onsdag 20. februar 2008

Mellom lågtrykka


Frå nedom Krækavatna mot Toreheia og Yndestadfjellet i dag. Mobilbilde med Sony Ericsson Ki 850.

Etter det store gjestebodet med ubedne gjestar, fann eg ut i stad at det berre var å gje f.. Det fekk bere eller briste. Anten vart eg kvitt svineriet eller så måtte eg få naudhjelp. Å sitte pal i stova utan å finne roen er det værste eg veit. Då må eg berre ut og helst opp på eit fjell. Utruleg for ein ro ein finn etter å ha klatra eit fjell...:-) På eit eller anna vis har eg fått utretta noko. Og sjølvsagt fått ei unik naturoppleving. Kroppen i seg sjølv treng jo sin daglege dose med naturleg narkotikum òg. Vel om ikkje dagleg, så iallefall regelmessig.

Eg tok ruta opp på fjelltrimposten som vanlege lesarar snart kjenner ut og inn, til det kjedsommelege? Vi fekk eit lite pusterom før eit nytt frontsystem kjem inn. Det der med "frontsystem" har eg aldri heilt forstått... Er det eit godt uttrykk på eit lågtrykk med kuling og regn? Ein kan jo få assosiasjonar til heilt andre ting av dette forkvakla ordet...

Du har sikkert forstått at det bles her oppe. I dag òg! Du får eit inntrykk av det på vegetasjonen på bilda. Den seier vel sitt. Alle andre stader enn her ute gror det fullstendig til. Frå Svartevatnet og opp er det ikkje eit tre. Og det ligg vel berre på eit par, tre hundre meter. Det er altfor veirhardt på fjellet her ved kysten.

Det som stadig facinerer meg ute ved havet, er skifte i lysforhold, skyer og veir. Staveneset er heilt fantastisk i så måte! Raske endringar på same turen, og frå dag til dag, gjer at eg aldri går lei av å ta bilder. Motiva har eg jo teke av mange gonger, men bilda er så forskjellige for det. Veldig kjekt.

Etter som dagane blir lenger får ein berre krysse fingrane og håpe på turveir som gjer det mogeleg å komme seg litt lenger av garde. Heldigvis er kondisjonen og formen sånn nokolunde på plass. Slik sett er eg klar.

Får òg håpe at "gjestane" mine er reiste for godt no. Det er meir enn nok med eitt besøk i året av dennne ubedne sorten..! Dessutan, eg er lei av gjesteprat...:-)
mobilbilder 200208

Ingen kommentarer: