Facebook

fredag 26. oktober 2007

Midt i smørauget


Utsikt f.v mot Skålefjellet, Yndestadfjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet. Osland t.h. Yndestad er bada i sol.

Eg hadde egentleg slege frå meg tur i dag etter å ha sett veirmeldingane i går, der dei melde overskya og faktisk opp i sørleg storm på kysten. Meldingane for indre strok var rett nok noko betre. Dette såg ut til å halde stikk då eg såg ut glaset i dag tidleg. Vinden hylte oppe i Yndestadfjellet. Typisk sørleg vind som tek skikkeleg oppe i fjellet, men lite nede i sjølv Stongfjorden.

Eg fekk Peter på skulen. Deretter tok eg eit lite nødvendig ærend til Askvoll. På Ringstad såg eg at skylaget var mykje lettare inne rundt Dale. Ja, sola skein utover Heileberget nesten til Rivedal.

Agnar i Førde kunne stadfeste at meldingane heldt lag. Rart kor forskjell det kunne vere på skylaget berre på nokre kilometer. Det var omtrent som Vår Herre hadde brukt linjal på himmelen, der det var klårt på eine sida og blygrått på den andre.

Eg ombestemte meg på flekken i Askvoll, fekk gjort det eg skulle, og kom meg strake vegen heim. Undervegs fann eg ut at Stordalsfjellet kunne vere eit flott mål. Det låg rett nok i grenseland for veiret, men det var allereie langt på deg då klokka viste halv tolv. Så det var ikkje tid til køyring eller dikkedarier...:-)

Eg pakka fort noko vindtett i sekken og køyrde rett på Osland. Her oppe bles det allereie så grådig at eg lurte litt på om dette var særleg lurt. Men samtidig var sola på gang - ein psykologisk push i rett lei! Frå Oslandsbotnen og opp Brekka var det lite vind, då dette området ligg i le for synnaveiret. Men på toppen av Brekka kom vinden omlag som gjennom ein turbin frå Botnastølen og ned. Her var det så vidt eg greidde å kome meg av flekken. Det bles så det hylte rundt øyra!

Frå Botnastølen og opp i Porten er det unnasols på denne tid, men området ligg òg litt i livd for sørlege vindar. No var sola komen skikkeleg gjennom skylaget, faktisk så langt ut som på Toreheia. Det var nesten ikkje ei sky på himmelen. Lenger ute låg himmelen som eit mørgeblått lok over landskapen (sjekk hovudbildet).

Eg visste kva som venta meg i toppen av Portaskaret...Her er det veldig eksponert for vind frå sør. Eg tok på meg ei ekstra hue nett under toppen av bakken. Etter å ha vandra i skuggen i ein halvtime kom sola akkurat over kanten då vinden traff. Nesten litt surrealistisk! Og det bles, ikkje berre litt, ikkje berre ganske mykje heller, men noko så bort i staur og veggje at eg ikkje kan minnast maken sidan Nyttårsorkanen...! Halde seg oppreist var komplett umogeleg! Eg krøkte meg i hop og gjekk meir på fire enn på to og kom meg rykkvis og delt vidare opp gjennom skaret under Portafjellet, tidvis litt i livd, men stort sett så utsett at eg lurte på om dette var særleg lurt! Ganske luftig er det jo òg opp her! Men sola skein den. Og var det ikkje litt moro òg? Nokre kvite skydottar fauk over himmelen som reine jetjagarar frå sør mot nord!

Dette minte meg nesten om jetvindane eg hadde lese om på 8000 meters toppane i Himalaya. Der det kan vere nesten dørgande stilt i Base Camp (BC) og fint veir, medan det er orkan lenger oppe i fjellet.
(Det er vel dette som gjer at vindmøllene blir høgre og høgre og!)

Vel, eg kom meg opp heile skaret under Portafjellet og runda her mot aust. Akkurat i søkket oppe var det dørgande stilt! Men nokre meter lenger framme forbi eit hammarslag bles det så grådig at vassgòvet sto frå ei lita tjern som låg på toppen. Javel, det var berre å bite det i seg igjen. Eg var nøydd å runde under toppen på Portaskaret for å kome meg rundt og opp på Stordalsfjellet. Rundt hammaren tok vinden meg i ryggen så eg nesten vart slått magelengs rett i bakken. Det er slik at for å kome seg opp på Stordalsfjellet må du snu heilt andre vegen mot sør for å gå opp siste ranen mot toppen. Omtrent som svingen på krysset i Stongfjorden, 180 grader heilt rundt...:-) Og her fekk eg vinden motsett - midt i fjeset. Det var faktisk ein kjempe-utfordring å greie å stabbe seg opp ranen til toppen.

Framme med varden var det litt meir livd då synnavinden traff som reine eksplosjonen i sørveggen rett framom. Eg har sett på film at når vinden treff ei stor flate direkte, gjer han ein bøy akkurat over kanten på flata. Det var akkurat det som skjedde her. Den traff sørveggen av fjellet og bøygde av oppover ved varden for så å slå ned igjen rett nordom på ranen!

Puh - dette var litt av nokre greier! Eg lurte på om Agnaren trudde meg etter SMS;en eg sende han eller han meinte eg berre overdreiv. Sikkert det siste. Men som sagt, eg trur ikkje eg har opplevd maken! Forsvarleg hadde det vel vore....?

Etter å ha teke nokre bilder og fått sendt eit par SMS;ar til, bestemte eg meg for å ta turen oppom Portafjellet. Dette ligg no minst like utsett til! Men, det var jo moro òg dette! Var ikkje kvar dag det bles slik, jamvel her ute der tregrensa er på eit par hundre meter. Ein opplevelse for minneboka mi! Og vindjakka hadde eg jo tatt med. Endå ei hue hadde eg igjen òg som ikkje var våt av sveitte - gohua frå Bergen!

Ned igjen ranen same vegen eg kom opp, men no var jo møya å halde igjen for vinden og ikkje sigle ned hamrane som reine paraglideren uten skjerm...
Med ei viss møye gjekk det på eit vis. Turen skulle jo ha vore filma - kanskje førehandsomtalen var ein komedie...:-)

Hamrane opp på Portafjellet låg litt meir i livd (øst/vest) for vinden. Så turen opp her gjekk fint og raskt. Men mot toppen var det berre å gjere seg klar igjen...Og vinden traff som eit hammarslag i trynet...Eg kom meg nokolunde i livd rett under toppen mot vest. Her er det fantastisk utsikt vestover, mot Stongfjorden, fjella og havet (hovudbildet er teke her)


Eg låg ei stund på tørre, vindblåste marka og nytte utsikta. Eit fantastisk skue mot alle fjella og fargane, og dei stadig skiftande skyformasjonane på himmelen. Sola endra lyset og lèten frå gull til svart og alle variasjonane inn i mellom. Utruleg! For eit spel! Ein lysorgie...! Ein opplevelse for livet...

I dag fann eg ei ny skår å komme meg ned frå skjeringa mellom dei to ovale toppane på det sørlege Portafjellet. I skåra ned frå toppen mot sør traff vinden igjen som lufttrykket frå ei bombe gjennom søkket som var forma som ei trakt på ein vindtunnell. Eg måtte delvis krype meg over toppen og nedover. Eg var ikkje sikker på om eg kom meg ned på stien igjen eller ei, men det såg lovande ut..

Heilt nede i botnen mot stien eg runda opp mot Stordalsfjellet var det kritiske punktet. Her var det nesten loddrett ned over ein hammar. Eg bestemte meg for å prøve og heiv stavane utfor og klamra meg fast med fingrar og dei slitne, gamle fjellskoa mine nedover (dei nye vil eg spare til vinteren!). Nesten nede, og omlag over dei siste 5 meterane mot stien, var det berre å sigle utfor og la det stå til...I botnen av bakken ut av skåra låg ei sundetrakka ause og lo etter at alle kroppsdelane var funne i orden...:-)

Ned Portaskaret var jo sjølvsagt vinden motsett av i stad. No i ryggen. Det var berre å krøke seg saman og halde i mot det eg vann. Unnateke eit par småfall nedover kom eg meg rimeleg greitt og raskt(!)over bakkekammen og i livd.

Mot Botnastølen og Oslandsbotnen var turen berre piano. Men utruleg nok, etter å ha hatt sol heile turen, var det omlag som Vår Herre hadde ein finger med i spelet igjen på dette merkelege veiret. For på Botnastølen vart dagslyset omlag slege av. Jaha, så heldig går det an å bli. Eg hadde akkurat fått den sola som var hos oss denne dagen - og den hadde eg fått oppe i jetstraumane på Stordalsfjellet og Portafjellet! For ein flaks, for ein unik tur i magisk natur, den går rett inn i minneboka mi...! Det er berre så livgjevande å få oppleve å gå i fjellet igjen...



Stordalsfjellet og Portafjellet 2610-07

torsdag 25. oktober 2007

Audiens hos "Dronninga" - igjen...


"Barwitzki-kulpen" i Gjerdedalen

Det strålande veiret som var meldt i begynnelsen av veka uteblei. I staden vart det ein blygrå dag med kald nordaust vind. Dette reiv skikkeleg godt i kroppen over skoggrensa. Eg vart difor møtt av ei iskald "Dronning"! Frå toppen såg eg at sola skein på Storehesten og Blegja, så det er godt mogeleg veiret var strålande i indre strok.

Å handtere mobilen med valne og stivfrosne fingrar er ein lidelse -likeeins å skulle trykkje tastar med hanskar - ei umogeleg oppgåve. Eg gav også opp å bruke spissen på gåstavane...:-) Tærne var til dei grader òg is og følelsen var nesten heil vekke. Godt var det å få av skorna på toppen å få gnikke litt raude tær.

Når det er sagt var det sjølvsagt ein flott tur. Det er kjekt å stå på toppen å sjå til bygds igjen. Dessutan å nyte alle dei kjende fjella i mils omkrets. For treninga sin del er turen òg topp. Det er jo omlag rett opp frå Stongfjorden til toppen som er 767 moh. Det virkar godt på pusten når du går opp utan pause...!

No er det så godt varda frå du tek av få DNT-løypa og til topps at sjølv svaksynte finn fram...:-)

Skålefjellet, "Dronninga", 2510-07

tirsdag 23. oktober 2007

Himmelseng ved Mangevatna


Seng av tørr, mjuk mose ved idylliske Mangevatna 23/10

Himmelen såg ut til å ha funne fram alle fargar og variantar av skyer på trimturen til Skylefjellet i dag. Best som det var var lyset svart som grava for deretter å skifte til flott solskinn. Haustfargane i landskapen var stadig i endring. Eit utruleg lysshow utspelte seg. Eg følte meg som ein aktør i eit lysspel utan publikum....Herleg, ubeskriveleg kva naturen kan gje oss berre på slike korte turar òg! Ei gudegåve...!

Eg hadde ikkje med meg kameraet i dag. Det såg jo ganske mørkt og trasigt ut når eg gjekk heim i frå. Eg fotografert i tillegg i same området hin dagen òg. Men noko av poenget med at eg kjøpte Sony Ericsson mobilen K810i, var at eg skulle ha høve til å ta bilder til ei kvar tid. For mobilen har eg alltid med meg. Bilda er ikkje av topp kvalitet, men såpass bra at ein får eit inntrykk...
Så eg legg ved nokre mobilbilder frå turen.

Mobilbilder Sony K810i Skylefjellet 23_10_07

mandag 22. oktober 2007

Dronninga av Stongfjorden


Utsikt frå Skålefjellet med Toreheia t.v og Ytrevågefjellet

Det vart ein vindfull ettermiddagstur opp på Skålefjellet i dag. Men det såg ut til å kunne halde seg opplett. Det heldt akkurat stikk til at eg kom meg ned igjen. Første dråpane kom då eg sat i bilen frå Gjerda og heime igjen...:-) Flaks!

Skålefjellet er landemerket i Stongfjorden. Her er fleire ruter opp. Dei som står beskrivne i "turbibelen" Opptur har underteikna forfatta. Raskaste, men kanske tyngste turen er opp Gjerdedalen. Det er og greitt å gå frå Osland og over Keipane eller følgje nordsida av Botnastølsvatnet og ta opp. Ei anna litt lengre rute er å gå gjennom Svædalen. Ruta frå Holmedal og Hålandsstølen er og grei å ta ved å gå opp Svarthamrane eller aust om Siklabergvatna.

Det er flott utsikt frå toppen av Skålefjellet og til bygds. Og elles i alle himmelretningar. No var ikkje skylaget i sitt beste lune i dag til fotografering, men bilda gjev vel eit inntrykk.

Fjelltrimposten som ligg på Skålefjellet gjev 30 poeng i motsetnad til dei andre 4 som gjev 10. Ruta opp frå Gjerdedalen går òg til Nipebu. Den er T-merka av underteikna tidlegare. Du tek berre av austover frå denne i skaret nedom toppen av Mannskaret. Vidare opp er det godt varda. Så her er det berre å hive seg rundt!

Apro pos det mykje omtala kneet - det heldt i dag og! Så no gjev livet ny livskvalitet og giv for endå fleire, flotte fjellturar...:-)
Det er lov å rope eit høgt HURRA...

Skålefjellet 2210-07

lørdag 20. oktober 2007

Sola mi hjelper alltid


Utsikt mot m.a Krækavatnet, Mangevatna, Stavenesodden og Alden frå nedstigninga vest om Toreheia 19.10.07

Etter nokre traurige dagar på sofaen med dårleg mage og legen ordra ro, rann fredagsmorgonen med nydeleg veir. Eg måtte berre prøve å få litt luft under vengjene.

Av mange flotte turområde på Askvoll-halvøya er eitt av dei flottaste rett utanfor stovedøra på Yndestad. Her er det berre å pakke sekken, knyte skoa, ta av ved Hans`en og klyve opp bakkane til Yndestadfjellet. Då har du heile panoramet å traske i frå Ytrevågefjellet i aust til Toreheia, Skylefjellet, Blåfjellet og vidare mot Grimelia og Staveneset i vest. Eit fantastisk turterreng.

I fjor låg ein av fjelltrimpostane på Blåfjellet. I år er det lagt ut ein ny på Skylefjellet. Postane blir tekne inn i byrjinga av oktober, samstundes som det blir lagt ut nye på andre toppar. Her ute er det sjølvsagt fint å gå om vinteren òg, snøen er jo snart ein saga blott...

Med berre vekt- og spinnsykkeltrening i beina, og med det dårlege kneet murrande i baktankane, var spenninga stor for korleis dette ville gå. Ein ting bestemte eg meg for, og det var å gje meg hvis eg fekk smerter. Men det gjekk utruleg flott oppover, opp bratta på Selda og vidare kneikane til Yndestadfjellet. Faktisk kjende eg ingen ting og pusten var heilt fin, sjølv om sveitten dreiv etter fleire dagar på sofaen med minimalt med føde!

Fyttirakkaren - dette var som å vere i himmelen - igjen! Då eg stod ved varden "min" på Yndestadfjellet med skue ned på heile Stongfjorden, vart det nesten for mykje....!

Vidare innover og opp på Toreheia låg her ein del snødrev og vasspyttane spegla islagde hinner i morgonsola. Opp stakk grastustane med fargar klare for vinteren. Fantastisk flott! For ein ro! Ingen som skulle ha ein bit av meg.... Ikkje ein lyd! Berre uendeleg stille, dyrebar og gudommeleg stille....! Finst det bedre medisin mot tungsinn og dårlege magar...? Sofaen er nok god når almenn-tilstanden tilseier det, men hovudet mann - det har 10 gonger bedre av å komme seg ut...

Eg sat ei god stund ved varden på Toreheia og nytte synet av Blegja i vinterbunad i aust, den kvite "tanna" på Storehesten som stakk opp sørom, og alle, alle dei kjære fjella "mine" som eg kjenner stiane så vel på vestover - heile vegen til Alden... Eg kjende glede langt inn i den dårlege magen. Dette er livet - slik vil eg ha det! Det er slik vi var forma frå starten av for å leve liva våre...Fysikk, syn, jaktsansar - ja, var det ikkje lettare å forholde seg til det kvinnelege og då:-)) Dei moderne bakendane har hatt ilt av dei gode kontorstolane...! Vi er jo snart like breie der som over skuldrane!

Tilstanden var nesten uverkeleg etter å ha vore nesten invalidisert sidan i sommar - eg var i draumeland...Eg skreik ut gleda - eg var fri som ei kvit friheitsdue høgt i sky...!

Eg var litt spent på korleis kneet ville fungere ned igjen. Det er alltid då det er værst. Eg bestemte meg for å gå om Skylefjellet og om Mangevatna heim igjen. Dette er lenger, men her er berre så fantastisk flott og ikkje minst lett å gå! Greitt å ta med seg trimposten òg når eg var i gang. Skuet frå nordvest-kanten av Toreheia og ned på Krækavatnet, Mangevatna, Stavenesodden og vest i havet mot Alden og øyane, er berre heilt eineståande vakkert. (Sjekk og forstørr hovudbildet med det vesle utsnittet som det er plass til..)

Over mitt lik om her kjem vindturbinar og øydelegg mitt liv og mi utsikt...!!

Framme på Skylefjellet var det berre å skrive seg i boka, nyte utsikta og ta nokre nye bilder. Eg stava meg roooleg ned bakkane til Mangevatna. Berre nokre pittesmå stikk i kneet..eg var glad, kjende meg yr og nesten litt vårkåt, sjølv om stega var forsiktige som av ein gamal kall - eldre enn meg då...:-)

Eit lite skydrag hadde kome på himmelen, så då var det vel slutt på den vesle sola i denne omgang. Men det var stilt og kulden var ingen problem. Eg hadde berre gått med tynn ull Devold under og joggejakke utanpå heile dagen. Det viktigaste er å ikkje fryse på hovudet. Eg har difor alltid fleire huer med meg for å kunne bytte undervegs. I Bergen forrige helg hadde eg jo kjøpt meg ei så flott, ny og god ei at ho varma meg langt inn i det inste...!

Det vart tid til nokre siste bilder ved dei uendeleg vakre Mangevatna før eg gjekk ned den siste oppgådde råsa til Rinda og heim igjen.

For ein tur, for ei lette - eg hadde vore vekke i 5 timar og nytt dagen, utan å springe heim igjen som tykjen sjølv - og no heldt knea!

Eg jubla av glede, tøygde ut, vrei av meg dei sveitte kleda i kjellaren og hoppa syngjande i dusjen!
Eg var eit nytt menneske og jammen trur eg ikkje magen var bedre og.....

Tenk om vi snart kunne få fleire slike dagar...!
KOM sola mi...!


Yndestadfjellet-Toreheia-Skylefjellet 19.10-MMS bilder

Yndestadfjellet-Toreheia-Skylefjellet 19.10

søndag 7. oktober 2007

Haustgleder


Haustmotiv ved Nipebu frå helga då vi fekk torva på nausttaket

Det har vore ei flott helg. Endeleg fekk eg dei 2 måla med ved eg hadde bestilt hos Hovden utom Håjen i hus. Dei stod så godt lagra der ute at det ikkje var vits i å flytte dei inntil vi fann ein lørdag med goveir som passa. No truga skyene ute i havet meir og meir på ut på føremiddagen og tilslutt gjekk byeskodda ute i Askvoll-fjella, så det minte meg nesten om då vi tok turrhøy på Boge i gamle dagar - ein vill kamp for å bli ferdig før regnet kom..:-) Veldig spanande! No er veden flott oppstabla i kjellaren...nesten so ein får lyst å fyre i ovnen...Men vi får håpe at det blir leeeenge til, og at vi får ein fin, varm haust framover!

Treninga går som den skal. Eg trivst godt oppe i Losjen og kan komme og gå som eg vil. Kjekt å kunne spele god musikk som smell i veggene og sveitte skikkeleg ut. Ei lita god "frisone" frå alt anna...:-) No har eg trena ganske hardt 4 dagar på rad, i dag søndagsmorgonen òg, så mandag tek eg fri. Kjenner kroppen må restituerast litt (støle bein, mage- og brystmusklar...:-)

Vi har hatt fullt hus i helga. Torbjørn og Marianne (kjærast) har vore ein tur frå Førde i tillegg til Marie som brukar å komme heim frå hybelen i Dale i helgane. Og så kom Kirsten og Arnt frå tur og vart her frå lørdag til søndag.

Alltid kjekt med besøk frå dei. Vi kan prate om det meste, men ein ting held eg meg unna og det er å diskutere innvandring med dei...Der har vi ulik ståstad, så der vrir eg meg alltid unna eikvar form for diskusjon for å bevare husroen...(Litt feigt? Eg likar diskusjonar til vanleg då...!) Det er vel slik at visse grensegangar lyt ein gå opp som er greie å halde seg innanfor! Dei har vi gått opp tidlegare. Eg er jo av den oppfatning at heile verda kan komme her til rike Norge, veit du...:-)

Arnt er ein ivrig avislesar så det er ikkje få tema som kan komme opp. Men det er artig!

Ei side ved å få overnattingsbesøk i helgane er dei lange frukostane vi har. Dei set eg veldig pris på. Det å kunne nyte ein god frukost med mykje pålegg i fred og ro med folk ein kjenner, utan å ha dårleg tid, er kjekt. Til vanleg går jo berre havregryna ned på høgkant og ein må komme seg fortast muleg ut gjennom dørene.

Eg vaska og fylte opp den automatiske fuglemataren min i tre frå Naturvernforbundet på fredag. Lørdag hadde allereie kjøtmeisa funne ut at tida for fòring var inne. Så no er det alt hektisk aktivitet utom stoveglaset. Grøn- og bokfink, blå- og kjøtmeis, raudstrupe, og trur du ikkje eit par gjerdesmettar og hoppar rundt ute...Ja, her skal det bli eit yrande fugleliv i vinter. Det var nesten utruleg så fort dei samla seg i år...og dette er vel berre fortroppen! Den første 25 kg sekken med solsikkefrø er handla inn, i tillegg serverer eg litt maisbollar, nøtter, feitt og anna snacks + vanleg brød..
Dei forkjem ikkje fuglane på Yndestad...:-)

No har eg vel vore litt sær og grinete i det siste om fleire tema, så eg hadde i grunn tenkt å halde stilt denne gongen. Eg er jo egentleg både i godt humør og god form...Men eg klarar ikkje heilt å dy meg likevel...:-)

No har eg nemleg fått lokalradioen opp i vrangstrupen..ja, ikkje berre den, men og Firda og Vestlandsrevyen som masar om økonomien i Helse Førde. Kvar ei einaste utgåve handlar det om Helse Vest og Helse Førde om innsparingar, nedskjeringar og budsjett. Kan ikkje nokon syte for at dei får nok midlar, så vi slepp dette gnålet heile dagen? Det er jo reine såpeoperaen som aldri tek slutt...omlag som Hotel Cæsar eller Kvardagsliv!

Vi treng eit operativt og oppegåande sentralsjukehus i fylket! Vi kan ikkje ha sjukehus rundt om på kvart eit nes, då blir kvaliteten utvatna...!