lørdag 11. august 2007

Mi kjære mor og Tele2


Utsikt frå min barndomstad mot djupt i sjela

Eg har funne ut at mobilen min lever sitt eige liv. Så etter å ha vore den heldige eigar av 971 69 357 i ”ein halv mannsalder” treivst den visst ikkje lenger med meg ”ude på den nøgne ø”. Den meinte visst det var grønare på hi sida av gjerdet. Eg gjer difor orda til Jakob Sande, min tidlegare sambygding, til mine, når eg kviskrar: ”Eg tenkjer på deg, ved dag og ved natt, og min draum er den, å få sjå deg att”

Frå Du, "Det kveldar på Kobbeskjer"

No var det vel ikkje mobilen Jakoben tenkte på då, men ei fager gift dame austafor. Som reinkarnert vil eg òg tenkje på fagre damer, gifte eller ei, og skrive bøker om alt frå mobiltelefonar til mitt hjartebarn - rennande, fossande og jomfrueleg vatn, krangle med alskens folk om kraftlinjer og kraftutbyggjingar og banne så mykje eg vil….) !

I forrige månad stusse eg over e-fakturaen eg fekk frå mobilselskapet mitt Tele 2. Eg har vore kunde her i mange år. No fekk eg berre rekning på breibandet, men ikkje på mobilen. Hadde eg snakka så lite i sommar? Var rekninga under 300 kr og overført til neste månad? Eller var Champion-abonnementet mitt blitt billegare i mobilkrigen? Mobilen hadde jo gløda med bilder og tekst om kraftlinjetrasèar, fotturar, dårlege kne, elendig fiske og kjekke kvinnfolk! Eg tenkte likevel ikkje så veldig mykje meir på det akkurat då.

Stor var difor mi undring då e-fakturaen i august òg dukka opp i nettbanken berre med krav på breibandet. Dette måtte eg ha greie på! Så eg tok å ringde inn på kundesenteret på Tele 2 og høyrde korleis dette hang i hop.

Eg fekk hakeslepp. Nummeret var ikkje lenger mitt! Spirrevippen hadde slept det fri, det hadde rømt, flytta, emigrert eller reist på ferie? Det hadde teke ein Global Travel gjennom universet utan sidestykke og vore på reise sidan 23.mai!
Eg sjekka på telefonkatalogen.no og riktig - mitt kjære 971 69357 gjennom mange år var ikkje lenger mitt! Det var reinkarnert og var dukka opp igjen frå sin sfæriske tur gjennom universet og glødande tastetrykk, diverse servarar og tomme pc-blikk og komme heim til mor mi i Dale.
Ikkje for det. Der er eg sikker på at den ville få ei framifrå framtid! I eit stort kvitt hus, som vittige tunger hevdar må seljast på rot fordi det er umogeleg å tømme, ville den få eit nytt rikt liv. Der i mange uutforska rom, i skuffer og skap ville den finne mange av same slaget som kunne berike kvardagen og føre til endå fleire, blomstrande nye nummer....Ein aura av fornying. Friske nye nummer som hadde visjonar for framtida. Som kunne utveksle meiningar om det meste og late nabonummeret vere i fred når det trengde det.

Så eg ringde mi kjære 70 årige mor og lurte på kva slags frieri ho hadde fått ja på på sine eldre dagar. Jau, ho hadde sendt inn eit skjema som ein luring av ein rundbrennar hadde sendt frå Tele2. Mi pratsame, kristeleg og nøysame mor med synspunkt på det meste, ville sjølvsagt prate så fritt og så lenge ho ville med alle sine utan at griske mobilselskap skulle rane ho endå meir frå pensjonen sin! Mor mi som i alle dagar har sytt for seg og sine! Når eg likevel lurte på om ho ikkje hadde merka noko på rekninga si, får eg som svar at det «kjem no så mange telefonrekningar". (Faderen tastar jo i veg han òg både på PC og mobil. Rett nok med litt feilsendingar av SMS og diverse problem med MMS,en....:-))

Dette var heilt tragikomisk. Eg måtte nesten le. Den kjære mor mi hadde fått overført nummeret mitt til seg, betalt rekninga mi i to månader. Det griske, ukristelege selskapet hadde heller ikkje noko omsut for meg, så eg visste ikkje eit kvekk!

Korleis i himmelens navn kunne dette gå an? Eg ringde Tele2 igjen. Veit du kva han svarte spirrevippen? Eg måtte få mor mi til å fylle ut eit eigarbytteskjema på nummeret MITT, signere og sende det tilbake til uvesenet. Dette skulle dei ha 199 kr for!!

DÅ vart eg forbanna! Dei hadde stole mobilen min – og no måtte eg attpåtil betale for å få den igjen!

Vidare detaljar kjem i neste kapittel, men so mykje kan eg røpe at ekteskapet mitt med dette selskapet heng i ein tynn tråd.
Eg er ein lojal fyr, men det får no vere visse grenser...

Når eg i tillegg dagen etter høyrer i nyheitene at dei er hacka for alle personnummera i kunderegisteret sitt, så har eg ikkje berre misst mobilen min i sommar, men og fødselsnummeret mitt! Eit identitetstjuveri av dimmensjonar er på gang! Kven er eg?

I etterkant av sjokket har eg fått pusten igjen frå min noko svekka kondisjon. Men no stussar eg over diverse telefonar eg har hatt i sommar.

For spesielt Sjømannskirka har vore usedvanleg travel på tråden for å selje lodd. Skuldast det at mobilen min no står på den 70-årige lettlurde mor mi? Og veit du kva dei spør om når dei ringjer? Vil du støtte Sjømannskirka? Når eg så svarar Nei, får eg spørsmålet tilbake – støttar du ikkje Sjømannskirka?
Så her skal eg sitte med dårleg samvit og. Er eg scizofren blitt?

Nei, seljarar av mobilabonnement og lodd har eg fått opp i vrangstrupen. Hadde eg vore på eit folkemøte om desse uvesena òg som stel og lyg ville eg ha banna igjen...Ikkje berre ein gong – men, fleire!

Dei får ikkje sei ædda bædda til meg!

Ingen kommentarer: