Facebook

onsdag 27. februar 2008

Von i vest




Mobilbilder frå trimposten på Skylefjellet i kveld.

tirsdag 26. februar 2008

Kommunestyrevedtak om kraftlinja


Biletet syner Vardenova (Vardeheia) t.v og Røybotnholten i midten bak (teke 31.05.2006 frå Indrevågefjellet)

Kommunestyret i Askvoll vedtok seint i går kveld samrøystes kompromissalternativet mitt for trassè til kraftlinja frå Markavatnet til Ringstad. Venstre fremme i første omgang forslag om trassè gjennom Fossedalen, men vart nedstemt.

Alternativet mitt sette eg fram på det første folkemøtet i Holmedal i juni. Det går ut på å føre kraftlinja vestover frå Markavatnet, gjennom Norddalen, og sørover til Rivedal, ved å gå vest om Vardenova og opp skaret aust om Røyrbotnholten. Vedlagde bilde over viser Norddalen som kjem ut i venstre kant, og Vardenova t.v og Røyrbotnholten midt i biletet. Linja kjem då ut frå venstre, og går sør ca ved dei to snøflekkane midt i biletet (opp skaret mellom Botnastølsvatnet og Svelivatnet, begge regulerte og i austre kant over desse, og opp skaret aust om Røyrbotnholten). Kanskje er det håp om å få lagt linja lenger bort i fjellet og mindre over vatna?


Linja kryssar DNT-løypa til Nipebu sør ved Røyrbotnholten, og går så over på Rivedalssida, og held fram sør om Smørskornova. Deretter vestover sør for Bakkefjellet, rett nord om Holmedal, kryssar riksvegen på austsida av Hellesetmyrane og held fram på sørsida av Hellesetvatnet til stasjonen på Ringstad. (Dette er A4&A6 alternativet på kartet, sjå vedlagde link frå konsesjonssøknaden).

Det er som før opp til NVE å ta ei endeleg avgjerd om trassè. Og så er det OED v/statsråd Haga som avgjer om linja kjem i det heile teke. Blir det bestemt at elektrifiseringa av Gjøa går ut frå Mongstad og ikkje Lutelandet, er vel 132 kv linja heilt i det blå...

No har både StatoilHydro og NVE gått inn for Mongstad som forsyningsstad av straumen til Gjøa, medan Stortinget har bestemt at Lutelandet skal levere denne, dersom det er teknisk mogeleg og miljømessig forsvarleg. Som vi ser om dagen er StatoilHydro svært steile i denne saka, og meiner innsigelsane frå Sogn og Fjordane viser inkompetansen som rår på slike utbyggjingar. Det blir spanande å sjå kva Haga går for om ikkje så lenge. Kjem linja blir Fossedalen linjefri om ei stund....

Eg meiner iallefall at det har vore vist god vilje, og ei ansvarleg haldning frå oss som er glade i naturen, for å få til ein brukande trassè for linja. Vi har kome med fleire konstruktive innspel... Det har ikkje stått på oss! Det er viktig å få fram tykkjer eg! Linja kunne lett vorte trenert ut i hutti heita, med den fylgje at Lutelandet aldri hadde vorte leveringsdyktige til oppstarten av Gjøa i 2010... Eg tykkjer òg SFE har vore lydhøre og mottakelege for innspel. Det gjev von for framtida....



Linja passerer skaret ved Vardenova der sola kjem fram frå sør (bilete teke 01.01.2006 frå øvst i Svedalen)


Vardenova og Røyrbotnholten i midten (eitt av favorittbileta mine er teke 01.01.2006 kl 12.00 frå Hekkelfjellet.)

DEL 2.

Hadde meg ein slapsetur opp på fjelltrimposten i kveld. Det var kome litt snø med regn opp igjen i saligheita. Lenger nede var det snøfritt, men med elvar i stien, dyvått i marka og myrane, vart det ei våt og blaut affære! Kuling og lett regn i lufta på toppen. Traff forresten Dag Tore på returen ved Mangevatna.

Ved å gå direkte etter at eg kjem heim, når eg no opp og ned utan å nytte hovudlykt. Lyset er veldig avhengig av kor tungt det er i veiret.

Godt med frisk luft:-) Herleg å få sveitte litt...:-)
Er det lov å håpe på blå himmel snart...?

mandag 25. februar 2008

Villmarksliv e` fali` det


Eg kom over eit artig blogginnlegg som gjev grunn til ettertanke. Det var egentleg så bra at eg legg ut linken.




Etter å ha sett igjen desse bilda, er det berre å stemme i:

Bedre og bedre dag for dag,
bedre og bedre dag for dag,
du skal more deg å smile ,
selv om andre syns du burde
fortvile,
Selv …………………..HEI !
Om …………………….HEI !
stillingen er svak så syng med
velbehag : aaaaaaa , det går
bedre og bedre dag for dag!

søndag 24. februar 2008

Sosialisering og musikk


Mobilbilde av rufsete forhold ved Mangevatna i dag tidleg

På veg ned igjen frå posten på Skylefjellet i dag tidleg slo det meg at jammen skulle eg høyre Emerson, Lake and Palmer eg kom heim igjen. Ein av favorittane mine frå dei gyldne 70-åra. Når eg skriv gyldne så er det fordi det ikkje har vore laga betre musikk verken før eller seinare. Sjølvsagt! Dette var jo ungdomstida med stor U. Flower Power og englestøv! Toppløse damer og miniskjørt. Opprør mot the Establishment og Vietnamkrig. Ting vart liksom aldri det same etter 70-åra. Ein nedtur på mange måter. Alt var utprøvd. Men musikken består. Det merkelege er at både ungane mine og no barnebarna vil høyre på 70-tals musikk. Det må jo vere noko med den då!? Eller får dei den berre inn med morsmelka....? Morsmelka var vel ikkje heilt korrekt, men frå farssida då...:-)

Olaug reiste til Førde for å hente Marie som kom med bussen frå Bergen. Ho og søskenbarnet har vore og besøkt besteforeldra i Spania. Dei er på Solkysten snart halve året no. Så eg visste eg var heime ei stund åleine då eg kom nedatt bakkane. Det blir helst til at eg skrur opp volumknappen og nyt musikkken ekstra når eg er åleine. Elles har eg sjølvsagt stor glede av pendlartida mi som er full av musikk. Noko fornuftig må ein jo nytte dødtida til. Det er flott å vere musikkinteressert og pendlar...:-)

Det blir ekstra middag i dag. Vi tømte jo flyttelasset til Håvard og Miriam som kom frå Oslo på fredag. Dei er flytte bort i Størdal. Dei kjem hit til middagen. Når Marie òg kjem blir vi ein heil gjeng.

Far min har dag i dag. Peter og eg tek oss difor ein tur til Dale i sia for å helse på nokre timar. Reknar med resten av familien òg kjem, så då blir det full rulle.

Det er eit godt grunnlag for dagen å ha fått med seg ein god tur på fjellet. Sjølv om det var både skodde, regn og kuling og ja, du tippa rett, VIND, i rikeleg monn. I dag tok eg med meg googlesane mine (skateboard-briller). Dei er utruleg gode mot hagl, snødrev og vind. I tillegg hadde eg ei ekstra fleecejakke under. Det gjorde underverk på kulden frå vinden. Fin trim og klar for sosialisering..etter ELP!



For andre gong i vinter har refleksstanga på toppen brote tvers av i den ekstreme vinden

lørdag 23. februar 2008

Morgonfuglen


Mobilknips av fin morgonstund ved Svartevatnet i dag.

Etter å ha sjekka veir og vind i 0630 tida, og registrert at det var både opplett og stilt, tok eg oppover vel klokka 0730. Eg ville så gjerne komme meg opp på posten ein tur før det truleg braka laust med eit nytt lågtrykk. Så eg fekk meg ei veldig fin morgonstund oppover då det lysna av dag.

Orren oppe i lia har vel vorte så van med trakk at han ikkje har brydd seg særleg i det siste. Men i dag kom eg truleg så tidleg og stilt på han at han vart skræmd. For vi kvapp begge, og opp baksa han gjennom nokre greiner. Brått slo det meg at bråket frå orren minnte meg om lyden av eit helikopter. Ja, akkurat første lyden du høyrer når det kjem fort på deg over ein bakketopp. Som vi veit er orrfuglen stasjonær, og held seg i same området heile året. Så det er heilt sikkert same hannfuglen eg stadig støter på. Kjekk naturoppleving dette.

Turen elles gjekk heilt fint. Eg fekk på meg ei god haglbyge oppe ved toppen. Det var som nåler å få haglet i fjeset! Men det gav seg fort. Det låg ein del skodde som kom og gjekk oppe, og 1/2 cm nysnø. Ikkje rare vinteren. Men kaldt nok var det i trekken, lettkledd som eg var, og som eg brukar å gå, så det var berre å komme seg ned igjen i lende.

Returen gjekk heilt fint i det stadig gryande lyset. Nesten heime i ti-tida på føremiddagen, var det antydning til sol. Nydeleg start på ein lørdag...:-) Kjekt å komme heim frå fjellet når andre står opp...:-)


mobilbilder 230208

torsdag 21. februar 2008

Silregn og frisk vind



Vinterferie ja... Kuling og regn og pass av tre katar i 7-9 årsalderen. Tarald, syskenebarnet til Peter, kom på overnattingsbesøk frå Flekke. I tillegg kom Sander som er på ferie frå Bergen. Gutane var egentleg veldig greie å ha med å gjere. Som regel brukar det å gå betre med to eller tre, men i dag var det visst eit hederleg unntak i så måte. Med playstation og dvd og eit berg med lego og bilar, har dei visst hatt det veldig kjekt innomhus - i timesvis. 1/2 kg smågodt, brus og chips var vel heller ikkje å forakte ein slik uveirsdag:-) Litt populær kan ein jo gjere seg sjølv;-)

Det var aldri aktuelt å ta opp i fjellet i ettermiddag. Vinden hamrar inn i Yndestadfjellet frå sør med skodde og silregn. Elvane går over alle breidder. Eg veit korleis det kjennest ut der oppe no.

Eg tok meg likevel ein liten luftetur på Staveneset for vitet sin del, etter at fruen kom frå arbeid. Knipsa nokre bilder som berre fortel litt. Så stor sjøgang var det ikkje, men det bles ein god kuling frå sørvest. Nokre alvorlege regnbyger piska mann og land. Godt iblanda ramsalt havluft var det ei herleg oppleving! Men OBS hvis du tek turen sjølv, pass på dei blankskurde, glatte svaberga - og større bølgjer i blant! Det er fort gjort å skli ned i dei frådande vassmassane.

I skrivande stund har vinden snudd meir vestleg og tek dessto meir inn Stongfjorden. Det røskar godt i tak og vegger, og huset ristar av og til som av lette jordskjelv. Det er egentleg koseleg og romantisk å tenne stearinlys i slike stunder. Peiselden er heller ikkje å forakte. Litt veir er kjekt å ha det...:)


kuling og regn 210208

onsdag 20. februar 2008

Mellom lågtrykka


Frå nedom Krækavatna mot Toreheia og Yndestadfjellet i dag. Mobilbilde med Sony Ericsson Ki 850.

Etter det store gjestebodet med ubedne gjestar, fann eg ut i stad at det berre var å gje f.. Det fekk bere eller briste. Anten vart eg kvitt svineriet eller så måtte eg få naudhjelp. Å sitte pal i stova utan å finne roen er det værste eg veit. Då må eg berre ut og helst opp på eit fjell. Utruleg for ein ro ein finn etter å ha klatra eit fjell...:-) På eit eller anna vis har eg fått utretta noko. Og sjølvsagt fått ei unik naturoppleving. Kroppen i seg sjølv treng jo sin daglege dose med naturleg narkotikum òg. Vel om ikkje dagleg, så iallefall regelmessig.

Eg tok ruta opp på fjelltrimposten som vanlege lesarar snart kjenner ut og inn, til det kjedsommelege? Vi fekk eit lite pusterom før eit nytt frontsystem kjem inn. Det der med "frontsystem" har eg aldri heilt forstått... Er det eit godt uttrykk på eit lågtrykk med kuling og regn? Ein kan jo få assosiasjonar til heilt andre ting av dette forkvakla ordet...

Du har sikkert forstått at det bles her oppe. I dag òg! Du får eit inntrykk av det på vegetasjonen på bilda. Den seier vel sitt. Alle andre stader enn her ute gror det fullstendig til. Frå Svartevatnet og opp er det ikkje eit tre. Og det ligg vel berre på eit par, tre hundre meter. Det er altfor veirhardt på fjellet her ved kysten.

Det som stadig facinerer meg ute ved havet, er skifte i lysforhold, skyer og veir. Staveneset er heilt fantastisk i så måte! Raske endringar på same turen, og frå dag til dag, gjer at eg aldri går lei av å ta bilder. Motiva har eg jo teke av mange gonger, men bilda er så forskjellige for det. Veldig kjekt.

Etter som dagane blir lenger får ein berre krysse fingrane og håpe på turveir som gjer det mogeleg å komme seg litt lenger av garde. Heldigvis er kondisjonen og formen sånn nokolunde på plass. Slik sett er eg klar.

Får òg håpe at "gjestane" mine er reiste for godt no. Det er meir enn nok med eitt besøk i året av dennne ubedne sorten..! Dessutan, eg er lei av gjesteprat...:-)
mobilbilder 200208

tirsdag 19. februar 2008

Ubedne gjestar


Med utsikt frå Portafjellet mot Stongfjorden i skjul bak ein stein for vinden

Eg måtte diverre overgje meg i gjestane sin vald. Dei ville ikkje på dør so med ein gong. Eg har difor vandra mellom senga og sofaen i tre dagar, hosta, kremta og bræka, og prøvd å fått dei ut.. Dei har kome strøymande opp i alle slags slimete fasongar med lettare islett av brun- og gulfarge. Gjestar som slett ikkje høyrer heime nede i dei to midterste romma. Reine vårløysinga. Og eg som skulle ha to dagar ferie no...

No er visst ikkje vinterveiret, eller vårveiret, mykje å skryte av heller. Skodda heng heilt ned i ein blikkstille fjord, og det yrar jamt og trutt! Temperaturen er visst nesten tosiffra. Kvar vart skiføret av? Og eg som kjøpte nye fjellski i fjor... Nei, no har eg mest lyst å prøve pilkestonga på vårtorsken nedom huset. Men først må eg jage gjestane...ut...UT....UT!

Ser i avisa i dag at det er nokon som har fått merka vinden i fjellet. Hytta har visst stått lenge i fred.. Ja, det er det eg har sagt. Så ekstremt som det har blese i høgda i det siste har eg aldri opplevd før. Du skal ikkje mange hundre meterane opp før forholda er totalt annleis enn nede ved fjorden. Lasse V. si hytte vart jo teken av vinden her oppe òg for nokre år sidan...

Dei gjorde visst same erfaringa "ekspertane" som såg på og målte veir- og vindforholda i fjella på sørsida av fjorden i høve eventuell trassè for kraftlinja der. Du kan lese om det i konsesjonssøknaden for linja. Dei måtte visst opp i slike dimmensjonar på stolpane at det ikkje var rekningssvarande å ta denne vegen. For ikkje å snakke om isinga linjene måtte tåle.. (Dei kunne jo spurt meg...:-))

Når eg såg på den trapsa vindturbinen i Finnmark hin dagen tenkte eg med ein gong mitt.. Dei fleste veit vel kva eg meiner om den styggedommen her ute på kysten. (Først tok dei alle elvane og vatna og demde opp - no skal dei rasere kysten i tillegg)! Dei skal jammen få køyrt seg vindturbinane i framtida hvis dette ekstremveiret tiltek. Ekspertane seier jo at vi berre har fått oppleve forsmaken på kva framtida vil bringe. Ein kan jo bli sjukare av mindre..!

søndag 17. februar 2008

Sportssøndag


Frå tunet heime mot Yndestadfjellet i dag tidleg

Vel, du hugsar sikkert den hostande gjesten min. Av ein eller annan grunn tykte han visst han skulle slå seg til ro i min ringe bolig. Og som hurtig husvarm tok han seg visst til rette over halsekragen og inviterte resten av slekta òg. Så no er alle rom i huset mitt innvadert av ubudne gjestar. Dei kjennest egentleg ut som maur som kravlar over alt, irriterande, søkande, skjønt i silke-boxeren, opphavet til elendet, er det visst fri-sone...

No kunne det jo sjøvsagt ikkje passa betre med ein dag i sofaen med fjernkontroll`n og ta seg av gjestane enn denne søndagen. For maken til elende når det gjeld veiret, kan jo skremme det meste ned frå fjellet. Trur vel neppe det er noko levande der oppe som ikkje held seg i skjul ein slik dag. Vind, regn og skodde så det held. Ikkje berre namteda som faderen brukte, men ofseleg som bestemor mi sa....!

Men søndagen er lang endå, så kven veit? Eit pitte lite veirvindauge på eit par timar er nok for meg - i dag. Men så er det dei hersens gjestane då. Dei bryr seg visst lite om at dei ikkje er velkomne....

heime 1702

lørdag 16. februar 2008

Stikkande snønåler


Vind, snødrev og skodde på fjellet i dag tidleg

Sidan det var meldt verre veir utover dagen og i morgon, tok eg turen opp på posten på Skylefjellet i dag tidleg. Eg var jo forsåvidt nett nedkommen...:-) Men må ein, så må ein...:-)

Det var ganske tøft oppe ved toppen med sterk vind, piskande snødrev og litt skodde. Dei små snøkorna svei som nåler i fjeset. På veg ned igjen fekk eg heile stasen midt i fleisen. Stakk som berre f..!

Eg fekk knipsa nokre bilder med mobilen før eg sprang heim igjen. I værste drevet og vinden torde eg ikkje ta mobilen fram, fordi eg var redd væta på den ømtålelege elektronikken...


mms 1602

fredag 15. februar 2008

Fjernkontroll;n og Fantomet


Knut Ole si hyttte ved Botnastølsvatnet forrige lørdag. Nipa t.h.

Eg er litt usikker på om det var silke-boxeren som gjorde utslaget på tirsdag, eller noko anna som skapte meg så tilgjengeleg, men eg fekk iallefall ein god gammal gjest på besøk. Nå har vel kanskje ikkje gjesten noko med boxeren å gjere... Men kven veit? Bjørn Borg i utsøkt silke veit du... Den røykjehostande gjesten har vel ikkje vore i den...?!

No har eg ei fru i huset som fekk besøk av ein annan gjest førre helg. Kan hende var det noko fin silke med i bildet då? Nei, det veit eg ikkje.... kan ikkje spekulere i slikt. Eg må vel innrømme at eg ikkje har nokon utøvande, dagleg kontroll i dei baner heller... Har anna å bruke tida på. Bankfunksjonærar har jo nok å passe på i ein stressa kvardag...

Det female innslaget i huset er sjølvsagt tilknytt eit kvinneleg nettverk, slik som mange andre likesinna. Det er visst veldig in om dagen høyrde eg i nyheitene. Av og til lurer eg på om dei på denne måten får bekrefta seg sjølv gjennom andre? Men dette er ikkje noko eg forstår meg på likevel.. Det blir endå meir spekulasjonar. Men Fruen er iallefall røynd med all slags gjestar, klubb-slabberas og det eine og det andre. Det neste er visst Praha-tur med nettverket. Det værste er likevel at dei driv å kler seg nakne, ute, ja du høyrde rett, og no på denne tid, inne i fjæra, og legg på sym ut den islagde fjorden. Hin dagen var det visst 1 - ei - grad i sjøen! Er jo ikkje det minste rart at dei får besøk av nysgjerrige gjestar, både av det eine og det andre slaget! Om kveldane, i mørket der inne i fjæresteinane, eller endå verre ute i svarte, kalde fjorden, kan det jo dukke opp kva som helst, ja, med horn på hovudet òg meiner eg! Må jo seie at eg er mykje meir skeptisk til dette kvinnelege nettverket og nettverksbyggjinga der inne i fjæra, enn å springe åleine i mørket på fjellet om kvelden. Eg meiner, då har du jo ikkje andre enn deg sjølv å stole på, og det er no det tryggaste tykkjer eg. Iallefall må det vere mindre sjansar for å måtte dra med seg heim uønska gjestar, som måtte dukke opp undervegs, enn inne frå fjæra i Stongfjorden vinterstid...

Nei, no pratar eg meg visst heilt vekk. Vel - no har nok verken frua eller denne gjesten hennar noko med Bjørn Borg silke-boxeren min å gjere...Skjønt frua... Men iallefall, eg trur det er ho som må ta ansvaret for alle desse hersens gjestane....

Kva skal eg så servere dette selskapet for å få dei fortas mogeleg ut av huset igjen? Ja, så eg kan ta til med meir fornuftige ting enn denne drøvtygginga om eitt og hitt... (Her er jo nokre fjelltrimpostar som skulle vore tekne)! Nokre påstår Cognac hjelper. Mi erfaring er annleis. Då gror gjestane nærast fast. I værste fall sovnar dei. Og eg må ha tak i eksperthjelp for å få dei ut av huset igjen...

Til vanleg, og iallefall på litt lenger turar, brukar eg ullboxer og ikkje Bjørn Borg silke - same kor fin den elles er. Og same kor effektiv den kan vere i andre samanhengar og gjestebod. Men når eg spring på fjellet etter arbeid, har eg ikkje "tid" til slike ekstravagansar som å skifte ut silketrusa.

Trudde kanskje eg skulle fått reinska opp og hive gjestane på dør etter turen i går kveld, men det gjekk vel snarare hin vegen... Dei sat like godt då eg kom igjen. Og dei sit endå! Endå meir fast! Naturlegvis vil vel kloke folk seie. Men heldigvis har ikkje gjesten min funne fram til dei innerste gemakker - over skjortekanten endå, men har slått seg til ro i daglegstova lenger nede - altså ikkje i rommet heilt nede...:-)

Men spørsmålet i kveld blir, det er fredag og greier, kva gjer eg for å bli kvitt desse gjestane - iallefall min då? Skal eg ta på ullboxeren, springe opp på posten og sjå om dei er vekke når eg kjem heim? Eller skal eg servere varm kakao, spele litt uinteressert, leike meg med fjernkontroll;n og ta fram Fantomet å bla litt i. Ja, bli litt kjedeleg og lest som ingen ting...? Eg får sjå det litt an...


Seinare:

Det vart visst til at Olaug tok seg av gjesten sin. Og som sagt: Ho er flinkare til slikt enn eg. Sosial som ho er. Eg gav pokker i min og heile det uønskte gjestebodet, og strauk opp på posten på Skylefjellet. Traff Dag Tore som i går kveld, og sprang heim igjen. Gutta Boys er visst i stimen no...:-) Eg verken såg eller kjende noko til den røykjehostande gjesten min då eg kom heim igjen. Men no er han vel husvarm, så då er det jo ikkje godt å vite om han dukkar opp igjen i morgon òg... Det er sytten til greie ein skal bli plaga med...



bilde med mobilen i kveld ved Svartevatnet

bilde med mobilen i kveld ved Mangevatna

torsdag 14. februar 2008

Optimismens varme


Utsikt ut fjorden frå Rinda i kveld

Ypparleg kveldstur opp på posten ilag med fruen. Fin solnedgong, stilt og idyllisk. Dag Tore tok oss igjen ovanfor Rinda. Han gjekk med Olaug opp på posten. Fotografen gjekk sine eigne vegar, og tok den tida han trong, men passa på å få namnet i boka han òg....:-)
Vi nådde opp og ned medan det endå var lyst.


Skylefjellet 140208

onsdag 13. februar 2008

Lengselen etter kakao og brunostskive


Opplevinga av tre årstider på ein gong lørdag

Litt småyr og noko lett skodde var det på turen opp på Skylefjellet i kveld. Det bles godt oppe på toppen. Med kun ei Devold ulltrøye under den tynne, vind- og vasstette Arcteryx-jakka, vart opphaldet på toppen av raskast mogeleg lengde. Slike kveldar held det akkurat med å få fram boksen med boka frå varden, pakke den ut, sikre plastposane så dei ikkje flyg sin veg, få namnet i boka med dato, tidspunkt og antal gonger, pakke stasen ned igjen, og så komme seg der i frå. Ned bakkane og i livd med valne fingrar...! I mørket er det heller ikkje råd å ta bilde, sjølv om det no snart ser ut til å endre seg. Lyset i 18 tida varierer veldig med kor lett det er i veret. I kveld var det nesten heilt mørkt igjen! Og ned att måtte hovudlykta tennast.

Det går egentleg fort og greitt opp på posten no. Herleg å "gje på" heile vegen opp. Kjenne at eg har meir å gå på! Heim igjen som jerven, luntande, då held eg lengst.:-)) No får vi berre håpe på fine helgar framover så ein kan komme seg litt lenger avgarde. Med pakka sekk, solbriller, kakao og brunostskive. Og gjerne på ski. For så store utfordringa er det ikkje opp på posten på Skylefjellet lenger - verken dag eller natt. Men god trim etter jobb er det iallefall!

mandag 11. februar 2008

Det minner om vår


Årets første mobilbilde frå Skylefjellet etter jobb! Klokka er 17.50.

Veldig fin tur på fjelltrimposten her oppe i kveld. Eg sprang med det same eg kom heim etter jobb. Middagen var eit knekkebrød! Sola gjekk akkurat ned då eg kom opp til Rinda tett før 17.30. Det var nydeleg kveldsstemning og flotte fargar ute i havet. Bakkane var rosafarga i lèten. Fin temperatur med eit sør-aust drag i lufta gjorde meg både yr og lett til sinns... Og litt vårkåt?

All snøen var vekke, men det var ganske vått i bakken mange stadar. Det bles litt på toppen. Men det var peanuts i forhold til kva eg har opplevd før...:-) Såg i boka at det hadde vore opp ein del folk i går, naturleg nok, med det flotte vårveiret. Slike dagar styrer eg stort sett til litt andre toppar - blir så travelt å snakke med "hund og hare"...:-)

Det fine med nordsida av Stongfjorden er at snøen fær veldig fort. Trur det må vere havlufta som spelar inn. Så fort som snøen forsvann hi natta var heilt uverkeleg!
Dette er difor eit herleg område for familieturar heile året gjennom. No på denne tid slepp ein styr med ski og skismørning, kalde barneføter og sutrete ungar. Det har sine fordeler med å sleppe snøen òg. Så kan ein sjølvsagt stille spørsmålet korleis det går med skiferdigheitene til ungane... Vel, snøen ser visst ut til å bli ein saga blott likevel i framtida...

I kveld kom eg meg heilt ned igjen på Rinda utan lys, men brukte lykta derifrå og heim. Kunne nok klart meg heile vegen ned, men det var mest behageleg å sjå stien skikkeleg med lys. Refleksstikkene mine trur eg at eg plukkar ned til påske. Men ser ikkje vekk frå at nokon framleis vil ha dei ståande...dei viser jo godt vegen når det er lyst og skodde òg....:-)

Vi får krysse fingrane for at det nydelege vårveiret held fram ei stund til...

mobilbilder på Skylefjellet 110208

søndag 10. februar 2008

Ein smak av fugl


Den blå timen på Osland morsdagen

Det var med ein viss optimisme eg reiv til sides gardinene på soverommet i 7-tida i dag tidleg. Det var nemleg lysare inne enn på lenge. Og veirmeldingane frå i går var jo oppløftande, iallefall frå ut på dagen. Men finveiret var allereie på plass det. Frå senga såg eg eit klårt omriss av Skålefjellet med lys, klar himmel over! Men, det var jo for tidleg å gå - så eg fekk vel roe meg litt. Det var jo morsdag òg....

Ved frukostbordet såg vi seglbåten til Arilden på veg ut fjorden. Han hadde vel tenkt seg ein tur ut i Heggøyna. Fjorden låg jo spegelblank. Kjende eg han rett hadde han nok fått med seg veirmeldingane han òg.

Eg hadde egentleg bestemt meg kvelden før for å gå på Skålefjellet. Det var jo ein månad sidan eg hadde vore opp! Anten hadde det vore for mykje snø eller så hadde veiret vore elendig. Ein kikk frå stova avgjorde det definitivt. Det låg ein del snø oppe, men kva konsistens den hadde fekk eg berre sjå...

Eg kom meg avgarde i 9-tida og køyrde opp på Osland. Tok vestover opp på Nipane. Det vart litt bakse oppover første stykket, då eg prøvde å unngå snøen. Den var pill roten... Så eg hadde meg ein liten kamp med einer og småbjørk og skremde opp ei kattugle frå morgonsøvnen, før eg kom meg litt høgare opp i lendet og forholda kom seg.

Og så fekk eg morgonsola. Først nokre vare, dirrande gullstrålar gjennom skaret mellom Vardenova og Røyrbotnholten. Så låg heile Nipane bada i optimismens teikn. Det var som om blodet spruta i årane av vilje og lyst til å komme seg opp. Opp! For ein morgon! For ein dag det kom til å bli! Sola er så livgjevande, ein slik psykisk stimulans...

Det vart skikkeleg varmt. Eg måtte pakke ned fjelljakka og gjekk i berre ull Devold trøye på overkroppen. Var våren verkeleg komen? Så tidleg i februar? Det var egentleg med blanda kjensler eg funderte litt på dette...

Ranane på Nipane var stort sett frie for snø, men eg måtte over på nordsida mange plasser for å komme utover. Her hadde snøen samle seg i rikt monn. Og eg gjekk gjennom meir eller mindre heile vegen utover. Utruleg kor mildt det hadde vore i fjellet siste dagane.

Eg kom meg omsider ut i skaret rett aust om Skålefjellet etter å ha traversert heile nordsida av siste Nipa ut. Her låg det veldig mykje snø. Det var nesten så eg ikkje kjende meg igjen. Eg var sikker på at nordhellinga var isete (då er det litt spanande), men til og med her trakka eg gjennom øverste laget med snø. Sjølve skaret var nesten dobbelt så bratt som vanleg på toppen. All snøen frå sør hadde blese gjennom skaret og lagt seg på nordsida i tjukke lag. Men eg fekk feste for skorna også her. Eg var sikker på at eg fekk bruk for isbroddane - iallefall på nordsida, men dei fekk ligge urørde i sekken. Ganske utruleg så høgt oppe her ved kysten...

På sørsida av skaret fekk eg att sola. Sjekk bilder! Sjølv om klokka sikkert ikkje var meir enn godt 10 på morgonen, varma ho godt i bakkane. Og det var blikkstilt. Fantastisk. Det som ikkje var så bra, var at eg gjekk gjennom snøen for kvart steg utover og til og med siste stigninga opp!! Eg måtte ha meg eit minutt og ein slurk saft i siste bakken for å få igjen pusten...:-)

Oppe ved varden kl 11 var det berre rein idyll. Flott utsikt, klart og fint! Ikkje eit vindpust. Eg sat faktisk berre i undertrøya ei stund og utan noko på hovudet. Eg tok og skifta sokkar (skorna var endå ikkje tørre i dag tidleg etter rotbløyta fredagskvelden. Og dagen før måtte eg bruke dei gamle Lowa-skorna)... Det slo meg brått der eg sat og kikka ned på den morgonstille bygda, kor mange gonger eg hadde vore heilt gjennomfrosen her tidlegare i vinter. Og endå var det berre 10 februar. Dette rima liksom ikkje heilt. Eg kunne tenne ei fyrstikke, og sola varma...

Utgangspunktet mitt for dagen var å ta over Svarthamrane og vestover Fanafjellet og til Størdalsstauren. Det er ein flott tur! Men eg ombestemte meg der oppe. Snøen var altfor tung å gå i. Når den var blaut her oppe, var han heilt sikkert det resten av vegen utover òg. Søren! Eg hadde jo smurt mat for ein lenger tur, men det var ikkje noko å gjere med...

Eg valde difor å gå ned dalen på sørsida av Nipane mot Botnastølsvatnet og følgje vatnet inn på Botnastølen og ned igjen på Osland. Det viste seg ganske raskt at dette var eit feil valg. For hadde eg baksa litt med snøen på nordsida, var det berre bagatellar mot det eg måtte gjennom ned dalen. Snøen var heilt ròten! Vårblaut! Og den var djup! Eg gjekk gjennom til over knea nesten heile vegen ned. Det var jo like slitsomt å gå ned som opp... Og fleire plassar seig eg gjennom til langt opp på magen. Eit par plassar lurte eg på om eg kom meg opp av snøholene eg hadde ramla ned i i det heile teke. Og ein gong gjekk eg gjennom og landa tungt med kneet på ein stein! Smerten reiv oppetter heile foten. Heldigvis gjekk det fort over. Eg trudde ikkje eg skulle komme til å banne ein slik nydeleg dag...

Klokka var ikkje meir enn 13, så på veg heim i bilen frå Osland, bestemte eg meg for å ta opp på Skylefjellet i "same slengen"... Olaug var visst allereie der oppe og Peter var på besøk. Eg skifta difor bukse og sko og gjekk igjen. Men eg var ikkje komen lenger enn opp på bøen til Hans;en, då fruen kom ned igjen med Magni og Sissel. Og veit du kva? Ho nekta meg å gå! Måtte ikkje komme å beklage meg for knea og greie.... Helsike...! Eg var inne på tanken å seie kor flott det var med ungkarstilværelsen i si tid.... Men tagde klokeleg ....:-) Det var noko med den morsdagen òg då...:-)

Søndagen i dag var berre fantastisk flott. Med ei sol som varma snøbakkane som om det var april! Snøsmelting, sildrande vårbekkar og store elvar. Og heilt vindstille. Eg kunne ikkje ha bede om ein flottare søndag i kveldsbøna eingong... 10. februar? Det var ikkje til å tru! Men det var dei der trugane eg ikkje hadde då...!


Skålefjellet 100208

lørdag 9. februar 2008

Snøsmelting i fjellet



Om kvelden på Skylefjellet i går hadde dramatiske islett, var dagen i dag nesten det motsette. Olaug reiste bort i Størdal, i huset som Håvard og Miriam skal leige, og mala seg ferdig på eit rom. Eg kom meg difor ikkje oppover før i 10.30 tida.

Eg slo av nokre ord med Liv og Atle Lien og Wilken oppe ved Rinda. Dei var òg på tur ut på Skylefjellet.

Oppe ved Mangevatna reagerte eg på at nesten all snøen var vekke. Plassar der eg hadde vassa djupt i snø kvelden før, var heilt bare i dag. Det var jo tydeleg på størrelsen på elvane at det hadde vore mykje snøsmelting i natt. Rindelva var stor. Det burde vore lagt over stokkar for ei klopp eller eitt eller anna her. Men spesielt elva som renn frå Krækavatnet, nord og ned mot Førdefjorden, var usedvanleg stor, sjekk bilde. Denne er lita til vanleg, men i dag hadde eg problem med å komme meg over. For etter at eg hadde vore ut på Skylefjellet, tok eg innatt nordsida på Krækavatnet og gjekk ranen opp på Toreheia. Det var såpass veir og greitt med lite snø, at det gjorde godt å få gå litt lenger enn berre ut på posten.


Eg hadde sett at det tjukna til litt ute i havet. Og ved varden på Toreheia fekk eg meg ein skvett. Men det var egentleg fort overstått. Eg tok deretter utatt kanten på Yndestadfjellet. Midt ute på fjellet stod eine elva rett oppatt på grunn av vinden som hamra inn i fjellsida. Artig! Eg prøvde å ta bilde, men det kom ikkje særleg godt fram...Eg kunne jo ikkje gå for nær dusjen med kameraet heller, sjølv om eg prøvde, men resultatet vart at linsa blei våt av sprayen...

Litt lenger ute kom òg regnbogen ein tur fram over Krækavatnet. Veiret skifta fort...

Eg tok heim Selda i staden for den vanlege vegen om Rinda. Dette er litt raskare når du kjem frå Yndestadfjellet. Her trengst det litt klipping av einer på toppen før du svingar innatt. Får ta med saksa neste gong, for Selda er veldig grei å gå anten du skal opp eller ned. Frå gamalt av var det jo denne vegen dei tok folket på Yndestad når dei melka eller skar torv. Og det er jo raskaste vegen om du skal på Toreheia.

Flott og grei tur. Det er alltid like kjekt å komme opp på Toreheia. Det er fin utsikt over bygda og ut fjorden på denne turen...


Skylefjellet-Toreheia-Selda 090208

fredag 8. februar 2008

Om å kysse ein einerkave


Sturle og Agnar på veg mot Nipebu. Sola stikk fram sør ved Driveknolten

Eg var klar over at det kunne bli tøft då eg gjekk oppover i 17 tida. Eg høyrde frå tunet heime at sønnavinden dundra inn i Yndestadfjellet der oppe. Men det var opplett - akkurat då...

Det gjekk egentleg veldig greitt til eg nådde opp på topplatået og tok vestover. Samtidig som siste rest av dagslys forsvann, og eg måtte tenne hovudlykta, begynte det å regne og blåse noko vanvittig. Det er heller ikkje skjul å finne her oppe... Eg har vorte van med litt av kvart seinare åra, men den vinden og det piskande regnet med sludd og hagl i som var der oppe i kveld, tek kaka. Eg måtte tvihalde i varden for ikkje å bli blesen bort etter hamrane...(Eg måtte jo få namnet i boka iallefall). Det var vanskeleg å puste. Å stå oppreist ved varden var komplett umogeleg. Eg var søren meg ikkje høg i hatten...det var heilt ekstremt! Verre enn nyttårsorkanen! Og regnet piska meg våt som ei katte på ein augneblink - i mørke natta langt til fjells og utan klesbyte. Det var ikkje til å tru....

Men eg kunne ikkje sitte bak varden der heller lenge. Det var ikkje mykje ly å finne der uansett - så gale var det! Og regnet piska ned...Første stykket bortetter hamrane brukte eg hendene for å halde meg fast i det som var. Litt lenger aust på det hallande platået, var det litt spakare på nordsida av dei nesten flate hamrane. Her klarte eg å halde meg nokolunde oppreist og kom meg ned der ein svingar aust og sør om Mangevatna. Her tok vinden litt mindre, men her fekk eg dessto meir av drevet i fjeset. Eg prøvde å skjule ansiktet, men eg måtte jo sjå òg, ja regn- og hagldrevet gjorde regelrett vondt.

Eg trudde eg var komen over det værste nede ved bakkane mot Svartevatnet. Men på stien rett ovanfor og aust for vatnet, kom det eit vindkast så eg regelrett vart blåst ut av stien, og hamna på hovudet i ein einerkave i bakken nedom stien! Eg vart liggjande nokre sekund og kjenne etter om kroppen var nokolunde intakt. Det svei litt i fjeset og rundt truten av eit hardt møte med stive einernåler. Eg må seie eg har stukke hovudet og truten bort i meir behagelege ting enn desse nålene. Men elles var fyren like heil! Og eg stabla meg på beina igjen, og kom meg oppatt på stien. Dette her var pinadø rein texas!

Nede ved kanten over Rinda, som er ganske eksponert for synnaveir òg, bles det noko eksepsjonelt igjen. Kanten rundt her går loddrett like i Rindelva 50 meter nedanfor. Kunne jo ikkje bli blåst overende her... Eg passa på å gå over svaet akkurat då det løya nokre sekund, og kom meg forbi og bort på stien på hi sida.

Det vart litt av ein tur! Nesten synd at ein opplever slikt heilt åleine. For det er egentleg vanskeleg å sette ord på forholda som var der oppe i kveld. Eg er faktisk litt glad for at eg kom meg ned igjen i heilinga - berre dyvåt til skinnet og sår rundt leppene.:-)

I skrivande stund held vinden framleis på å hamre inn i Yndestadfjellet. Det durar i heile huset. Fantastisk kor sterk vinden er på fjellet her ute..."Du tror det ikke før du får se det..." Lurer på kva slags kraftlinjestolpar som kan tole slik ekstremvind i lengda? I framtida skal det visst bli endå verre....

onsdag 6. februar 2008

Spelet om 132kv kraftlinja i Askvoll


Dagens 66kv "minilinje" ved nordenden av Krokavatnet frå Markavatnet. Linja held fram på vestenden av heile Krokavatnet og Fossedalsvatnet til Fossedalen. På veg til Nipebu ligg Fossedalshengenipa "innramma"...

I september 2004 overleverte Fossedalens Vener 1561 seriøse underskrifter frå vaksne personar mot ei kraftutbyggjing i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Aksjonen for Fossedalen resulterte i at eit solid fleirtal i kommunestyra i Fjaler og Askvoll sa nei til ei utbyggjing av det unike og flotte Fossedalsvassdraget. Sidan har ordførarane i kommunane tala varmt om Fossedalen.

I samband med at det skal byggjast ny 132kv kraftlinje frå Grov til Lutelandet som m.a. er meininga skal forsyne oljeinnstallasjonen Gjøa vest for Askvoll med kraft, har SFE Nett konsesjonssøkt fleire aktuelle trasèar for denne linja. Noko Fossedalsalternativ er ikkje teke med i denne søknaden, både fordi dette alternativet er betydeleg lengre enn dei andre og dermed dyrare, og fordi Fossedalen er rekna for ei naturperle med mange kulturminne. Eg var med å stifta Fossedalens Vener same året som underskriftsaksjonen var helden. Laget vårt vart nettopp skipa med det føremål å ta vare på naturen og kulturminna i Fossedalen. Medlemsmassen kjem i dag frå heile landet.

Fossedalen har kraftlinje frå før. Som så mange andre område på Askvollhalvøya… Eg vart difor særs glad då dagens linje vart skissert sanert av SFE (Sogn og Fjordane Energi) som ein fylgje av at den nye 132kv linja skal gå i ein annan trasè. Då kjem Fossedalen verkeleg til sin rett. Tilgjenge blir dessutan mykje lettare når Dalsfjordbrua kjem, og ein slepp båt over fjorden. Fossedalen vil då ha stor verdi for kommunen i natur- og kultursamanheng. Difor har eg med sterk uro sett på engasjementet frå nordsida i Askvoll for å få denne, endå større linja enn i dag, lagt til Fossedalen. Fleire av dei som støtta oss i kampen for Fossedalen i 2004, og skreiv seg på underskriftslister MOT kraftutbyggjing den gongen, står i dag PÅ for å få plassert den store, skjemmande kraftlinja nett på same plassen. Forstå det den som kan....

Ingen ynskjer denne kraftlinja. Difor vil folk på nordsida i Askvoll ha den på sørsida, og dei på sørsida ha den på nordsida. (Dette minner om ein annan debatt som har følgt kommunen som ei mare i over 20 år)! Og Askvoll-folk vil ha den til gamalt Fjaler-område. For det er Fjalerfolk og i mindre grad Askvoll-folk som har eit forhold til Fossedalen, då dette var Fjalergrunn frå gamalt av.

Sidan eit Fossedalsalternativ ikkje er teke med i konsesjonssøknaden til NVE, vil nødvendigvis dette måtte ut på ei ny runde med høyring og uttalar. Truleg lite aktuelt viss ikkje NVE pålegg SFE å greie ut eit slikt alternativ. Men i så tilfelle vil arbeidet med linja bli forseinka. Det vil gje Statoil og NVE, som har gått for elektrifisering av Gjøa frå Mongstad og ikkje Lutelandet, gode kort på handa i si lobbyverksemd på statsråden som avgjer spørsmålet. Gjøa skal som vi veit ha oppstart i 2010.

Eg er likevel redd for at kommunestyret i Askvoll no lar seg ”kjøpe” i det spelet som føregår om linja og plassere skiten hos naboen i aust.... Det ville vere eit gedigent paradoks at kommunestyret som gjekk mot kraftutbyggjing, no skulle gå inn for å plassère ei skjemmande og svær kraftlinje i nett same området. Egentleg er jo linja VERRE enn ei kraftutbyggjing for estetikken sin del. Den ville råke heile området frå Markavatnet, Krokavatnet, Fossedalsvatnet og Fossedalen. Og sjølvsagt får jo Rivedølingane og Holmedølingane stasen i ansiktet... Difor gjeld det no å halde tunga beint i munnen og sjå heilskapen i natur- og kulturområda på Askvoll-halvøya. Det er DET kommunestyret er valt for å gjere.

Eg vil aktivt gå inn for å motarbeide eit eventuelt Fossedalsalternativ. Og andre medlemmer i Fossedalens Vener blir med dette gjort merksam på det nye i spelet om den store kraftlinja. Ikkje la inkonsekvens i Askvoll få styre.

Eg oppfordrar alle til å komme på bana for Fossedalen sin del. Ikkje gøym hovudet i sanden! Vi har ei plikt til å overgje dette unike området med djupe tradisjonar og kulturminne i god stand til komande generasjonar. Mitt største ynskje er at ungane i framtida skal få oppleve gudegåva Fossedalen slik eg gjorde. Ei ballast for livet!

Klikk for anna om kraftlinja og hugs høyringsfristen 29/2

Sjå elles fleire innlegg på bloggen i juni om linja.


DEL 2 Isande kald nordvest vind på fjelltrim-posten på Skylefjellet i kveld. Ein del våt nysnø frå hytta og opp til Mangevatna. Lenger oppe var den tørrare. Snøen rakk til knærna enkelte plassar der vinden hadde lagt den i fonner. Ganske tungt å vasse i - men som før nemnt, godt for pumpa....:-) Enkelte av ranane oppover var nesten snøfrie av blåst.

Eit lite lyst drag ute i havet gjorde til at eg kom meg opp på posten utan å bruke hovudlykta i kveld òg. Men ned igjen går det framleis ikkje utan. Bilda nedunder (for moro skuld -artig å sjå kva mobilen klarar i mørket) er tekne med mobilen tett før klokka 6 og litt etter. Fin trimtur - igjen:-)

posten 060208

mandag 4. februar 2008

To dagar vinter


Frå Rinda mot Stongfjorden på lørdag. Yndestadfjellet t.v og Blegja ser vi bak skaret i Norddalen. Portafjellet t.h.

Herleg treningstur opp løypa. Mykje av snøen var regna vekk, men det låg ein del igjen stadvis oppe i høgda. Og der snøen ligg, ligg han i tjukke fonner. Her var den såpass blaut at eg gjekk gjennom, men det er jo endå bedre for pumpa...:-)

På toppen bles det som vanleg skikkeleg friskt. Eg nådde akkurat opp utan lys i dag òg. Men ned igjen måtte hovudlykta på. Det er ganske stor forskjell på lyset i 6-tida i forhold til kor tungt veiret er. Forrige gong eg var opp etter jobb måtte eg nesten ha lys heile vegen. Gongen før gjekk eg opp utan, som i dag. Og tidspunkta var identiske.

Er det lov å håpe på ein kveld med stjerneklår himmel, minusgrader og nordlys igjen? Det følest som ei æve sidan...

søndag 3. februar 2008

Sofaslitar og krembollar


Rinda i går morgon med soloppgang over Skålefjellet

For dei som ikkje trudde at fyren hadde ro der bak i det heile teke, kan eg opplyse at han ikkje har vore ut om heimebøen i dag! Litt snømåking måtte til utfor nòva, det var all utanomhusleg aktivitet ... For med 20 cm nysnø i går kveld/natt, og silande regnveir ned i herlegdommen i dag, var det berre å finne fram ulese lesestoff og ta livet med ro! Å vandre opp i fjellet i DET underlaget var jo berre ein lidelse. Det får no vere måte på... I tillegg var eg åleine med Peter, ettersom fruen i huset var i Bulandet på årsmøte i Fagforbundet. Ho skulle visst ha både nål og roser for lang fartstid....

Men med god frukost, fyr i peisen, to ulese nummer av Fjell og Vidde, tusen gode sommarferietips til turar frå DNT Oslo og Omegn, siste National Geographic bladet, BT m/Magasinet frå i går - eit arsenal med lesestoff + tusen kanalar på parabolen, var det berre å kose seg "glugg i hjæl".. Eg hadde jo fjella i handa...og kunne drøyme meg vekk så mykje eg orka...:-)

Som om ikkje dette var nok å gå gjennom på ein søndag, dagen var jo altfor kort, las Peter og eg ei bok med flotte bilder om historia til motorsykkelen. Han skal visst ha seg ein som går fort når han blir stor...:-) Og katen elles? Skigåing og snøhole-bygging med nabojentene, og våt som ei kråke etterpå.

Og så var det tid for sosekjøt og fastelavnsbollar. Og sjokolande i nattbordskuffa. "Uten mat og drikke duger helten ikke"... Har ikkje noko naud akkurat...:-) Det er viktig med godt inntak av næring for komande turar - heiter det ikkje det på ein eller annan måte?

Og så jammen fekk eg bestilt meg ei Brynje Skipulley mellomlagsjakke òg, ny på marknaden, på Sportsnett - fin å ha under det vind- og vasstette. Og nok berre i seg sjølv på litt varmare dagar. Ei slik jakke har eg sakna lenge.

I kveld er omlag all snøen feren. I morgon er det nok tøya igjen - 5,6 pluss no. Like greitt. Anten får det vere stabilt ute, eller så kan vinteren fare. Så rikeleg med snø som det er i høgfjellet, har vi jo til langt ut på våren. For oss pendlarar er det berre fint med bare vegar. Tida for skikkelege vintrar ser visst ut til å vere forbi uansett.

Moralen etter ein fin søndag heime må difor vere at ein ikkje TRENG å springe på fjellet heile tida...! Berre nesten....:-)

lørdag 2. februar 2008

Kvitt i kvitt


Mot Staveneset frå Størdal i dag 2/2-08

Det var eit fantastisk morgonlys på fjella då eg gjekk oppover i 09 tida i dag tidleg. Den tidlege morgonsola spegla landskapen i reint gull-skjær. Men ute i havet låg ein mørkeblå vegg....Og då visste ein jo kva som kom...

Eg hadde likevel teke med meg litt ekstra klede, eit par skiver og litt saft i sekken. Tenkte som so at eg kunne gå oppom Toreheia og ta med trimposten etterpå. Men eg ombestemte meg heldigvis under vegs og ville gjere ruta hin vegen. Måtte få med meg fjelltrimposten først....No vart det aldri aktuelt å ta med Toreheia i dag likevel, for vel halveges mot Skylefjellet var det einkvan som slo av lysbrytaren... Brått var alt det fine lyset, blå himmel og sol fordufta. På ein augneblink! Og det begynte å snøe, ikkje berre litt - det lava ned, og det begynte å blåse...Her var det visst berre å komme seg opp på posten og heim igjen med det same. Som så ofte før - veiret kan vere utruleg skiftande på denne tid!

Som sagt så gjort. Ved hytta til Skåren traff eg på Dag Tore og Anita som onsdagskvelden, og litt lenger nede Gisle. Ja Skylefjells-gjengen var i kjømda...:-) Det var jo aldri noko problem å komme seg opp på posten og ned igjen. Men Toreheia er noko anna. Det ligg på 713 moh. Her oppe kan det vere tøft, høgt ute i havgapet!

Det som egentleg var litt irriterande var at når eg nesten var heime var byga over, og sola skein igjen over det kvite Yndestadfjellet....Søren og, fortærande! Eg hadde vel omlag vore på toppen av Toreheia istaden, hadde eg helde fram. Men det var null sikt oppe (sjekk bilde). Det hadde uansett vore ein tøff tur å komme seg opp der. Vel, vel det gjekk ikkje an å få gjort noko med det i ettertid... Det kom dessutan ei alvorleg snøbyge ei stund etterpå (jmfr. den blå veggen ute i havet på hovudbildet) som ikkje hadde vore noko moro å fått på seg på heimvegen...!
Vi får heller håpe på ei solrik helg snart. Tykkjer vi fortener det no!


Skylefjellet 020207

fredag 1. februar 2008

Vinterdvalen


Den karakteristiske toppen på Søndre Portafjellet

Eg væra ein kjempesensasjon på tirsdag. Eg vart så forfjamsa at eg måtte knipe meg i armen eit par gonger før eg trudde det eg såg var sant. Det var så spesielt at eg ikkje torde å blogge det heller.

No har ikkje dette noko med møta mine med Skylefjellsnissen og Skålefjellsnissen å gjere. Heller ikkje dialogen med hulder og troll. Det er jo ingen sensasjon. For gjennom bloggen min er det jo vidt kjent at eg har ein god dialog med desse på vandringane mine. Nei, dette har ikkje med overnaturlege vesen å gjere.

I gymnastida las eg mykje Erich von Daniken og var hellig overbevist om at det fanst vesen på andre planetar. Eg var obs på at folk mange gonger ikkje torde å informere omgjevnadane når dei såg noko som andre ikkje ville komme til å tru. Vi har jo ulike UFO historier i bakhovudet då.... Eg sjølv har vel vorte meir av typen som tek slike observasjonar med ei stor klype salt. Sånn sett har eg blitt meir realist med åra. Difor var det litt spesielt å hamne i same situasjon sjølv, blant dei som ikkje torde å seie i frå...

No har min observasjon på tirsdag heller ikkje noko med Daniken å gjere. Nei, det har seg slik at rett ovanfor varden på Rinda på tirsdag, ca kl 17.20 i halvmørket, trudde eg først at eg såg ei svarttrast flygande rett forbi meg. Det var litt spesielt i seg sjølv fordi det var såpass skymt. (Men det var lys nok til at eg kunne sjå, og hadde ikkje tent hovudlykta). Også for at dette ligg høgre enn svarttrasta til vanleg er å treffe om vinteren. Dei fleste svarttraster "emigrerer" dessutan sørover mot England og Europa om vinteren. I år har det vore få att pga kuldeperioden i haust. Men somme blir igjen. Spesielt eldre hannar (som du kjenner best på orange nebb). Men eg tenkte egentleg ikkje meir på det.

Men det gjekk ikkje meir enn halvminuttet før "svarttrasta" kom igjen - svirrande...Svirrande? For i svarte .... det var jo pina deg ei flaggermus!! Ei flagermus...Ei flaggermus? Her låg 10 cm med tørr nysnø og temperaturen var vel rett under null! Eg skjønte ingen ting. Noko med det første eg lærte meg om flaggermus var at dei gjekk i dvale om vinteren og levde av innsekt! Men i helsike det var jo ikkje årstid for innsekt heller!? Høgst merkverdig....

Det svirra sensasjonsoverskrifter og tusentips i Firda i hovudet mitt, for dette hadde eg aldri høyrt om før...og så gjekk eg på hjortane som eg skreiv om hin dagen! For eit liv! Den eine naturopplevinga etter den andre...

Det første eg gjorde etter at eg kom heim var å google flaggermus. Eg las side opp og side ned, men eg fann ingen ting om kaldblodige flaggermus. Nei, dei hadde ein kroppstemperatur på 40 grader og gjekk i dvale og senka temperaturen til 0 om vinteren. Eg maila difor til ei adresse tirsdag som eg ikkje fekk svar frå. Så sende eg same mailen onsdag til Norsk Zoologisk Forenings Flaggermusgruppe og lurte på korleis i himmelens navn dette hang i hop. Kor vanleg var dette? Klimaendringar? Og svar låg i mailboksen min då eg kom heim frå jobb i går...

Det var ei spennande sak. Det var uvanleg, men i sjeldne tilfelle hende det at flaggermus vakna opp av dvalen og "tok seg ein tur ut", sjølvsagt med fare "for liv og helse"....I tillegg var dette ganske høgt over havet ved tregrensa....

Dei ville ha greie på UTM referanse (kart), temperatur, høgde over havet, skoggrense, storleik på flaggermusa etc. Så eg sende svar tilbake med utfyllande opplysningar i går. Det blir kjekt å sjå kva slags svar eg får igjen i dag.

Som vi veit ligg Rinda i Stongfjorden eit par hundre meter over havet. Og tregrensa går omlag her så langt ute ved kysten. Men i dei sørvende hellingane i fjellet vidare innover mot Stongfjorden, er det nærast ei sørboreal klimasone med varmekjære planter og tre. Her er bl.a mykje kristtorn. Som fruen sa til meg hin dagen vi kom ned igjen frå Skylefjellet og passerte Rinda: "Det e alltid omtrent som det e vår når vi kjem nedatt hit"....Det er egentleg eit treffande utsagn. Tek eg ikkje mykje feil er eg sikker på at eg finn snøklokker litt vekkgøymde allereie no, hvis eg leitar litt...

No i etterid har i grunn flaggermusa gitt meg assosiasjonar til mange ting. Det er jo sjeldan at eg treff på menneske her oppe i fjellet no. Mange som elles brukar fjellet ein del, ser visst ut til å ha gått i dvale dei òg vinterstid...:-) Var denne "oppvakna", hardføre, flaggermusa kan hende i grunn litt lik meg? Trassa mørket, veir og vind oppe i fjellet på denne tid...? Vel, det er i grunn godt at ikkje alle er like...anten det no er flaggermus eller ei...!