatnet bada i herleg påskelys i dag tidleg

Hadde ein ganske slitsom tur opp på posten i dag tidleg. Marie passa Peter medan Olaug var på jobb. Men barnevakta skulle til Førde kl 11, så det var inga tid å misse.

Det var kome ganske mykje nysnø som var fokka seg i hop i sørhellingane. Her rakk snøen til godt opp på låra i somme parti eg måtte over. Andre stadar, og på jamna, rakk den godt opp på leggene.. Ganske slitsomt kan du tenke deg...Spesielt oppover...!

Ved Rinda fekk eg ei nydeleg sol. Utruleg skarpt lys og refleksar i den nye, kvite snøen. Etter til slutt å ha kara meg opp på toppen kom det den nordabyga over Stavfjorden. Ein god kald kuling følgde med snøen. Det dreiv slik at eg såg omlag ingen ting. Godt var det at eg hadde teke med brillene. Under slike forhold er dei uvurderlege. Spora etter meg oppover fauk igjen med ein gong. Mange parti var dei ikkje å sjå att. Men stengene stod der. Eit par gonger var dei gode å ha.

Etter å ha kome meg ganske greitt ned mot Svartevatnet likevel, stakk sola igjen fram og bada landskapen i drivande kvitt lys. Fantastisk flott! Utruleg skiftande forhold. Og nede under Rinda vart det reint vårleg med snøsmelting i den varmande sola. Artig og skiftande tur, men samtidig ganske tung...

No får vi håpe nordavinden minkar litt, og vi får nokre fleire varmegrader. Kanskje litt sol òg? I dag var det rein vinter igjen oppe ved posten.

posten 180308

mandag 17. mars 2008

Litt skrik og skrål


Marte og Marie knipsa med mobilen heime i sofaen i går

Det store familieselskapet talde 27 hovud med smått og stort i går. Alt frå 3 veker, 3 månader, 3 år og heile spekteret til oldeforeldra på 70 og 75. Olaug meinte (på spøk?) at vi måtte leige grendahuset til neste år! Ei sulige forsamling. Det var ikkje fritt for at det gret ein unge eller to...:-) Men det gjekk egentleg veldig greitt føre seg. Som regel dukkar det opp eit godt diskusjonstema på desse seansane. Vi likar jo å diskutere i denne familien. Men denne gongen var det visst ikkje den store tenninga. Like greitt...:-) (Foto frå selskapet reknar eg som privat og blir ikkje publisert).

Marie hadde besøk av ei av veninnene sine frå Dale, Marte, i helga. Kjekk jente. Eg fekk teke eit flott bilde av dei to nydelege turtelduene. Marie har funne seg godt til rette både privat og på skulen i Dale. Det skulle jo berre mangle, veit du. Ho skal dessutan visst vere observert hand i hand med ein lys gut. Ikkje rart ho trivast. Ja, ja slik er det. Livet går sin gang - som det skal... I våre dagar er det vel slutt på førehandsgodkjenningar av slikt noko...:-)

søndag 16. mars 2008

Før det store selskapet




Berre måtte ta med meg fjelltrimposten i dag tidleg før innrykket av folk frå Dale og Førde. Det blir tredje selskapet til Peter. Det store familieselskapet.

Det var sur nordavind med nokre lette snøfiller i lufta på toppen. Traff litt folk undervegs, og heime stod Olaug klar ilag med Sissel og Anne for å ta oppover. Posten er godt besøkt om dagen. Fint og snøfritt som det er å gå opp. Skal nok bli eit bra trakk i påska hvis det blir nokolunde ver.

Då får bestefaren gjere seg klar til det store innrykket. Men middag skal eg kvile...:-) Det har besteforeldre lov til. Ikkje sant?

lørdag 15. mars 2008

Knallstart på påska


Utsikt frå altanen i kveld


Sveitt og med lite klede på Toreheia i dag tidleg (MMS)

Eg tok opp Selda i dag tidleg i 9-tida. Sola varma den sørvende fjellsida og anorakken vart pakka i sekken i første bakken. Det var vår. Bygda dorma. Stilt og fint. Fjorden låg spegelblank i den tidlege morgonsola.

På toppen av Yndestadfjellet tok eg den vanlege kanten over Stongfjorden innover. Det låg ein del skare på dei nordvende hellingane. Denne heldt berre delvis. Det er som du veit litt slitsomt å gå gjennom skaren annakvart steg... Eg gjekk difor utanom snøen så godt det let seg gjere, ved å følgje rabbar og høgder der snøen var avblesen. Frå toppen av sørskaret og innover heldt skaren. Det låg òg eit tynt snølag oppatt på. Så her var det flott skiføre. Men snøen ligg berre frå 6-700 meter... og det er jo litt langt å bere skia. På sørtoppane, på hi sida av fjorden derimot, er det rikeleg med snø. Det ser du tydeleg på bilda.
(Alle bilde er tekne med mobilen)!

Vel framme på toppen av Toreheia, 717 moh, var det litt kald trekk, så her måtte fjellanorakken fram att. Det låg dessutan eit lite skylag i sør som delvis skugga for sola. I nord var det heilt klårt. Det er nydeleg utsikt i alle himmelretniningar frå Toreheia.

Etter å teke nokre bilete og litt drikke, gjekk eg nordsida nedatt, nord for Krækavatnet. Snøen forsvann fort og den brune fjorårs-lyngen prega landskapet utatt mot Skylefjellet. Det er flott utsikt mot Førdefjorden, Svanøya og Florø på denne strekka. Nydeleg å "gå mot havet"... Det hadde ikkje vore nokon på Skylefjellet sidan Olaug og eg var oppe i går ettermiddag. Eg leita ei stund etter votten eg miste for ei stund sidan nede ved hamrane mot Førdefjorden utan resultat.

På heimveg traff eg først Dag Tore og Anita med tvillingane. Sporty å få dei med seg opp hit på denne tid. Nedom Mangevatna traff eg òg Wilken og Torgunn. Vi vart pratande litt der i fineveiret. Lovprisa dagen!

Eg var heime att før klokka 1 etter ein flott og solrik tur. Måtte berre påska halde fram slik. Eg skal på jobb mandag, men sidan har eg fri. Men Olaug skal diverre jobbe tirsdag og onsdag. Så då blir det ikkje så lange turane desse dagane. Dessutan lokkar fjordfiske etter gytetorsken.... vi får sjå... Det var iallefall ein super start på påska i dag.


Selda_Yndestadfjellet_Toreheia_Skylefjellet_150308

(Alle foto MMS)

fredag 14. mars 2008

Aften rød


Olaug tek ein pust i bakken på veg til posten i kveld

Fin kveldstur på fjelltrimposten med fruen. Nydeleg solnedgong i vest. Etter to dagar på rompa var det godt å få sveitte ut litt igjen.

Det kan sjå ut som om påskevèret ikkje blir så aller verst. Så då skal det vere mogeleg å få seg eit par lengre turar. Og kanskje plukke fram skia for første gong i år? Vi får ta det litt etter kvart.

posten 140308

torsdag 13. mars 2008

Den tragiske fugledauden


Fjorårets kull svartbak, radarparet... Frå Hollevikflua sommaren 2007

Eg veit ikkje kor interessert du er i fugl. Eg er. Periodevis er eg hekta. For det var jo ornitolog eg skulle bli... Har vore medlem av NOF (Norsk Ornitologisk Forening) snart ein mannsalder. Deltok ivrig på Vinteratlasprosjektet, og har laga fuglelister for Askvoll og Fjaler. Prøver å halde desse ajour. Du finn ein del info her.

I 2008 er hubro valt til årets fugl. Ein skal gjennomføre ei landsomfattande kartlegging og innrapportering for å få ei oversikt over arten. I dette høve har eg sagt meg villig til å vere kontaktperson i Askvoll. Ta gjerne kontakt dersom du har opplysningar om hubro. Som vi veit er hubroen svært utsett for kollisjon med kraftlinjer og vindturbinar. Den er såleis i kraftig nedgang, og er sjølvsagt raudlista.

Som vi òg veit har sjøfuglbestanden stupt dei seinare åra. Det er kritisk for fleire artar. Du ser ikkje ei terne langs kysten lenger... Eg blir aldeles deprimert når eg er ute i havet med båten langs holmar og skjer om sommaren, og nesten ikkje ser ein fugl lenger. For nokre få år sidan var det eit yrande fugleliv på same stadane.... Årsakene til dette er sjølvsagt samansett. Men mykje tyder på at hovudgrunnen er overfiske i Nordsjøbassenget. Spesielt av det viktige fiskeslaget tobis. Denne blir brukt som fòr til oppdrettslaks.

Eg skreiv for tre, fire år sidan til Miljøvernminister, sekretær, miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane og alarmerte om situasjonen og krevde tiltak. Lite har skjedd!

I dagens BT kan du lese ein svært god kronikk om situasjonen. (Les òg gode kommentarar)! Eg tykkjer det er rart at dei ti tals naturvernorganisasjonane våre har kome så lite på bana for å redde sjøfuglen. Kanskje fugl ikkje er "in" nok? Som rovdyr, kval eller sel? Eller forstår ikkje folk dette? Er dei så opptekne med sitt eige at synet berre rekk til nasetippen....?! Og sjølvsagt er det altfor lite mediaoppslag om fugledauden. Fugleinfluensaen fekk oppslag den! Ein utruleg mediajippo!!

Det er berre djupt tragisk at fuglane blir ofra på kapitalismens alter. Få ser ut til å bry seg...og tilsynelatande blir ingenting gjort...


tirsdag 11. mars 2008

Mount Pleasure


Solnedgong med romantiske fargar ute i havet i kveld òg

I kveld kan eg roe ned alle lesarar som har begynt å bli bekymra for fyren, at no blir det minst to kveldar pause frå fjelltrimposten... Eg veit sjølvsagt at det har teke litt av i det siste. Restitusjon er visst eit fancy ord som er in i tida. Dette gjeld vel for 50 åringar òg...? Kan jo ikkje brenne alt krutet med ein gong...:-)

Peter er 8 år i morgon. Det er ein stor dag for katen. Så då blir det selskap i morgon, barneselskap på torsdag og familieselskap på Palmesøndag. Som seg hør og bør, for ein 8 åring, blir det feiring 3 dagar til ende...:-)

Sidan fruen skal på avslutningslag for ein lege som går inn i pensjonistane sine rekkjer på torsdag, må eg halde meg heime denne kvelden òg. Kanskje like godt at ein blir tvinga til å kule han litt...er ikkje sikkert at eg hadde klart det utan "tvang" no...:-)

posten 110308

mandag 10. mars 2008

Romantisk kveldslys


I kveld. Kveldssol over Neset og Stafsnes i sør og Yndestad (MMS)

Dagens porsjon med bilder frå trimposten. Nydeleg kveld med solnedgong og varme fargar. Traff Dag Tore og Anita ved Mangevatna. Vi tok oss nokre minutt og prata litt klede i kvelds-trekken. Du blir veldig fort kald, lettkledd som ein lyt gå, under slike forhold, så noko særleg tid til pause og prat blir det ikkje på slike trimturar.

Det er veldig lite snø igjen på nordsida av Stongfjorden. Som vanleg. Her er snart ikkje snø lenger om vintrane. Berre ein dag eller to... Og heilt oppe på Toreheia, 717 moh, går det fint å gå til fots no. (Ranane er alltid avblesne, men ta med gamasjar og isbroddar ved minusgrader og skare). For dei som likar å ta påsketuren utan ski på beina, er Blåfjellet, Skylefjellet, Yndestadfjellet, Toreheia, Ytrevågefjellet og til Osland, eller kombinasjonar, suverene alternativ framover. Det er eit utruleg lettgått terreng utan skog (sjekk bilder og kartutsnitt)...

I fjella i sør mellom Holmedal og Stongfjorden, som Skålefjellet, Fanafjellet, Moldurda m.m., ligg det noko meir snø både pga. høgda, nordvende sider og mindre havluft. (Forstørr hovudbildet med d.s. i sol frå venstre...). Her er det fullt muleg å ta skituren for dei som heller ynskjer det. Det er truleg ein fordel med feller. Og sjølvsagt også til fots ved skare. Då er det godt med broddar i sekken.

Så ut på tur folkens...:-)


posten 100308

Keisaren vender tilbake


Peter, 8 på onsdag, er SÅ glad for å vere på konsert i Fjalerhallen (egentleg utruleg flaks å få til dette knipset med mobiltelefonen. Han gjorde "stuntet" berre 1 gong..)


Liten gut på stor konsert


Peter er i storhumør på skuldrane til storesyster (sterk jente!!)


Peter og pappa i ei litt rolegare stund


På fanget til pappa... "Maestro" (som han er så glad i!!) Peter drøymer om Keisaren på ferja heim kl 23.30