fredag 9. november 2007

Eit eldorado av flotte turopplevingar


Du forstørrar bildet ved å klikke på det - for endå fleire detaljar kan du lagre det ved å høgreklikke

Oversiktsbildet er teke rett under toppen på Driveknolten 727 moh på Fløyen førre sundag. Bildet viser utsikt mot nordaust hvis du ikkje er særleg kjend.

Frå venstre ser vi toppane Eitrenipa, Blegja i skodde (diverre), Nordre og Søndre Kringla i midten og Laukelandshesten. Storehesten ligg bak i skodde og Skålefjellet (Gaular) ser du i høgre bildekant bak Laukelandshesten.

Skal prøve å forklare litt enkelt om nokre av turstiane i området.

DNT-løypa frå Nipebu til Massbu går frå venstre bildekant og føl dalsøkket til Krokavatnet midt på bildet og vidare mot nord(venstre) igjen under Kringla og opp søkket (Eitreskaret) mellom Eitrenipa og Nordre Kringla. Den merka stien går så vidare austover til Massbu. Det er fint å halde fram vidare mot Bygstad. Aust om Hestadstølen kan du ta opp skaret på sørsida av Skålefjellet (Gaular) og ta med dette før du held fram vidare mot Bygstad. Dette er neste trinn i ruteopplegget til DNT kalla "frå Hav til Bre".

Det er ein flott tur å gå på Eitrenipa frå Markavatnet og Leknesvatna. Dette er eit relativt lite kjent turområde av ypparste kvalitet. Idyllisk til tusen. Du føl nordenden av første Leknesvatnet på bra sti, til midt på vatna der desse er delt av ei elv og over brua til sørsida av andre vatnet. Du går deretter opp den lange grasbakken vidare mot sør når du er komen i enden av vatnet og opp mot skåra mot toppen (synbar frå vatnet). Leknesvatna er to vatn med eit par meters høgdeforskjel. Her er nydeleg ved elva som deler vatna. Diverre ser du berre tuftene og steinmurane etter Leknesstølane i søre enden av andre vatnet (du verden kor flott det hadde vore å fått sett opp att ei hytte eller eit sel her)!

For å komme opp på toppen av Eitrenipa går du den greie skåra (ryggen) i venstre bildekant. Ned igjen kan du gå den liknande, men breiare skåra mot sør og ta ned på DNT-stien mot Nipebu eller Massbu. Du kan lese om turen i linken ovanfor.
Du kan sjølvsagt og gå gjennom Fossedalen til Dalsfjorden og Fossevikja.

(Eit lite obs med denne turen. For å komme opp i Leknesvatna frå Markavatnet føl du sørsida av elva som kjem ned dalen nordaust/sørvest og kryssar elva nesten oppe ved hamrane rett fram. Her går du over elva (varda) og føl stien opp mot dei blankskurde hamrane rett fram (aust). For å komme opp siste hammaren er her sett opp ein løypestreng for å halde seg i opp den bratte skåra. Men denne er berre ca 10 m lang og er grei å komme opp for folk flest. Her er særs idyllisk når du kjem over denne hammaren. Elva kjem ned blankskurde svaberg og lagar fleire lagunar i dei naturlege avsatsane opp mot vatnet. Det er nydeleg å bade eller fiske her (godt med fisk - sjølve Leknesvatna har òg fin bestand av fjellaure av bra storleik). Ei perle av dimmensjonar).

Det er òg fullt mogeleg å gå vidare frå Eitrenipa austover Blåeggja til Blegja og returnere til Rørvika i Førdefjorden eller Standnes/Hestad ved Dalsfjorden.
Dette er ein forholdsvis lang tur som krev litt form. Du bør rekna minst 10 timar på turen. Du kan sjølvsagt også gå ruta omvendt. Eg har gått desse seinare åra. Det er fabelaktige turar.

Ein flott familietur på 4-5 timar er å gå frå Fossevikja på Søndre Kringla gjennom Fossedalen, følg vidare austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen. Du kjem då igjen i høgre bildekant gjennom dalsøkket til midt i bildet og gå opp under Søndre Kringla. Her er bra sti. Du føl skåra opp mot toppen til høgre sørover). Det er òg greitt å ta seg ned att frå toppen ved å gå opp på Nordre Kringla og følgje DNT-løypa vidare aust/vest. Dette tek sjølvsagt lengre tid.

I gamle dagar gjekk det ei ferdselsåre frå Dalsfjorden og til Førdefjorden og vice versa gjennom Fossedalen og vidare langs vestsida av Krokavatnet (midt i bildet). Dette er òg ein veldig flott tur som eg har gått nokre gonger. Stien nordover er DNT-merka frå nordenden av Krokavatnet og ned att i Markavatnet (går til Nipebu frå Markavatnet). Det skulle vore rydde litt langs stien omlag midt på Krokavatnet, men stien er elles veldig grei å finne.

Dette er berre eit lite utval av alle alternative stiar/løyper i området som det er verdt å gå/utforske. Eit eldorado av fantastiske naturopplevingar ligg og ventar på deg rett utanfor stovedøra.

Du kan kontakte underteikna for vidare opplysningar hvis du har tenkt deg ut på tur i området, og er litt usikker på val av ruter, stiar eller anna.

Ingen kommentarer: