fredag 1. februar 2008

Vinterdvalen


Den karakteristiske toppen på Søndre Portafjellet

Eg væra ein kjempesensasjon på tirsdag. Eg vart så forfjamsa at eg måtte knipe meg i armen eit par gonger før eg trudde det eg såg var sant. Det var så spesielt at eg ikkje torde å blogge det heller.

No har ikkje dette noko med møta mine med Skylefjellsnissen og Skålefjellsnissen å gjere. Heller ikkje dialogen med hulder og troll. Det er jo ingen sensasjon. For gjennom bloggen min er det jo vidt kjent at eg har ein god dialog med desse på vandringane mine. Nei, dette har ikkje med overnaturlege vesen å gjere.

I gymnastida las eg mykje Erich von Daniken og var hellig overbevist om at det fanst vesen på andre planetar. Eg var obs på at folk mange gonger ikkje torde å informere omgjevnadane når dei såg noko som andre ikkje ville komme til å tru. Vi har jo ulike UFO historier i bakhovudet då.... Eg sjølv har vel vorte meir av typen som tek slike observasjonar med ei stor klype salt. Sånn sett har eg blitt meir realist med åra. Difor var det litt spesielt å hamne i same situasjon sjølv, blant dei som ikkje torde å seie i frå...

No har min observasjon på tirsdag heller ikkje noko med Daniken å gjere. Nei, det har seg slik at rett ovanfor varden på Rinda på tirsdag, ca kl 17.20 i halvmørket, trudde eg først at eg såg ei svarttrast flygande rett forbi meg. Det var litt spesielt i seg sjølv fordi det var såpass skymt. (Men det var lys nok til at eg kunne sjå, og hadde ikkje tent hovudlykta). Også for at dette ligg høgre enn svarttrasta til vanleg er å treffe om vinteren. Dei fleste svarttraster "emigrerer" dessutan sørover mot England og Europa om vinteren. I år har det vore få att pga kuldeperioden i haust. Men somme blir igjen. Spesielt eldre hannar (som du kjenner best på orange nebb). Men eg tenkte egentleg ikkje meir på det.

Men det gjekk ikkje meir enn halvminuttet før "svarttrasta" kom igjen - svirrande...Svirrande? For i svarte .... det var jo pina deg ei flaggermus!! Ei flagermus...Ei flaggermus? Her låg 10 cm med tørr nysnø og temperaturen var vel rett under null! Eg skjønte ingen ting. Noko med det første eg lærte meg om flaggermus var at dei gjekk i dvale om vinteren og levde av innsekt! Men i helsike det var jo ikkje årstid for innsekt heller!? Høgst merkverdig....

Det svirra sensasjonsoverskrifter og tusentips i Firda i hovudet mitt, for dette hadde eg aldri høyrt om før...og så gjekk eg på hjortane som eg skreiv om hin dagen! For eit liv! Den eine naturopplevinga etter den andre...

Det første eg gjorde etter at eg kom heim var å google flaggermus. Eg las side opp og side ned, men eg fann ingen ting om kaldblodige flaggermus. Nei, dei hadde ein kroppstemperatur på 40 grader og gjekk i dvale og senka temperaturen til 0 om vinteren. Eg maila difor til ei adresse tirsdag som eg ikkje fekk svar frå. Så sende eg same mailen onsdag til Norsk Zoologisk Forenings Flaggermusgruppe og lurte på korleis i himmelens navn dette hang i hop. Kor vanleg var dette? Klimaendringar? Og svar låg i mailboksen min då eg kom heim frå jobb i går...

Det var ei spennande sak. Det var uvanleg, men i sjeldne tilfelle hende det at flaggermus vakna opp av dvalen og "tok seg ein tur ut", sjølvsagt med fare "for liv og helse"....I tillegg var dette ganske høgt over havet ved tregrensa....

Dei ville ha greie på UTM referanse (kart), temperatur, høgde over havet, skoggrense, storleik på flaggermusa etc. Så eg sende svar tilbake med utfyllande opplysningar i går. Det blir kjekt å sjå kva slags svar eg får igjen i dag.

Som vi veit ligg Rinda i Stongfjorden eit par hundre meter over havet. Og tregrensa går omlag her så langt ute ved kysten. Men i dei sørvende hellingane i fjellet vidare innover mot Stongfjorden, er det nærast ei sørboreal klimasone med varmekjære planter og tre. Her er bl.a mykje kristtorn. Som fruen sa til meg hin dagen vi kom ned igjen frå Skylefjellet og passerte Rinda: "Det e alltid omtrent som det e vår når vi kjem nedatt hit"....Det er egentleg eit treffande utsagn. Tek eg ikkje mykje feil er eg sikker på at eg finn snøklokker litt vekkgøymde allereie no, hvis eg leitar litt...

No i etterid har i grunn flaggermusa gitt meg assosiasjonar til mange ting. Det er jo sjeldan at eg treff på menneske her oppe i fjellet no. Mange som elles brukar fjellet ein del, ser visst ut til å ha gått i dvale dei òg vinterstid...:-) Var denne "oppvakna", hardføre, flaggermusa kan hende i grunn litt lik meg? Trassa mørket, veir og vind oppe i fjellet på denne tid...? Vel, det er i grunn godt at ikkje alle er like...anten det no er flaggermus eller ei...!

Ingen kommentarer: