torsdag 27. september 2007

Feittgalskap


Kveldsstemning frå Langevatnet ved Nipebu med utsikt mot Blegja hausten 2006


Eg har visst teke eit oppgjer med dei som klagar på veiret her fleire gonger. Sidan eg er i det lage om dagen har eg lyst å seie nokre ord om dette vanvittige slankegreiene som er overalt rundt meg.

Eg kan ikkje snakke med ei dame eller sjå i eit blad, langt mindre sjå på TV eller andre media, utan at eg skal bli møtt med dette fryktelege tòtet om slanking. Eg er SKIT lei det! Ser ut som halve befolkninga går på ein slankekur til ei kvar tid! Så kvifor kan ikkje folk vere lite vette meir fornøgde med slik dei ser ut? Er det motebransjen og media som har skapt eit slikt forferdeleg menneskesyn at du er undermåls når du har litt bilring? Kven i h.... kan meine noko slikt? Eg las ein plass at frykta for terrorangrep, atomkrig og miljø-øydeleggjingar bleikna i forhold til frykta for å bli overvektig!!

Eg trur frykta for fedmen er meir skadeleg enn fedmen sjølv, eg. No meiner eg sjølvsagt ikkje dei som er skikkeleg overvektige - det er eit helseproblem, men den vanlege mann og kvinne får eg seie, som styrer halve dagen med å telje kaloriar, karbohydrat og protein, sjekkar BMI (Body Mass Index)og vekta morgon og kveld...Er dei vortne heilt galne? Kva er det som skjer? Styrer slankeindustrien og kapitalen rundt denne snart heile samfunnet? Eg er møkande lei heile greia....

Korleis ser samfunnet på folk som er litt overvektige i dag? Blir dei rekna for å ha dårleg sjølvkontroll, lågt sjølvbilde og har karaktersvakheit? Eg trur vi held på å utvikle eit samfunn som har manglande aksept for kroppsleg mangfald...Vi må få slutt på kroppsdiskrimineringa straks!

Høyr etter jenter...Eg likar damer...men, det værste eg veit er å stikke meg på hoftekammar, skulderblad og beinete ryggrader. Eg likar òg musikk....men, å spele piano på ribbeina - og trommer på dei utståande kneskålene, blir eg kvalm av!

Nei, takke meg til å ha litt gode ovale former å stryke på -
det gjer meg godt dèt!

1 kommentar:

AG sa...

Ja du kan få sakt det Gusten, du som finn eit påskudd og ein anledning til kvar dag å ta ein tur på ein fjelltopp.
Du har ein kropp og ein fysikk som gler deg og dei du bur i lag med.(sjølv om det kan vere tungt å ha eit kne som ikkje få sin daglege fjelltur)
Men tenk på dei som ikkje har høve til og ikkje får mogelegheiter til å utfolde seg slik som du.
Kan hende dei treng eit puff for å nå trivselsvekta si.
Du veit den vekta som seier att dette er du, og dette er slik du vil være.
Trivselsvekta er ulik frå person til person og vi må alle finne vår.
Om det inneber att vi må ete litt mindre eller att vi må finne dei høgste toppane(eller ein ergometersykkel) å klatre opp på er heilt individuelt og takk og lov for de.
Det er det som gjer att vi er ulike og som gjer dette samfunnet og dei folka vi bur ilag med så unike.
Så du skal ikkje vere lei deg Gusten men gled deg over att det er stadig fleire som trivst med seg sjølv.
God tur i helga.