fredag 11. januar 2008

Nye utfordringar i "lysløypa"


Er det lov å håpe på liknande forhold framover?
Vest ved Langevatnet og Nipebu (t.h.) i fjor vinter...


Etter å ha vore heime med ein sjuk Peter i dag, var behovet for å komme seg ut i kveld akutt. Sjølv om det striregna tok eg turen opp på Skylefjellet med hovudlykta. Ved Rinda seig i tillegg skodda på, og som om ikkje det var nok, gjekk regnet over til sludd og snø med drev i frå vest! Ufyseleg! Men opp ville eg....

Jakka heldt som før ute væta på overkroppen. Arcteryx-jakka er berre topp. Diverre kan eg ikkje seie det same om buksa. Den vart våt gjennom. Spesielt oppetter låra låg ho som eit vått og kaldt klissete omslag! Ned igjen vart det ekstra kaldt og surt, då drevet med snø lengst oppe, og sludd og regn lenger nede, sto midt i fleisen!

Utfordringa i bekmørket var likevel sikta. Skodda var no so, men drevet med sludd og snø festa seg på refleksstikkene og gjorde refleksane nesten usynlege på veg opp. Hadde det ikkje vore for at eg no er så kjend og veit nokolunde kor stikkene står, kunne det lett vorte problem i kveld...Men likevel greidde eg å bomme på eit par av dei som var tilnærma usynlege i snødrevet. Alt var jo nesten kvitt, og i lag med skodda vart det ei lita utfordring!

Det var ikkje verandes på toppen i det heile tatt. Vind med tett vassrett snødrev og tjukk skodde gjorde forholda ille. I tillegg var eg våt gjennom buksa og trusa frå turen opp....:-) Så eg kom meg fort der i frå. Eg hadde klokeleg drege handa over refleksane og fjerne snøen på veg opp, så ned igjen gjekk det utan problem. Og om eg ikkje sprang ned bakkane, så lunta eg...og stoppa ikkje før eg var i dusjen! Og no er eg så varm på låra at eg kan speile egg på dei..:-)

Ingen kommentarer: