tirsdag 27. november 2007

Merking og etikk


Agnar og underteikna rett aust for Nipevatnet

Eg hadde nokre meldingar med Agnar i dag som utløyste litt diskusjon oss i mellom.
Eg veit han likar å pirke bort i meg når eg kjem med idear om eitt og hitt:-)

Det har seg slik at eg før om åra har gått ein del på Rinda (Stongfjorden) med hovudlykt i mørkna om vinteren. Det er jo ikkje særleg langt opp dit. Det er bra sti og lite problem med å finne vegen. Eg har no fundert på å gå vidare opp på fjelltrim-posten på Skylefjellet i mørkna. Det er sti eit stykke forbi Rinda, medan siste stykket mot toppen er utan sti, men med nokre spreidde vardar. Både stien og vardane forsvinn sjølvsagt når det kjem snø, så slik sett er det verre og truleg litt utrygt å gå heilt opp på posten i mørkna utan noko slags form for merking. Det er greitt så lenge som ein kan sjå spor og skispor, men det er ikkje alltid det er forhold for dette ute hjå oss. Spora kan dessutan snøe ned og fyke igjen medan ein er oppe ved toppen. Det er sjølvsagt lite triveleg å ikkje kunne orientere seg - spesielt i mørket.

Eg har difor fått tak i ein del gamle vegstikker av bambus med refleks på som vegvesenet brukte tidlegare. Eg tenkte at ved hjelp av hovudlykt kunne desse vere tenlege med "å lyse opp vegen" siste biten mot toppen. Eg har sjølvsagt tenkt å kappe desse på lengda. Meininga er å ikkje plassere dei altfor nær kvarandre heller, slik at "spenninga" med mørket blir teke vare på .....Dette kan dessutan vere eit "agn(ar)" for fleire til å komme seg ut av sofaen i mørketida òg. Fleire som går på fjelltrim-posten på Skylefjellet har stilt seg positive. Sjølvsagt skal stikkene takast ned seinare i vinter når lyset kjem tilbake, så tiltaket er jo heilt reversibelt! Stikkene er då vekke når sauene blir sleppt på beite. Og hjortejakta er vel snart ferdig, er den ikkje?

Spørsmålet er: kan dette kallast miljøvennleg? Det er sjølvsagt eit poeng at stikkene med refleks på er eit framandelement oppe på fjellet. Men eg er vel av den oppfatning at det positive med å komme seg ut, og opp også i mørketida må vege tyngst? Det er ikkje så mange som går her oppe på denne tid heller som ville ta anstøt. For å dra dette litt lenger, så er vel ikkje skitrekk med sine "lanterner", lysløyper o.l. særleg miljøvennlege heller? Men dei er vel likevel i all hovudsak sett på som noko positivt som får folk ut på ski og i aktivitet også no i mørketida.

Eg trur difor at den miljømessige sida av dette må vike for den positive gevinsten det er å bruke fjellet også på denne tid av året, også etter at det er mørkt. Det er ikkje alle unt å ha eit skitrekk eller ei lysløype i nærleiken heller.

Dersom nokon har synspunkt på dette miljø-spørsmålet så skriv gjerne ein kommentar.

Epilog.

Etter å ha lese Liv sitt innlegg, finn eg grunn til å presisere at eg sjølvsagt ikkje tek noko form for ansvar om det skulle vere nokon som tutlar seg vekk eller går seg utfor fjellet i mørkna rundt Skylefjellet. Vegstikkene og refleksane er berre ei hjelp til å orientere seg. Ansvaret ligg som alltid på den enkelte som ferdast i fjellet.

8 kommentarer:

AG sa...

Nei Nei Gusten.
No må du ta deg eit tak i nakken.
Stikker opp mot/på fjellet, eg trur du er tussete.
Dette hadde eg ikkje venta av ein av dei fremste lokale forkjemparane av urørt natur.
Vi som brukar naturen(av og til) set pris på det urørte.
Dei som ikkje kan gå utan å få stukke løype må heller få med seg kjentfolk.(Det er ofte hyggeleg)
GOD TUR

Unknown sa...

Eg får sjølvsagt akkurat den kommentaren eg forventar med ein gong eg legg ut dette. Det er sjølvsagt mykje rett i det Arild skriv.

No er forslaget mitt berre av heilt midlertidig art for å kunne bruke fjellet også etter at det er mørkt no i værste mørketida. Og som sagt, stikkene blir tekne med heim att når det lysnar av deg mot påsketider.

Eg tykkjer det må vere rett at vi skal kunne nytte fjelltrim-posten opp på Skylefjellet også etter at det er mørkt.
For oss som har lange dagar med pendling på jobb og som ikkje har høve til å gå i fjellet på dagtid, må det vel vere greitt å kunne orientere seg i løypa opp der også etter at det er mørkt.
Men som sagt, Arild har eit poeng, spørsmålet er berre kva som skal vege tyngst.

SLA sa...

Skjønner ikke helt "problemet"....men det er sikkert meg det er noe i veien med. I det du tenker på å tilrettelegge noe for deg selv...og som andre kan nyte godt av også...ja,da skal skal det være galt? Hvem skal må dette ødelegge for??Ikke er det en permanent løsning heller. Det finnes da virkelig andre miljøetiske spørsmål nå for tiden der en kan velge å sette inn kreftene sine. Stå på Gustav, du gjør en god jobb. Den kan også andre nyte godt av om de vil. Og til de som "ser" og blir "plaget" av disse stikkene på dagtid, tenk på at flere som ikke kjenner området selv på lys dag, nå kan få en sjanse til det!!Sånne som meg som ikke er født og oppvokset her. Det er klart at den dagen fjellsiden og fjellet ser "perforert" ut med stikker, stiller saken seg i et annet lys. Men den "trenden" tror jeg ikke debatten dreier seg om heller. Ta noen flotte bilder på din vei Gustav...det viser et aktivt miljø i fjorden. Og det vil i hvertfall jeg ha.

Unknown sa...

Har fått ein heil del "støtteerklæringar" som ikkje er lagt ut her "offentleg".

Eg fekk likevel ein mail frå Liv Røthe som eg tykte var svært god og som eg gjengjev i si heilheilt.

"Bra tiltak Gustav.
Stadig vekk eit samtaleemne i denne årstida.. Korte dagar er like korte turar.
Om ein vintermerker nokre stiar og løyper med refleks så vil det klart gi
effekt av lengre dagar og skape tryggheit på tur..
Og kva skade kan det påføre dersom stakane blir tatt ned at når det lir mot vår.. ?

Det som må være viktig er at folk som ferdast i svarte kvelden er ansvarlege og godt kjende, kan ikkje stole blindt
på ein bambus pinne med refleks.Og ein kan vidare stille spørsmål om slik merking skal skje der det kan være utrygt å ferdast, les: skrentar , vatn.
Sjølvom ein er ansvarleg for seg sjølv når ein tek laus på tur, vil den kjennes lite godt om det er td, nedblesen nattmerking som kan være årsaken til at folk kjem vekk i naturen.

Men alt i alt, eit spennande prosjekt som kan settes i verk på ein ansvarlig måte. Ein treng no uansett ikkje gå aleine...
Det er ei spenning med turane etter det er mørkt og heilt klart best å komme seg vekk fra asfalten

Lukke til ! "

Kari Vevatne sa...

Kanonbra..!
Å merke ei turløype med bambus kan då umogleg vere eit Skaar i turgleda for korkje garva fjellfolk eller meir sofistikerte naturentusiastar.. Nei, dette syns eg kort og godt er eit glimrande tiltak! Gustav, du er herved lansert som kandidat for den kommunale kulturprisen (hvis det fins noko sånt)..
Makan til miljøforslag skal du leite lenge etter, her får du kombinert ei fornuftig attvinning av gamalt vegstellskrot samstundes som ein legg til rette for auka naturopplevingar for både lokalbefolkning og andre.Ideen har dessutan eit eksotisk preg over seg. Kva med å starte opp med guida turar, "Skylefjellet by night", her kan det vere pengar å tene, Gustav..
Så kan jo dei andre få gå gratis om dagen,og vere med å trakke veg, når det for eksempel har kome snø. Eg har lese i Firda at dugnadsånda blømer i Stongfjorden.. Og hvis Arild tek med seg væren sin vert det jo dobbel utteljing - han har jo fire føter!! Dessutan vil væren då vere i sitt rette element..det er noko anna enn å segle rundt på fjorden med beistet.. for det er jo ganske tussete..
Dette får de til - Bravissimo! :))

AG sa...

Hallo i luken
No har eg til liks med deg Gustav fått "mange" kommentarer til mitt lille innlegg.
Eg var sikker på att du (og andre) tok det for de det var, nemleg eit håpløst forsøk på å være litt ironisk i forhold til ditt engasjemang i miljødebatten.
Som det står i det frie leksikon på nettet(Wikipedia)
Ironi er et bevisst uttrykk for flertydighet, for eksempel ved at man sier en ting, men mener noe annet.
Ironi er en form for uttrykk hvor en underforstått mening er skjult eller motsier utrykkets bokstavelige mening. Ironi involverer forståelsen av at tingene ikke er hva de sies at de er eller hva de synes å være. Ironi er en form for innforstått manglende forbindelse mellom de faktiske ordene og den underliggende mening.

Unknown sa...

Eg skjønte sjølvsagt ironien din Arild..:-)Likevel hadde du eit poeng som egentleg var det same som Agnar pirka bort i meg med!
Eg reknar likevel med vi er vel forlikte.
No er stikkene med ekstra refleks frå Sparebanken sett ut, så no får vi teste "Skylefjellet by night"..Send ein vink så kan du få bli med på jomfruturen - uten kvinnfolk!

Kari Vevatne sa...

he he :)
Vel - om nokon skulle vere i tvil, kommentaren min var i allefall meint å skulle lesast med I-briller på..

Eit lite apropos når det gjeld merking i fjellet: Eg var ein tur på Golsfjellet i haust, og gjekk ein rundtur frå Ørterstølen via Storefjellstoppen og attende. Denne løypa var merka med BLÅ T-ar..!
Det er fyrste gongen eg har sett noko sånt, og eg gjekk og undra meg på kvifor. Det var så framandt, og liksom heilt feil - i mine augo :)
Eg landa på forklaringa om at det må vere fordi løypa er merkt av andre enn Turistforeningen. DNT har vel "opsjon" på dei raude T-ane, tenkjer eg meg..
Men ein annan tanke slo meg, og eg kjende ein augneblink på ein snikande uro - idet eg tenkte på ein avdanka høgre-politikar som nyleg har fått seg ny jobb.. Kunne dette vere eit forsøk på å "kuppe" Turistforeningen??

Då melder eg meg ut! Blå T-ar høyrer definitivt ikkje heime i fjellet..!
Forøvrig ynskjer eg alle ein fortryllande dag!