søndag 10. februar 2008

Ein smak av fugl


Den blå timen på Osland morsdagen

Det var med ein viss optimisme eg reiv til sides gardinene på soverommet i 7-tida i dag tidleg. Det var nemleg lysare inne enn på lenge. Og veirmeldingane frå i går var jo oppløftande, iallefall frå ut på dagen. Men finveiret var allereie på plass det. Frå senga såg eg eit klårt omriss av Skålefjellet med lys, klar himmel over! Men, det var jo for tidleg å gå - så eg fekk vel roe meg litt. Det var jo morsdag òg....

Ved frukostbordet såg vi seglbåten til Arilden på veg ut fjorden. Han hadde vel tenkt seg ein tur ut i Heggøyna. Fjorden låg jo spegelblank. Kjende eg han rett hadde han nok fått med seg veirmeldingane han òg.

Eg hadde egentleg bestemt meg kvelden før for å gå på Skålefjellet. Det var jo ein månad sidan eg hadde vore opp! Anten hadde det vore for mykje snø eller så hadde veiret vore elendig. Ein kikk frå stova avgjorde det definitivt. Det låg ein del snø oppe, men kva konsistens den hadde fekk eg berre sjå...

Eg kom meg avgarde i 9-tida og køyrde opp på Osland. Tok vestover opp på Nipane. Det vart litt bakse oppover første stykket, då eg prøvde å unngå snøen. Den var pill roten... Så eg hadde meg ein liten kamp med einer og småbjørk og skremde opp ei kattugle frå morgonsøvnen, før eg kom meg litt høgare opp i lendet og forholda kom seg.

Og så fekk eg morgonsola. Først nokre vare, dirrande gullstrålar gjennom skaret mellom Vardenova og Røyrbotnholten. Så låg heile Nipane bada i optimismens teikn. Det var som om blodet spruta i årane av vilje og lyst til å komme seg opp. Opp! For ein morgon! For ein dag det kom til å bli! Sola er så livgjevande, ein slik psykisk stimulans...

Det vart skikkeleg varmt. Eg måtte pakke ned fjelljakka og gjekk i berre ull Devold trøye på overkroppen. Var våren verkeleg komen? Så tidleg i februar? Det var egentleg med blanda kjensler eg funderte litt på dette...

Ranane på Nipane var stort sett frie for snø, men eg måtte over på nordsida mange plasser for å komme utover. Her hadde snøen samle seg i rikt monn. Og eg gjekk gjennom meir eller mindre heile vegen utover. Utruleg kor mildt det hadde vore i fjellet siste dagane.

Eg kom meg omsider ut i skaret rett aust om Skålefjellet etter å ha traversert heile nordsida av siste Nipa ut. Her låg det veldig mykje snø. Det var nesten så eg ikkje kjende meg igjen. Eg var sikker på at nordhellinga var isete (då er det litt spanande), men til og med her trakka eg gjennom øverste laget med snø. Sjølve skaret var nesten dobbelt så bratt som vanleg på toppen. All snøen frå sør hadde blese gjennom skaret og lagt seg på nordsida i tjukke lag. Men eg fekk feste for skorna også her. Eg var sikker på at eg fekk bruk for isbroddane - iallefall på nordsida, men dei fekk ligge urørde i sekken. Ganske utruleg så høgt oppe her ved kysten...

På sørsida av skaret fekk eg att sola. Sjekk bilder! Sjølv om klokka sikkert ikkje var meir enn godt 10 på morgonen, varma ho godt i bakkane. Og det var blikkstilt. Fantastisk. Det som ikkje var så bra, var at eg gjekk gjennom snøen for kvart steg utover og til og med siste stigninga opp!! Eg måtte ha meg eit minutt og ein slurk saft i siste bakken for å få igjen pusten...:-)

Oppe ved varden kl 11 var det berre rein idyll. Flott utsikt, klart og fint! Ikkje eit vindpust. Eg sat faktisk berre i undertrøya ei stund og utan noko på hovudet. Eg tok og skifta sokkar (skorna var endå ikkje tørre i dag tidleg etter rotbløyta fredagskvelden. Og dagen før måtte eg bruke dei gamle Lowa-skorna)... Det slo meg brått der eg sat og kikka ned på den morgonstille bygda, kor mange gonger eg hadde vore heilt gjennomfrosen her tidlegare i vinter. Og endå var det berre 10 februar. Dette rima liksom ikkje heilt. Eg kunne tenne ei fyrstikke, og sola varma...

Utgangspunktet mitt for dagen var å ta over Svarthamrane og vestover Fanafjellet og til Størdalsstauren. Det er ein flott tur! Men eg ombestemte meg der oppe. Snøen var altfor tung å gå i. Når den var blaut her oppe, var han heilt sikkert det resten av vegen utover òg. Søren! Eg hadde jo smurt mat for ein lenger tur, men det var ikkje noko å gjere med...

Eg valde difor å gå ned dalen på sørsida av Nipane mot Botnastølsvatnet og følgje vatnet inn på Botnastølen og ned igjen på Osland. Det viste seg ganske raskt at dette var eit feil valg. For hadde eg baksa litt med snøen på nordsida, var det berre bagatellar mot det eg måtte gjennom ned dalen. Snøen var heilt ròten! Vårblaut! Og den var djup! Eg gjekk gjennom til over knea nesten heile vegen ned. Det var jo like slitsomt å gå ned som opp... Og fleire plassar seig eg gjennom til langt opp på magen. Eit par plassar lurte eg på om eg kom meg opp av snøholene eg hadde ramla ned i i det heile teke. Og ein gong gjekk eg gjennom og landa tungt med kneet på ein stein! Smerten reiv oppetter heile foten. Heldigvis gjekk det fort over. Eg trudde ikkje eg skulle komme til å banne ein slik nydeleg dag...

Klokka var ikkje meir enn 13, så på veg heim i bilen frå Osland, bestemte eg meg for å ta opp på Skylefjellet i "same slengen"... Olaug var visst allereie der oppe og Peter var på besøk. Eg skifta difor bukse og sko og gjekk igjen. Men eg var ikkje komen lenger enn opp på bøen til Hans;en, då fruen kom ned igjen med Magni og Sissel. Og veit du kva? Ho nekta meg å gå! Måtte ikkje komme å beklage meg for knea og greie.... Helsike...! Eg var inne på tanken å seie kor flott det var med ungkarstilværelsen i si tid.... Men tagde klokeleg ....:-) Det var noko med den morsdagen òg då...:-)

Søndagen i dag var berre fantastisk flott. Med ei sol som varma snøbakkane som om det var april! Snøsmelting, sildrande vårbekkar og store elvar. Og heilt vindstille. Eg kunne ikkje ha bede om ein flottare søndag i kveldsbøna eingong... 10. februar? Det var ikkje til å tru! Men det var dei der trugane eg ikkje hadde då...!


Skålefjellet 100208

Ingen kommentarer: