søndag 13. januar 2008

Gode spor i vinterfjell


Mot Nordvest.

Mot sørvest.
Andre enn Agnar som veit kvar dette er?


Eg var i stuss i dag tidleg om eg skulle gå på Skålefjellet igjen. Men med snøen frå Skylefjellet, som ligg lægre, i friskt minne frå i går, vart eg endå meir i tvil. Eit par runder rundt huset med kikkerten mot Skålefjellet avgjorde saka definitivt. Det låg for mykje snø oppe. Det var eg sikker på. Å bakse åleine oppe i bakkane med laussnø til knea og vel so det, er ein lidelse...SÅ mykje betyr det ikkje å komme seg opp...! Olaug gjekk difor opp her med Anita og Dag Tore kl 10.00, og eg vart heime med Peter.

Peter og eg vart sittande å sjå på National Geographic HD om dinosaurar. Det var to program etterkvarandre. Det siste handla om "Dakota", ein heil hadrosaur som var fossilisert med hud og hår! Den gir meir viten til vår oppfatning av dinosaurar enn alle andre fossil til saman! Hadrosauren, som har fått namn etter staten han er funnen i, har sove i fred i 67 millionar år. Den var no vekt frå si steingrav for aldri meir å få ro! Ei fantastisk oppdaging. Peter er veldig interessert i dinosaurar. Men teksten på tven rullar litt fort for han endå, så han får ikkje med seg alt. Eg måtte difor lese tekstinga på programma halve føremiddagen. Ei fysisk påkjenning for kjeve- og strupemuskulaturen...:-)

Etter dette sykla Peter inn til Markus. Eg fekk meg difor ei runde med god musikk. Åleine heime! Så då var det berre å skru volumknappen langt mot høgre, og finne fram noko som fekk blodet til å bruse. Ein god porsjon med gammalt Deep Purple stoff, med "Burn" som opningsnummer, fekk plantene i vindauget til å vakne frå vinterdvalen!

Men det tok diverre ikkje så altfor lang tid før fruen i huset sto i døropningen, og då veit eg korleis det går. Slik utagerande livsførsel som å spele høg rockemusikk ein søndagsføremiddag, er jo å gå for langt! Naboane i Stongfjorden kan jo begynne å lure på fyren, så då var den gledesstunda slutt! Olaug er jo litt meir nøyen kva folk trur og meiner enn eg. Eg gjer stort sett som eg sjølv vil, og så får hittfolket meine nett kva dei vil! Av og til tenke eg tilbake på tida då eg levde åleine. Nokre fordeler var det med den sivilstanden òg...:-)

Eg var egentleg mest oppsett på å gå meg ein tur på trimposten i kveld med hovudlykta. Men så ringde Agnar som var på Nipebu med Margrete. Eg måtte gje han ei oppdatering på veirmeldingane. Dei lurte på å bli igjen der oppe ein dag eller to. Det var meldt sørleg vind dei neste dagane og nedbør frå i ettermiddag. Dei ville difor returnere til Markavatnet i dag. Eg ombestemte meg òg. Snudde meg rundt med det same, og tok oppover. Eg kom meg såleis opp og ned før nedbøren sette inn og det vart mørkt.

Det hadde vore ein god del folk oppover etter at eg hadde trakka spor i laussnøen i går morgon. Dei var sikkert glade for at eg hadde vassa først - dei første som kom iallefall...:-) Så i dag låg stien som reine autostradaen oppover. Godt nedtrakka snø med godt feste, reine rekordløypa. Sjeldan har eg vel gått opp så fort som i dag heller! Kjempeflott trimløype.

No er eg komen inn i den stimen at di meir eg går, di meir MÅ eg gå. Godt å kjenne at eg er tilbake nesten på same nivå som før sommarferien og kneproblema. Kroppen sitt naturlege narkotikum, endorfinar, boblar, og gjev overskot! Det er ein veldig god følelse. Å kunne gå heilt på kanten av det eg maktar, utan å bli sliten, og framleis kjenne at eg har meir å gå på, er ubeskriveleg! Ja, eg blir yr som eit lam om våren! Kjem meg ikkje fort nok ut av dørene...

Men trøste og bere hvis bestefaren ikkje får utløp for energien. Då blir han som ei løve i bur, rastlaus og ilsken...:-)

1 kommentar:

Unknown sa...

Rett svar var aust for Grunnevatnet ovanfor Markavatnet på ruta til Nipebu. Nabo Kjell Y. sende inn korrekt svar!