søndag 12. august 2007

Safari på Osen Gard



Sidan vi skulle hente Marie i Førde i kveld tok vi oss like godt ein søndagstur til Osen Gard og traktene rundt.

Osenelva er ein del av Svardalsvassdraget. Elva er rekna som ei av dei mest eksklusive lakseelvane i landet. Elva er ein diamant i filosofien om å vere leiande i forvaltninga av laksefisket. Dei driv fiskeskule og opplæring i kunsten å fiske med floge etter Isac Walton;s idè, og som uttalte “Nay the salmon is not lost for pray take notice. No man can loose what he never had”. Om ikkje Isac Walton kom hit, så kom jarlar frå England seglande i jachtene sine for å fiske i Osenelva.

Isac Walton f. 1593 d. 1683 er forfattar av The Complete Angler (1653).
Dette er den tredje mest selde boka i engelsk litteratur. Den omhandlar kunsten å fiske med floge etter laks.
(Eg har forresten boka, men ikkje førsteutgava...:-))

Osen Gard ynskjer og utvida praktisering av "Catch & Release" fiskemetoden etter laks. Dvs. at laksen blir sett ut att i elva etter at dei har fanga han - jmfr. såleis at dei i Osen hovar fisken istaden for å kleppe den. Eg tykkjer det er veldig bra at fisken fleire stadar no blir sett ut igjen, fordi det snart ikkje er meir laks igjen av den nordatlantiske laksestammen.
Som vi veit har Norge òg ca 1/4 av denne stamme, og har sjølvsagt eit spesielt forvaltaransvar å utøve. I år er dessutan laksefangstane sterkt reduserte noko som gjev ekstra grunn til bekymring!

På Osen Gard driv dei og med røykjeri, slakteri, sanduttak og hjortejakt.
Garden blir driven etter prinsippet om mangfold i drifta. Forvaltninga av naturressursane er basert på langsiktig avkastning og rett forbruk etter ei fastlagt målsetting.

For ein utanforståande er det likevel det klassiske, raudmålte hovudhuset i 4 etasjar, bygd rundt 1900 som festar seg på netthinna. Dei andre 11 nymåla husa, med grøne plenar og den velhaldne hagen med flotte blomar og tre som omkransar hovudhuset, vitnar om nitid restaurering og vedlikehald.

(Ein del av opplysningane ovanfor har eg funne på nettet)

Og så er det sjølvsagt den fantastiske elva og naturen ikring. Elva, med svarte, djupe kulpar og nydelege småfossar, bakevjer og grunne sandbankar, renn sakte og stille mot fjorden. Rundt om speglar nydeleg velslegne grasflater og tre seg i elva. Ein idyll for det øverste sosiale skikt. For det blir ikkje selt fiskekort her. Fisket er av privat art. Kva det kostar å ha ei helg er det vel få som veit. Mi lommebok er sikkert altfor lita - ikkje har eg sixpence og snadde heller....:) Når vi var på ein liten visitt sto fiskehovane på plass på kvar fiskeplass. Og legg dessutan merke til vinen som var utsett på avslappingsplassen....for nye gjestar som skulle komme i kveld..!

Eit lite paradis for fiffen! Men, ein ting likar EG lite - og det er alle forbodskilta! Generelt sett er det ein uting som samsvarar lite med allemannsretten.
For hadde det ikkje vore for at Olaug var i eit bryllaup her for ein del år sidan og kjende dottera til tidlegare eigar (som vi faktisk traff ute), hadde eg neppe verken tørt eller ynskt å sette føtene her. Og slik er det vel med dei høgare sosiale lag - ein skal ikkje trø dei for nære!

Etter å ha vore på Osen Gard køyrde vi inn att til Stavang, Høydalen, Vevring og til Naustdal igjen. Det er ein halv mannsalder sidan eg har køyrt denne vegen. Artig var det å sjå Førdefjorden og pendlarvegen min frå solsida på motsett side av fjorden. Mange flotte hager pryda flotte eigedommar.
Diverre låg skodda langt ned i Blegja og Heilevangstaurane, så det vart ikkje bilete her i frå. Eg har ofte tenkt å ta bilder frå Vevring-sida for å få eit skikkeleg inntrykk av nordsida av Blegja. Det får du ikkje frå RV 609 på sørsida.
Men det får vere til ein solskinnsdag seinare, når draumen om Osen Gard dukkar opp igjen.

Som avslutning på søndagsturen måtte sjølvsagt Peter på Dolly Dimple;s å få pizza og hoppe og skli i leikerommet. Vi var ihelsvoltne etter ein tur som hadde teke mykje lenger tid enn vi hadde trudd, så pizzaen gjekk ned på høgkant i den første sola for dagen i Førde.

Osen Gard

Ingen kommentarer: