tirsdag 30. desember 2008

Smått er godt

Eitrenipa kl 12.34 28/12 teke med zoom frå nordsida av Fossedalshengenipa på ruta Nipebu-Markavatnet. Vi ser vestskaret midt i fjellet oppe ved toppen. Nordskaret (frå venstre) kjem opp ved toppen på hammaren der sola står på, rett t.v. for midten av fjellet. Sørskaret går ned motsett og begge møtest under toppen i vestskaret - som eg kallar dei... Då vi har redusert arbeidstid om dagen, nådde eg opp på Høgeheia utan lys i ettermiddag. Skodda låg tjukk på toppen. Litt snødrev i lufta. Og frostfritt heilt opp. Det hadde vore to besøk der tidlegare i dag. Eg greidde å springe halvveges ned igjen utan lys òg, men då tok eg ikkje sjansen lenger. Prosenten for å tryne var raskt stigande:-)

mandag 29. desember 2008

Heldige omstende

Soloppgang over Blegja og Storehesten 28/12 kl 10.09. Lange skuggar og gyldne strålar denne kalde morgonen på Eitrenipa. Ei magisk stund. Ei nydeleg avslutning av året... Som i fjor... og året før! Etter fleire usedvanleg flotte fridagar, var det tilbake på jobb i dag. Men det slo meg opp gjennom bakkane på Høgeheia i kveld kor utruleg heldige vi har vore med vèret desse dagane. Eit par av turane, som m.a. i går, har vore som ein draum! Suverent skareføre. Perfekt til å vandre i fjellet på sko med broddar under. Så utruleg lett å ta seg fram over frose vatn og myrar. Og faktum er at det er no i mørketida kroppen treng mosjonen og opplevinga av det fantastiske lyset som er i fjellet mest! Ja, det nydelege vinterfjellet i desember er vanskeleg å beskrive med reine ord. Superlativa blir lett klisjear. Så løp og kjøp som det heiter i reklamen... Tid for gode forsett er det vel òg...:-) Det er vel ikkje så mykje å fortelje frå Høgeheia. Bris frå søraust og litt yr i lufta. Småsprang heim i lyset frå hovudlykta. Godt å få sveitte litt. Ja, julekakene får føter å gå på...:-)

søndag 28. desember 2008

Magisk augeblink

Soloppgang! Sjeldan klaff då eg toppa ut Eitrenipa igjen i dag tidleg Eg vakna til vanleg tid rett etter klokka 6, og var svolten. Like greitt å stå opp og nyte morgonfreden. Ut på trappa av gamal vane for å sjekke vèr og vind... Det var tindrande klårt og kaldt. Stjernehimmelen blinka ned til meg. Eg fekk i meg havregryn og kaffi. Deretter sjekk av mail, vèr og vind og nyhende på pc`en. Fort gjort i desse juletider... Eg funderte litt på korleis eg skulle leggje opp dagen. Men sidan Agnar og Margrete var på Nipebu, bestemte eg meg for å ta ein tur oppom for ein kopp kaffi. Då måtte eg vere litt tidleg ute. Dei måtte få nyte ein tur dei òg. Men det var endå tidleg på dag og lenge til det var lyst... Då slo idèen meg. Folk ville vel tru eg var tørna fullstendig hvis eg stakk oppom fjelltrimposten på Eitrenipa i dag òg. På Facebook var det allereie nokon som lurte på om eg budde der oppe. Ja, ja, så fekk dei tru det då:-) Flammen var tent. Vatnet var frose. Formen på topp. Og eg hadde ei god hovudlykt! Og att på alt - det ville bli ein fantastisk dag. Eg pakka fort sekken. Smurde meg eit par skiver, blanda litt blåbærsaft og stiltra meg inn på soverommet og kviskra hadet til min betre halvdel. Går du no?? Ho trudde sjølvsagt at eg hadde tørna - igjen - då eg sa ja, eg tek hovudlykta! Eg tok med meg dagens nyhende på NRK kl 08.00 i radioen i bilen før eg gjekk frå Markavatnet. Det var heilt mørkt. Glatt var det òg. Skikkeleg rimete etter den kalde natta. Det gjekk likevel fort oppover den kjende stien. Etter ein god halvtime, og oppe over fossen, var det lysna såpass at lykta vart pakka i sekken. Uendeleg vakker morgon. Som i går. Berre at no var eg vel timen tidlegare ute. Himmelen var rosablå både i aust og vest. Eg knipsa nokre bilder i det svake lyset, og gjekk vidare oppover og inn til vatnet. Blegja og Eitrenipa trona så utruleg vakkert i det tidlege morgonlyset der i aust. Tanken om å nå opp på toppen til sola stod opp, slo meg. Eg hadde ikkje noko formeining om kor tid dette skjedde, men eg bestemte meg for å prøve. Så eg gjekk godt på oppover. Skaren var beinfrosen i løpet av natta. I følge vèrkartet skulle det vere -12 grader på toppen. Kombinert med ein sveitt kropp og vind frå aust, er det ganske heftig. Eg tok på meg broddane og sat på som ein klegg opp bakkane. Men oppe i første skaret, etter å ha teke brattaste biten opp, sklei eg. Eg fòr nokre meter ned skaren i bratta, men tok meg inn att før farten vart for stor. Akkurat her nede hadde eg nok komme i frå det i bånn av bakken. Men det var likevel eit klart varsko. Nokre fleire stunt vart det ikkje. Eg var på allerten. Broddane er ikkje gode nok, eller rettare sagt egnelege nok, når det ligg eit tynt snølag opp igjen på skaren. Då får dei ikkje tak. Dette veit eg frå før, men iveren etter å kome opp var heftig. Slikt er sjølvsagt ein general tabbe... Resten av skårane og henga opp gjekk fint, sjølv om det var skummelt nok i det siste isete bratthenget under toppen. Du store mi tid! Eg nådde akkurat opp på toppen då ein gullfarga himmel i sør vitna om soloppgangen. Klokka var 9.49. Eg hadde klart det med to, tre minutts margin! For ein flaks! Det var som om gudane hadde lese tankane mine nede på vatnet... Ein augeblink eg aldri skal gløyme. Ein augeblink for minneboka. Eg var så gira desse minuttane med filming og bilder at eg plutseleg kjende eg var iskald til beinet. Gjennomsveitt og lett kledd som eg var. Den våte skalljakka og trøya var berre å få av seg i ein fart. Det vart ei kald avriving i minusgradene og vinden (eg lærar aldri å finne fram nye klede før eg kler av meg...:-)) Du verden kor godt det var å få på ei tjukk, tørr Devold og dunjakka! Og ikkje minst ny, tørr hue... Den tidlege morgonsola gløda som gull over det vinterlege landskapet. Ikkje ei sky på himmelen. Blegja låg spegla i raudleg, gullforgylt morgonlys. Det same med Fossedalshengenipa. Det var som i eit eventyr - igjen... Og då peip mobilen. Agnar. Som skrytte over ein fin morgon på Nipebu... Ha, tenkte eg, no skal han få det! Han slær ikkje meg denne morgonen! Eg storkosa meg. Kongen på haugen.. Eg song. Eg var i mitt ess... A self-confidence som Amundsen...minst. Sjansen for at nokon såg meg var mindre enn å vinne i lotto:-) Og ja, etter å ha skrytt til Agnar, kom superlativa i retur som eg venta på:-) Eg var varm om hjarterota:-) Kva rute eg skulle ta ned igjen frå fjellet var enkel. Eg ville ikkje ned i den sørgåande skåra på vestsida av fjellet. Her var det ikkje sol. Eg villa ha sola! Eg gjekk difor ned austover og ville ta heile Eitreskaret ned i botnen. Det var aldeles nydeleg. Midt nede i skaret over Botnatjerna var det veldig isete. Her går stien oppe under fjellet. Gamalt smeltevatn frå hamrane var frose til is langs stien. Eg luffa difor likegodt beint ned og rett fram heile det lange skaret på skaren og kom ned i austenden av tjerna i staden for motsett. Tjernet var jo beinfrose òg... Då unngjekk eg risikoen oppe langs fjellet, samtidig som eg sparte tid på å gå over vatnet. Tjern, vatn, pyttar og myrar var berre å peise over. Herleg og vilt i fjellet om vinteren. Eg følgde deretter nokolunde den merka stien til sørenden av Krokavatnet, opp på Pergytten der det er fin utsikt mot Eitrenipa, begge Kringlene og Øvre Fossedalen (sjekk bilder). Deretter gjekk turen rett sør om Fossedalshengenipa. Så isen langs sørsida av Langevatnet ut til Nipebu. Turen vestover gjekk som ein røyk på beinfrosen skare og vatn. Lett å puste i den kjølege lufta. Supert med broddane. Agnar og Margaret sat og kosa seg i den varme hytte. Åleine kan du vite. Og klokka? Ho var ikkje 12. ein gong! Fantastisk! Agnar hadde visst meldt på spøk til Sturle, kokken, i går at dei skulle hatt seg ein betre middag. Og han Sturle er søren meg ikkje skvetten. Han skulle komme! Men eg ville ikkje vente til kvelden med å gå ned igjen, sjølv om eg hadde hovudlykta med. Så eg ba Agnar om å lage kaffi, han drikk ikkje slikt sjølv, og det smakte supert ilag med to skiver. Dagens niste. Så noko særleg lenger enn ein forlenga lunsjpause gav eg meg ikkje tid til. Dei måtte få komme seg på tur dei òg. Kunne ikkje sitte å mygle i hytta heller. Det hadde eg ikkje samvit til kan du skjøne. Etter å ha skifta på meg endå ei tørr ulltrøya, gav eg meg i veg over Langevatnet og Nipevatnet. Som tenkt traff eg Sturle nedom nordenden på Krokavatnet og slo av ein prat. Det var jo utruleg gjort av han å ta turen berre etter ein spøk frå Agnar. Trur misteren inne på Førde kommune må vere litt forsiktig med spøkane heretter, iallefall mot kokken. For der i garden er visst eitt ord eitt ord:-) Siste biten ned gjekk fort og greitt med broddane framleis under føtene. Dei sit jo godt på frosa mark og isete steinar òg. Det er det rikeleg av siste delen ned til Markavatnet og bilen. Kanontur! Verken meir eller mindre... O jul med din glede og barnlege lyst....
Fra Eitrenipa_Nipebu 281208
Eitrenipa_Nipebu 281208_video

lørdag 27. desember 2008

Vintereventyr

Nøgde vandrarar på Eitrenipa i dag Påskestemning med utsyn til Blegja og Eitrenipa Eg måtte stogge ved Øyravatnet i dag tidleg. Ettersom det lysna av dag vart himmelen heilt rosa i aust. Eit nydeleg lysspel. Eitrenipa låg bada i det rosa skjeret frå himmelen. Det var blikk stilt på vatnet. Omgjevnadane låg spegla i morgonlyset. Lyset tidleg på morgonen er ofte eksepsjonelt... Eg hadde avtalt med Vigdis at ho fekk vere med, så eg traff henne ved Markavatnet kl 09. Ho har jo vore inn eit par gonger før med meg. Men i dag nekta eg ho å vere med hvis ikkje ho fekk tak i broddar. Ho hadde visst funne tak i noko som likna... Steinane og berga var polerte med ei ny frosthinna som var ganske glatt. Heilt til toppen av fossen egentleg. Så litt obs måtte vi vere på dette. Men det gjekk raskt og greitt opp hit, lettkledde som vi var. Eg hadde to tynne ulltrøyer på meg. Dei gjekk eg med nesten heilt til topps. Vigdis gjekk nokolunde i det same. Som tenkt var slapset og overflatevatnet frose til att på Leknesvatnet. Vigdis var likevel skeptisk, så eg måtte hoppe og danse litt. Men vel vitande om den solide stålisen som låg i bånn, var dette aldri nokon fare med. Rundt osane er det sjølvsagt verre. Det gjekk fort og lett inn vatnet og vi tok til på sjølve stigninga. Spora mine frå fleire turar låg oppe i dagen. Dei var greie å følgje. Men skaren heldt for det meste òg. Oppe i den store skåra ville eg ha på meg broddane. Det var såpass hardt at det var meir behageleg og trygt å ha desse på. Det er dessutan slitsomt å gli bakover heilt tida. Vi kom oss ganske raskt opp til det endå meir kritiske området. Her hallar skaren og isen bratt utfor fjellet. Og det var akkurat som eg tenkte på førehand - steinhardt og is og farleg utan noko under føtene! Eg kunne godt ha tenkt meg kraftigare saker for Vigdis sin del. Men eg gjekk først og laga spor så godt eg kunne... Det gjekk forsåvidt greitt, men eg er sikker på at jenta hadde fuglar i magen, sjølv om det ikkje kom eit pip... På toppen venta den store gullmedaljen. Ei fantastisk sol krydra den vinterlege landskapen av is og snø, fonner og føyke. Berre ein kjøleg svak bris var der i dag! Utruleg flott... Men Vigdis hadde mest lyst å ta seg ei skive lenger nede. Utan at det var nemnt, låg det vel i korta at det var greitt å bli ferdig med det skumle partiet. Vi gjekk difor ganske raskt ned igjen etter å ha skifta litt klede. Eg først. Og det gjekk bra. Hæl-broddane hennar hjelpte ned igjen. Mine heildekkande er gode. Men her oppe er det egentleg forhold for stegjern for å vere heilt trygge... Jenta fekk i seg noko mat i lyngen på det solfyllte partiet over lagunane.. Her var det praktfullt i sola i dag. Påskestemning aldeles. For meg held det med ein solid morgondose med havregryn og banan. Kan gå mesteparten av dagen på det... Eg skulle i middagsbesøk til Håvard og Miriam, så det vart ikkje så lange pausen. Turen ned igjen til Markavatnet gjekk fort av seg sjølv. Dette var nok ein kjempetur på Eitrenipa. Ein sparar bra med tid når vatnet er frose som no. Det gjekk fint på 4,5 timar i dag inkl. matpausen.... I stad fekk eg melding om at Agnar hadde reist med familien på Nipebu. Flotte forhold på føtene med is på Nipevatnet og Langevatnet.... og i morgon er det meldt fint vèr igjen!
Fra Eitrenipa 271208
Fra Eitrenipa frå Øyravatnet 271208

fredag 26. desember 2008

Fjellspel i desember

Frå turen på Høgeheia tidleg 2.juledag Eg kvapp oppe på den små flata i den lange bakken på Høgeheia i dag tidleg. I sidesynet dukka det brått opp elleve kvite sauer. Sauene som har gått nede i Hollevika i heile haust var tekne til fjells igjen. Det mangla 5 av dei som sikkert gjekk lenger nede. Kva dei lever av oppe i her må no fuglane vite. Einer er det nok av, men det har dei vel ikkje mager til som toler? Sauer burde vel ikkje gå her oppe på denne tid av året i det heile teke? Eg traff på Gunnar A. på toppen. Han sat så godt i lè av varden då eg kom. Han er alltid tidleg ute den karen, slår meg òg av og til...:-) Vi hadde oss ein kjekk passiar. I den kalde trekken var det likevel ikkje tid for noko kaffeslabberas. I tillegg skulle fruen og Sissel avgarde òg, så eg måtte vere heime igjen til kl 11.00. Presis! Det heldt med to minuttar då eg nådde tunet heime...:-)

torsdag 25. desember 2008

Soloppgang 1.juledag

MMS bilder frå Høgeheia 1.juledag kl 10 Eg gjekk på Høgeheia i dag tidleg før det store brunch-selskapet med barn og barnebarn. Fekk oppleve ein nydeleg soloppgang over fjella i sør. Praktfullt! Framleis God Jul frå Stongfjorden

onsdag 24. desember 2008

God Jul

Eg måtte sjå oppom Eitrenipa i dag, julafta. Grauten vart kald for nissen. Men den smakte minst like godt for det. Eg ynskjer alle sjåarar hjarteleg God Jul.
Fra Eitrenipa 241208
Eitrenipa 241208_video_a

tirsdag 23. desember 2008

Vask og forventningar

MMS frå Høgeheia i føremiddag Kanskje det er nokon der ute som ikkje trur meg, men eg har faktisk vaska litt i dag. Ikkje akkurat nokon rundvask. Då hadde vel fruen i huset sendt meg på akutten. Men kjellaren ser bra ut no. Og det luktar faktisk grønsåpe når eg opnar kjellardøra. Ikkje nok med det. Eg har vaska to maskiner med klede og hengt ut til tørk òg. Så i ettermiddag skal eg berre sette meg rett ned og vente på skrytet... Å, kor flink du har vore Gustav! Eg nektar å tru det... Bevare meg vel... Er du sjuk? Vel, eg kan no fabulere... Det er vel ikkje meir enn kva som er forventa av ein mjuk mann (hmmm er ikkje sikker på om eg likar akkurat den... har meir sansen for macho eg:-)) Men utan å ha fått kalkulert inn ein kjapp ein på Høgeheia, hadde denne indretenesta heilt sikkert ikkje fungert. For FØR eg kan gå, går arbeidet av seg sjølv, fordi eg gler meg til å få sveitte litt. Og ETTER at eg er komen igjen, blomstrar energien av seg sjølv! Utan at eg legg så mykje arbeid i denne bloggen i dag, er no den òg ferdig... Så no kan eg snart sette på gløggen (utan rødvin). For eg tenkte eg skulle ta meg ein kjapp ein i morgon tidleg òg... I verste fall kan eg ta hovudlykta før det blir lyst...:-) Meldingane ser bra ut:-)

mandag 22. desember 2008

Indre dialog

På tilbaketuren frå Eitrenipa i dag klårna det opp. Her frå toppen av fossen. Teke med zoom frå nordsida av Leknesvatnet på returen i dag. Skaret opp frå venstre til høgre. Det vart ein stri tørn på Eitrenipa i føremiddag. Steike meg! Eg heldt på å gje opp - igjen - men beit det i meg fleire gonger... Men di nærare eg kom, di meir oppsett var eg på å komme meg opp! Eg gjekk frå Markavatnet ca 09.30. Opplett og fint. Og all snø var vekke. Det gjekk veldig lett bort til vatnet. Nesten oppe ved brua måtte eg berre pakke ned jakka eg gjekk i. Det vart altfor varmt. Og eg heldt fram i ei tynn og ei litt tjukkare Devold. Det var rikeleg. For vinden eg hadde hatt i bakhovuet, var stilna heilt av her nede. Det gjekk som ein draum. Fort og lett kom eg meg opp under hamrane ved fossen. Ei stund fabulerte eg på om det var løpsene og julekakene hjå mor mi i Dale i går som gjorde utslaget. For det var berre å ause på oppover... Eg var likevel spent på korleis det såg ut oppe i høgda. Og ikkje minst om det gjekk an å gå inn vatnet. Eg prøvde meg ut på. Isen heldt, men det var sørpete og vatnet rakk meg nesten til anklane. Det vart altfor tungt å gå slik inn heile vatnet. I tillegg vart eg heilt sikkert våt, for fjellsko er ikkje gummistøvlar heller. Så etter 10 meter måtte eg berre bite i det sure eplet og snu. Sidan det var ein omveg å gå nordatt å finne stien, bestemte eg meg for å følgje breidde på nordsida av vatnet. Det vart eit lite mareritt! Bratt, kronglete, einer og skog. Og snøen rakk meg for det meste til knea. Eg seig gjennom i holer og ved steinar og var fint peste då eg endeleg kom meg inn omlag ved midten av vatnet. Her kunne eg ta ein liten avstikkar å komme meg opp igjen på stien. No vart diverre ikkje det så store forandringa. Eg seig like godt gjennom den blaute, gamle snøen her som nede ved vatnet. Heldigvis er det ikkje så kronglete terreng innover stien. Etter den lengste og tyngste turen inn hit i haust, stod eg til slutt på brua mellom vatna. Eg hadde lenge sett på den mørkeblå himmelen ute i havet. Og skodda som seig inn over Indrevågefjellet og Kvamsnipa. Etter å ha baksa første bakken opp i den djupe snøen, kom snøbyga og kulingen. Og det var ikkje kva som helst. Heldigvis hadde eg tima det så bra at eg var komen opp til den store steinen som står på dei tre små, og kom meg i skjul. Eg sat vel her i ca 15 minutt. Knaska litt nøtter og drakk litt saft. Rusta meg for sjølve oppstigninga. Tanken om å snu var no for lengst forsvunnen, sjølv om det var eit blodslit igjen. Eg gav på med ny frisk. Fann eit passeleg tempo. Pusten gjekk som ei stempelmaskin. Seig meir eller mindre gjennom snøen opp heile den lange "grasbakken"... Det kom ei ny byge. Heldigvis tok den ganske fort slutt. Eg fann fram brillene for no var sikta elendig. Til mi store glede heldt snøen litt betre opp sjølve skara. Her oppe var det komne store snømengder siste veka. Siste delen mot toppen vart sikta endå dårlegare på grunn av skodde. I tillegg var det litt isete, men akkurat i det verste og smale partiet låg det pakksnø. Så det gjekk heilt fint. Og eg kom meg faktisk heilt opp utan broddane. Dei nye Lowa Tibet skorna sat godt på. På toppen såg det ut som eg kunne vore på Svalbard eller noko slikt. Vilt og kaldt og ugjestmildt. Og sikta var berre nokre meter. Eg bytta litt utstyr i lè av steinen der oppe og tok nokre bilder, før eg returnerte ned att skaret. Det var svært dårleg sikt, vind og kaldt. Men noko problem var det ikkje. Eg hadde jo spora opp å gå ned igjen etter. Men det vart ganske tungt ned igjen til vatnet òg. Den ekstra tyngde av å trakke nedoverbakke, var akkurat nok til at eg seig endå meir gjennom snøen enn opp. Slitsomt å måtte dra opp føtene frå snøen for kvart steg nedover. Nede på brua skifta eg klede, åt nokre nøtter og rosiner og drakk litt saft. Eg kvikna fort til igjen. Og på nordsida av vatnet dukka sola opp vest av Eitrenipa. Ja, vèret letta heilt opp. Det vart fantastisk flott. Eg tok litt bilder etterkvart og var avstikkaren bortom toppen av fossen òg. Det var ikkje lenge sola var framme der i sør om Heileberget, men du verden kor godt den stunda gjorde. Det vart ein tur på godt og vondt. 5 stive timar i alt slags vèr. Ei saftig fysisk påkjenning. Men du verden kor godt det gjer etterpå! Og ekstra godt sjølvsagt at eg ikkje gav opp!
Fra Eitrenipa 221208
Sola står over Heileberget i Dale. Fossedalshengenipa t.h.

søndag 21. desember 2008

Ein omgang juling

Høgeheia i føremiddag. Vilt, kaldt og nake! Og Alden har gøymt seg... Steik. Det vart ganske tøft på Høgeheia i stad. Var ikkje så hakkande gale når eg køyrde utover, men oppe i den lange bakken og på ranen som ligg eksponert frå sør, slo det til med voldsom vind, regn og sludd så det svei i kjakane. Midt i mot. Etter at jakka vart blåst opp som ein ballong, fordi eg ikkje hadde låst åpningane under armane, følte eg nesten at eg tok av bort etter fjellrabbane. Nevane vart is av våte fleece-hanskar. Heldigvis hadde et to lag undertøy på overkroppen og janus-ull på beina under goretexen... Og dei nye fjellskoa sat godt på det våte fjellet. Men brillene låg sjølvsagt att heime.... Eg gjekk så fort eg kunne i vinden. For å komme meg raskt opp i le av den syngande varden. Snø, sludd og hagl dreiv i rasande fart bort etter det nakna fjellet. Vèrgudane slo seg aldeles vrange. Eg kunne sjølvsagt ikkje stå der i lè og vente på at det letta. Det var berre å dra pusten og hoppe i det. På hi sida av varden var det som å få lufttrykket av ein dynamitteksplosjon midt i fjeset. Eg nærast kraup i livd nedom næraste bakkekammen. Eg la på sprang. (Og heldigvis letta det litt der nede det var mest utsett). Og eg sprang resten av bakkane til Hollevika. Turen i dag var nok ei god påminning på kor vèrutsett fjellet er her ute i havgapet. Det er nifst kor sterk vinden blir... Og den er ti gonger verre der opp enn nede ved havet!

Oskereia

Åsgårdsreia rir gjennom luften. Maleri av Peter Nicolai Arbo (1831-1892) I gårsdagens BT las eg om julareia som vi kalla oskereia når eg var liten. Det var som å ta eit sjumilssteg attende i tid. For oskereia har eg ikkje tenkt på på mange år. Eg måtte sjølvsagt innom nettet for å søkje opp oskereia. Då fann eg ei kjekk og artig nettside. På desse ætte og sogesidene frå Jørpeland er det forklart om dette fylgjet som var dauingar(sjølvmordarar, horer, tjuvar og pakk) som vart reisande mellom himmel og helvete til evig tid. Men mykje anna kjekt finn du òg på desse sidene som gamle sagn, varsel om død, vermerke og utvandring til Amerika. Les m.a. om hollandske Siri Flis. Utdrag: Siri Flis, på hollandsk vis slakta ein gris, salta han i sot, kokte han i kål, åt han opp i eit mål. Så tok ho ei dugeleg brennevinsskål og bante på at ho var' kje halvmett. I gamle dagar, og då snakkar eg sjølvsagt om lenge før eg vaks opp, vart folk skremde av alt mellom himmel og jord. Verst var det vel så langt tilbake som til tida rundt svartedauden då du kunne seie bø så sprang folk og gøymde seg. Men bestemor mi fortalde om alt som var farleg òg. Og det er klart at vi ungane vart både vetskremde og mørkeredde. (Er ikkje sikker på om dette er rett barneoppdraging i dag:-)) For bestemor mi Myrthel, fødd i USA, hadde sin eigen måte og "straffe" oss ungane på når vi ikkje var snille. Som eldstemann i flokken, som etterkvart talde 6, er det vel rimeleg å tru at eg måtte gjennom "skjerselden" først i mange samanhengar. Ho oppheldt seg mesteparten av dagen på kjøkkenet. Det var ikkje ferdigmiddagar då nei. Eine skorsteinen i huset gjekk opp ved sidan av den gamle komfyren. Og oppe under taket var det lufting med ein sotete (oske?) og svart netting inne i holet. Luka stod alltid lite vetta (vette?) på gløtt. No ho ein sjeldan gong vart sint henta ho løvangen (langkost som ein vaskar golvet med) og pirka opp i dette svarte, sotete holet og skreik at no henta ho Mallafoten hvis vi ikkje var skaplege... Vi vart alltid levande redde av dette. Og oftast var det nok med at ho truga med å hente dette utysket. No må eg skunde meg å tilføye at bestemor mi var snillaste menneske på jord. Og egentleg var det gjensidig. Eg var gromguten, veit du. Eg delte til og med rom med henne i fleire år...som liten.. Snill trur eg at eg har blitt òg, iallefall på botnen. Men sikker er eg iallfall på ein ting og det er at eg ikkje er mørkeredd. Nei, Oskereia og Mallafoten har ikkje sett sitt preg på meg. Ja, heller ikkje løvangen... Ja søren plystre, løvangen, kanskje eg kan takke bestemor mi for det? Veldig bra no oppunder jul...:-) Eg sender varme tankar til bestemor mi! (Nei no må eg ha ein kopp kaffi og ein tur på Høgeheia i skitvèret...:-))

lørdag 20. desember 2008

Nordvesten kjem

MMS frå Høgeheia i dag tidleg Eg stod opp med Peter i 07 tida og var med han og opna kalendarane hans (neste år må eg ha meg eit par av sorten eg òg...). Vi har jo som nemnt tidlegare ein viss seanse med dette kvar morgon, vi gutane... Eg var innstilt på tur på Eitrenipa igjen i dag, men meldingane kl 08 var alt anna enn lystelege. Nordvest opp i storm, hagl, regn, fare for torèver og snøgrense på 2oo meter etterkvart. (Gløymde eg noko?) Og etter ei ruskete natt med mykje nedbør, regna og bles det framleis. Nei, eg var ikkje innstilt på 5 timar i snø, regn og vind på Eitrenipa i dag. Eg har jo fri ei veke og meldingane er mykje betre over helga.... Det vart difor ein kjapp tur på Høgeheia - igjen - eg var jo nesten nettopp nedkomen derifrå. Men eg måtte berre bevege meg litt i dag òg. Eg blir ei løve i bur hvis ikkje:-) Og klatrar fort opp etter veggane og baurar... Så mykje er det vel ikkje å seie om sjølve turen. Nordvesten var allereie begynt å ta godt. Og ned igjen var han hard! Likevel var det heilt greitt. Men veldig blautt. Det er julepakke-dag til Dale i morgon. Årets seanse med eit virrvarr av plastposar og namn. Stressnivået stig. Adrenalinet pmpar. Eg har 5 søsken og 12 eg er onkel til der inne. Det blir fort posar av slikt. Men det er no berre noko vi må gjennom... Eg er vel heldig stilt, for Olaug er ein racer på slik organisering! Ja, på presangar òg... Det vart litt betre styr på dei greiene enn åra eg var åleine! Berre å innrømme mi begrensning på slikt. (Eg svevar i akutt fare for hjarteinnfarkt på handlerunder til jul. Dette har heldigvis fruen forstått etterkvart). Eg er dessutan så lettgløymd at eg ikkje hugsar kva som skjedde forrige jul... Den føreståande er jo like fort historie:-)

fredag 19. desember 2008

Aukande vind og full gass

Fra Driveknolten 140908_video_a
Fra Driveknolten 140908_video_b
Fann to videoar frå Driveknolten i haust som ikkje tidlegare har vore publiserte. Fint med litt arkivstoff i desse mørketider sjølv om kvaliteten er skral (hadde vel forkasta dei av den grunn...) Ingen fjell i går. Seinvakt i banken. Og så traff eg fruen i døra med trompeten då eg kom heim. Julekonsert på sjukeheimen stod visst på programmet! Flott tiltak. Eg håpar hornmusikken kjem når eg ligg der òg - eg har jo allereie bestilt meg rom med utsikt til Blåfjellet, Fristadfjellet og morgonsola... Det var i grunn rart kor det klaffa med vèret etter arbeid i dag òg. Akkurat som på onsdag var det eit lite opphald med vind og regn då eg kunne gå på fjelltrimposten der du veit... Stjerneklårt og ikkje ein dråpe nedbør! Og berre ganske milde og sørlege kulingkast! Som vart litt hissigare etterkvart... Perfekt for meg. Timervarselet på storm.no stemte på ein prikk igjen (kanskje eg snart skal forandre meining om desse varsla...) Herleg å få kjenne pulsen slå i brystet og sveitten sile igjen. Kroppen er berre ikkje bygd for å sitte på ein kontorstol i timesvis. Resultatet av det livet blir fort brei stuss og smale skuldrar... Eg har i grunn ikkje lyst på nokon av delene...:-)

onsdag 17. desember 2008

Helene Harefrøken og fjompen

Morgonbesøk hos "dinosauren" 14/12 Timevarsla for vèret stemde perfekt i ettermiddag. Opplett og mindre vind akkurat då eg hadde bruk for det etter arbeid. Som eg skulle tima det sjølv! For eg fekk ein stjerneklår himmel på turen på Høgeheia etter arbeid i 17 tida. Og vinden var heller ikkje så vanvittig sterk. No i kveld er den aukande igjen som meldt. Jammen stod "Helene Harefrøken" i sin kvitaste kjole og ynskte meg velkommen ved tjernet på toppen. På akkurat same plassen som for eit par veker sidan. Vimsete litt hit og litt dit. Og som sist trur eg ho skjønte lite av denne kyklopen med eitt lysande auge. På fjellet i svarte kvelden... Men til siste stakk ho nedom eine bakkekammen. Ho var jo så enkel å sjå. For all snø var borte igjen. Ho såg så til dei grader sårbar ut i det brune lanskapet. Ein kunne jo følgje ho med synet over halve fjellet.... Herleg å få bevege seg litt igjen og få puste i frisk luft... Standardbilde frå Høgeheia i kveld

tirsdag 16. desember 2008

Ein dags pause

Utsikt frå sørvarden på Eitrenipa 14/12 mot Dale t.h. Vèrmannen ville visst gje meg ein pause i fjellvandringa. For vinden dundrar inn i Yndestadfjellet ovanfor huset i kveld. Ular så vi høyrer det godt innomhus. Eg veit kva det betyr. For synnavinden tek lite i Stongfjorden. I skjul som vi ligg av Skålefjellet, Størdalsstauren, Moldura og alle dei andre fjella på sørsida av fjorden. Men du verden som den tek det att oppe på fjellet på nordsida, som Toreheia og Skylefjellet og for ikkje å snakke om ute på Høgeheia. Slik som det er i kveld er det ikkje å feige ut og vere heime. For det er tryggast kan hende å ikkje leggja i veg... Eg har difor fått gjort litt indreteneste. I min terminologi handlar det mest om vask av fjellutstyr, ull og anna. Reingjering, smøring og impregnering av sko (fekk dei nye Lowa skoa i dag som måtte reimpregnerast før bruk), skifte av strikk i gamasjar og reinhald av vaskerommet/utstyrsrommet i kjellaren. Eg har ein "evig kamp" med fruen i huset om graden av odør i dette rommet. Min skala har ein del fleire grader enn hennar. Og av og til lurer eg på om gradene på hennar minkar. Eg har iallefall funne ut at terskelen ikkje er konstant. Kanskje avhengig av andre svingningar enn graden på sjølve lukta... Du skjønar, eg er ikkje så nøyen på om eg brukar opp igjen same undertrøya ein gong eller fire så lenge den er tørr. Så passe temperatur er her i rommet både for kle og sko. Utlufting òg. Men som de forstår ikkje alltid nok av det siste. No er sjølvsagt dette problemet ofte verre om sommaren. Det har jo òg medført at når eg skal hentast frå tur, er det med naud og neppe eg får lov å sitte på i bilen hennar. Som regel er det tryggast å ta stasjonsvogna mi i slikt ærend. Då kan eg trygt hive av meg det verste før eg kan setje meg i passasjersetet... Nei, eg har ikkje alltid forstått det female innslaget i familien. (Eller kvinnfolk generelt) Ho er så steikje nøyen på det som ikkje er så nøye... Og eg som alltid har trudd at damene likte litt lukt av mann...:-) Slik er det iallefall i dyreverda! Etter at ho begynte i hornmusikken, har eg til mi store lette forstått signalbruken noko betre. For når ho har teke fram trompeten, og eg høyrer denne ylinga utanomhus når eg kjem frå tur, er det klar bane... Då er terskelen for odør og anna på høgste punktet... Høgdepunktet i kveld vart den utvida sendinga av "Ut i naturen". Midt i blinken for Peter og meg. Flotte sjåarvideoar. Og ikkje minst unike opptak av blåbæretande ulv og bjørnesafari i Finland. For nokre fantastiske dyr... Skulle gitt mykje for å komme desse på nært hald i vill tilstand. Utan anna våpen enn kameraet altså! Eg likar dyr og rovdyr levande eg...

søndag 14. desember 2008

Blodslit og stabeist

Vinterleg på Eitrenipa i dag Det var herleg stilt i huset då eg stod opp 6.30. Då hadde eg lege ei stund og høyrt på noko klesvask som slo i vinden på klessnora ute. Jammen bles det godt i dag tidleg òg. Skulle eg ta sjansen på Eitrenipa? Peter kom tassande litt før 07 og saman opna vi julekalendarane (han har fire!!) som vi brukar kvar morgon. Mor sjølv i huset fekk sove lenger som ho brukar i helgane... Eg bestemte meg egentleg ikkje for dagens mål før eg høyrde vermeldinga kl 08. Dei melde tildels pent, men vind... Noko med det verste eg veit er å vere ubestemt. Ikkje vite. Kike frå glas til glas og lure på kva målet skal bli. Det er difor alltid ein lette når eg har bestemt meg. Action, action....:-) Eg var på plass ved Markavatnet rett før 09. Det var godt lyst. Første biten bort til vatnet gjekk lett. 4-5 cm med våt gammal snø og litt is. Men det vart fort tyngre! For opp skogen ved elva rakk snøen meg til midt på leggen. Eg vart gjennomsveitt i bakkane oppover. Av med jakka, buff og hanskar. Eg gjekk og kava vidare berre i ei Devold Expedition trøye. Likevel sila sveitten. Oppe ved hamrane, forbi skogen ved furutrea, gjekk snøen meg til knea. Det her var maniac. Eg var pumpa, men endå ikkje halvveges! Tvilen melde seg. Eg bestemte meg likevel for å gå opp til vatnet og sjå korleis det såg ut vidare. Oppe ved fossen og skåra, der strengen er til å halde seg i for å komme opp, var det blese til slik med snø at eg stod til magen i han. Stavane som stod innstilt på 1,20 botna ikkje! Eg hadde problem med å komme meg bort i sjølve skåra. Men eg beit tennene i hop og kom meg hitt og opp til slutt. Eg sukka av lette då eg såg at vatnet var fullstendig snøfritt! Absolutt all snøen var blesen av vatnet frå aust til vest. Men stålisen var ei saga blott. Snøen hadde vel hamna ned den retningen eg nett var komen opp. Verre var det at den lange "grasbakken" aust under Eitrenipa, og sjølve skåra opp på toppen, såg mistenkeleg kvite ut. Fekk eg same strabasane her som eg hadde vore gjennom, var det tvilsomt at eg hadde kapasitet til å komme meg opp. Eg fekk sjå etterkvart. Austavinden tok kraftig i kroppen oppe ved fossen. Midt imot! På med jakka og fram med balaclava, fantombriller, hanskar og det som var. Eg måtte skalke "alle luker". Vinden gjekk gjennom marg og bein! Eg hadde ikkje ein sjanse til å ta meg fram over vatnet. Eg vart blesen attende! Eureka - lukk deg opp:-) Eg hadde broddane i botnen av sekken. På med dei og ingen problem. Det vil seie, det var jo tungt å gå med vinden midt imot...sjølv om det var flatt... Men det gjekk fint bort i søraustre enden på det første vatnet. Her begynte utfordingane igjen. Første bakkane måtte eg vasse i snø igjen til knea og over det.. Ikkje helsike, tenkte eg. Eg gjer meg ikkje. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Det som tende optimisten igjen i meg, var at snøen var så hardpakka at han heldt meg innimellom. Og opp den lange "grasbakken" var snøen glasert og hard enkelte plassar. Eg lærde meg fort at der snøen hadde mønster, heldt han mykje betre. Var fastare pakka. Så opp bakken gjekk det over all forventning. Først då trudde eg at eg skulle klare å komme meg opp... Opp sjølve det bratte skaret hadde snøen stort sett pakka seg slik i hop at han heldt meg. Nesten heile vegen. Men her er det bratt og tungt frå før. Rennefòket kom drivande som levande veggar midt i fleisen til å begynne med. Godt å ha briller då. Når eg får dei på får eg òg eit oransje og flott syn på tilværet. Sola steig over fjella i vest og nord. Fossedalshengenipa kneisa karakteristisk og nydeleg der ute. Og no var eg høgre enn alle fjella der. På toppen av skaret møtte eg likevel ei ny utfordring. Her er det smalt og luks utfor fjellet. Snøen var avblesen og berre isen låg igjen. Det halla bratt utfor stupet! Men ikkje svarte om dette skulle stogge meg... Så eg festa reimane på broddane litt ekstra og gav meg over den isete hellinga. Må innrømme at eg hadde litt fuglar i magen. Broddar er ikkje akkurat stegjern heller, og datt eg no fann dei vel att beingrinda under fjellet til våren... Då hadde no ramnen iallefall hatt det godt i vinter...:-) Men eg kom meg over. Det var likevel ikkje slutt med det. For isete var det heile den vestvende bratta til toppen. Terrenget var mykje endra sidan sist. Tydeleg at det låg ein del snø under isen. No kom eg meg opp då. Ad omvegar. Og då eg sette føtene på partiet ved toppen fekk eg sola i sør. Som eit punktum finale. Som ein gullmedalje hang ho der. Som eg inderleg hadde fortent! Eg var lukkeleg, glad og trøtt! Men måtte komme meg i skjul. Ein isande kald austavind hylte rundt øyra... Det er første gongen eg har fått testa dei nye goretex-vottane med innlegg frå Outdoor Research (same som to vindtette huer eg har). Ekspedisjonsutstyr. Dei var utrulege. Fantastisk varme. Har aldri kjendt på maken. Dei kjenslelause nevane mine fekk varmen igjen på rekordtid. Og dette er faktisk ikkje skryt... Det fungerte så bra at eg tok turen bort på sørvarden og keik ned til Dale. Så fekk eg teke nokre bilder denne vegen òg. Det var berre utruleg fint på toppen i den låge vintersola. Skuggane frå steinar og dei kunstferdige snømonumenta som var laga av vinden rakk laaangt bortover fjellet. Ei utruleg utsikt i alle retningar. Det her var verkeleg vintertur i desember. Men nokre vidare seansar var forholda for tøffe til. Det bar difor ned igjen same vegen eg kom opp etter eit kvarter eller så... Utfordringane ned igjen første delen var minst like store som opp. Eller det vil seie - det er alltid verre ned enn opp når det er skare og is. Eg tok det difor svært kulig ned dette stykket. Men då eg var komen trygt ned i det nordvende skaret, var det meste gjort. Det gjekk jo mykje lettare vidare ved å følgje spora. Og eg var rimeleg raskt nede ved vatnet igjen. Og her fekk eg jo vinden motsett av i stad. Likevel var det greitt å ha broddane på... Utanom eit par små fotostopp undervegs, gjekk eg direkte til Markavatnet igjen. Eg var godt sliten og møyr i kroppen. Og eg hadde brukt vel timen meir enn eg plar. Dette trass i at eg sikkert sparte minst kvarteret på å gå over vatnet. Eg torer nesten ikkje tenkje på korleis det hadde blitt, hvis eg måtte ha vassa snøen på nordsida av vatnet òg... Uansett er det viktig å vere klar over at ein skal heim igjen... Turen er berre halvveges på toppen! Det vart eit blodslit i dag. Eg brukar å seie til meg sjølv på eremitt-turane mine no at: er eg dødstrøtt kan eg bli endå mykje trøttare...:-)
Fra Eitrenipa 141208
Fra Eitrenipa 141208_video

lørdag 13. desember 2008

Lufte vitet

Kunst av vind på Høgeheia i dag Etter å ha opplevd den iskalde austavinden på Høgeheia i går kveld, var eg fullstendig klar over korleis det var på Eitrenipa i dag. For vinden var minst like sterk. Den ulte oppe i Yndestadfjellet heime. Og meldingane var faktisk opp i storm på kysten. Eg slo difor raskt i frå meg Eitrenipa i dag, sidan det i tillegg var meldt mindre vind i morgon. Eg var likevel på føtene 6.30. Peter og eg. Resten av huset fekk sove. (Marie til Olaug var komen heim med kompisen sin). Eg sjekka innom Origo i Firda. Der var det lagt inn ei ny sone om vindmøller. Eg melde meg fort inn og brukte eit par, tre føremiddagsimar til å seie i frå kva eg meiner om vindturbinar. Etter denne stille og djupt konsentrerte stunda, var eg tommelumsk i hovudet. Sidan fruen i huset var stått opp og Peter skulle i gebursdag, kledde eg likegodt på meg og tok oppatt på Høgeheia og fekk lufta vitet. Du verden kor det hadde blese i natt. Mykje av snøen var fòken av fjellet mot nordvest og Stavfjorden. Resten låg samla i djupe fonner i skjeringane. Oppe på sjølve fjellet var spora frå i går kveld heilt borte. Det bles ein steinkald søraust vind. Eg hadde teke på meg stillongs i dag og eit ekstra sett Devold på overkroppen. Det kom godt med. I tillegg er det veldig bra med fantombriller når du får slik vind og drev midt i fleisen og augene. Då slepp du rennande tårer heile tida. Brillene vernar bra rundt ansiktet òg. Nokre knips med kameraet og nevane var is. Utanom eit par stogg for nokre bilder, sprang eg rake vegen til bilen igjen. Kva det blir til i morgon får vi sjå. Kuldegradene er eg ikkje redd for i det heile teke. Mykje verre er det å få kraftig vind samstundes...
Fra Høgeheia 131208

fredag 12. desember 2008

Fullmåne og isande austavind

Nattfoto frå Høgeheia mot Alden i kveld Peter blir 9 år til våren. Etter faren si meining er han litt småpysete. Litt mørkeredd. Og ligg med mora om natta... Vi har snakka om dette med mørket. At det ikkje er noko å vere redd for. Det er ingen andre enn menneska som kan vere farlege. Og dei treng lys for å vere vonde. Mørket er egentleg ein ven. Så både han og fruen i huset vart med på måneskinnstur på fjelltrimposten i kveld. Litt klaging og trøtt var han undervegs. Men trur det var mest for at han kjende seg utilpass, spesielt gjennom granskogen og då det bles. Så det gjekk i rykk og napp oppover. Det gjekk likevel mykje lettare då vi såg varden på toppen i det fantastiske måneskinnet. Landskapet låg spegla i det sølvfarga lyset. No bles det friskt her oppe. Isande kald austavind. Ja, faktisk så rennefòket stod etter fjellet. Fullmåne, tindrande klårt og rennefòk. Var litt uverkeleg. Så vi kom oss fort ned igjen mot Hollevika. Humøret til Peter steig i takt med at vi nærma oss utgangspunktet. Det var då han kom med perlekommentaren at: "mamma, du må ikkje vere så negativ". Eg måtte le høgt! Siste stykket ned igjen begynte han like godt å synge. Halve skaret ned, sang han! Var ikkje mykje trøtt og redd då...:-) Flott og kjekk tur. Rett nok vart det ei kald avrivning for far sjølv, som gjekk kledd for sitt vanlege tempo. I kveld gjekk det vel doble tida av det vanlege...:-)

torsdag 11. desember 2008

Glitrande krystall

Eimind t.v, Granesundet og Atløy. Venus "inne" i varden... Nattfotografering med kompaktkamera. Utsikt mot Florø i kveld. Dei fleste har vel sett den fantastiske månen siste kveldane. Det er fullmåne i morgon. Du verden kor stor og lysrik han er no. Difor var det nesten ikkje behov for hovudlykt i kveld i det heile teke. No var han relativt låg på austhimmelen tidleg på kveld. Og opp skaret i Hollevika nådde lyset ikkje ned. Så her var det ganske mørkt. Men dessto lysare vart det lenger oppe der den fantastiske lysskiva dukka opp over fjellkammen. Han spegla vassyta ut heile Stongfjorden! Og fjella og åsane var kledde i sølv. Nysnø og iskrystall glitra. Ja, det var så månelyst at stjernehimmelen nesten drukna i lyscrescendoet. Elles var det ein ganske sur austavind på toppen. Så etter å ha prøvd på litt nattfotografering med det begrensa utstyret mitt, og kunnskapen om slikt, vart eg iskald. Fingrane vart kjenslelause. På venstrefoten har eg dessutan forfrose ei tå på isfiske for ein del år sidan. Eg misste òg nagla på stortåa nyleg, så desse to tærne blir veldig fort forfrosne... (Stortåa kjem seg vel når nyenagla veks heilt ut). Det er jo egentleg småtteri, men likevel... Trass i litt nysnø på toppen, som enkelte plassar hadde blese til fonner, var det supert å gå. Ikkje glatt i det heile teke. Nydeleg kveld og flott trim!

tirsdag 9. desember 2008

Når sikta blir borte

Skålefjellet 22/12-07 då skodda isa ned fjellet Tøffaste turen på Høgeheia med hovudlykt så langt? Spørst det... Sludd i Hollevika gjekk over til DET snøvèret oppe over skaret. Det lava ned! No låg det ikkje noko snø frå før av, så det var ikkje så veldig tungt å gå Men alt vart fullstendig kvitt - alt... Når temperaturen søkk, og regnet går over til snø, og det er vind i tillegg, festar snøen seg på refleksen på stengene. Det kjem jammen godt med at stengene står tett slik som forholda var i kveld... Likevel greidde eg å rote meg vekk - iallefall litt. Eg bomma på ei refleksstang som var heilt usynleg og kom ut av kurs. Alt kvitt! Whiteout... Eg hadde ikkje anna val enn å følgje spora attende før eg trakka til heile området... Eg fann jo tilbake til forrige stang då. Men eg måtte faktisk peila litt på retningen der eg stod. Heldt fram og kom inn igjen på rett lei. Puh, eg var faktisk litt usikker ein periode...i mørket og kvitt inferno rundt meg! I to sekund tenkte eg på å snu ned igjen...utan å nå toppen... Ja, det er nesten utruleg kor terrenget kan forandre seg i all snøen. På toppen såg det nesten ut som ein var på høgfjellet i kveld. Skavlar og fonner. Nake og slett. Kvitt i kvitt. Og spora bles til med ein gong... Eg kom meg fort ned igjen der i frå i kveld...

mandag 8. desember 2008

Kystklima

Agnar på veg opp den lange grasbakken mot Eitrenipa på lørdag Det sludda og snøa på veg heim frå jobb i dag. Over heia var det dårleg føre. Tjukt snødrev. Skikkeleg ufyseleg. Eg slo i grunn frå meg all fjelltrim der og då. Men det var mykje betre vèr då eg kom ut igjen til kysten. Rett nok litt vestavind, men pyttsan. Fort gjort å ombestemme seg når given er der... Eg køyrde difor nesten direkte i Staveneset etter å ha skifta klede og slukt ei banan i farten. Ahh, det gjorde godt å peise opp bakkane på Høgeheia. Kjenne at motoren glødar. Det var opplett og fint. Månen stakk til og med fram. All frost i bakken var vekke. Så det var litt blautt enkelte plassar igjen. På toppen låg det berre eit par, tre centimeter med nysnø. Og heim igjen sprang eg mesteparten av vegen - over stokk og stein - i lyset frå hovudlykta og månen. Utan uhell av noko slag...:-) Kjempeflott!

søndag 7. desember 2008

Adjø du stålis

Agnar og underteikna på Eitrenipa i går... Eg stakk oppom Høgeheia i dag tidleg så snart som det var nokolunde lyst. Gjekk opp frå Hollevika ca 08.30. Det var tydeleg vèrskifte på gang, og eg ville oppom før nedbøren og vinden begynte. Det gjekk heilt som planlagt. No i 12. tida har det starta å regne i Stongfjorden og temperaturen er stigande. No går stålisen som var oppe i fjellet i går til pises... Det var steikje glatt oppover i stad. 1 cm nysnø opp igjen på stein, hamrar og frosen vegetasjon, gjorde det til ein liten "sjanseseglas" - utan broddar... Eg torde iallefall ikkje springe ned igjen...:-) Eg får meg sikkert ei ganske blå ræv etterkvart òg, då eg gjekk skikkeleg hardt i den frosne bakken oppe ved toppen. Men eg får be fruen om litt stell..:-) Då har eg fått løyst sveitten i dag òg. Bra å få litt ro i kroppen. No får vi ta oss av familien resten av dagen... Snart er det ny veke og nye tak...

lørdag 6. desember 2008

Magisk vinterdag i fjellet

Sjølvportrett i stålis Agnar går på vatnet Eg traff Agnar som avtalt ved Markavatnet før 08.30 i dag tidleg. Han kom frå Førde. Det var ein perfekt morgon! Som tenkt var det akkurat lyst nok til å gå utan hovudlykt. Stien nord om vatnet og bort i austre delen, var skikkeleg isete. Alt flytande var frose. Agnar gjekk difor med isbroddar frå A til Å, medan eg faktisk ikkje hadde dei på i det heile teke. Men isen heldt ikkje heilt på eit par av myrane ... Når du brått står nesten under kneet i våt gjørme er det godt å ha gamasjar på. Ja, spesielt i minusgrader og nett starta...! Som forrige lørdag var det betre forhold opp ved elva frå Leknesvatnet. Agnar gjekk på autopilot på den breie sti, og ville sjølvsagt over brua. Hadde eg ikkje ropt han inn igjen, hadde han truleg ikkje stogga før han var på Nipebu... Men den stod ikkje på programmet i dag! Stilig. Eg følte meg sjølvsagt som kongen på haugen då eg kunne guide han ein ny veg... Det er jo ikkje kvar dag slikt skjer. Eg for min del kjenner jo snart kvar stein her oppe...:-) Det gjekk greitt og radig opp bakkane ved elva. Vi stod vel på toppen over fossen på tre kvarters tid eller noko slikt. Det er her i frå dei største delikatessane ligg - på løpande band. Vinter og frost har sin sjarm, som i dag. Sommar, camping, bading og fisking sin. Forholda for slikt liv er fantastiske her. Det ligg fleire lagunar, avløyst av småfossar inn i mellom. I fleire etasjar. Og fisk er her òg. Dette er utan tvil ein av dei finaste plassane eg veit om... For Agnar var det første turen hit. Og han var einig. Han meinte fruen ville likt seg godt i dette landskapet. Det er flott og lett å gå i det småkupperte terrenget austover nord om vatnet. Blægja ligg midt i mot, og majestetiske Eitrenipa i søraust. Fossedalshengenipa dukkar opp i sørvest. Vi diskuterte om vi skulle prøve å gå isen på vatnet. Men sidan vi allereie var komne eit godt stykke inn, og gjekk høgre enn vatnet, bestemte vi oss for ikkje å gå ned, men heller prøve isen ut igjen på heimveg. Vi gav oss god tid i dag. Fotograferte undervegs. Men tutla no oss inn til brua og overgangen mellom vatna etter kvart. Her testa vi isen. Den var bort i 10 cm tjukk fann vi ut. Klink stålis. Ingen problem. Det var såvidt det var elv igjen her inne i dag. Nesten uttørka. Det er frå brua her aust at mykje av stigninga mot toppen startar. Det var minimalt med snø. Spora mine frå forrige lørdag viste tydeleg heile vegen. Ingen andre sine... Litt fastare snø i dag enn då pga kulden. Vi følgde difor stort sett desse vidare oppover, men mange plassar var det blese til med snø og uråd å sjå dei. Det gjekk fint og greitt opp på toppen av den lange, austvende grasbakken og opp første skaret som svingar nordover på første delen av fjellet. I sjølve det bratte skaret opp, var eg litt føre Agnar og såg han ikkje att med det same. Eg vart litt paff då han etter eit bèl kom den verste islagde bratta opp litt vest om meg. Han måtte sjølvsagt teste broddane! Eg gjekk utan, så eg valde ei sikrare rute. Eg gaula til han at eg ikkje var tenkt å bere han heim igjen! Då fekk han liggje att her oppe...:-) Men det gjekk sjølvsagt heilt fint. Mot toppen av skaret hadde sola kome opp over toppane i vest. Praktfullt. Som eit prospektkort. Vi stogga på ved hammaren og det smale partiet som vender vestover og tok nokre bilder. Dette ligg berre 10-15 minuttar under toppen. Eg har vore nokre gonger her oppe i vinter. Men eg kan trygt seie at dette var finaste dagen - på toppen iallefall. Det var nesten ikkje vind. Mange minusgrader. Og sola spegla snøen og fjellet uendeleg vakkert. Fantastisk vinterdag. Etter at Agnar hadde fått i seg noko mat, gjekk vi bort på sørtoppen og tok nokre bilder. Nydeleg utsikt mot Dale. Men bilder mot sola blir som kjent mørke... Eg la meg i skjul bak varden som skjulte for sola og fekk inn eit par brukbare mot sør òg. Vi vart likevel ganske fort frosne på nevane og snudde ned igjen skaret etter ein liten halvtime. Som sagt hadde Agnar på broddane og gjekk nærast ned igjen. Eg sigla på skaren og isen som låg under snøen. Gutaktig. Moro og latter.. Men slike spillopper kan av og til få konsekvensar. Det er enkelte som aldri lærer... Eg tryna vel nokre gonger som vanleg. Men diverre ramla eg eine gongen opp på karbon-staven min som berre enkelt sa knekk... Dett var dett... Eg som hadde festa ny pigg på han i går kveld! Gu`staven... Får håpe eg får fiksa meg ein ny på Sportsnett. Dei har vore usedvanleg hjelpsame med deler og ny stav tidlegare. Eg fekk meg ein kommentar då eg kom heim igjen.. Eg burde egentleg ikkje kjøpe slike dyre ting - eg øydela dei likevel... Vi kom oss ganske raskt ned til vatnet igjen. Og hadde allereie bestemt oss for å gå isen ut igjen. Det var ei utruleg flott oppleving å gå ut att vatnet. DEN stålisen. Det er mange år sidan vi har opplevd maken. Ute i enden av vatnet gjekk vi ned ved elva og fotograferte. . Men her var sola vekke og bilda blir lett meir gråaktige då. I all isen og snøen. Så vi heldt fram ned att dalen til Markavatnet igjen. Det var ein eineståande flott vintertur i dag. Rett inn i minneboka mi. Det trur eg Agnar er einig i òg... Første turen hans frå nordsida på Eitrenipa og opp var strålande på alle måtar. Og ikkje minst var det kjekt med Agnar sitt selskap igjen...
Fra Eitrenipa 061208