onsdag 30. januar 2008

Viola Tricolor og Drøymevandraren

....eller kjenslene dine vekslar med sola

Teke frå Hekkelfjellet i Holmdedal, syner dette bildet det beste av fjella austover på Askvoll-halvøya. Har du lært ABC-a? F.v. N&S Portafjellet, Stordalsfjellet, Vardenova, Stølsfjellet, framme- Røyrbotnholten, Smørskornova, Heileberget, Driveknolten, bak- Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Blegja, Storehesten, N&S Kringla, Skålefjellet (Gaular), Laukelandshesten.

Viola Tricolor minner meg om menneske, lyse og svarte tankar, årstider og livets opp- og nedturar. No har eg ikkje tenkt å skrive eit kompendium om så vidtfavnande tema som dette - her og no - men avgrense meg til nokre få tankar.

Dei seinare åra har eg vorte meir vàr for årstidene enn før. Jonsok og vintersolkverv har på ein måte fått ei vidare betydning med alderen. Noko melankolsk over jonsok. Noko som er passert. Forgange. Levd! Vintersolkverv knytt til optimisme. Nytt lys. Nye muligheite. Ny vår. Nytt liv. Ein glad gut og Viola Tricolor!

Det er jo mykje løye ein blir funderande på når ein går på tur i fjell og finne. Spesielt åleine. På ein måte blir dette endå meir intenst i mørket med hovudlykt, når resten av verda er stengd ute....

På eitt eller anna vis har likevel hausten og mørketida gått bedre no sist enn det eg kan hugse. Etter ein skikkeleg nedtur med kneproblem, som arta seg psykisk òg, vart det jo ein utruleg opptur (lurer på om dette ordet er begynt å bli ein klisjè) å bli kvitt kneplagene. Å gå i fjellet igjen skaper liv og optimisme! Nytt liv sjølv om det var haust og mørketid!

Likeeins var idèen med refleksstikkene på fjellet utruleg bra! Eg fekk forlenga tursesongen utover heile hausten og vinteren. Der eg før hadde tråva den kjedelege asfalten i mørket - når eg gadd, var plutseleg "lysløypa" vorte eit gode for effektiv trim og naturopplevingar midt i veka. Stimulerande og motiverande! Hovudlykta og refleksstikkene hjelpte ikkje berre på mørket ute.....

Dessutan, det tunge arbeidet kvar ettervinter med å finne tilbake til forma frå hausten før, er i år ein saga blott! For ei glede. For ei lyst. For eit vintersolkverv! Ja, Viola Tricolor....Takk!

Eg var opp igjen i kveld òg eg. 1o cm nysnø oppover. På toppen var det snødrev og vind. Rette ordet er forfriskande, kan eg vel seie.

Men eg fekk meg ein god overraskelse i kveld. For på returen ovanfor Mangevatna stussa eg over eit nytt lys som eg meinte kom frå Eidsfjorden. Merkeleg! Eg hadde aldri sett dette lyset før. Og snødrevet burde jo gjere til at eg ikkje såg bort dit i det heile teke. Etter å ha fundert på dette nedover, såg eg etterkvart at det var to lys - og dei bevega seg! Stor var difor mi undring då eg såg det var folk som kom. Det er første gongen eg har treft menneske her oppe etter at det har vorte mørkt. Det viste seg å vere Dag Tore og Anita. Førstegangs-nattevandrarar! Hyggeleg! Vi vart pratande litt. Dei tykte det var bra med god sporsnø...:-) Det var likevel ikkje rette plassen å bli ståande i snødrevet. Kulden kjem fort i sveitte klede om vinteren! Og vinden kjendest ut til å vere aukande...

Ein ting er eg ganske trygg på - det vert ikkje siste turen deira opp dit med hovudlykt. Det føler eg meg ganske trygg på! Det er noko eige med dette livet her....

tirsdag 29. januar 2008

Kunsten å leve



Kom hulder og troll
i dur og i moll
kom kjæraste du
så bygger vi bru
For venskap og fred
ta kjærleiken med


Flott kveldstur opp trimløypa. Å kor godt det gjorde å få sveitta skikkeleg ut igjen etter eit par dagar i ro! Mandagskvelden var det så ufyseleg veir med skodde og regn at eg betakka meg på å ta oppover. Eg må ha rette motivasjonan og lysta for å gå når veiret er dårleg. Stort sett går dette bra, men av og til må ein berre hive inn handkleet. Men to dagar er maks....Det er viktig å lytte til signala frå kroppen seiest det...

Det låg 1 cm nysnø heile vegen opp. Artig å sjå spora gjennom lyngen der eg hadde gått oppover. Det var ei ny svart rås der centimeteren med snø var vekke i alt det andre kvite! All den gamle snøen var vekke. Men no kjem del vel meir påfyll i natt ser det ut for. Jammen nådde eg akkurat toppen utan å nytte hovudlykta. Det er kjekt å sjå kor det lysnar for kvar dag. Herleg! Og snart kan eg vel plukke ned igjen refleksstengene mine.

Det var elles lett og fint å gå. Opplett og lite vind på toppen. Og nydeleg kveldsglød på himmelen ute i havet. (Bildet teke frå stova heime er ikkje frå i går kveld!) Stavfjorden låg nesten blikkande stille etter siste stormen. Lysa frå Svanøya og dei andre øyane i vest og nord gløda i havet. I mørket på toppen er det som om Florø ligg berre eit steinkast unna i sin lysprakt! På veg heim igjen funkla til og med ein praktfull stjernehimmel. Det vart ein nydeleg tur!

Ovanfor Rinda gjekk eg på tre hjortar i halvskyminga. Eg trur dei vart like overraska som meg, for dei vart berre ståande pal og stirre på det som gåande på 4 bein (eg m/stavar). Til slutt skvatt dei til og fòr bakom kammen aust om elva. Det er utruleg for ein fart det er på hjorten når han set av garde! Men trur du ikkje dei stakk hovudet fram igjen om kammen to gonger for å stirre meir på meg! Frå ca 50 meters avstand! Utruleg artig...Dei var jo like forvitne som røysekatten...! Korleis desse hadde overlevd jakta er meg eit under...

Egentleg er livet mykje meir sytalaust og innhaldsrikt ute i det fri enn inne på kontorstolen....Nytt å oppleve for kvar dag. Kunsten må vere å leve ut draumane sine....

søndag 27. januar 2008

Ferja til Dale


Klassisk og vakkert motiv frå Dalsfjorden i dag tidleg

Vi tok ferjeturen til Dale i dag tidleg for å ta med mor mi i barnedåp i Førde. Det var son til yngste dotter mi som skulle døypast. Guten fekk namnet Nikolai og smilte til presten kvar gong han fekk vatn på hovudet.
Vi hadde ei fin stund i kyrkja der heile 8 nye ungar vart døypte. Eg tenkte på det der i kyrkja - 8nye verdsborgarar døypte på ein gong.... I 2007 var det fødde totalt 15 ungar i heile Fjaler..Det set jo ting litt i perspektiv. I samtale med presten etter gudstenesta kunne han fortelje at dei hadde døypt 140 ungar i fjor! I tillegg kjem det vel ein del ungar som ikkje er døypte òg...

Middag og kakeslabberas vart helde hos mi ex-fru, Margot F, ilag med den næraste familie. Det er merkeleg kor svolten ein blir slike dagar, sjølv om ein berre har sete i bilen og kyrkja! Så middagen og kakene gjekk ned på høgkant. Etter eit slikt overdådig kaloriinntak treng eg vel ein to-tre turar på Skylefjellet denne veka for å "vaske" slaggstoffa ut av kroppen igjen...:-)

Eg knipsa nokre bilder på ferjeturen til Dale i dag tidleg som viser ørlite av dei fantastiske motiva som er inn gjennom Dalsfjorden. Andre bilde frå dagen er av meir privat art, og er ikkje publiserte...

ferja til dale 270188

lørdag 26. januar 2008

Vind i segla


Frå Staveneset mot Stavfjorden og øyane i Florø

Må seie eg ikkje var sikker på om eg skulle skrive at eg var opp igjen, der på fjellet du veit, i dag òg...Folk kan jo ta meg for halv-tussete etterkvart...:-) Men, i dag har eg "alibi"! Eg følgde nemleg Olaug opp...:-) Det er sjeldan vi går ilag. Marie og Peter reiste inn i grendahuset på lørdagskafè. Der kunne dei få seg både graut og kaker. Og så fekk dei rive seg ut litt inne i gymsalen òg.

Det var veldig skiftande veir i dag med eit par solide haglebyger på turen. Blåsten på toppen var omlag som i går kveld. Kald vestavind med kuling i kasta. Men inn i mellom var det ganske fint med blå himmel og jammen keik sola så vidt fram òg. Oppe ved kanten mot Mangevatna traff vi Gisle som alt hadde vore oppom toppen ein tur. Vi var einige om at det var friskt...:-)

Etter at vi var vel nede igjen tok eg turen ut i Staveneset. Eg har lånt ein eldre modell speilrefleks-kamera hos ein kollega på jobben. Eg ville teste det og fekk teke nokre bilder. Diverre gjekk eg ganske fort tom for batteri, så då måtte mobilkameraet fram igjen...

Det kjem eit nytt Canon 45D i mars som eg siklar etter. Til vanleg føler eg slike kamera er for store og tunge å dra på på fjellet. Kanskje litt for dyre òg, stappa ned i ein sekk... Då er det greitt med eit lite kompaktkamera i bukselommen. Men eg har veldig lyst på eit skikkeleg kamera som eg kan bruke til "alt" og som fungerer bedre å ta bilder med inne. Bedre linse og zoom er jo heller ikkje å forakte...!

På Staveneset var det ein del gammal sjø etter "Sondre". Men vinden var stilna nesten heilt av. Det var sol og blå himmel inn i mellom. Det er fint og skiftande lys der ute slike dagar. Og det var folk i fleire av hyttene.

Og denne helga som media meinte det veirmessig mangla håp for...
Dei lurer ikkje meg...


Staveneset 260107 (Canon)


mms Skylefjellet/Staveneset 260107

fredag 25. januar 2008

Etter blitzregnet


Dei karakteristiske steinane ved Markahengenipa

Nok ein fin tur på Skylefjellet i kveld. Det lysnar bra om ettermiddagane no. Klarte meg utan hovudlykta godt forbi Rinda oppover. Snøen? Den var nesten fordufta. Men litt fonner låg igjen mot toppen. Vinden var nok stilna litt frå tidlegare på dagen, for på toppen bles det ikkje noko meir enn kva som er vanleg der oppe...!

Som sagt - det er berre å komme seg ut...og i morgon skal vi sjå om det ikkje går an å ta nokre fine bilder av himmel og hav ute på Staveneset..

torsdag 24. januar 2008

Skremselspropaganda 2


MMS Blåfjellet

No er det pina deg på;an igjen inne i BT...denne gongen går dei visst tom for negativt lada veiruttrykk òg...

Kom deg ut - det er berre å kle seg! Ingen ting er som å merke det røskar litt i kroppen av veir og vind - ja, kjenne at du er til...
Så kan du nyte kakaoen eller noko anna framfor peisen - etterpå...!

tirsdag 22. januar 2008

Lengsel



Du låg der - ventande. Kledd i kvitaste sateng. Du visste eg kom. I kveld. Med fullmånen. Varsamt fòr eg fram. Stille. Ovale former fryda mitt auge. Faste. Yppige. Mjuke. Kvit og jomfrueleg. Eg var mållaus. Over deg. Over sølv. Over gull. Over seglande slør på din nakne kropp. Tankefull, følsom, i mitt vare sinn. Du vakraste av dei vakre...

søndag 20. januar 2008

Lys i husan


Agnar mot Driveknolten vesle Nyårsafta i skumring og kald vind.
I bakgrunnen i sol ligg Eitrenipa, Blegja og Nordre & Søndre Kringla.


Sidan det er tidleg i det nye året, kan eg vel trygt seie at det mest positive nyhende på heimefronten i år, er at Håvard flytter heim igjen til Stongfjorden frå Oslo. Han har teke ferdig sjukepleiarutdanninga si i tigerstaden, og har fått jobb på sjukehuset i Førde. Han kjem heller ikkje åleine. Men har med seg ei kjekk og oppegåande Oslo-jente, Miriam. Som om ikkje det var nok, ventar dei småfolk i mars. Dei reknar med at flyttelasset er på plass i Stongfjorden i slutten av neste månad.

Spesielt kjekt tykkjer eg det er at Miriam har sett kvalitetane vi har i Stongfjorden og vil flytte hit. At Oslojenta kjem må jo vere eit kvalitetsstempel. Hadde nær sagt på begge to...Har folket her litt å seie òg...? For det kan jo knapt tenkjast bedre stad å fostre opp ungane enn her. Med nærleik til fjell og fjord, og eit trygt og oversikteleg nærmiljø, har vi alt ein småbarnsfamilie kan ynskje seg. Eg vil påstå at ungane får med seg ein tryggleik i livet, ei ballast, ved å vekse opp på landsbygda. Heldigvis er det det dei vordande foreldra har innsett...Og så hjelpe det jo på med ei viss form for "opplysningsteneste" og påvirkning frå dei som er litt eldre òg...:-)

Dette er sjølvsagt eit lite drypp i havet for å snu den negative folketalsutviklinga. Men det hjelpe på... Og det er eit viktig signal utad, til andre som òg lurer på å flytte hit. Ein viser at det faktisk går an! Eg vil òg kome med den påstanden at det er ressursrike personar som vel dette kjerringa mot straumen livet. Eg er faktisk så optimistisk at eg trur at sentraliseringsbølgja vil reversere, berre folk får auga opp for kvalitetane vi har rundt oss i det gode lokalmiljøet. Men då er det å håpe at politikarane innser at for å snu utviklinga treng vi skule og barnehage i framtida. Raserer ein desse tilboda har vi ikkje ein sjanse i havet for tilflytting. Eit uttrykk som er så populært for tida, næraste ein klisjè, er å posisjonere seg. Det gjer ein ikkje ved å fjerne skule og barnehage...!

Olaug og Marie har brukt heile dagen på malingsarbeid i eit hus som Håvard og Miriam skal leige. Kjekt å få det pussa opp litt slik som dei sjølve ynskjer. Det medførte at far i huset brukte dagen åleine ilag med Peter. Han har hatt eit inderleg ynskje om å sjå Harry Potter 4 på DVD. Det er ei anbefalt aldersgrense på 11 år på denne filmen, medan dei tre første filmane er sett opp med 8 år. Sidan vi har lese ut boka, fann vi likevel ut at han kunne sitte i armkroken å sjå denne òg. Faktum er at eg tykkjer firaren ikkje var noko skumlare for katen enn dei tre førre. For Peter var det iallefall stort å fått sett denne òg, for då vi hadde sett den ferdig sang han: "no har eg sett firaren, no har eg sett firaren" om igjen og om igjen...:-) Morsomt! Spørst om det vart litt ståhei inne på skulen i dag. Han ville vel skryte av det er det likt seg! Han har jo Daleblod i årane..:-)?

Etter 2,5 time med Potter, litt sport på tven, noko småputling i huset og på pcen, var det allereie tidleg ettermiddag. Eller rettare sagt, det var tid å tenke på middag. Malingsarbeidarane kom ei stund etterpå.

Eg bestemte meg difor å ta hovudlykta å gå opp "lysløypa" mi på fjellet etter at middagen hadde sige litt. Og medan dei andre stakk innom nabo Magni som hadde dag, slappa eg av med gårsdagens Firda på sofaen. Etter å ha dorma av ei stund, var eg klar til å gå i 18 tida.

Eg vart møtt av ei kraftig haglebyge på veg opp til Rinda. DET rikka ikkje på mot og lyst til å går vidare. Slikt er eg van med. Og nordaveir er som før nemnt, for dei som føl skriveria mine, veldig skiftande på kysten. Og bankers! Kvarteret seinare vart snø- og haglebyga avsløyst av ein praktfull fullmåne. Den bada nysnøen på åsar og fjell i nydeleg sølvskin. Eg såg skuggen av meg sjølv i månelyset, vandrande... Åleine, i mørket, kjem du nær deg sjølv slike kveldar i vinterfjellet...Eg får ei varm og god kjensle innvendig. Ein god dialog! Eg har før brukt uttrykket religiøst. Og det er nettopp ei slik kjensle som kjem over meg når naturen viser seg slik frå si finaste side....

På toppen av Skylefjellet var som før utsikta praktfull. Trass i at det var kveld. Lysa frå Florø og øyane låg bada i Stavfjorden. Toreheia og Yndestadfjellet skinte i sølvskimrande skrud! Litt kald nordavind gjorde at opphaldet vart i kortaste laget. Namnet i boka og nokre minutt i le av varden var nok, for med lite og sveitte klede er det best å halde seg i konstant rørsle. Og ytterst i havgapet varsla ein mørkeblå himmel frå nord til sør at neste byge ikkje var langt unna. Best å kome seg ned litt lågare i lende til den bles inn frå havet. Som tenkt så gjort. Byga traff nede mot Rinda igjen.

Nydeleg tur! Men kvifor går ingen andre i fjellet slike kveldar? Refleksstikkene mine står heile vegen opp...Det er lett å finne fram til posten på Skylefjellet...Er folk kanskje litt mørkeredde?





nøgd natteranglar på fjellet 20/1-07

lørdag 19. januar 2008

Skremselspropaganda


mms bilder frå Skylefjellet i dag. Full storm og store nedbørsmengder?

Bt.no og andre medium melde i går om full storm på kysten og store nedbørsmengder i helga. Det var visst ikkje håp verken for lørdag eller søndag... Inneveir! Dei oppmoda folk om å finne fram bøker og tv-program for helga og benke seg framfor peisen.

Vel, flyg takplatene rundt øyra på ein, er det forståeleg med ei åtvaring. Men det er langt frå full storm og store nedbørsmengder, som dei stadig melder, til kulingen og litt skvetting som vi har nesten kvar dag.

At ein melder at folk bør å halde seg innandørs...Det er til å le av! Det minner meg litt om den katten vi hadde i Dale i gamle dagar. Han snudde alltid på dørgotta og ville inn igjen - uansett veir. Kan han ha tenkt som so, katten, at anten var det for kaldt, for vått, for mykje vind, for varmt eller fare for solstikk....? Skal ein oppfordre folk til å oppføre seg som denne katten, vart det nokre sidrompa vesen ut av oss og få naturopplevningar.

Ja, for noko tull. Nok ein gong smør mediafolka grundig på skriveria sine. Eg har alltid høyrt at dalingar overdriv, men dette blir småtteri i forhold til nyheitskanalane no til dags. Men, det er sikkert antal klikk på historiene i nettavisene som tel. Og mindre sannheitsgehalten i det som står der? Sensasjonar er viktige, og folk er interessert i veir..Og jo værre det er, jo betre er det! Då har folk noko å snakke om! Vel, no går eg visst i same fella sjølv...:-)

Eg er iallefall glad for at eg slepp å planlegge så nøye for å komme meg på tur. Eg har alt eg treng av flott natur, fjell og fjord utanfor stovedøra. Det er fort gjort å kle seg, same kvar eg skal. Men for andre, som treng å planlegge for turopplevelsane, og gjerne må reise eit stykke for å nyte naturen, er det tragisk med desse veirmeldingane. Mange øydelegg heilt sikkert flotte naturopplevingar på grunn av overdrivne veirmeldingar som ikkje held mål.

Eg kom meg iallefall opp på Skylefjellet igjen i dag. Er jo ikkje så lange turen. Det er mest for trimmen sin del. For at formen er intakt til lengre turar innimellom og seinare i vinter...Men, slik veiret vart, var det idiotisk å ikkje ha pakka sekken med klær og litt niste, og gjort meir ut av det. Å gå over lengre avstandar med lite og sveitte klede blir berre håplaust i vinterfjellet. Det er iskaldt på toppane! Isande vind som går gjennom marg og bein! Du er nøydd å vere skikkeleg utstyrt. Det går ikkje an å gå lenger hvis veiret blir bra, når nødvendig utstyr og tørre og varme klede ligg att heime. Her spelar overdrivne, skremselsmeldingar om veiret inn som ein viktig faktor...! Og det irriterer meg....!

Eit par ord om turen i dag. Som de ser av bilda vart det ein flott tur. Mesteparten av snøen var forsvunnen fredagen. Fleire plassar var det lett å gå utanom værste fonnene. Det er flott å ta seg fram på ranane og forkastningane.

Eg såg att spora mine frå "heisaturen" torsdagskvelden mange stadar. Hadde i grunn ikkje bomma så gale på stien likevel den kvelden, sjølv om han var umogeleg å sjå. Dei plassane eg var ute av kurs, var eg hamna til høgre kvar gong! Greitt å ha i minne i framtida...

På toppen bles det litt, som normalt... Og trur du ikkje sola stakk gjennom og helste på òg! Kjempeflott vinterdag i fjellet ved kysten....


Skylefjellet 190107

fredag 18. januar 2008

Over alle støvleskaft


..men snart ser det slik ut! Vestover mot Stordalen frå Markahengenipa, 10/2-07

Etter at fleire kveldar nærast hadde gått i vasken, og eg ikkje hadde fått "brukt meg litt", pga møter både for Olaug og meg, såg det ut til å kunne klaffe igjen i går kveld. Dette trass i at eg var eit par timar for sein heim frå Førde.

Det var flott julestemning over heia og Solheimsdalen. Greinene på trea var pryda med tørr fin nysnø. Praktfullt. Så lyst og triveleg. Til og med månen stakk halvfull fram gjennom skydekket. Verre var det vel sikkert for e-verket at linjene låg tyngde med tjukke lag med is og snø. Eg avtalte med Olaug på veg heim "at eg berre stakk innom", for pausen i nedbøren måtte nyttast når det tilsist klaffa med å komme seg på fjellet denne veka.

Så eg heiv meg rundt då eg kom heim. Ned i vaskerommet i kjellaren, der mykje av fjellkleda heng, og var klar og ute av huset igjen innan kvarteret var gått! Eit par knekkebrød i handa fekk halde som middag...:-)

Det såg nydeleg ut. Yndestadfjellet låg bada i måneskin og nysnø der oppe. Hadde eg ikkje bruk for hovudlykta i det heile tatt....? Vel, det viste seg snart at denne turen inneheldt dei fleste ingrediensar ein fjelltur kan ha i mørkna ein vinterkveld...

Eg var klar over at det ville ligge ein del laussnø oppover. Og snøgrensa låg omlag 100 meter i lia opp mot Rinda. Det er godt rydda rundt stien oppover. Men med dei snømengdene som var komne ned litt lenger oppe, låg greinene som ein ugjennomtrengeleg jungel neddynga i snø over stien. Å slå på greinene med stavane hjelpte litt. Men snølaga var ofte så store og tunge at det var fånyttes. I tillegg tok dette lang tid og medførte mange stopp. Det vart difor mest til at eg kraup og åla meg under og rundt greinene. Resultatet vart sjølvsagt at "snøskrede" frå greinene rasa ned i nakken på meg...i tilegg var dette ein energikrevjande måte og komme seg oppover på. Heldigvis er tregrensa låg ute ved kysten!

Eg kom meg omsider opp til Rinda. Turen opp hit "spring" eg vel på 20 minutt eller noko slikt til vanleg. Eg tek sjeldan tida, men i dag trur eg nesten det måtte ha gått det dobble. Det føltest iallefall slik. Og hadde eg brukt mykje tid opp, så hadde energiforbruket ikkje vore noko mindre...

Men månen skein på den praktfulle landskapen. Som på eit kvitt, nystroke laken. Kjende konturar låg som duvande bølgjer på det opne hav...Vakkert.

Over tregrensa ved Rinda låg snøen djupare. Den rakk meg til knea og vel så det. Stien måtte eg fleire gonger berre tippe meg fram til. Refleksstengene mine er nemleg utplasserte lenger oppe. Det var eit sliiiiit! Men landskapen var så praktfullll!

Kva skulle eg gjere? Det fornuftige var åpenbart å snu og komme seg i dusjen fortare enn svint. Gjennomvåt av sveitte som eg var. Men så er det den inngrodde følelsen av nederlag, som ikkje er noko særleg å kjenne på, når målet ikkje er nådd....Så eg heldt fram. Forbi hytta til Skåren og opp bakkane. Oj, kor tungt det var.

I partiet der du svingar nordaustover nedom Mangevatna begynte det å snøe. Og blåse. Som så ofte før. Veiret om vinteren er lunefullt. Spesielt på kysten har eg inntrykk av. Men, heldigvis, vidare oppover står refleksstengene jamnleg. Det synte seg likevel snart at snødrevet var så tett at stengene var vanskelege å sjå. Snø og is var òg frose på refleksane, så effekten var veldig redusert. Og i partiet aust om Mangevatna vart det fullstendig white out! Eg såg ingen verdens ting i snødrevet...Og eg bomma på neste stanga! Fytt i granskauen... Dette var over grensa for det som var spennande. Eg kjende meg brått ikkje så bråkjekk lenger der i mørkna, med alt kvitt rundt meg...

Spora hadde eg heldigvis bakover, berre eg no ikkje begynte å gå i ring så retningen fordufta. Fader Jakob, måtte eg snu no så nære? Det var berre kvarteret igjen til toppen - eller noko slikt..... Så, heldigvis, var det ein opning i drevet slik at eg fekk orientert meg mot høgdedraget nedom Krækavatnet! Det var ikkje så gale likevel. Eg var berre rett aust om løypa - til høgre. Så sjølv om eg veit at ein alltid dreg til høgre i skodde og lite sikt, var eg likevel komen for langt aust! Då var det greitt. Eg fann ein av vardane mine, og rett etter fekk eg så vidt glimt av refleksen på ei av stengene. I svarte natta! Herleg!

I siste bakken før ein svingar vestover mot ryggen, låg snøen meterdjup. Og eg var nesten heilt utslitt. I øverste partiet måtte eg gjennom fonner som rakk meg til magen. Og snødrevet piska meg i kroppen. Med blodsmak i munnen kjempa eg meg opp, og fann refleksstanga på toppen av bakken. Eg måtte berre ha meg eit par minutt og få att pusten. og heldigvis - eg visste kvar eg var....:-)

Motet og lysta til å nå heilt opp og få namnet i boka steig då eg fann første stanga på ryggen vestover. Og lukka var litt meir på mi side utover for her var snøen blesen meir av ranane, så det var lettare å ta seg fram. Eg fann også neste stanga. Refleksane var tilnærma usynlege på grunn av is og snø som hadde festa seg. Den neste stanga bomma eg på og kom for langt mot nord (til høgre mot Førdefjorden). Men etter litt leiting med lyset frå hovudlykta såg eg det blenkte i den kjære refleksen. Dei to neste stengene fann eg greitt. Dei føl meir ranen på ryggen, og den neste siste som står oppe på ein varde var piano....Og då blenkte siste refleksen på toppvarden der framme i rennefoket....! Eg var framme...Fytti rakkaren for ein tur opp!

Utan noko som helst anna med meg enn vottar og ei tørr hue, var det berre å komme seg derifrå fortare enn svint...Følgje spora heim det kjappaste eg vann. Før dei bles og snøa til. For det bestemte eg meg for med ein gong - å følgje spora slavisk ned igjen..Men aust om Mangevatna var dei fullstendig vekke... Eg bomma på retningen og kom for langt vest (til høgre igjen), og var komen bort på ranen ned mot vatna. Men, då visste eg iallefall kvar eg var.. Så etter å ha gått ned og gjennom ein skavl som rakk meg til brystet, tryne, så berre nasen stakk opp av laussnøen, fann eg att sporet litt lenger nede.

Eg var på heimveg - atter ein gong. Og så letta det...Månen stakk fram. Og eg stod snart ved hytta til Skåren...

Olaug skulle på sangøving klokka 20.30. Eg hadde i utgangspunktet rikeleg med tid. Men, no var klokka aldeles gått frå meg. Eg var tørst, utslitt og våt... Frå elva ved hytta fekk eg i meg nokre munnar med vatn. Kjærkome! Det var som om eg fekk nye krefter med ein gong. Eg skulle jo sjølvsagt ha fått i meg drikke på veg opp. Det var jo idiotisk å late vere på ei slik kraftprøve...

Frå Rinda og heim gjekk det heilt fint. Snøen minka etterkvart og månen skein som aldri før. Du verden kor fort veiret skifta!

På tunet heime måtte eg gjennom eit par hostekular av trøttheit som reiv i lungene. Men, eg var vel heime. Det var eg glad for. Det hadde vore ein strabasiøs, spanande og flott tur. Alt på ein gong. Rett frå jobb og utan middag. Det glade vanvidd...eller berre litt? Eg hadde iallefall fått meg med det meste...:-) Og heldigvis - det viktigaste av alt - eg nådde fruen som stod klar i døra....:-)



søndag 13. januar 2008

Gode spor i vinterfjell


Mot Nordvest.

Mot sørvest.
Andre enn Agnar som veit kvar dette er?


Eg var i stuss i dag tidleg om eg skulle gå på Skålefjellet igjen. Men med snøen frå Skylefjellet, som ligg lægre, i friskt minne frå i går, vart eg endå meir i tvil. Eit par runder rundt huset med kikkerten mot Skålefjellet avgjorde saka definitivt. Det låg for mykje snø oppe. Det var eg sikker på. Å bakse åleine oppe i bakkane med laussnø til knea og vel so det, er ein lidelse...SÅ mykje betyr det ikkje å komme seg opp...! Olaug gjekk difor opp her med Anita og Dag Tore kl 10.00, og eg vart heime med Peter.

Peter og eg vart sittande å sjå på National Geographic HD om dinosaurar. Det var to program etterkvarandre. Det siste handla om "Dakota", ein heil hadrosaur som var fossilisert med hud og hår! Den gir meir viten til vår oppfatning av dinosaurar enn alle andre fossil til saman! Hadrosauren, som har fått namn etter staten han er funnen i, har sove i fred i 67 millionar år. Den var no vekt frå si steingrav for aldri meir å få ro! Ei fantastisk oppdaging. Peter er veldig interessert i dinosaurar. Men teksten på tven rullar litt fort for han endå, så han får ikkje med seg alt. Eg måtte difor lese tekstinga på programma halve føremiddagen. Ei fysisk påkjenning for kjeve- og strupemuskulaturen...:-)

Etter dette sykla Peter inn til Markus. Eg fekk meg difor ei runde med god musikk. Åleine heime! Så då var det berre å skru volumknappen langt mot høgre, og finne fram noko som fekk blodet til å bruse. Ein god porsjon med gammalt Deep Purple stoff, med "Burn" som opningsnummer, fekk plantene i vindauget til å vakne frå vinterdvalen!

Men det tok diverre ikkje så altfor lang tid før fruen i huset sto i døropningen, og då veit eg korleis det går. Slik utagerande livsførsel som å spele høg rockemusikk ein søndagsføremiddag, er jo å gå for langt! Naboane i Stongfjorden kan jo begynne å lure på fyren, så då var den gledesstunda slutt! Olaug er jo litt meir nøyen kva folk trur og meiner enn eg. Eg gjer stort sett som eg sjølv vil, og så får hittfolket meine nett kva dei vil! Av og til tenke eg tilbake på tida då eg levde åleine. Nokre fordeler var det med den sivilstanden òg...:-)

Eg var egentleg mest oppsett på å gå meg ein tur på trimposten i kveld med hovudlykta. Men så ringde Agnar som var på Nipebu med Margrete. Eg måtte gje han ei oppdatering på veirmeldingane. Dei lurte på å bli igjen der oppe ein dag eller to. Det var meldt sørleg vind dei neste dagane og nedbør frå i ettermiddag. Dei ville difor returnere til Markavatnet i dag. Eg ombestemte meg òg. Snudde meg rundt med det same, og tok oppover. Eg kom meg såleis opp og ned før nedbøren sette inn og det vart mørkt.

Det hadde vore ein god del folk oppover etter at eg hadde trakka spor i laussnøen i går morgon. Dei var sikkert glade for at eg hadde vassa først - dei første som kom iallefall...:-) Så i dag låg stien som reine autostradaen oppover. Godt nedtrakka snø med godt feste, reine rekordløypa. Sjeldan har eg vel gått opp så fort som i dag heller! Kjempeflott trimløype.

No er eg komen inn i den stimen at di meir eg går, di meir MÅ eg gå. Godt å kjenne at eg er tilbake nesten på same nivå som før sommarferien og kneproblema. Kroppen sitt naturlege narkotikum, endorfinar, boblar, og gjev overskot! Det er ein veldig god følelse. Å kunne gå heilt på kanten av det eg maktar, utan å bli sliten, og framleis kjenne at eg har meir å gå på, er ubeskriveleg! Ja, eg blir yr som eit lam om våren! Kjem meg ikkje fort nok ut av dørene...

Men trøste og bere hvis bestefaren ikkje får utløp for energien. Då blir han som ei løve i bur, rastlaus og ilsken...:-)

lørdag 12. januar 2008

Dagane blir lengre


Mot vest frå stova i dag kl 16.35. I morgon får vi sola igjen..

Påskestemning i Stongfjorden


Ved Atlevatnet med Heilebertet i bakgrunnen i fjor vinter

Hadde liksom førestilt meg ein lengre tur i dag etter meldingane på TV2 i går kveld. Men i dag tidleg regna og sludda det med skodde i fjellet. Det vart difor ikkje noko av langturen eg hadde tenkt på.

Men i 10.30 tida letta det og himmelen ute i havet var heilt skyfri. Sidan det var så langt på dag gjekk turen opp igjen på Skylefjellet. Eg var jo nettopp nedkomen følte eg.

Det vart ein fantastisk flott tur! Det var kome ca 15 cm nysnø i løpet av natta oppe ved toppen. Sola stakk skikkeleg gjennom skyene, og snart etter var himmelen knall blå. Diverre låg kameraet igjen heime og mobilkameraet er visst kaputt. Nysnøen var så drivande kvit i solskinnet at det gjorde nesten ilt i auga. Idyll på idyll med sol på drivande kvite toppar og vatn.

Etter eg kom ned igjen køyrde eg Peter i Grimelia til Andreas. Det var reine påskestemninga, med sol, nysnø på toppane og fleire småbåtar på fjorden. Sola bada landskapet i reint gull, og fjorden låg blikkstille med leikande solstrålar! Fantastisk...Slike dagar er til å omfavne! Ja, eg kan ikkje tenke meg finare plass å bu!

fredag 11. januar 2008

Nye utfordringar i "lysløypa"


Er det lov å håpe på liknande forhold framover?
Vest ved Langevatnet og Nipebu (t.h.) i fjor vinter...


Etter å ha vore heime med ein sjuk Peter i dag, var behovet for å komme seg ut i kveld akutt. Sjølv om det striregna tok eg turen opp på Skylefjellet med hovudlykta. Ved Rinda seig i tillegg skodda på, og som om ikkje det var nok, gjekk regnet over til sludd og snø med drev i frå vest! Ufyseleg! Men opp ville eg....

Jakka heldt som før ute væta på overkroppen. Arcteryx-jakka er berre topp. Diverre kan eg ikkje seie det same om buksa. Den vart våt gjennom. Spesielt oppetter låra låg ho som eit vått og kaldt klissete omslag! Ned igjen vart det ekstra kaldt og surt, då drevet med snø lengst oppe, og sludd og regn lenger nede, sto midt i fleisen!

Utfordringa i bekmørket var likevel sikta. Skodda var no so, men drevet med sludd og snø festa seg på refleksstikkene og gjorde refleksane nesten usynlege på veg opp. Hadde det ikkje vore for at eg no er så kjend og veit nokolunde kor stikkene står, kunne det lett vorte problem i kveld...Men likevel greidde eg å bomme på eit par av dei som var tilnærma usynlege i snødrevet. Alt var jo nesten kvitt, og i lag med skodda vart det ei lita utfordring!

Det var ikkje verandes på toppen i det heile tatt. Vind med tett vassrett snødrev og tjukk skodde gjorde forholda ille. I tillegg var eg våt gjennom buksa og trusa frå turen opp....:-) Så eg kom meg fort der i frå. Eg hadde klokeleg drege handa over refleksane og fjerne snøen på veg opp, så ned igjen gjekk det utan problem. Og om eg ikkje sprang ned bakkane, så lunta eg...og stoppa ikkje før eg var i dusjen! Og no er eg så varm på låra at eg kan speile egg på dei..:-)

onsdag 9. januar 2008

Minne frå ei svunnen tid


Med kjærleik på pinne! Som daling var dette første turen min på Moldura i Holmedal. Moldura ser du i bakgrunnen. Ein av favorittane mine. I oppveksten var vi alltid på garden Boge i Holmedal om somrane. Bestemor mi på farsida kom her i frå. Vi hadde ei lita hytte der. Dei andre på bildet er frå Boge, med Hjalmar, bror til bestemor mi, sin familie. Hjalmar og Sigrid dreiv garden. Vi hadde fantastiske somrar på Boge i gamle dagar! Og så var det alltid fint ver!

Mange gonger undrar eg meg over kva som brått kan dukke opp i minnet frå gamle dagar. Heilt uventa. Og utan noko spesielt forvarsel. Omlag som om du trykkjer på ein link på ei datamaskin du ikkje kjenner innhaldet av...Det må jo vere ein assosiasjon til minnet? Eit slags deja vu? Der du har ei fornemming av at noko du opplever for første gong, er akkurat det same som du har opplevd før! Eller omvendt. Ganske nifst... Draumeforskarar hevdar jo at det ikkje er tilfeldig kva vi drøymer heller, men at det er ei slags fordreia samanrøre av noko vi har hatt føre oss dagen eller dagane før.

Men kanskje er det eit slags alderdomsteikn at ein brått og uventa begynne å tenke på ting før i tida, som om det var for første gong? Nei, eg vel å sjå positivt på det, at det er ei erfaring ein har opparbeidd seg i livet, og at erfaringa etterkvart får ein til å tenkje at dette nye har eg opplevd før. På den annan side blir det jo òg sagt at ein blir som eit lite barn igjen oppe i hovudet før ein forlet denne kloden. Eller sagt på ein annan måte - ein går i frø.

Vel, eg er ikkje sikker på kva slags metafor som passar for opplevelsen eg hadde i bilen på veg til jobb hin morgonen. Det dukkar opp så mangt i denne stille stunda. Eller stille var no litt drygt. CD-anlegget dundrar som regel ut ganske hard morgonmusikk. Det er best slik. Det er godt å få renska ut litt øyrevoks om morgonen, så ein ikkje dullar i zzzzøvn igjen. Bak rattet er DET ikkje heilt risikofritt. Men, iallefall, eg begynte å nynne på "God morgen, god morgen, her kjem eg inn til deg. No skal vi ha ei kosestund i kråa du og eg....". Brått ut av ingenting. Som eit skot i natta...Eg kvapp...! Kva er det som gjer at slikt dukkar opp?

Eg begynte å småle for meg sjølv. Det måtte vel vere eit barnetv-program då eg var på Peter sin alder? Og kven gjorde strofa? Eg hadde ikkje tenkt på dette på 40 år! Går eg i frø?

Eg fekk hjelp på jobb. Heldigvis er det framleis folk på min alder i banken, og Hilde B. visste råd.
Ingebrigt Davik , sa ho.
Dei yngre hadde jo ikkje den villaste fantasi...Det hjalp like lite kor mange gonger eg sang strofa for dei....Eg slo dette opp om kvelden då eg kom heim frå arbeid. Og riktig det var i 1964 - i "Eventyrstund med Ingebrigt Davik". Han opna med å synge denne strofa og spele gitar til. Eg var 7 år som Peter!

Dagane etterpå har denne strofa følgt meg som "a never ending story"... Eg får ho ikkje ut av hovudet! Blir eg gal? Går eg i transe? Eller har eg så stort behov for ein kosestund i kråa....? Kven veit....

Tankane har sidan starta å svive om andre ting i min - og tven;s - spede barndom òg! Det er utruleg kva som dukkar opp igjen i hovudet på ein middelaldrande bestefar..:-)



Ein nervøs 12 åring bakerst? Ved kanten mot Fagredalen... Legg merke til lik shorts med Svein. Og vi gutane, Arthur, Svein og eg hadde like Viking fotballsko i tøy, kjøpt på Stensethen på kaia i Holmedal! Skulle gjerne hatt eit par i dag òg. Skoa var gode å gå i, og sat godt på underlaget

Vi var tidleg ute med fjernsyn heime hos oss. Trur det var i 1961. Bokbinderiet og bokhandelen til bestefar min, og seinare mor mi og far min, låg ved sidan av den einaste elektriske butikken i Dale, Sørebøen. Du store mi tid for eit under det var då Sørebøen fekk inn fjernsyn i butikken. Eg hugsar vi ungane kunne stå i timesvis å sjå på prøvebildet på tven som var utstilt i utstillingsglaset mot vegen. Med nasen inn i den store glasruta stod vi der og håpa det skulle dukke opp noko på skjermen. Og var det ikkje prøvebilde på tven, vart vi ofte ståande å sjå på berre snøen på skjermen - i håp om at prøvebildet av NRK-huset skulle dukke opp! Når vi var leie for ei stund, det hende vi vart det òg, og tok oss til noko anna, gjekk det ikkje lenge før nokon føreslo at vi skulle gå bort på Sørebøen igjen å sjå på fjernsynet...

Med den påvirkningskrafta denne tv-en hadde i utstillingsglaset der, som var hinsides noko anna både bestefar min og far min hadde opplevd, kan eg tenkje meg, så tok det ikkje lang tid før tv-en, ein Phillips med eit voldsomt teak-kabinett, så tung som eit udyr, var på plass heime på Skaartun oppe i vegen! Guri malla som eg minnest denne tven. Det hadde sjalusidør som du kunne dra framfor skjermen, både for å verne skjermen og for at det skulle sjå ut som eit flott skap! Det hadde ei uttrekksskuff som liksom sto på langs oppe der alle knottane var. Knottane viste då du tok opp skuffa. Og du verda kor mor mi pussa kabinettet, med teak-olje. Det skein som det gjevaste gull. Det mest kostesame og det likaste vi hadde i heimen. Omlag på linje med ei Folkevogn...vel, faderen hadde Ranault då.

Såleis kan eg vel trygt seie at eg og tven vart oppfunnen samtidig! Det er jo meir enn kva dagens ungar kan slå i bordet med.....:-)

Men tilbake til BarneTV. Pompel og Pilt, reperatørane, var jo til å skremme vitet av ungane i 1969. Dei kom og gjekk bak skumle forheng som spøkelse og såg veldig farlige ut. Og så skreik dei og, Pompel og Piiilt, Pompel og Piiilt.. Eg las ein gong at serien var stoppa ein periode fordi den ikkje eigna seg for ungar!! No kan vel ikkje den råbarke underholdninga til ungane i dag samanliknast med det vi hadde den gong. For dei blir vel fortare herda i dag, med Harry Potter og greier. Men sjølv om eg var 12 år, tykte eg faktisk det var nifst. Følte meg ikkje heilt trygg i senga etterpå, sjølv om eg låg på same rommet som bestemor mi, som hadde både bibel og salmebok på nattbordet.

Pernille og Mr.Nelson var jo òg ein klassikar, med Ragne Tangen. Pernille, den fornuftige og moderlege, Mr. Nelson med amerikansk dialekt og mørke solbriller som alltid rota seg bort i noko elende. Kanonbra! Gløymer det aldri...Eit minne for livet...

Og litt seinare kom Lekestue med Vibeke Sæther! Ho var min første forelskelse. Det veddar eg på! Ho var råtøff! Var det ikkje noko sensuelt over ho? Eller var det berre eg som såg det kanskje, med gryande testosteron i blodet?

Lesing av eventyr for ungane var populært. Jens Bolling var ofte i barnetv og las for oss. Og sjølvsagt Alf Prøysen og "Grautgramsen" og ikkje å forgløyme "Kanutten" med Anne Cath. Vestly. Den blide, naive jenta som var gatemusikant med trompet og artig hatt!

I Dale i gamle dagar hadde vi kallenamn på alt og alle. Eg er ikkje sikker på om det er så vanleg i dag. Eg hadde mange. Det første som eg hugsar er "Sysvorta" - eit anna namn for svarttrast. Sysvorta har veldig flott sang. Eg tykkjer sysvorta og raudstrupen har den finaste sangen av alle fuglar om våren. Melankolsk og trillande. Kallenamnet fekk eg fordi eg alltid plystra..Og sjølvsagt fordi eg var sinnsvakt oppteken av fuglar.

Eit anna kallenamn eg fekk var "Nilfisken". Det var namnet på ein støvsugar. Eksisterer den i dag? Det var fordi eg drog all lufta inn rundt meg når eg lo, slik at dei andre ikkje fekk puste...:-) Heilt utruleg godt påkomme...Var det Henken?

Ein avart av denne vart "Pusterøyret". Det trur eg vart funne opp av Ivaren. Det måtte ha vore nokolunde på same tid? Sikkert i forbindelse med "Amerikanar" eller "Spar-Dama" kveldane oppe i kjellaren hos Henken på Dingemoane.

Men "Grautgramsen" fekk eg av Bården. Han hadde sikkert vore hos oss ein gong, han var jo ofte der, når vi hadde graut, og sett at eg åt veldig mykje. Det ligg vel i namnet òg. Det var grådig til matlyst eg hadde den gong, hugsar eg, men eg såg ut som ei spekesild for det. Når Boge er nemnt hugsar eg spesielt dei nybaka brøda til Sigrid med brunost og sukker oppattpå. Ja, og havregrynsgrauten om kvelden! Men med det aktivitetsnivået ein hadde i løpet av dagen på den tid, var det vel ikkje så løye at ein åt deretter...:-)

Som ein ser, var kallenamna alltid velgrunna i måten vedkommande var på, oppførde seg på, eller såg ut. I dag hadde dette sikkert blitt kalla kreativ tenking, "brainstorming" eller eitt eller anna fancy! Vi var alltid ein god gjeng i lag når slike namn vart påkomne.

For min eigen del kan eg aldri hugse at eg fekk kallenamn som var nedsettande. Men det var jo dei som fekk det òg som "Kanina", "Pisselesten" og "Kobben". Andre namn eg hugsar i farten var "Løken", "Bensinpumpa", "Breset"....

Som kjent, Grautgramsen var ein Alf Prøysen figur. Den gjekk på fjernsynet då "God morgen, god morgen no kjem eg inn til deg".. gjekk. Eg klarar ikkje seie denne strofa, eg må synge ho.... - utruleg enerverande - ho berre er der og dett ut av seg sjølv utan at eg vil det! For moro skuld googla eg "Grautgramsen" i dag. Det kom opp side etter side, om alt mulig rart, men ikkje noko om meg, heldigvis...:-) Følgjande artige klipp fann eg som eit lite "comeback" for "Grautgramsen".. De som er litt oppe i åra tykkjer vel dette er like koseleg som eg.


I Eventyrstund møter vi Prøysen, i lusekofte, sittende bak et bord i Eventyrstudio. Han ser rett på oss:

Ja, nå er det vi som ska ha eventyrstund i hopes. Men å ska vi finna på?
Skulle vøri artig med en trøllgubbe, synes du itte det?

Så dikter han inn Grautgramsen:
- Morn, trøllgubbe (...). Er det itte morosamt å bli dikte’? Du var ittno’du, for to minutter sea.

Grautgramsen er ikke sikker på om han synes det er så morsomt:

- De kan godt dikte meg bort att, for je synes itte det er no’ moro å vara her i skauen helt åleine.

Prøysen forsikrer ham om at han ikke er alene:

- Vi er hos deg, vi!

– Åkke vi da, spør trøllgubben.

– Ja, je og æille unga som ser på fjernsynet, seie je.

– Fjernsyn, å er det for no’, spør trøllgubben.

– Ja fjernsyn, det er ei kasse med knotter på, og så er det et stort bilde utapå, og så er det musikk inni, og sang og viser og slikt. Og synda’n klokka kvart på sju så er det Eventyrstund for de minste.


mandag 7. januar 2008

Issvullar


Frå Indrevågefjellet - eg måtte springe ned igjen for ikkje å mørkne ute...


Det låg ein del issvullar i stien opp på Skylefjellet i kveld. Dei glinsa bra i lyset frå hovudlykta. Spesielt nedom hytta til Skåren var det ganske mykje. Tydeleg at det hadde regna godt sidan sist eg var oppe. Væta og sitlene var deretter frosne til. Du unngår greitt isen ved å gå utom stien. Eg vil ikkje bruke isbroddane mine slik det er oppover her no. Dei blir fort utslitne eller avbrotne ved å trakke i all steinen...

Det hadde nok vore ein del trakk oppover i det siste. Mykje av ruta mot toppen var nemleg fylt med fasttrakka frosen snø, medan snøen var smelta vekk utanom stien. Snøen låg formeleg som ein buktande, lang kvit orm. Av den grunn hadde eg nesten ikkje bruk for vegvesen-stikkene med refleksane i kveld. Ikkje rart vegvesenet vil ha vekk snøen før den frys fast...:-)

På sjølve toppen var det frisk bris frå søraust med eit lett snødrev i lufta. Fin trimtur!

NB! For nye lesarar kan eg opplyse at eg ikkje har knabba stikkene som eg har merka med opp på Skylefjellet. Refleksstikkene er dei gamle, utrangerte, av bambus som vegvesenet brukte før og har skifta ut. Eg har såleis fått dei på lovleg vis...:-)


søndag 6. januar 2008

Portrett av ei kraftutbyggjing


Utsikt mot sør frå Skålefjellet i dag, Lihesten bak i midten

Det var så sterk austavind ut fjorden lørdag at eg heldt meg heime. Kjekt å gje seg tid til å sjå litt vintersport på tv igjen, fyre i ovnen og slappe av. Så vart eg kvitt forkjølelsen òg. Etter meldingane å dømme skulle det bli mindre vind søndag, så då låg alt til rette for tur då - før regnet kom ut på ettermiddagen...

Tenkte eg skulle prøve å gå på Skålefjellet frå aust og Osland, over Nipane, 612 moh og gjennom skaret og opp. Sjå korleis forholda var på denne ruta. Hugsar ikkje sist eg gjekk her. Det må vere fleire år sidan på sauesanking. Før om åra tok vi ofte sauene vi sanka frå sør, gjennom skaret, og nedatt på Stongstølen. No er det diverre så få som driv med sauer i Stongfjorden, at skaret sjeldan blir nytta. Men det er ein grei turveg frå aust og gjennom skaret, eller frå nord og Stongstølen og opp. Skålefjellet er egentleg tilgjengeleg frå alle himmelretningar. Men sjølve nordveggen kjem kun vidarekomne opp med tausikring!

Det gjekk ganske greitt opp vestover Nipane. Men stien er fleire stadar tilgrodd med einer. Den er dessutan litt vanskeleg å finne sidan det er lite dyr her lenger. Det vart difor litt baksing i einerkavane til å begynne med. No greidde eg sjølvsagt å bomme på skaret lenger oppe og framme under Skålefjellet òg, då eg tok ein trassè mot vest for langt nede, og sto brått bom på stupets rand! Det var såleis berre å få på seg isbroddane å komme seg høgre opp!

Etter å ha gått litt tilbake fann eg ei flott snøfylt skår på ca 50meter som gjekk rett opp! Det tok nokre ekstra kaloriar å komme seg opp denne, bratt som ho var. I tillegg hadde vinden lagt pent til rette eit tjukt lag med fokksnø som rakk meg til knea... Men eg beit tennene i hop og kom meg ein avsats høgre. Siste nordvende biten ut til skaret, opp og gjennom dette gjekk ganske greitt takka vere broddane. Toppen av det nordvende skaret var tjoka fylt med snø og skare som var blese over kanten frå sør. Snøen hadde lagt seg godt til rette på nordsida. Øverste delen av skaret var såleis dobbelt så bratt som vanleg pga hellinga snøen hadde laga. Hadde her vore litt meir isete ville det bydd på problem å komme over utan stegjern, og dei låg att heime....

På sørsida av skaret og vestover hallar fjellet ganske mykje sørover første delen. Skaren var ganske polert av austavinden i denne hellinga. Å misse fotfeste her oppe hadde resultert i ein sigletur på mange 10 tals meter, så det var med ei viss spenning eg kom meg over og inn på meir normal hellingsgrad igjen! Slike parti hadde vore umogeleg å gå over utan isbroddar eller stegjern under føtene. Resten av stigninga til topps gjekk heilt greitt. Her er heller ikkje så bratt.

Som så ofte før bles det godt på toppen. Nevane vart utruleg fort valne i vinden. Biletknipsinga var fort unnagjort. I dag hadde eg heller ikkje følelse nok i fingrane til å ta fram mobilen! Det er veldig godt å ha med seg gode vottar under slike forhold. Mi erfaring er at dei er mykje varmare enn hanskar. Du får fortare varmen igjen i fingrane, logisk nok...

Eg tok ei sørlegare rute ned igjen sør av Nipane. Det er stort sett berre å følgje beint aust og ned til Botnastølsvatnet. Hald litt nord ved Nipane. Det ligg nokre hamrar ovanfor vatnet du likevel må nord om. Ovanfor skogen går det veldig greitt nedover. Du ser kor du kan gå. Ned gjennom skogen er stien litt vanskeleg å finne, men retningane gjev seg sjølv. Når du er komen ned til vatnet går du berre nordsida bort til Botnastølen.

Botnastølsvatnet er regulert. Likeeins diverre Svelivatnet som ligg ovanfor, og Oslandsvatnet/Stongsvatnet nedanfor. Utan noko slags form for minstevassføring er vassdraga ofte tappa ned bort i 20 meter. Vatna ligg som eit minnesmerke over ein vassdrags- og kraftpolitikk som har spelt falitt! Ei eksportvare som kraftselskapa har gjort seg rike på, og nærmiljøet vårt tilnærma øydelagt. Ei utarming av lokalbefolkninga sine goder som vi ingen ting ser igjen av! Eg brukar å gå mykje i fjellområdet og registrerer dei sørgjelege verknadene dette har hatt på miljøet. Det såg diverre ille ut i dag òg. Vatnet var godt nedtappa, og strendene låg som eit månelandskap. Erodert og forferdeleg. Fritt for vegetasjon og øydelagde vassbiotopar. Utan liv! Eg tok nokre bilder for å synleggjere dette.

Det er ein grei veg å gå på Skålefjellet frå Osland. Anten over Nipane som i dag, eller over Svædalen som eg gjorde før jul. Over Nipane er klart kortaste ruta, men alternativet gjennom Svædalen og nordover blir litt meir tur ut av. På denne tid er det dessutan ein mindre risikabel veg å gå enn over Nipane og nordsida ut. Sørsida derimot, som eg gjekk ned, gjekk forholdsvis greitt i dag. Men obs. forholda endrar seg heile tida, blir det meir is/skare er det ei stor utfordring uansett kva veg du vel.

Som så ofte før på denne tid - det er snø, is og skare om einannen i fjella på kysten no. Snøen ligg i høgda frå ein ca 400 meter. Utan isbroddar eller stegjern er det risikabelt å ferdast, spesielt på sørsida av Stongfjorden og innover. På nordsida i Skylefjellstraktene/Toreheia er det litt bedre, men ein del is ligg det også her. I dag burde eg strengt tatt teke med meg stegjerna. Var ikkje heilt risikofritt sjølv med isbroddar! Skal du opp på toppane kjem du deg nesten ikkje opp utan noko under skoa. Det er lite kjekt å stå skjelvande i føtene nedanfor den siste isete bakken opp, utan å ha noko å legge under. Det kan dessutan fort få katastrofale følgjer å prøve seg utan....


Vinter i Stongfjordfjella 060108_8

torsdag 3. januar 2008

Dett nese


Frå Driveknolten denne flotte, nest siste ettermiddagen i 2007

Eg skjønte det. Eg forbanna det. Eg var oppgitt over kravlinga i nasa Nyttårsafta. No har eg gått med nasa i fatle sidan...! Og panna og framhovudet har kjent ut som ei god gamaldags fyllesykje, sjølv om flaska var korka heile jule- og nyttårshelga!
Eg er sikker på at hadde det ikkje vore for Efalexen, hadde eg lege for døden...:-)

Nyttårsafta og nyttårsdag gjekk difor fullstendig i vasken. Eg var på nippet til å gå inn i ein djup depresjon av å berre kunne sjå på kvite fjelltoppar bada i sol frå stova heime! Og slike gode tradisjonar eg har å sjå tilbake på frå fjellet nyttårsdag...Det er ein opptur å starte det nye året med ein lengre fjelltur...

Eg bestemte meg likevel for å ta det heilt med ro nokre dagar for å sjå om eg vart raskt "fit for fight" igjen, iallefall ikkje bli verre. Men eg slit endå. Kanskje er det kroppen sin måte å gje beskjed på...om å ta det litt roleg? Har litt tru på det...

Men det å bli våt, eller fryse på føtene over litt tid, veit eg er den beste måten å bli sylta på, som faderen seier. Om vinteren brukar eg ullsokkar. Tennissokkar eller andre bomullssokkar er bannlyst. Å gå med slike om vinteren, som i tillegg blir fort klamme, er som å be om ein halsbetennelse eller ei tett nase. Det fungerer iallefall slik på meg.

Diverre virka nok sokkebløyta på Langevatnet søndag på same måten. Den ufrivillige badinga i seg sjølv, var vel heller ikkje av det gode...La ikkje så mykje vekt på det då, men faktum er at eg gjekk vel våt på venstre foten meir eller mindre heile dagen. Utan å fryse noko særleg i Bridgedale sokkane, men skulle nok ha skifta dei før vi la ut på turen til Driveknolten. Var jo ikkje så mykje hjelp i å ha dei i reserve til vi kom ned igjen heller, når eg gjekk under ein gong til nesten med det same...:-)

Eg har gått på Skylefjellet med minimalt under dei vindtette kleda i vinter. Eg har vore kald inn i beinmargen fleire gonger utan å hatt det minste antydning til noko forkjøling etterpå. Men kanskje var forklaringa då at den varme dusjen var innan ein times gange?

Å gruble på slikt er jo fullstendig bortkasta...Dessutan er etterpåklokskap dårens vitenskap, seiest det. Forkjøla kan ein jo bli om ein sit heime i sofaen òg, eller som ei dame sa til meg ein gong ho kom inn i banken og eg var sylta: "Nei Gustav, har du logge med rompen bar nå igjen", på erke bergensk....:-)