lørdag 20. oktober 2007

Sola mi hjelper alltid


Utsikt mot m.a Krækavatnet, Mangevatna, Stavenesodden og Alden frå nedstigninga vest om Toreheia 19.10.07

Etter nokre traurige dagar på sofaen med dårleg mage og legen ordra ro, rann fredagsmorgonen med nydeleg veir. Eg måtte berre prøve å få litt luft under vengjene.

Av mange flotte turområde på Askvoll-halvøya er eitt av dei flottaste rett utanfor stovedøra på Yndestad. Her er det berre å pakke sekken, knyte skoa, ta av ved Hans`en og klyve opp bakkane til Yndestadfjellet. Då har du heile panoramet å traske i frå Ytrevågefjellet i aust til Toreheia, Skylefjellet, Blåfjellet og vidare mot Grimelia og Staveneset i vest. Eit fantastisk turterreng.

I fjor låg ein av fjelltrimpostane på Blåfjellet. I år er det lagt ut ein ny på Skylefjellet. Postane blir tekne inn i byrjinga av oktober, samstundes som det blir lagt ut nye på andre toppar. Her ute er det sjølvsagt fint å gå om vinteren òg, snøen er jo snart ein saga blott...

Med berre vekt- og spinnsykkeltrening i beina, og med det dårlege kneet murrande i baktankane, var spenninga stor for korleis dette ville gå. Ein ting bestemte eg meg for, og det var å gje meg hvis eg fekk smerter. Men det gjekk utruleg flott oppover, opp bratta på Selda og vidare kneikane til Yndestadfjellet. Faktisk kjende eg ingen ting og pusten var heilt fin, sjølv om sveitten dreiv etter fleire dagar på sofaen med minimalt med føde!

Fyttirakkaren - dette var som å vere i himmelen - igjen! Då eg stod ved varden "min" på Yndestadfjellet med skue ned på heile Stongfjorden, vart det nesten for mykje....!

Vidare innover og opp på Toreheia låg her ein del snødrev og vasspyttane spegla islagde hinner i morgonsola. Opp stakk grastustane med fargar klare for vinteren. Fantastisk flott! For ein ro! Ingen som skulle ha ein bit av meg.... Ikkje ein lyd! Berre uendeleg stille, dyrebar og gudommeleg stille....! Finst det bedre medisin mot tungsinn og dårlege magar...? Sofaen er nok god når almenn-tilstanden tilseier det, men hovudet mann - det har 10 gonger bedre av å komme seg ut...

Eg sat ei god stund ved varden på Toreheia og nytte synet av Blegja i vinterbunad i aust, den kvite "tanna" på Storehesten som stakk opp sørom, og alle, alle dei kjære fjella "mine" som eg kjenner stiane så vel på vestover - heile vegen til Alden... Eg kjende glede langt inn i den dårlege magen. Dette er livet - slik vil eg ha det! Det er slik vi var forma frå starten av for å leve liva våre...Fysikk, syn, jaktsansar - ja, var det ikkje lettare å forholde seg til det kvinnelege og då:-)) Dei moderne bakendane har hatt ilt av dei gode kontorstolane...! Vi er jo snart like breie der som over skuldrane!

Tilstanden var nesten uverkeleg etter å ha vore nesten invalidisert sidan i sommar - eg var i draumeland...Eg skreik ut gleda - eg var fri som ei kvit friheitsdue høgt i sky...!

Eg var litt spent på korleis kneet ville fungere ned igjen. Det er alltid då det er værst. Eg bestemte meg for å gå om Skylefjellet og om Mangevatna heim igjen. Dette er lenger, men her er berre så fantastisk flott og ikkje minst lett å gå! Greitt å ta med seg trimposten òg når eg var i gang. Skuet frå nordvest-kanten av Toreheia og ned på Krækavatnet, Mangevatna, Stavenesodden og vest i havet mot Alden og øyane, er berre heilt eineståande vakkert. (Sjekk og forstørr hovudbildet med det vesle utsnittet som det er plass til..)

Over mitt lik om her kjem vindturbinar og øydelegg mitt liv og mi utsikt...!!

Framme på Skylefjellet var det berre å skrive seg i boka, nyte utsikta og ta nokre nye bilder. Eg stava meg roooleg ned bakkane til Mangevatna. Berre nokre pittesmå stikk i kneet..eg var glad, kjende meg yr og nesten litt vårkåt, sjølv om stega var forsiktige som av ein gamal kall - eldre enn meg då...:-)

Eit lite skydrag hadde kome på himmelen, så då var det vel slutt på den vesle sola i denne omgang. Men det var stilt og kulden var ingen problem. Eg hadde berre gått med tynn ull Devold under og joggejakke utanpå heile dagen. Det viktigaste er å ikkje fryse på hovudet. Eg har difor alltid fleire huer med meg for å kunne bytte undervegs. I Bergen forrige helg hadde eg jo kjøpt meg ei så flott, ny og god ei at ho varma meg langt inn i det inste...!

Det vart tid til nokre siste bilder ved dei uendeleg vakre Mangevatna før eg gjekk ned den siste oppgådde råsa til Rinda og heim igjen.

For ein tur, for ei lette - eg hadde vore vekke i 5 timar og nytt dagen, utan å springe heim igjen som tykjen sjølv - og no heldt knea!

Eg jubla av glede, tøygde ut, vrei av meg dei sveitte kleda i kjellaren og hoppa syngjande i dusjen!
Eg var eit nytt menneske og jammen trur eg ikkje magen var bedre og.....

Tenk om vi snart kunne få fleire slike dagar...!
KOM sola mi...!


Yndestadfjellet-Toreheia-Skylefjellet 19.10-MMS bilder

Yndestadfjellet-Toreheia-Skylefjellet 19.10

Ingen kommentarer: