søndag 7. oktober 2007

Haustgleder


Haustmotiv ved Nipebu frå helga då vi fekk torva på nausttaket

Det har vore ei flott helg. Endeleg fekk eg dei 2 måla med ved eg hadde bestilt hos Hovden utom Håjen i hus. Dei stod så godt lagra der ute at det ikkje var vits i å flytte dei inntil vi fann ein lørdag med goveir som passa. No truga skyene ute i havet meir og meir på ut på føremiddagen og tilslutt gjekk byeskodda ute i Askvoll-fjella, så det minte meg nesten om då vi tok turrhøy på Boge i gamle dagar - ein vill kamp for å bli ferdig før regnet kom..:-) Veldig spanande! No er veden flott oppstabla i kjellaren...nesten so ein får lyst å fyre i ovnen...Men vi får håpe at det blir leeeenge til, og at vi får ein fin, varm haust framover!

Treninga går som den skal. Eg trivst godt oppe i Losjen og kan komme og gå som eg vil. Kjekt å kunne spele god musikk som smell i veggene og sveitte skikkeleg ut. Ei lita god "frisone" frå alt anna...:-) No har eg trena ganske hardt 4 dagar på rad, i dag søndagsmorgonen òg, så mandag tek eg fri. Kjenner kroppen må restituerast litt (støle bein, mage- og brystmusklar...:-)

Vi har hatt fullt hus i helga. Torbjørn og Marianne (kjærast) har vore ein tur frå Førde i tillegg til Marie som brukar å komme heim frå hybelen i Dale i helgane. Og så kom Kirsten og Arnt frå tur og vart her frå lørdag til søndag.

Alltid kjekt med besøk frå dei. Vi kan prate om det meste, men ein ting held eg meg unna og det er å diskutere innvandring med dei...Der har vi ulik ståstad, så der vrir eg meg alltid unna eikvar form for diskusjon for å bevare husroen...(Litt feigt? Eg likar diskusjonar til vanleg då...!) Det er vel slik at visse grensegangar lyt ein gå opp som er greie å halde seg innanfor! Dei har vi gått opp tidlegare. Eg er jo av den oppfatning at heile verda kan komme her til rike Norge, veit du...:-)

Arnt er ein ivrig avislesar så det er ikkje få tema som kan komme opp. Men det er artig!

Ei side ved å få overnattingsbesøk i helgane er dei lange frukostane vi har. Dei set eg veldig pris på. Det å kunne nyte ein god frukost med mykje pålegg i fred og ro med folk ein kjenner, utan å ha dårleg tid, er kjekt. Til vanleg går jo berre havregryna ned på høgkant og ein må komme seg fortast muleg ut gjennom dørene.

Eg vaska og fylte opp den automatiske fuglemataren min i tre frå Naturvernforbundet på fredag. Lørdag hadde allereie kjøtmeisa funne ut at tida for fòring var inne. Så no er det alt hektisk aktivitet utom stoveglaset. Grøn- og bokfink, blå- og kjøtmeis, raudstrupe, og trur du ikkje eit par gjerdesmettar og hoppar rundt ute...Ja, her skal det bli eit yrande fugleliv i vinter. Det var nesten utruleg så fort dei samla seg i år...og dette er vel berre fortroppen! Den første 25 kg sekken med solsikkefrø er handla inn, i tillegg serverer eg litt maisbollar, nøtter, feitt og anna snacks + vanleg brød..
Dei forkjem ikkje fuglane på Yndestad...:-)

No har eg vel vore litt sær og grinete i det siste om fleire tema, så eg hadde i grunn tenkt å halde stilt denne gongen. Eg er jo egentleg både i godt humør og god form...Men eg klarar ikkje heilt å dy meg likevel...:-)

No har eg nemleg fått lokalradioen opp i vrangstrupen..ja, ikkje berre den, men og Firda og Vestlandsrevyen som masar om økonomien i Helse Førde. Kvar ei einaste utgåve handlar det om Helse Vest og Helse Førde om innsparingar, nedskjeringar og budsjett. Kan ikkje nokon syte for at dei får nok midlar, så vi slepp dette gnålet heile dagen? Det er jo reine såpeoperaen som aldri tek slutt...omlag som Hotel Cæsar eller Kvardagsliv!

Vi treng eit operativt og oppegåande sentralsjukehus i fylket! Vi kan ikkje ha sjukehus rundt om på kvart eit nes, då blir kvaliteten utvatna...!

Ingen kommentarer: